web analytics

Tag Archives: dildo

Hummer og kanari

Se min kjole

dildoer

Det har vore ei absurd veke her i det oljedopa og sjølvtilfredse landet vårt. Måndag gjekk vi til vallokala og stemte på eit borgarleg alternativ som etter alt å døme vil gje oss ein regjering der Framstegspartiet vil vere ein av partnarane. Dette kjem til å endre Noreg for alltid, men det alle snakkar om er kjolen til Siv Jensen. Bortsett frå dei som meinar at vi for all del ikkje må snakke om kjolen til Siv Jensen då, for det var tross alt noko slikt som seksten prosent av folket som stemte på dei, og dei må vi ikkje gjere narr av, for då kan dei bli lei seg. Dessuten lærer det borna våre å mobbe, og er det noko vi ikkje vil ha her i landet er det born som mobbar. Og Mullah Krekar.

Men eg vil altså snakke om kjolen til Siv Jensen. Kjøpt på Brynsenteret på valdagen. Av det italienske merket Eroke, med ein veiledande pris på 1399 kroner. For same prisen kunne man fått ein fem-seks kjoler på Spar Kjøp inne i Førde, og hatt vekslepengar til overs til kaffe og wienerbrød på Olefine. Denne dama kan altså ende opp som finansminister, forstå det den som kan. Men la gå. 1399 kroner, om det nå var det ho betalte, er ikkje stort meir enn ti minuttar kommunikasjonsrådgjeving hos First House og Bjarne Håkon Hanssen, og det hadde neppe gjett like mykje bang for the bucks. Kanskje var det ikkje så dumt når det kjem til stykket. Kjolen ga Jensen og Frp eit tonn av omtale, og den har fått folk som ikkje har noko til overs for parti og partileiar til å føle seg pressa til å forsvare meiningsmotstandarars kjolevalg. Det er noko med det, når ein klarar å få Jan Thomas til å kritisere korleis ein ser ut, så har ein vunnet folket. Alle elskar ein underdog. Eg også.

Apropo underdog. Bård Tufte Johansen skreiv på Twitter at kjolen hadde eit mønster av hundepenisar. Erlend Loe kalla det for ein dildokjole, og han kan minne litt om ein dildo sjølv, så han burde vite kva han snakka om, men nei. Dei bommar båe to. Fleire seier at det er leppestiftar som prydar kjolen, men det er ikkje rett det heller. Kjolen er pynta med missilar. Raude og blanke dødbringande rakettar som peikar frå høgre mot venstre. Symbolikken er klar. Siv Jensen har blankpussa våpen retta inn mot den norske modellen. Ho har fingeren på avtrekkaren. Klar til å sende missilane sine rakt inn i hjartet av velferdsstaten. Venstrevridde journalistar. Kulturarbeidarar som aldri har gjort eit ærleg arbeidsslag. Brustadbuer, kommunistar, alenemødre, finnmarkingar, pakistanarar og bompengeforkjemparar, no skal dei endeleg blåsast til himmels. Etterpå skal sosialmottagarane settast til å rydde opp i ruinane. Det vil bli satt opp tribunar der dei eldre kan kose seg med eit glass vin og kanskje ein konjakk medan dei ser på ungdommen jobbe. Det kjem til å bli ein fest vi ikkje har sett maken til sidan maidagane i 1945.

Men lat ho no berre triumfera medan ho kan. Det blir nok ikkje så gale allikevel. Nokon gonger er ei kjole berre ei kjole. Og nokon gonger er ikkje ein sigerstale det den kan høyrast ut som. I Amerika har dei eit ordtak som seier at du kan putte leppestift på ein gris, men det blir allikevel aldri noko anna enn ein gris. Obama brukte det i ein tale i Virginia under valkampen i 2008, der han kritiserte sine motstandarar, John McCain og Sarah Palin for å pynte noko på sanninga. Du veit, sa han. Du kan pakke ein gamal fisk inn i eit stykke papir, kalle det for forandring, men etter åtte år kjem det til å stinke råten fisk allikevel. McCain og Palin freista å slå tilbake med å hevde at Obama med det meinte å seie at Palin var ein gris med leppestift sidan Palin tidligare hadde dratt ein vits der ho forklarte at skilnaden på ein hockeymamma og ein pitbull var leppestiften, men det hadde ikkje noko større effekt. Dei tapte valet allikevel. Slik Framstegspartiet på ein måte tapte valet i 2013. Dei mista over 150 000 velgarar frå forrige stortingsval. Framstegspartiet kjem ikkje til å endre Noreg på langt nær så mykje som dei sjølv skulle ønskje. Monge kjem til å bli veldig veldig skuffa. Valet i 2013 kjem først og fremst til å endre Framstegspartiet sjølv. Framtida deira er uviss. For Siv Jensen kan det vere starten på slutten. Du kan trekke på ein valtapar ein leppestiftkjole, men når det kjem til stykket er ho fortsatt ein valtapar.

Nokon gonger er ein sigar berre ein sigar sa Sigmund Freud. Han døde av strupekreft. Andre gonger er ein siger eigentleg eit nederlag. Ein gong skal nok vi som ikkje likar Frp noko særleg seie morna til Siv. Vi kjem ikkje til å vere særleg audmjuke vi heller.

Hummer og kanari

Dagbladet akkurat nå

Dagbladet akkurat nå

%d bloggers like this: