web analytics

Tag Archives: eldreomsorg

Hummer og kanari

Eldreomsorga berre sorga?

ELDRE_5662250a

Korleis målar ein eldreomsorga? Korleis veit ein om den er god nok, eller om den har blitt betre i ein gitt periode? For media er svaret på det enkelt. Kor mange sjukeheimsplassar har vi? Er det fleire enn før? Eldreomsorg er lik sjukeheimsplassar. Som når Aftenposten for ei veke sida kom med fasiten på åtte år med raudgrønt styre. Den store satsinga frå Stoltenberg og hans kumpanar, som skulle gje 12000 nye sjukeheimsplassar fisla ut med ein auke på berre 567 institusjonsplassar. Ser ein litt større på det, tek med omsorgsbustader, og set talet opp mot mengda eldre, er situasjonen den at vi har 29 plassar pr. 100 menneske over 80 år. Når dei raudgrøne inntok regjeringskontora i 2005 var tilsvarande tal 28 plassar. Konklusjonen synest å vere klar. Arbeiderpartiet, SV og Sp kunne ikkje halde det dei lova. Hadde dei ikkje gått av allereie, hadde dei vore i hardt vær nå.

Det er media som styrer showet, så når dei presenterer det dårlege utbyttet av storsatsinga på ei skinnande eldreomsorg må politikarane ta på seg det alvorlege andletet. Nå er det sjølvransaking på gong i Arbeiderpartiet. Aftenposten siterar partiets helsepolitiske talsmann, Torgeir Micaelsen, på at dette må føre til ein refleksjon om dei verkeleg har dei rette svara. Men dei er på villspor, både media og Micaelsen. Dei har ikkje dei rette svara, dei har ikkje ein gong stilt dei rette spørsmåla. Spørsmålet er ikkje om dei har dei rette svara. Å telje sjukeheimsplassar for å finne ut om eldreomsorga har blitt noko betre er kunnskapslaust. Eller i beste fall gammaldags. Eldreomsorg er så mykje meir enn sjukeheim. Målsettinga er at dei eldre skal kunne bu heime så lenge som mogleg, og det får ein ganske bra til med hjelp av heimesjukepleie, korttidsplassar, og rehabilitering. Det er ikkje sikkert at ein storstilt utbygging av sjukeheimsplassar er det rette staden å pøse på med pengar.

No må det seiast at Arbeidarpartiet kan skylde seg sjølv for at dei blir sett til veggs for at dei ikkje har gjort det dei lova. Når Stoltenberg gjekk Siv Jensen i næringa og lova full sjukeheimsdekning innan 2015 hausten 2009, burde han visst betre. For kva er eigentleg full sjukeheimsdekning for noko? Det er eit tal det er umogleg å definere. Umogleg å oppnå. Sama kor mange sjukeheimsplassar vi får på plass kjem TV2-Nyheitene alltid til å finne ein halvdøv, blind og sjuk gamling som ikkje har fått plass ennå, og nokon må stillast til ansvar. Alle er einige om at alle som treng det skal få ein sjukeheimsplass, og kvar einaste dag jobbast det med å få det til. Som oftast klarar dei det vel også. Når ein politikar er ute og snakkar om full sjukeheimsdekning er det eit ganske sikkert teikn på at fyren ikkje veit kva han snakkar om, eller at han er ute for å fiske etter stemmer. Ja, det eine ser bort frå for så vidt ikkje det andre. Uansett er det ikkje synd på Arbeiderpartiet, dei får berre som fortent. Det dumme er at ingen blir noko klokare av prosessen.

Så korleis måler vi eldreomsorga? Heller enn å telje sjukeheimsplassar kan man telje det dei litt sånn nedlatande kallar for «dei varme hendene». Hugs å dele på to. Enda betre er det om man kan dele hendene opp i faglærde og ufaglærde. Har dei klart å få fleire legar til å jobbe fast med sjukeheimane nå? Man kan også sjå på kor mange av dei hendene som faktisk kjem i kontakt med dei eldre, målt opp mot kor mange som berre kjem i kontakt med tastatur og kaffikopp i løpet av arbeidsdagen. Korleis brukar vi pengane?

Eldreomsorga er i endring. Velferdsteknologien er for full fart inn. Vi er friske lenger. Vi lever lenger. Og vi lever lenger med kompliserte sjukdomsbilete. Dei fleste ønsker å bu heime lengst mogleg, og det får dei som regel lov til. Sjølv når du passerer 90 år er det berre om lag femti prosent sjanse for at du hamnar på sjukeheim, og om du må inn er det sannsynleg av di du er i ferd med å bli skikkeleg dement. Jau då, sjukeheim er framleis ein viktig del av eldreomsorga, men det er langt frå den einaste, og neppe heller den viktigaste. Det hadde vore fint om journalistane og politikarane kunne bli einige om å slutte å late som om det er det.

Hummer og kanari

Pårørandeomsorg

image

Torsdag kveld var eg på plass i Samfunnshuset for å høyre Norvald Pedersen snakke om pårørandeomsorg. Eg las Firdapostens forhandsomtale, og fann eit par ting eg hang meg litt opp i. Her kunne eg finne noko å skrive om tenkte eg. Eg hadde ein kjepphest å ri. Eg såg for meg at Pedersen ville halde eit foredrag der han hamra laus på alt som ikkje er godt nok i eldreomsorga, utan nyansar, og da tenkte eg at eg kunne få ein gyllen moglegheit til å være deilig kontrær i avisa i dag. Eg såg for meg overskrifta. Pårørande har inga plass i omsorga kunne det stå. Ikkje av di eg meinar det, men nokon gonger gjeld det å vere litt tabloid for å fange lesarane, skaffe seg merksamd, og få fram nokre poeng. Men Norvald Pedersen var ikkje det minste tabloid. Han var sympatisk som berre det, og nesten for nyansert. Det var eigentleg ikkje noko eg kunne ta han på. Det var ein strek i reikninga. Men eg skal ta ham på ordet. Vi må tore å snakke offentleg om kva vi kan forvente av kvarandre når våre næraste treng oss, seier han til Firdaposten, så lat oss gjere akkurat det.

Pedersen seier at vi nordmenn har ein haldning om at så lenge ein betalar skatten sin, skal det offentlege ta ansvaret. Han viser til undersøkingar frå NOVA og SSB, som har samanlikna norske born sine haldningar til ansvar for aldrande foreldre med seks andre land, Tyskland, Frankrike, Ungarn, Russland, Bulgaria og Georgia. Det visar seg at nordmenn er minst interessert i å ta seg av mor og far når dei blir eldre og treng hjelp. Berre kvar sjuande nordmann kunne tenke seg det. I Tyskland til dømes er talet tre gonger så høgt. Kva seier dette om nordmenn? Kanskje ikkje det ein først skulle tru?

Ein første tanke til at nordmenn er meir uvillige til å ta på seg eit pårørandeansvar for våre foreldre er kanskje at vi har blitt for egoistiske. For individualistiske. For late. For opptatt av penger og status. For fiksert på sex, mat og kulturelle kick til å ha mykje til overs for dei som treng pleie. Men det er ikkje sant. Forsking viser tvert i mot at jo bedre utbygd velferdssystemet er, jo meir av pleien vi kan overlate til det offentlege, jo betre står det til med relasjonen eldre og borna deira. For å sitere geriatrikarane Ove Dehlin, Bo Hagberg, Åke Rundgren, Gillis Samuelsson och Barbro Sjöbeck i læreboka Gerontologi. Forskningen har emmelertid också visat att när det tunga vårdsansvaret för de äldre tagits bort från den yngre generationen har de personliga relationerna mellan generationerna utvecklats i positiv riktning.

Det er altså ikkje slik at tyske born har ein bedre relasjon til sine foreldre, sjølv om dei er meir villege til å ta seg av dei når dei blir gamle og hjelpetrengande. Nordmenn velger bort pleiansvar av di dei kan, og ting tydar på at det beste båe for foreldre og borna. Ein profesjonalisering av pleia har utelukkande vore av det gode. Når Pedersen meinar at det er viktig å få fleire pårørande til å ta eit større omsorgsansvar er eg ikkje umiddelbart sikker på at det noko eg er einig i. Kanskje burde dei til og med gjere mindre?

Det er rimeleg klart at pleie av pårørande man bur saman med gjer lågare livskvalitet, særleg for kvinner, som fortsatt er dei som stort sett gjer den jobben. Av same grunn er eg skeptisk til andre skisserte løsningar. Som ein økt satsing på omsorgsløn, eller ei innføring av ei kontantstøtte for eldre. Eg trur det er feil veg å gå. Og kven skal føre tilsyn med pleia som ytast av dei pårørande? Nei, eg meinar det er best for alle partar om pengane i størst mogleg grad brukast til å bygge eit best mogleg offentleg tilbod. Særleg når vi kjem dit om ein 15 års tid at talet på eldre skyt kraftig i veret for ein periode. Då kan vi ikkje bruke pengane på ordningar som stimulerar folk til å gå ut av arbeidslivet. Vi treng dei på jobb alle som ein.

Spørsmålet frå Pedersen var kor mykje vi kunne forvente av kvarandre når våre næraste treng oss. Med fare for å virke i overkant kynisk, svaret er at vi ikkje skal forvente noko som helst. Jau, sjølvsagt skal pårørande få lov til å yte både pleie og omsorg i det omfang dei sjølv måtte ønske og greie. Tabloide spissingar av bodskap til side, dei pårørande har ein plass å fylle. Men vi skal ikkje forvente det. Vi skal ikkje kreve det. Ikkje av oss selv. Ikkje av nokon andre. Ein snakkar ofte om verdigheit i samband med eldreomsorgen, men det er ikkje nokon verdigheit i ein relasjon som berre handlar om plikt.

Om det går på helsa og livskvaliteten laus må det vere lov å seie at dette fiksar eg faktisk ikkje. Og det skal ein ikkje trenge å skamme seg over.

%d bloggers like this: