web analytics

Tag Archives: fifty shades of grey

Hummer og kanari

Femti nyansar av kommunegrått

sensual lips photo
Photo by linspiration01

Eg kokar av frustrasjon over speilbiletet mitt. Faen ta håret mitt – det vil berre ikkje oppføre seg, og faen ta B for at ho har PMS eller kva det no er, og ikkje vil snakke med nokon for tida. Trur ho verkeleg ho kan sleppe unna med trassen sin? Faen ta Jan Tore Sanner òg, forresten. Eg har anna å gjere. Skular å bygge. Budsjett å vedta. Likevel står eg her og freistar å få håret mitt til å underkaste seg børsten. Eg har ein avtale med F i lyskrysset om ein time. Eg må ikkje sove med vått hår. Eg må ikkje sove med vått hår. Eg freistar å få kontroll på håret nok ein gang medan eg gjentar dette mantraet. Eg himlar med augo og ser på denne bleike brunetta med blå auge, for store for fjeset, som stirar tilbake på meg. Så gjer eg opp. Eg har ikkje noko anna val enn å temme det ville håret mitt med ein hestehale og håpe at eg ser nokolunde presentabel ut.
«F tar imot deg no. Berre gå inn», seier resepsjonisten. Eg reiser meg litt skjelvande og freistar å undertrykke nervøsiteten. «Du treng ikkje å banke på – berre gå rett inn.» Ho smiler vennleg. Eg skyv opp døra, snublar i mine eigne bein på veg inn og går på trynet inn på kontoret. Faen òg – eg og mine to venstrebein! Eg står på alle fire i døropninga til Fs kontor. Eg er så flau over at eg kan vere så klønete. Eg må stålsette meg for å sjå opp. Himmel og hav – så ung han er. Han rekker fram ei hand med lange fingrar idet eg får reist meg opp. «Eg er F. ørde Kommune. Går det bra? Vil du sette deg?» Så ung – og så kjekk, veldig kjekk. Han er høg, kledd i ein flott grå dress, kvit skjorte og svart slips. Uregjerleg, koparfarga hår og eit oppmerksamt blikk som ser lurt på meg. Det tar litt tid før eg får stemma tilbake. «Eh … No er det slik at …» mumlar eg. Om denne karen er over tretti, kan du kalle meg ein krakk. Omtåka legg eg handa mi i hans, og vi helsar. Idet fingrane våre rører kvarandre, går det ei underleg skjelving gjennom kroppen min. Eg trekker raskt til meg handa, flau. Det må vere statisk elektrisitet. Eg blunkar fort, augeloka går i takt med pulsen min. «B vil ikkje snakke med oss, difor har eg bede om å få snakke med deg i staden. Eg håper det er i orden, Herr F.» «Eg skjønar», seier han. Eg synest eg ser skuggen av eit smil i andletet hans. «Du er kommen for å snakke om kommunesamanslåing.» Han spør ikkje, han konstaterer. Eg nikkar. «Kom, lat meg vise deg noko», seier han.

F viser meg vegen til eit rom, øvst oppe i rådhuset. Det første eg legg merke til er lukta. Skinn, tre og polish med ein aning sitruslukt. Vegger og tak i djup og mørk burgunder. Smakfull lyssetting gjer rommet ein intim atmosfære. På veggen tvers overfor døra heng eit kors, forma som ein X. Det er av mahogni, og har reimer i alle hjørna. Eit jerngitter heng ned frå taket, og frå gitteret heng alle moglege slags tau, kjetting, og blanke lekkjer. På eit stativ ved døra heng eit overveldande utval av paddles, piskar og rare fjørliknande instrument. I monterar på veggane heng noko som ser ut som ordførarkjeder. Men det dominerande elementet i rommet, er ei seng. Større enn ei king-size-seng, utskore i rokokko med fire stolpar og flat himmel. Under himmelen ser eg fleire skinande lekkjer og handjern. Merkeleg nok får alt treverket, dei mørke veggane og det stemningsfulle lyset rommet til å virke nærast mjukt og romantisk … Eg veit at det er alt anna enn det, men dette er F sin versjon av mjukt og romantisk. Eg snur meg, og han ser granskande på meg. Andletet røper ikkje noko. Eg går litt lenger inn i rommet, og han følgjer etter. Den fjørliknande saka gjer meg nyfiken. Eg tek nølande på den. Den er av semska skinn og har reimar med små plastperler i endane. – Det er ein nihala katt, seier F dempa og mjukt. Brukast blant anna til pryl.

«Gjer du dette med folk, eller er det dei som gjer det med deg?» spør eg hest. Det rykkjer i munnen hans. «Folk? Eg gjer dette med kommunar som vil at eg skal gjere det.» «Kvifor viser du meg dette», spør eg. Han svarar mildt. «Fordi eg har veldig lyst til å gjere dette med deg.» «Er du sadist?» «Eg er dominant.» Blikket hans brenn. Inntrengande og grått. «Det tyder at eg vil at du skal gje deg villeg hen, i alle høve, for å tilfredsstille meg.» Tilfredsstille han! Han vil at eg skal tilfredsstille han. Eg får hakeslepp. Tilfredsstille Førde Kommune! Eg! Og i det augeblikket ser eg at det er akkurat det eg vil. Eg vil at han skal vere faen så tilfreds med meg. Det er ei openberring. Eg vil at han skal omslutte meg. Fylle meg heilt opp. Eg gjer frå meg eit lite gisp.

«Du er veldig mottakeleg,» sukkar F. «Det må du lære å kontrollere, og det skal bli så morosamt å lære deg korleis.»

%d bloggers like this: