web analytics

Tag Archives: friluftsliv

Hummer og kanari

Eit rop om hjelp

Foto: Espen Klem (CC BY-2.0)
Foto: Espen Klem (CC BY-2.0)

Denne veka gjekk Dagbladets sportskommentator og skientusiast, Esten O. Sæther ut i spaltene og meinte at vi burde unne oss å gje gratis ski på kvit resept til alle som vil vere med og leike i snøen. Eit idiotforslag som fekk meg til å tenke på den gongen dei vaksne fann ut at også eg sikkert ville ha stor glede av å delta i ski-psykosen som har ridd landet vårt sidan Sondre Norheims tid. Dei gamle treskia frå sekstitalet vart bytte ut med eit par splitter nye Madshus langrennsski. Nye skisko, og Kandahar-binding. Eg var ikkje veldig entusiastisk, men det hadde eg folk til å vere på mine vegner. Idiotar!

Dette var rundt 1980. Vest i Telemark, berre nokre lange snøballkast frå skisportens vogge, Morgedal. Det var ikkje så mykje å finne på om kveldane. Ein kveld ga eg plankane ein sjanse. La dei på skulderen og labba i veg bort til lysløypa. Det var iskaldt. Stjerneklårt. Fin gli. Eg la i veg ut i den to kilometer lange løypa, og i starten var det litt morosamt. Dei gamle treskia klarte kunststykket å vere både kladdete og bakglatte på same tid, men desse nye var mykje betre. Hu hei kor det går, eg er jo nesten like god som Ivar Formo! tenkte eg der eg suste forbi ei dame på nesten åtti. Kanskje eg kan ta ein tre-fire runder før eg gjer meg. Tenkte eg. Men så møtte eg kneika.

Lysløypa hadde ein liten motbakke, med ein krapp sving omtrent midt i. Eg trur nok at Ivar Formo hadde sprinta rett opp utan å trekke pusten, men for meg, ein gut på rundt tolv, med svært dårleg utvikla skiteknikk, var det umogleg å komme opp og over den kneika. Eg freista å gå rakt opp, men hadde ikkje sjans. Eg freista fiskebein, men teknikken var for dårleg. Eg gjekk på, men sklei ned att. Gjekk på igjen, stokka skia og gjekk på snørra. Dama på nesten åtti tok meg att, og eg let som eg var kul der eg sto og lente meg på stavane og berre tok ei lita pause. Den er bratt den kneika der, sa ho i det ho føysa forbi. Pøsj, lett som ei plett, svara eg, og let som eg såg på stjernene. Opp bakken fauk ho, og eg let henne gå. Når eg var sikker på at ho var borte gjekk eg laus på bakken, og mislukkast totalt. Igjen.

Eg var for ung og dum til å skjøne at den kvelden i lysløypa i Telemark var eit frampeik. Det var slik livet skulle bli: Ein evig runddans under stjerner og lyktestolper. Ein endelaus kamp mot kneiker og monsterbakker som trugar med å ta knekken på deg. Alltid skal ein stå der og henge på stavane og halde maska. Late som om alt er silkeføre, medan andre peisar forbi med eit hei og eit venleg nikk. Berre pustar på litt, eg. Neida, berre gå du, eg kjem snart etter. Hei hei, visst er det fint i dag. Men kaldt! Ser deg på parkeringsplassen.

Eg hugsar ikkje lenger korleis eg kom meg opp bakken den kvelden. Tok eg av meg skia og gjekk opp bakken til fots? Gjekk eg sidelengs og trakka meg møysommeleg oppover? Eller klarte eg til slutt å stake meg opp bakken i ein kombinasjon av fiskebein og klassisk dårleg stil? Eg kan ikkje svare på det, men eg kom meg opp. Eg ga ikkje opp. Premien var at eg til slutt fekk skli ned den lange, ganske slake bakken i enden av lysløypa. I hockey, som ein annan Erik Håker, med den kalde vinterlufta i andletet, var alt slitet glemt. Hei, dette har du dreisen på gamle ørn! At du ikkje har teknikk til å stoppe der lysløypa starter, men må skli ned heile bakken til du stopper av deg sjølv, og så trakke deg opp til vegen att legg ikkje nokon dempar på godfølelsen. Men skia vart ståande så godt som ubrukte etter denne kvelden, før dei vart selde to-tre år seinare til nokon som sikkert hadde glede av dei. Eg har ikkje gått på ski på 35 år, og var ganske sikker på at dette var eg ferdig med. Som vaksen kan ein gjere kva ein vil, og eg vil ikkje gå på ski.

Trudde eg. Heilt til eg ein dag tidligare i veka gjekk inn på G-Sport og forlangte den billegaste skipakka det var mogleg å oppdrive. Eg veit ikkje heilt korleis det gjekk til, men det var vel ein ugrei kombinasjon av eit desperat forsøk på å score eit par pappa-poeng og akutt sinnsjukdom. Når du les dette er eg på fjellet og utfordrar skjebnen med ski på beina. Kor gale kan det eigentleg gååååååååoaaoooaaaaaaaaæææh….

%d bloggers like this: