web analytics

Tag Archives: flora

Hummer og kanari

Djevelen og det djupe blå hav

see no evil photo
Photo by allyaubry

Denne veka vart det klart at Bremanger kommune ikkje vil høyre meir snakk om kommunesamanslåing. Ikkje eit ord. Dei vil ikkje høyre, dei vil ikkje sjå, og dei vil ikkje snakke meir om saka. Omtrent som dei tre velkjende apekattane, veit du. Dei tre der ein held seg for munnen, ein for augo, og den siste held seg for øyra. Der har du Bremanger kommune. No more monkey business. Fleirtalet såg ikkje at det var nokon fordel for Bremanger å gå vidare med å greie ut alternativet, seier Audun Åge Røys (H) som er ordførar i Bremanger til NRK Sogn og Fjordane, men sjølv var han del av mindretalet som framleis ville greie ut alternativ til å stå åleine.

Bremanger, eller i alle fall dei frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti som representerer Bremanger i kommunestyret, har altså gjort kommunen til fylkets svar på Prinsesse Vil Ikke, og det gjer dei sannsynlegvis heilt rett i. Kommunens eiga utgreiing, samt PWCs rapport om kommunesamanslåing gir eit godt grunnlag for å seie at Bremanger ikkje har noko å tene på å slå seg saman med Flora og Vågsøy. Det er heller ikkje noko som tyder på at det er eit stort ønske blant innbyggarane om å få bli ein del av det sagnomsuste kystalternativet. Å gå vidare med samtaler om ei intensjonsavtale ville berre vere spel for galleriet. Då er det like greitt å sette foten ned, og seie nei.

Dette får ikkje direkte konsekvensar for folkeavstemminga vi skal ha i Flora kommune i april. Det er vedtatt at vi skal stemme over tre alternativ, der det eine vil vere kystalternativet. Bremangers nei forandrar ikkje noko på det. Men der det nok var forventa, eller i det minste ønska, at det skulle ligge føre ei intensjonsavtale ein kunne stemme over, er det no eit spørsmål om ein skal stemme på eit kystalternativ som baserer seg på at vi koloniserer Bremanger med stortingets velsigning. Nokon ser på seg sjølv som koloniherrar. Andre vil tenke tilbake på korleis Hitler og Stalin delte Polen mellom seg, berre for å ende opp som bitre motstandarar få år etter, og seie nei. Bremangers nei gjer kystalternativet mindre sannsynleg, og godt er det, spør du meg. Bremanger og Vågsøy er blant dei kommunane i fylket som slit mest med å halde på folketalet. Det går berre ein veg, og det er nedover. Eg har vanskeleg for å sjå at dette vil snu med det første, uansett kva for slags kommunekonstellasjonar vi ender opp med etter kvart. Eg har ikkje noko tru på at kystalternativet vil vere ei god løysing for Flora, så takk for den Bremanger.

Eg har lyst til å gjere som apekattane frå Bremanger. Eg er lei av heile kommunereforma. Eg vil ikkje høyre, sjå, eller snakke noko meir om det. Det er nesten like usexy som pensjonssparing eller fylkesstyret i Sogn og Fjordane Høgre. Vi veit alle korleis dette endar. Engelskmennene har eit uttrykk som passar her «Don’t get caught between the devil and the deep blue sea». Det er viktig å unngå å hamne i ei situasjon der ein må velje mellom å brenne i helvete hos djevelen, eller å drukne i det djupe blå hav. Men der vi har hamna. Vi må velje mellom Førdedjevelen i aust, eller å stå åleine mot havets lunefulle bølger. Som dei sta og irriterande etterkommarane av sildefiskande lykkejegerar florafolket er, kjem dei til å velje å stå åleine. Det har vi visst heile tida. Alt har vore eit spel for Kommunaldepartementet. Den politikar som kan overtale florafolket til noko som helst er enno ikkje fødd. Hadde Jesus verka på desse kantar, og freista å mette 5000 med fem brød og to fiskar, hadde florafolket klaga på at fisken ikkje var fersk nok, at brødet kom frå Naustdal dampbakeri, og korfor i helvete får vi ikkje majones til? Har Førde tatt den?

Vi burde sagt nei frå starten av. Hei-hei Staten, kunne vi sagt. Vi veit korleis dette kjem til å gå, og vi gidd ikkje kaste bort tid på dette. Vil du ha kommunereform får du lage han sjølv. Vi har viktigare ting å gjere. Så kunne vi slengt på røret og tatt langhelg. Med alle pengane vi hadde spart på dette kunne vi reist på Carolas Buaspa i Bremanger alle saman, og i det minste fått noko ut av det.

Hummer og kanari

Dødens posisjon

Asterix-Ludwigshafen-Gartenstadt-01

Kommunesamanslåing er ikkje noko teselskap. Det er ein fyllefest. Debatten er framleis på stigande rus. Hittil har det berre vore moro, slik det er når ein berre så vidt har starta på andre glaset for kvelden, men det kjem til å bli verre. Alle toler ikkje drikke like godt. Nokon kjem til å bli aggressive. Skjellsord vil hagle. Nokre kjem trekkande med gamle historier om vondt blod. Mannfolka slåst. Kvinnfolka gret. Nokre ringer politiet, men dei kjem ikkje for dei har flytta til Bergen.

Det kjem til å bli skikkeleg utriveleg. Når vi endeleg kjem til folkeavrøystingautpå nyåret er vi alle så mette og leie av debatten at vi ikkje orkar ei drope til. Utslitne ramlar vi om på badegolvet, med ketchup på skjorta og sennep i ræva, og blir liggande der til sambuaren vekker oss med hardt blikk og oppgitte sukk utpå morrakvisten ein gong. Eigentleg burde ein vel berre rømme landet. Men vi som skriv i avisa har eit samfunnsansvar. Vi kan ikkje berre rømme. Vi må bli på post og rydde opp i alt det tåpelege andre folk får seg til å meine. Det er nesten som å vere edru på fest. Men berre nesten.

Denne gongen må eg først og fremst rydde opp i alt det tåpelege eg sjølv har gjett uttrykk for i herverande spalte. For eit par veker sida stod fram eg som ihuga motstandar av kommunesamanslåing. Der må eg ta sjølvkritikk. Eg tok i for hardt. Det vart for mykje tran. Eg vart for forelska i mi eiga formuleringsemne. Slikt skjer. Den er jo fortryllande. Men her trengst det altså ei klargjering. Lat det vere klart. Eg delar ikkje sentrale politikarars klokkartru på at kommunesamanslåing i stor skala er rett medisin for dei utfordringane kommunane står ovanfor. Røynda er likevel at framtida kjem, anten vi liker det eller ei. Kommunereforma er i gong, og det hjelper ikkje å late som noko anna. Det er heilt naudsynt at vi utforskar alle tilgjengelege alternativ. Nokre meiner at vi allereie no skal konkludere med at eit kvart alternativ som inneber samanslåing med Førde er uaktuelt. Det er ei håplaus haldning. Ein ting er at det er direkte dumt å avvise eit alternativ før det er heilt greia ut. Verre er det at det ville vere håplaust udemokratisk. Det er folket som skal avgjere dette i ei folkerøysting. Då skal ikkje politikarane fjerne alternativ dei ikkje vil at vi skal stemme på i forkant. Det burde seie seg sjølv.

All den tid Bremanger hittil sit på gjerdet og nektar å klatre ned, er den so kalla sterke kystkommunen foreløpig heilt i det blå. Akkurat no er det ei eller anna variant med Førde som verkar mest sannsynleg. Det får mange til å sjå raudt og klikke i vinkel. All fornuft forsvinn. Kva er det eigentleg dei er redde for? Ei kommune er jo ikkje noko anna enn meir eller mindre tilfeldige strekar på eit kart, og ein organisasjon som skal gje innbyggarane best mogleg tjenestar. Det vil framleis vere full anledning til å gå med skipperlue og dyrke førdeparanoiaen sjølv om vi plutseleg skulle vere i same kommune. Pust roleg og tel til ti.

Fakta er, slik eg ser det, at Flora har hamna i det som på travspråket heiter dødens posisjon. Utvendig for lederhesten med høg luftmotstand og lange yttersvingar. Hester i dødens vinn sjeldan løpet. I ei storkommune med Førde som naturleg senter kjem Flora til å tape. Det er ikkje nokon tvil om det. Vil det bli noko betre med ei eventuell kystkommune? Eg har ikkje større tru på det. Det er ikkje så mykje draghjelp å få frå dei aktuelle samarbeidspartnarane. Konkurransen mot eit større Førde vil framleis vere der. Eg trur at vi vil tape mindre om vi knyter oss til ei storkommune med Førde, der det vil komme folk frå Flora inn i styre og stell. Noko omsyn blir dei naudt til å ta til oss.

Men vi kan stå åleine seier nokon. Vi treng ikkje slå oss saman med nokon. Jau då. Eg ser for meg Florø som ei siste enklave, omslutta av storsamfunnet, litt som landsbyen til Asterix. Dei som nektar å bøye nakken for det mektige romerske imperiet. Espen Lothe er vår Miraculix, som bryggar styrkedropar som gjer oss uovervinnelege. Jacob Nødseth kan vere vår Majestetix, bore rundt på eit stort skjold av undersåttane på samlingslista si. Martin Malkenes er Idefix, den treelskande økologiske hunden. Edvin Helgheim er Asterix, Bjarte Sindre er Obelix. Sjølv kan eg vere Trubadurix, han fyren som dei bind fast til eit tre kvar gong det skal vere fest, slik at han ikkje øydelegg den gode stemninga. Jau, det er ei vakker og romantisk tanke. Tape gjer vi uansett, men vi tapar i alle fall som oss sjølv. Ikkje ulikt dinosaurane.

Kommunesamanslåing er ikkje min kopp med te, men vi slepp nok ikkje unna. Skål.

%d bloggers like this: