web analytics

Tag Archives: doberman

Hummer og kanari

Voff!

dobies

Då videomaskina var ny såg eg alt eg kom over av film. Nokre av dei gjorde større inntrykk enn andre. Som til dømes “The Doberman Gang”. Ein amerikansk b-film frå tidleg syttital om ein djevelsk dyktig hundetrenar og bikkjene hans. Dobermanpinsjarar. Topptrente og namngjevne etter bankranarar som Pretty Boy Floyd, Ma Barker, Dillinger, Bonnie og Clyde. Det var ikkje utan grunn. Bikkjene var trena opp til å rane bankar, og dei var sabla gode til det. Hadde David Toska tatt med seg denne flokken, i staden for Erling Havnå og dei andre pudlane på NOKAS-ranet hadde han vore på frifot.

I dag heiter dei berre doberman, men uansett vart eg manisk oppteken av denne hunderasen. Kulare bikkje fanst ikkje. Eg ville ha ein slik. Eg kjøpte bøker om dei, eg las meg opp. Eg vart ekspert. Eg var spreidde bodskapen om kor fortreffelege bikkjene var til alle som gadd å høyre på. Når ein er fjorten-femten år er det slik at om ein først skal ha ei bikkje, er det viktig at bikkja kan banke opp alle andre bikkjer om det skulle vere naudsynt. Eg var overbevist om at min framtidige doberman kunne hamle opp med kva det skulle vere. Dei er muskuløse og modige. Intelligente, lynraske, og med eit kraftig bitt. Dette meinte eg var fakta som ingen kunne tvile på. Eg hadde bøker å slå i bordet med. Problemet var at ingen trudde på meg. Eg ante ikkje kva eg snakka om. Schäferar var dei tøffaste og beste bikkjene, alle visste det. Politiet brukte dei jo. Schäferar og rottweilarar. Hah! Rottweilar liksom. I den lokale doberman-klubben brukte dei å vise film av springande rottweilarar når dei ville ha seg ein god latter. Idiotar. Korleis våga dei å tvile på det eg sa, eg hadde jo studert dette inngåande. Gjekk det verkeleg an å avvise bokleg lærdom på denne måten? Eg var sjokkert!

Dei andre i klassen kalla meg for professoren då eg var liten. Eg var dårleg i fotball, og på grensa til sosialt tilbakeståande, men eg visste mykje. Når eg fyrst sa noko var eg van med at folk tok det på alvor. Eg hadde tillit. Dette var fyrste gongen eg kan hugse at nokon ikkje trudde på det eg sa, utan eigentleg å ha motargument. Mitt ord var ikkje nok. Kunnskapen min kom til kort. Det var ikkje noko eg kunne seie for å vinne diskusjonen. Eg var på gråten. Dei trudde eg fann opp ting for å hausse opp ei bikkje som eg ikkje ein gong hadde sjølv. Kva slags fyr trudde dei eigentleg at eg var? Det kjendest som eit slag i andletet.

Den kjensla blir eg minna på kvar gong eg ser normalt intelligente folk seie ting som ikkje heng på greip i avisa. Denne veka har dei gått til angrep på springvatnet vårt. Det har skuld i hundre tusen tilfelle av tarmsjukdom kvart år. Den einaste trøysta er at flaskevatnet er verre. Laksen er dessutan i ferd med å bli forvandla til gris, og er livsfarleg å ete. Vaksineskepsis er eit evig tilbakevendande tema. Aspartamen i den sukkerfrie brusen får visst skjelettet til å råtne. Kvar dag kan ein lese vrøvl i avisene, ukritisk gjengitt. Kvar gong blir eg fortvila. Tårene pressar på. Så blir eg forbanna. Kvifor kan dei ikkje berre høyre på ekspertane? Eg får lyst til å ta debatten. Køyre på med det tunge skytset. Lese meg opp, og dundre forskninga i bordet. Men eg veit det ikkje hjelper. All verdas kunnskap kan ikkje overbevise dei. Ingen argument er gode nok. Det endar berre opp med at eg blir ufin, eg blir fjorten år igjen, og tapar diskusjonen så det syng. Eg har resignert. Dei får berre halde på. Eg er no mest sint på dei folka som gir dei spalteplass i bytte mot klikk. Idiotar.

Eg fekk aldri doberman. Eg har ein kvit katt i staden. Ho er utruleg dårleg på å ta ein beskjed, men elles grei nok. Eg ville ikkje bytt henne bort i ei siklande bikkje. Men av og til skulle eg ønske at eg hadde doberman. Då skulle eg tatt han med på besøk til ein og annan redaktør. Snakka litt om kva som er naudsynt å sette på trykk. Og om ikkje argumenta mine vann fram, så skulle dei få snakke med bikkja mi i staden.

Puss, ta’rei!

%d bloggers like this: