web analytics

Tag Archives: humor

Hummer og kanari

VG akkurat nå

VG melder at TV2s reportasjeteam har kommet hjem fra Riga og allerede er ute på nye oppdrag.

 

 

Hvis Jan Garbarek var en revolvermann...

Hummer og kanari

Sko-valet 2011

Frps Frank Willy Djuvik gir alt for å vinne ungdommens gunst

Då eg fekk vite at eg skulle få ha den æra å skrive om valet her i Firdaposten, fire laurdagar på rad, så spurde eg på Twitter om det var noko spesielt dei meinte eg burde skrive om. – Ta for deg skorna til politikarane, var det ei som foreslo. – Skriv om skotyget til kandidatane, det avslører mykje! Eg må nok seie at eg i fyrste omgang ikkje heilt lot meg rive med av det etter alt å døme velmeinte forslaget. Eg takka for innspelet, eg er jo ein høfleg mann når eg hugsar på det, men eg tenkte nok at var det noko eg ikkje skulle skrive om, så var det skovalet til dei fremste politikarane i Flora kommune.

Men så hadde det seg slik at eg i eit svakt augeblikk forvilla meg inn på Haffen ein vakker onsdagskveld, den siste augustkvelden i valåret 2011. Blant all den kjekke ungdommen kunne ein observere fleire av dei meist profilerte politikarane i kommunen. Ungdommen bad inn til paneldebatt om storskjerm, PlayStation og videoprosessor på Haffen, og politikarane dukka  opp for å gje dei det. Både debatt og utstyr. Men ikkje før etter valet. Om rådmann Heggheim blei bekymra for budsjettet sitt no, så kan eg berolige ham. Alle som har vore på kino med salen full av ungdommar, popcorn, mobiltelefonar med store skjermar, og halvanna liter coca-cola veit at ungdommen ikkje kan konsentrera seg om noko som helst meir enn fem minuttar av gongen. Det er nesten to veker att til valet, innan da har dei gløymd at dei i det heile tatt var på Haffen den kvelden, og om det skulle ringje ein bjelle langt der bak i hodet, den 13 september, var det ikkje noko med ein lastebil som skulle kome med flatskjermar og det eine med det andre, så er det berre å skulda det heile på Knut Andor Nesse og Demokratisk solidaritet. Dei var ikkje til stades, men det er det ikkje nokon som hugsar.

Dei snakka om andre ting også. Som korleis dei skal få ungdommen til å flytta heim igjen etter utdanning. Om vidaregående skule. Om Rota, om fjorddeponi, om turstiar, om arbeidsplassar, stemmerett for sekstenåringar, desentralisert høgskule, traineestillangar og rusforebyggande tiltak. Odd Bovim frå Venstre forsikra om at han var edru, Bengt Solheim-Olsen hausta så mykje latter for slagordet der han rima grått med blått at han for sikkerhets skuld dro det to gonger, Bente Frøyen Stendal måtte innrømme at ho ikkje eigentleg hadde fått til noko særleg i sine år som ordførar, men og at ho ikkje hadde gitt opp av den grunn. Frank Willy Djuvik meinte at det var meiningslaust at dei som skulle bli rørleggarar måtte lære fransk, og eg fekk ein lys ide. Hva om man i stadet for å lære rørleggerspirene på yrkesfagleg fransk, heller lærte akademikerspirene på allmennfag å fikse rørene sine sjølv? For kor mange rørleggarar treng ein eigentleg? Kor vanskeleg kan det vere å legge eit røyr? Kor tilfredsstillande hadde det ikkje vore for ein spirrevipp med master i nordisk om han kunne sette seg på ramma og legge ein dugandes kabel i eit røyr han har lagd sjølv? Tenk på alle pengane vi kunne spart på å legge ned røyrleggarutdanninga og andre yrkesfag som ingen uansett bryr seg om? Dei pengane kunne vi brukt på franskkurs til dei som går på trygd, dei er uansett dei einaste som har tid til å dra til Frankrike og praktisere. Og la oss være ærlege. Akademikarar er ikkje særleg høgt verdsatt her i landet. Mange av dei tjener så dårleg at dei ikkje har råd til å leige inn ein polakk til å pusse opp badet svart. Lær dei å fikse det sjølv, så slepp dei å være misunnelege på røyreggjarpalasset på andre sida av gata.

Men eg er ikkje på val, utruleg nok, eg er berre ein skarve tilhøyrar, og eg må tilstå. Eg syntes paneldebatten denne onsdagskvelden var dørgande kjedeleg. To timar og vel så det av livet mitt som eg aldri får tilbake. Eg veit ikkje om det hjelper å skulde på nokon andre enn meg sjølv, eg er sikker på at alle politakarane gjorde sitt beste, det var ingen som dumma seg ut på noko vis. Problemet er at det ikkje er nokon som skiljar seg ut heller. Det fantes ingen skiljelinjar. Ingen ueinigheit. Alle var til ein kvar tid einig med siste talar. Som ein velgar som ennå ikkje har bestemt seg for kven eg skal røyste på, så er eg akkurat like dum nå som eg var føyr debatten starta. Eg ser ikkje kor kampen skal stå. Nye tider krev nytt mannskap er slagordet til eit optimistisk Høgre i opposisjon, men om det nye mannskapet skal følge samme kursen som det gamle mannskapet kan det for ein stor del vere det same kven som styrer?

Mens eg sit der på barkrakken og saknar ein liten whisky slår det meg at den ideen om å skrive om politikaranes skotyg ikkje er så dum som ein fyst kunne tru. I kvart fall var det mi oppfatning etter denne debatten at den største skilnaden mellom kandidatane faktisk var skotyget. Kvifor ikkje like gjerne la skorna vise veg til hvilket parti du skal stemme på om ein drøy veke?

Basert på objektiv vurdering av kandidatenes sko denne onsdagskvelden vil eg demed hevde at det var Bengt Solheim-Olsen som gjorde det mest solide inntrykket. Ein skal ikkje selge Lottussen føyr skinnet er skore til, ting kan fortsatt endre seg, men i det vi er på veg inn på oppløpssida er det Høgre som har tatt ledelsen i sko-valet 2011. Så får vi sjå om dei klarar å unngå å tråkke i hundebæsj, eller pådra seg stygge gnagsår den siste veka då.

Hummer og kanari

Min aften med politiet

Den følgende beskjeden kom akkurat inn fra Hjorthen (17), som legger til at han har tenkt å holde en lav profil en stund.

Jeg er sjokkert av den fiendtlige behandlingen jeg fikk i hendene på politiet.

Habben på heia har hørt min historie, og kommenterte at han aldri har hørt om noen som har blitt behandlet på denne måten i noe vestlig land, med unntak for totalitære samfunn som Hitler-Tyskland.

Min onkel Otto, som er erfaren og har sett mange tøffe saker, forventet ikke dette. Han antok dette ville være relativt enkelt sak, en bagatell, noe som knapt nok ville innebære en advarsel. I etterkant mente han at behandlingen jeg ble utsatt for var på grensen til å være lovlig. 

Jeg ble aldri anklaget for å gjøre noe kriminelt, åpenbart fordi jeg ikke hadde noe med noen kriminelle å gjøre, og de vet dette. Likevel, uten den minste snev av bevis utover at jeg hadde skinnjakke på, og ble observert i å gjøre det jeg gjorde, ble jeg behandlet som om jeg var mistenkt for både drap, voldtekt, og det som verre er.

Til min totale overraskelse måtte jeg sette meg inn i baksetet på politibilen, rett foran mitt eget hus, der jeg i nesten et kvarter måtte høre på en tirade fra en sint politimann med bart, mens kollegaen hans fylte ut et forenklet forelegg. At dette var noe de gjorde bare fordi jeg hadde langt hår og skinnjakke benektet de, selv om det var åpenbart at det var dette som var grunnen til at de behandlet meg på denne måten. 

Husk at politiet  tilsynelatende hadde ingen anelse om hvem jeg var før jeg viste dem postens identitetskort av min egen frie vilje, selv om jeg visste vel at jeg måtte gi opp min anonymitet etter å gjøre så. Jeg hadde ikke trimmet mopeden min, faktisk var den så daukjørt at jeg var avhengig av en ganske lang nedoverbakke for å få den til å kjøre i over 50 kilometer i timen. Selvfølgelig visste jeg om noen som hadde trimmet mopeden, men jeg hadde ikke noe med dette å gjøre. Var ikke involvert på noen måte. Dette fortalte jeg politiet, men det hjalp ikke. De behandlet meg fortsatt som om jeg var noe slags pakkis-avskum. 

Jeg personlig tror at dette var i hovedsak en politisk beslutning.  Under sosialdemokratiets vennlige ferniss ligger fascismen på lur.Når man ikke kan kjøre moped uten hjelm på egen tomt uten å bli behandlet som dritt av politiet, og bli tildelt forenklet forelegg på flere hundre kroner. Da har vi tatt noen lange steg mot en nazisme som ingen i folket egentlig ønsker. Denne utviklingen må vi snu. Disse onde kreftene må stilles til ansvar. Byråkratene uten sans for lov og rett som bare er ute etter personlig makt. Jeg oppfordrer ingen til å bruke vold, men jeg spår, ønsker, vil ha en borgerkrig.

Nå, eller i hvert fall før betalingsfristen for det forenklede forelegget går ut.

Hummer og kanari

Hvis Twitter var et middagsselskap

Via My2SecondShelfLife

%d bloggers like this: