web analytics

Tag Archives: gris

Hummer og kanari

Grisen står og hyler

Tidlegare denne veka var det nokre luringar som plasserte eit blodig, eller i alle fall raudmåla, grisehovud utanfor bønehuset til det muslimske trussamfunnet i Kristiansand. Saman med grisehovudet låg det ei melding skriven på ein bit av papp, pynta med ei lita 17.mai- sløyfe. Meldinga laud slik: “Hei muslim. Gi oss tilbake grisen dere tok ifra oss (barneavdelingen på sykehuset). Slutt å hån norsk mat og kultur. This is Norway, love it or leave it! Russ 2012». Nederst på pappen hadde dei også lagt til eit “fuck jihad”.

Eg veit ikkje eg, men å kaste raudmåling på hovudet til ein gris er vel ikkje akkurat å heidre norsk mat og kultur det heller, og når det gjeld russen er no dei etter mitt syn oftast til større plage enn muslimane. Men det får vere ei sak for seg sjølv. Denne lite hyggelege meldinga går uansett inn i ein lang tradisjon der gris har blitt bruk mot muslimar på ulikt vis. For nokre år sidan truga Kenneth Rasmussen, som var bystyrerepresentant for partiet Demokratane i Bergen, med å henge opp syltelabbar i lyktestolpane og spele grisehyl over høgtalarane i Hansabyen. Alt dette for å hindre muslimane i å bruke Torgalmenningen til fredagsbøn. Som om grisekjøt skulle fungere som ein slags kryptonitt på muslimar, noko det sjølvsagt ikkje gjer. Effekten ville truleg ha blitt minst like god om ein droppa grisehyla og heller sette på ei tidleg Jan Eggum- plate.

I Israel har det også vore mykje snakk om bruk av gris mot muslimar. Gideon Ezra frå høgrepartiet Likud tok i 2001 til orde for at palestinske sjølvmordsbombarar skulle begravast innpakka i grisehud. Seinare foreslo politiet i landet at det skulle utplasserast grisefett på bussar, kjøpesenter og andre naturlege mål for terroråtak. Og då ein sjølvmordsbombar i Gush Efrat sprengde seg sjølv i lufta på eit kjøpesenter, heldigvis utan å ta livet av andre enn seg sjølv, skal nokre av innbyggarane i området ha kasta eit griseskinn over liket hans. Bakgrunnen for dette er at det har festa seg ei forestiling om at muslimar trur at at dei vert nekta inngong i paradis dersom dei kjem i kontakt med ein gris før dei døyr. Og utan paradis, ingen busslast med jomfruar. Kvifor skulle ein då orke å sprenge seg sjølv i lufta?

No er i grunnen ikkje jødane så særleg meir glade i grisar enn det muslimane er, og ideen om at muslimar kan skremmast med syltelabbar og grisehovud stammar då heller ikkje frå Israel. I 1939 spelte nemleg den amerikanske filmstjerna Gary Cooper hovudrolla i filmen “The Real Glory”. Handlinga i filmen var henta frå Filipinene i 1906, der amerikanarane trakk heim det meste av hæren sin, og berre lot nokre få offiserar vere igjen for å lære lokalbefolkninga å forsvare seg sjølve mot muslimske opprørarar. Dette går berre sånn måteleg bra, heilt til Cooper kler ein daud opprørar i grisehud før han vert begravd. Han gjev så klar melding til opprørarane om at dette er noko som kjem til å bli gjort med alle som døyr framover. Problem løyst, opprør over, happy ending, og Cooper rir på sedvanleg vis inn i solnedgongen.

Filmen er fiksjon, men den er inspirert av det såkalla Moro- opprøret på Filipinene; eit opprør som følgde i etterdønningane av den spansk- amerikanske krigen i 1898. Moro var namnet på muslimane sør på Filipinene, ei folkegruppe som kjempa for sjølvstende, men som etter langvarig strid måtte gje tapt. Det vert sagt at det som til slutt fekk stansa striden var at den amerikanske guvernøren i provinsen, den legendariske general John J. “Black Jack” Pershing, tok 50 opprørarar til fange, tvang dei til å grave sine eigne graver, og deretter bandt dei fast til stolpar. Grisar vart så henta inn og slakta, og deretter vart 49 av muslimane skotne med kuler dyppa i griseblod. Lika vart så kasta i gravene, og deretter vart grisekadavra lagt opp på dei døde muslimane før gravene vart attfylte. Den siste muslimen vart så sleppen fri, for å fortelle historien til dei andre opprørarane. Dette skal ha sett ein stoppar for det meste av stridslysta, og dermed for det vidare opprøret.

Det er ei skikkeleg god historie. Problemet med den er berre det at det er lite som tyder på at den er sann. Den er nok ei vandrehistorie, som også eksisterer i ulike andre variantar. Dr. Frank E. Vandiver er professor i historie, og har skrive boka “Black Jack, the life and times of John J.Pershing”. Han har forska mykje på Moro-opprøret utan å finne noko som talar for at denne historia stemmer. Vandiver seier at dette ville ha vore heilt i strid med Pershings natur. Det kan sjølvsagt vere at einkvan har rulla ein Moro- opprørar inn i grisehud, men dette var i så fall neppe på Pershings ordre, og det skal ikkje ha noko av æra for at opprøret tok slutt. Hadde historia med dei 50 opprørarane vore sann, er det meir truleg at den ville ha forlenga opprøret heller enn å avslutta det.

Det er heller ingen grunn til å tru at Al Quaida vil la seg stoppe av at dei kan risikere å bli gravlagde i grisehud. Trua deira tilseier heller at martyrar er så reine i sjela at det ikkje ein gong er nødvendig å vaske dei før dei vert gravlagde. Å tru at muslimar kan skremmast med syltelabbar og grisehovud er såleis eigentleg eit teikn på kunnskapsløyse og fordommar. Og dersom det er russ som driv med slikt, vil eg råde dei til å tone ned russefeiringa til fordel for utdjupa historielesing.

Men oppfatningane lever vidare, og dei kan også ha bakgrunn frå Sepoy-opprøret i India frå 1857 til 1859, kor innfødde soldatar gjorde opprør mot britisk herredømme etter at dei vart tvinga til å bruke nye rifler der dei frykta at ammunisjonen var innsmørd med fett frå gris og ku. Men den historia får vi spare til ein anna gong.

%d bloggers like this: