web analytics

Tag Archives: Historie

Hummer og kanari

Gje oss nakne jomfruer

fastelavnsris photo
Photo by angermann

Livet er ein endelaus konkurranse. Frå ejakulatet kastar oss ut i livet, saman med millionar av små søsken, handlar det berre om ein ting. Om å være best. Om å vinne. Om å gjere det vi gjer akkurat nå best mogleg. Ja, vi kan legge lista der det passar oss best, men konkurrere gjer vi alle saman. Sjølv tilhøyrer eg handelsstanden, og konkurrerer kvar dag om å lokke lommebøkene til min butikk. I disse dagar kjem dei på løypande bånd. Morsdag, Valentines Day, og Fastelavnssøndag kjem som perler på ei snor i starten av februar. Likevel har det vore ei stille veke på Amfi. Til tider har det vore så stille og kjedeleg bak disken i butikken min at eg, for å få tida til å gå litt fortare, har engasjert meg i nokre durabelege stirreduellar med Sanitetsforeninga på andre sida av gangen. Dei stirrar på meg, eg stirrar tilbake. Den som først ser bort har tapt. Det er som regel meg. Sanitetsforeninga er ikkje lette å skubbe seg på. Dei damene er knallharde.

Vel har det vore ei dårleg veke for min bransje, men eg trur eg vil seie at det har vore enda tøffare i fastelavnsbransjen. Sanitetsforeninga sit der for å selge fastelavnsris, og salet ser ikkje ut til å gå av seg sjølv. Cubus lokkar med Valentine’s Day på andre sida, og det ser ut som om det slår betre an. Folk vil heller ha romantikk, raude hjarte, og rabatt på undertøy, enn bjørkeris med fjør på. Ikkje at eg skal legge meg opp i korleis sanitetsforeninga gjer jobben sin, men er det på tide med litt fornying? Dei må ut på golvet og by på seg sjølve! Konkurrere. Kanskje  kunne dei hatt nokre tilleggsprodukt? Noko som ga dei fleire bein å stå på? Tenk meirsal. Om nokon er så oppsatt på fastelavn at dei dreg med seg nokre brune kvistar, med fjør i fine fargar på, inn i stova. Då vil eg tru at dei har tenkt å bake fastelavnsbollar også. Her burde Sanitetskvinnene ha vore frampå. Vore ein medspelar for dagens travle kvinner og menn. Hjelpt dei litt i tidsklemma. Sel dei åtte fastelavnsbollar, gje dei eit fastelavnsris på kjøpet, og vips så har du ei nøgd kunde som kjem tilbake år etter år. Berre eit lite innspel. Tenk på det. Eg vil berre hjelpe.

Men kva er eigentleg greia med Fastelavn? Og kva er eigentleg greia med dei fargerike fastelavnsrisa? Eg meinte eg svakt kunne hugse at det hadde noko med kvelden før faste å gjere, og at det difor kunne vere kjekt å proppe seg med feite bollar med krem. Men kva med risa? Eg gjorde slik eg alltid gjer når eg står fast. Eg spurte mi betre halvdel. Mitt anker i livet. Flogvitet frå Brandsøya. Ho veit alt.. – Du, seier eg. Eg lurte litt på kva som eigentleg er greia med dei der fastelavnsrisgreiene. Er det nokon tanke bak det der? Kor kjem det frå? Veit du noko om dette? Og det gjer ho sjølvsagt. Eg lovar dykk, den dama er betre enn Google. Det visar seg at fastelavnsriset eigentleg er ein etterlevning frå tida før Kvitekrist kom på bana og freista å utrydde alt som var gøy i verda. I heidensk tid var fastelavn ein heidundrande vårfest. Man brann bål, hadde våpenkappleik, og framførte eit slags spel der våren kjempa mot vinteren og vann. Riset brukte ein til å vekkje verda til frævleik. Dyr, tre og kvinner skulle gjerast fruktbare. Unge kvinner som enda ikkje hadde satt barn til verda fekk smake pisken. Som om ikkje det var nok, batt dei eit knippe nakne jomfruer foran plogen, for å vekke jorda til fornya liv, og nok ein sesong med gode avlingar. For alt eg veit driv dei framleis med dette inne i Norddalsfjorden.

I heidensk tid kan det altså virke som om vi alle levde i Fifty Shades of Grey. Men så kom kristendommen, og nokon fant på at ein i staden kunne bruke fastelavnsriset til å piske barna sine for å minne dem på lidingane til Jesus på korset. Grinebitarar. Frem mot nyare tid har skikkane endra seg igjen, men no er fastelavn i ferd med å tape konkurransen mot Valentines Day.

Eg meiner at sanitetsforeninga må ta tak i dette. Dei må BLI konkurransen. Dei kan ikkje berre sitte der, og la seg valse over av handelsstandens kjærleik til alt angloamerikansk. Samanlikna med dei gamle heidenske fastelavnsritualer blir Valentines Day temmeleg blodfattige greier. Neste år vil vi ha nakne jomfruar og traktorkøyring på parkeringsplassen på Amfi. Eg gler meg allereie. Da skal eg også kjøpe både bollar og fastelavnsris. Eg lovar!

Hvis Jan Garbarek var en revolvermann...

Moderlandet kaller

volgograd

 

På russisk heter hun Rodina-Mat’ zovyot!  Moderlandet kaller. Når hun sto ferdig i 1967, var dette verdens største statue. Frihetsgudinnen i New York rager kanskje høyere i været, men hun står på en førti meter høy pidestall. Om Rodina-Mat bruker sverdet sitt og hogger bort pidestallen rekker ikke den stolte amerikanske damen henne til puppene. Hun står på høyden Mamayev Kurgan i Volgograd, og ble reist til minne om slaget om Stalingrad under andre verdenskrig. Volgograd og Stalingrad er samme by i tilfelle du lurte. Før den het Stalingrad het den Tsaritsyn, og at den ikke har skiftet navn til Putingrad er bare fordi Putin er så travel med å gjøre maskuline ting som å sloss mot bjørner med bare hendene at han rett og slett ikke har hatt tid til å kalle opp en by etter seg. Ennå.  Jeg falt for dette bildet av Rodina-Mat i tåke, og måtte rappe det til denne halvdøde bloggen min, siden jeg tenkte jeg skulle prøve å få banket litt mer liv i den igjen nå i 2014 siden det liksom er tiårsjubileum og greier.

Ja, det går sikkert ikke så bra, så bare glem at jeg skrev det. Hvis du i det hele tatt har lest det.

Rodina-Mat’zovyot står rett på bakken, og er ikke festet i noe slags form for fundament. Hun holdes på plass av sin egen tyngde. Om trent slik som jeg selv i vinterstormene her vest. Men på grunn av endringer i grunnvannet har hun begynt å helle til siden. Myndighetene hevder det ikke er noen fare, men andre mener at det er en ganske stor fare for at hun før eller siden kommer til å kollapse.

Modellen for statuen, Valentina Izotova, jobbet som servitør på byens fineste restaurant på sekstitallet. Hun jobbet i den avdelingen som var forbeholdt toppene i kommunistpartiet. Det var der kunstneren fikk øye på henne, og mente at hun utstrålte de fysiske og moralske kvalitetene som en perfekt sovjetisk kvinne skulle utstråle. Hun lot seg smigre, og gikk med på å være modell for Rodina-Mat. Tre rubler om dagen fikk hun, og det var visst en brukbar sum den gangen. De brukte så seks måneder på å overtale henne til å kle av seg på overkroppen. Dette var slikt respektable kvinner ikke drev med i Sovjet på sekstitallet. Sier hun i hvert fall. Mannen hennes var i hvert fall fryktelig sjalu. Etter modelloppdraget utdannet hun seg både innefor økonomi og noe ingeniør-greier, og dro fra byen. Hun bestemte seg for å dra hjem igjen tidlig på nittitallet. Hun hadde med seg en solid sum med penger, men så gikk Russland inn i en periode med hyper-inflasjon, så i løpet av tiden det tok å ta toget fra Norilsk til Volgograd rakk pengene å bli så godt som verdiløse.

Valentina er nå over sytti år gammel, bestemor, og politisk aktiv etter at hun tapte alle pengene sine på tvilsomme spekulasjoner etter murens fall. Ja, i hvert fall var hun det i 2008 da, det begynner jo å bli en stund siden.

Intervju med Valentina her

Hummer og kanari

Fridom eller døden

shackles

Neste helg er det premiere på den nye filmen til Quentin Tarantino. Django Unchained heiter den, og er ein slags miks av spaghetti-western og blaxploitation. Jamie Foxx spelar hovudrollen som slaven Django som jaktar på kona si som også er slave, men har blitt seld til den fæle plantasjen Candyland. Det blir ein brutal affære, og filmen har fått ein streng attenårsgrense her i landet. I USA har det vore bruduljer rundt filmen, blant anna fordi karakterane brukar ordet “nigger” omlag annatkvart minutt. Spike Lee nektar å sjå filmen, avdi han ikkje vil vanære sine forfedre, medan andre meinar det er uhøyrt at ein kviting lagar film om dei farga si store tragedie, men heldigvis for Tarantino ser det ut til at det er nok av andre folk som gjerne vil sjå Django gje slaveeigarane ein rikeleg dose av si eiga medisin. Eg også.

Ein heil del av den afro-amerikanske befolkninga synest det et litt pinleg at forfedrane deira var slaver. Kvifor fann dei seg i det? Kvifor gjorde dei ikkje opprør? Årsaka til at dei har slike tankar må nok skuldast på det amerikanske skulevesenet, og kanskje kan media og underhaldningsindustrien få eit spark eller to også. For ikkje å snakke om Onkel Toms hytte, som etablerte nokre stereotyper om afro-amerikanerane som har visst seg vanskelege å bli kvitt. Forestillinga om at slaveriet eigentleg ikkje var så gale, og at slavene sjølv stort sett hadde det ganske fint, har fått leve hos amerikanerane, godt hjulpet av at dei amerikanske slavene faktisk blei fleire i fangenskap, slik at plantasjeeigarane stort sett var sjølvforsynt med slaver sjølv etter at dei ikkje fikk lov til å hente fleire frå Afrika. Men sanninga er at slavene ikkje var dei kvite herrenes lydige slaver i eit kvart henseende. Dei fann seg ikkje i det. Dei saboterte. Dei gjorde opprør. Denne veka var det 202 år sia det største av dei gjekk for seg.

Charles Deslondes var hjernen bak opprøret. Han var født på Haiti, og kanskje var han inspirert av slaveopprøret der, som jo faktisk endte med siger. I USA var han slavedrivar for oberst Manuel Andry, som slavedrivar var han fri nok til at han kunne reise relativt fritt rundt i området. Det gjorde han, og fikk på det viset organisert eit opprør. Medan den kvite overklassa var opptatt med å feire karneval, og hæren for ein stor del var opptatt av å krige med Spania, gjekk dei til åtak seint om kvelden den åttande januar 1811. Manuel Andry blei overraska med ein øks i hovudet på soverommet sitt. Han overlevde, men sonen hans var ikkje like heldig. Dei tok med seg det dei kunne finne av våpen, og ga seg ut på vegen. Der møtte dei fleire folk, slaver og såkalla “maroons”, slaver som hadde flykta ut i sumpen i Louisiana og danna koloniar der. Dei starta å gå mot New Orleans, og på vegen brann dei ned plantasjar, fekk stadig fleir våpen, og stadig fleire folk. Målet var å ta New Orleans og gjere byen til ein republikk for farga. Til slutt var dei over 500 mann. Dei var tydeleg militært trent, delt opp i kompanier med kvar sin offiser, nokon av dei med kamptrening frå Haiti. Uniformar hadde dei også, og Charles Deslondes leia dei frå hesteryggen.

Ein lokal milits prøvde å stoppe dei, og måtte gje opp, men frå Baton Rouge kom den ordentlige hæren med forsterkningar. Morgenen den tiande januar hadde dei opprørarane på flukt. Dagen etter kunne general Wade Hampton erklære at opprøret var slått ned. Leiarane var drept eller tatt til fange. Blant dei Charles Deslondes, som aldri blei stilt for retten. I staden kappa dei henda av ham, skaut ham først i det eine låret, så i det andre, før dei brakk begge beina hans. Så skaut dei ham i overkroppen, og før han hadde rukket å døy pakka dei ham inn i ein bunt med høy og tente på ham. Dei som fekk ein slags rettssak var ikkje mykje heldigare. Atten stykker blei dømt til døden, halshugd, og hovudene deira blei vist frem til andre slaver for å avskrekka dei frå å gjere opprør sjølv. I etterkant sørga styresmaktane for at opprørarane blei fremstilt som ein gjeng med skurkar og bandittar ute av kontroll. Det er først i dei seinare åra det har komet frem at opprørarane var godt organiserte med eit klart politisk mål.

Trudde dei verkeleg at dei kunne klare det? Å innta New Orleans, og gjere byen til ein republikk for frigjorte slaver? Dei må nesten ha trudd det. Dei må i kvart fall ha visst at når dei reiste seg mot slaveeigarane var det ingen veg tilbake. Det var fridom eller døden. Kanskje meinte dei at det var betre å døy i kamp for fridom, enn å leve heile livet som slave? Eg veit ikkje.

Django Unchained er nok meir inspirert av Tarantinos filmsamling enn av virkelege hendelser, men kanskje nokon ein gong kjem på tanken om å lage film av Charles Deslondes og opprøret hans i 1811? Det er ein film eg gjerne vil sjå.

Bok og Film

Monopol


Ein sommar for så mange år sidan at det ikkje regna ein einaste dag spelte vi Monopol. Heile gutegjengen var samla, og vi spelte frå tidleg kveld til langt på natt heile sommaren. Nokre av oss hadde jobb, men det var ikkje til noko hinder. Det var å spele Monopol heile natta, gå rett på jobb, gå heim etter jobb og sove nokre timar, og så var det på’an igjen. Det var blodig alvor. Slik det alltid var, uansett kva vi dreiv med. Det gjaldt å vinne, og dei som tapte måtte audmjukast i ei slik grad at det var heilt på grensa til å tippe over og bli ufint. Same om det gjaldt fotball, ludo, krokket, eller altså Monopol. Eg hugsar desse monopol-nettene med glede, derfor går eg ut i frå at eg vann meir enn eg tapte, men det kan sjølvsagt også berre vere at eg er skikkeleg god til å fortrenge. Men ein ting er sikkert. Alt eg kan om å lyge, stele og grafse til seg med begge hender, alt eg kan om kapitalisme, det har eg lært av desse mange lange lyse monopol- nettene i det førre århundret. Fy for eit råtent spel det er.

Spelets gong tør vere velkjend. Ein startar med nokre skrinne seddelbunkar og ein bil i ein glorete farge. Så susar ein rundt i byen og kjøper alt ein kan få tak i av eigedom. Når det ikkje er meir å slå kloa i går ein inn i forhandlingsfasen. Dette er den kritiske fasen av spelet. Her freistar ein å byte til seg gater som kan gje eit konkurransefortrinn. Eg gjev deg eit Nav-bygg i byte mot sjukehuset og to dampskipsselskap. Det er her spelet vert vunne. Eller tapt. Det er her uvenskap oppstår, skjellsord haglar, og skuldningar om kameraderi og korrupsjon sit laust. Når gatene endeleg er fordelt er det berre avslutninga igjen. Ein kjører rundt og rundt i byen, betalar leige når ein hamnar på gater med hus eller hotell, heilt til alle spelarane unntatt ein er bankerott. Som om det er gøy at nokon misser alt dei eig, liksom. Fysj for eit konsept.

Urutinerte spelarar trur gjerne at nøkkelen til suksess ligg i eit par hotell på Rådhusplassen og Ullevål Hageby. Det treng ikkje vere sant. Faktisk er det like lite sant som at Trovikkvartalet er indrefileten i Florø. Mi erfaring at den sikraste vegen til ein kort og ærerik siger er å få skaffa seg monopol på dei gule og dei raude gatene. Her er det relativt billeg å bygge, men likevel gode pengar å hente i leige om nokon hamnar der. Og sjansen for at nokon må betale i kvar runde er rimeleg stor. Dermed kan ein fort ha bygd seg opp ei god formue før dei andre i det heile tatt har rekt å bygge seg noko som helst på brettets indre og ytrefiletar. Her er det ei lekse å lære. Monopol handlar eigentleg ikkje om å skaffe seg mest mogleg penger. Målet med spelet er å drive alle andre til konkurs. Då må ein bygge billeg og ta mykje i leige. Ikkje minst må ein bygge der det er størst sjanse for å få avkastning på pengane. Og om hus og hotell brenn, gjeld det å ha forsikringa i orden.

Men det mest interessante med Monopol er at spelet opprinneleg, i motsetnad til kva dei som produserar det i dag vil ha deg til å tru, blei laga nettopp for å vise barn og unge kor urettferdig det kapitalistiske systemet er. Hun som skapte spelet heit Lizzie Magie, og hun var ein stor fan av ein kar som het Henry George. George meinte at det var heil tfeil at enkeltpersonar skulle kunne eige jord. Det var røveri. Jorda tilhøyrer oss alle, både etisk og historisk. Det er dette spelet opprinneleg skulle demonstrere for alle og einkvar. The Landlord’s Game kalde ho det, og reglane var temmeleg likt dei som praktiserast i dag. Med eit unntak. I staden for å spele slik vi gjorde det, med bankerott og påfølgande audmjuking av konkurrentane som mål, kunne spelarane velge å samarbeide. I staden for å betale leige til kvarandre gjekk leiga inn i ein fellespott. Til fellesskapet. Og på den måten kunne barna sjølv erfare korleis alle hadde suksess med denne modellen. Ingen gjekk konkurs. Spelet tok aldri slutt. Alle var happy. I skarp kontrast til kapitalistmåtens gråt, tenners gnissel, og tilløp til håndgemeng ved kvert einaste spel. Eg har stor sympati for ideen.

Problemet med den alternative spelemåten er berre at den er så ulideleg kjedeleg. Kven orkar vel spele eit spel der ingen vinner, og ingen taper? Kor er moroa i det? Kva er vitsen? Som propaganda for Henry Georges i og for seg spanande tankar om eigendomsrett var spelet altså temmeleg mislukka. Kanskje var det ikkje anna å vente da, enn at ein driftig kar ved namn Charles Darrow nokre tiår senere hevda han hadde funnet opp spelet sjølv og tok patent på heile greia. Så tok han kontakt med Parker Brothers, og fekk dei til å produsere og selge spelet for ham. I løpet av to år hadde dei solgt to millionar spel, gjort Darrow til ein rik mann, og redda Parker Brothers frå konkurs.

Lizzie Magie fikk 500 dollar. Hurra for kapitalismen!

Hummer og kanari

Grisen står og hyler

Tidlegare denne veka var det nokre luringar som plasserte eit blodig, eller i alle fall raudmåla, grisehovud utanfor bønehuset til det muslimske trussamfunnet i Kristiansand. Saman med grisehovudet låg det ei melding skriven på ein bit av papp, pynta med ei lita 17.mai- sløyfe. Meldinga laud slik: “Hei muslim. Gi oss tilbake grisen dere tok ifra oss (barneavdelingen på sykehuset). Slutt å hån norsk mat og kultur. This is Norway, love it or leave it! Russ 2012». Nederst på pappen hadde dei også lagt til eit “fuck jihad”.

Eg veit ikkje eg, men å kaste raudmåling på hovudet til ein gris er vel ikkje akkurat å heidre norsk mat og kultur det heller, og når det gjeld russen er no dei etter mitt syn oftast til større plage enn muslimane. Men det får vere ei sak for seg sjølv. Denne lite hyggelege meldinga går uansett inn i ein lang tradisjon der gris har blitt bruk mot muslimar på ulikt vis. For nokre år sidan truga Kenneth Rasmussen, som var bystyrerepresentant for partiet Demokratane i Bergen, med å henge opp syltelabbar i lyktestolpane og spele grisehyl over høgtalarane i Hansabyen. Alt dette for å hindre muslimane i å bruke Torgalmenningen til fredagsbøn. Som om grisekjøt skulle fungere som ein slags kryptonitt på muslimar, noko det sjølvsagt ikkje gjer. Effekten ville truleg ha blitt minst like god om ein droppa grisehyla og heller sette på ei tidleg Jan Eggum- plate.

I Israel har det også vore mykje snakk om bruk av gris mot muslimar. Gideon Ezra frå høgrepartiet Likud tok i 2001 til orde for at palestinske sjølvmordsbombarar skulle begravast innpakka i grisehud. Seinare foreslo politiet i landet at det skulle utplasserast grisefett på bussar, kjøpesenter og andre naturlege mål for terroråtak. Og då ein sjølvmordsbombar i Gush Efrat sprengde seg sjølv i lufta på eit kjøpesenter, heldigvis utan å ta livet av andre enn seg sjølv, skal nokre av innbyggarane i området ha kasta eit griseskinn over liket hans. Bakgrunnen for dette er at det har festa seg ei forestiling om at muslimar trur at at dei vert nekta inngong i paradis dersom dei kjem i kontakt med ein gris før dei døyr. Og utan paradis, ingen busslast med jomfruar. Kvifor skulle ein då orke å sprenge seg sjølv i lufta?

No er i grunnen ikkje jødane så særleg meir glade i grisar enn det muslimane er, og ideen om at muslimar kan skremmast med syltelabbar og grisehovud stammar då heller ikkje frå Israel. I 1939 spelte nemleg den amerikanske filmstjerna Gary Cooper hovudrolla i filmen “The Real Glory”. Handlinga i filmen var henta frå Filipinene i 1906, der amerikanarane trakk heim det meste av hæren sin, og berre lot nokre få offiserar vere igjen for å lære lokalbefolkninga å forsvare seg sjølve mot muslimske opprørarar. Dette går berre sånn måteleg bra, heilt til Cooper kler ein daud opprørar i grisehud før han vert begravd. Han gjev så klar melding til opprørarane om at dette er noko som kjem til å bli gjort med alle som døyr framover. Problem løyst, opprør over, happy ending, og Cooper rir på sedvanleg vis inn i solnedgongen.

Filmen er fiksjon, men den er inspirert av det såkalla Moro- opprøret på Filipinene; eit opprør som følgde i etterdønningane av den spansk- amerikanske krigen i 1898. Moro var namnet på muslimane sør på Filipinene, ei folkegruppe som kjempa for sjølvstende, men som etter langvarig strid måtte gje tapt. Det vert sagt at det som til slutt fekk stansa striden var at den amerikanske guvernøren i provinsen, den legendariske general John J. “Black Jack” Pershing, tok 50 opprørarar til fange, tvang dei til å grave sine eigne graver, og deretter bandt dei fast til stolpar. Grisar vart så henta inn og slakta, og deretter vart 49 av muslimane skotne med kuler dyppa i griseblod. Lika vart så kasta i gravene, og deretter vart grisekadavra lagt opp på dei døde muslimane før gravene vart attfylte. Den siste muslimen vart så sleppen fri, for å fortelle historien til dei andre opprørarane. Dette skal ha sett ein stoppar for det meste av stridslysta, og dermed for det vidare opprøret.

Det er ei skikkeleg god historie. Problemet med den er berre det at det er lite som tyder på at den er sann. Den er nok ei vandrehistorie, som også eksisterer i ulike andre variantar. Dr. Frank E. Vandiver er professor i historie, og har skrive boka “Black Jack, the life and times of John J.Pershing”. Han har forska mykje på Moro-opprøret utan å finne noko som talar for at denne historia stemmer. Vandiver seier at dette ville ha vore heilt i strid med Pershings natur. Det kan sjølvsagt vere at einkvan har rulla ein Moro- opprørar inn i grisehud, men dette var i så fall neppe på Pershings ordre, og det skal ikkje ha noko av æra for at opprøret tok slutt. Hadde historia med dei 50 opprørarane vore sann, er det meir truleg at den ville ha forlenga opprøret heller enn å avslutta det.

Det er heller ingen grunn til å tru at Al Quaida vil la seg stoppe av at dei kan risikere å bli gravlagde i grisehud. Trua deira tilseier heller at martyrar er så reine i sjela at det ikkje ein gong er nødvendig å vaske dei før dei vert gravlagde. Å tru at muslimar kan skremmast med syltelabbar og grisehovud er såleis eigentleg eit teikn på kunnskapsløyse og fordommar. Og dersom det er russ som driv med slikt, vil eg råde dei til å tone ned russefeiringa til fordel for utdjupa historielesing.

Men oppfatningane lever vidare, og dei kan også ha bakgrunn frå Sepoy-opprøret i India frå 1857 til 1859, kor innfødde soldatar gjorde opprør mot britisk herredømme etter at dei vart tvinga til å bruke nye rifler der dei frykta at ammunisjonen var innsmørd med fett frå gris og ku. Men den historia får vi spare til ein anna gong.

Page 1 of 1112345...10...Last »
%d bloggers like this: