web analytics

Tag Archives: idrett

Hummer og kanari

Feigis og slappis

friskis svettis photo
Photo by ExtraStiftelsen

Du har allereie lest det i herverande avis. Friskis og Svettis starta ikkje opp att tilbodet sitt denne hausten. Hallkapasiteten i Flora kommune er sprengd, Friskis og Svettis meiner dei ikkje fekk tid og areal nok til at dei kunne oppretthalde tilbodet sitt, og dermed var det slutt for dei i denne omgang. Friskis og Svettis har halde på i elleve år, dei har vore eit billeg og populært lavterskeltilbod for folk i alle aldre som har ei ambisjon om å halde seg i form, men ikkje har hatt noe ønske om å drive organisert idrett, eller henge rundt på treningssentra. At dei ikkje startar opp at i haust ikkje berre trist. Det er ei fallitterklæring. Og det er ei tabbe. Korleis kunne dei ansvarlege la dette skje?

Sjølvsagt er det politikaranes skuld. Levekårsutvalet har slått fast at barn skal prioriterast i kjernetida mellom 17 og 20. Nye aktørar har meldt seg på, og dermed var det ikkje plass nok til alle. Nokon måtte ut. Det er ikkje vanskeleg å forstå dilemmaet. Nokon måtte bli skuffa, og det er sikkert fleire enn Friskis og Svettis som er misfornøgd med tidene dei har fått tildelt. Når kapasiteten er langt forbi bristepunktet er det slik det blir. Ein får gjere det beste ut av det. Likevel. Eg meinar Levekårsutvalet bør sjå på saka på nytt. Er det verkeleg gitt at det einaste kriteriet for tildeling av treningstider skal vere at barn skal prioriterast i kjernetida? Eg meiner at det er ei feig prioritering. Den er vag, uangripeleg, men eigentleg ganske intetsigande. Eg ville lagt fleire kriteriar til grunn.

Alle er einige om at idrett er ein fin ting. Kanskje er vi for einige i det, for ofte gløymer vi å stille dei kritiske spørsmåla. Er all idrett alltid ein fin ting? Kan vi stille større krav til den organiserte idretten? Eller bør vi stille andre krav? Kva for ei rolle vil vi at idretten skal ha i samfunnet? Kan vi organisere oss annleis? Nesten alle barn i Noreg driv med ein eller annen form for idrett i åra frå dei er seks, til dei blir tretten år gamle. Men i overgangen frå barneidrett til ungdomsidrett skjer det noko, og veldig mange gjer seg med organisert idrett. Kvifor det?

Vi veit at dei som driv med idrett har betre sjølvbilete, betre helse både psykisk og fysisk, meir overskudd, enn dei som ikkje driv med idrett. Vi veit også at dei som har mindre ressursar, anten det no er sosialt, psykologisk, kulturelt, eller økonomisk er overrepresentert blant dei som droppar ut av idretten i åra mellom tretten og nitten. Idretten er ein plass for dei vellukka og veltilpassa, medan dei som kanskje hadde hatt størst nytte av eit organisert idrettstilbod i større grad faller fra. Vi treng større variasjon og fleire tilbod til dei som synes det er gøy å drive idrett på sine eigne premissar, men ikkje har ambisjonar om a-lag, eliteserie, landslag og proffopphald i utlandet. Sjølv hadde eg gjerne tatt i mot eit tilbod om å bli knust i bordtennis på jevnleg basis.

For å vende tilbake til start. Levekårsutvalet bør se på prioriteringane for tildeling av treningstider ein gong til, og faktisk gjere ein ordentleg jobb denne gongen. Kriteria bør utvidast. Folkehelseperspektivet bør prioriterast over idrettslagas eigne ønsker, i den grad det er nokon motsetning. Barn mellom 6 og 13 har ein haug med tilbod, og dei er aktive nesten alle samen. Det er ikkje der skoen trykker. Fråfallet startar i trettenårsalderen, og held på ut ungdomstida. Dette bør det offentlege freiste å motvirke. Lag som kan dokumentere lågt frafall bør prioriterast. Tilbod retta mot grupper som har få andre tilbod bør også prioriterast. Eg dristar meg til å foreslå ei prioriteringsliste.

1. Folkehelse skal alltid ligge i bunn for prioriteringane.

2.Tilbod som rettar seg mot grupper som har få andre tilbod om organisert trening prioriterast høgt.

3. Tilbod som kan dokumentere lågt fråfall i aldersgruppe 13-19, eller er spesielt retta mot å få dei som fell i frå til å bli i idretten, skal prioriterast.

4. Barn og unge skal prioriterast i kjernetida mellom 17 og 20.

5. Nye tilbod som ikkje kjem inn under dei andre punkta i denne lista må finne seg i å stille bak allereie etablerte tilbod i starten.

Den einaste måten å løyse problemet er å bygge ut større hallkapasitet. Det hastar, men kjem til å ta tid. Inntil då må det prioriterast knallhardt. Det er politikaranes jobb. Hvis dei ikkje vil ta den på seg får dei melde seg på Feigis og Slappis i staden. Dei trenar mellom halv tolv og 23.30 kvar onsdag kveld i Florahallen.

Hummer og kanari

Oddemann

sad Kristina Alexanderson via Compfight

Tilbake på nittitalet ein gong jobba eg ein stund på eit dagsenter for psykisk utviklingshemma. Eg var i det dei kalla for skoggruppa, der eg køyrde traktor og felte trær med motorsag heile dagen lang. Utan å ta livet av nokon, utruleg nok. I tillegg til dei vi skulle sysselsette var det berre meg og ein fyr til som jobba i denne skoggruppa. Lat oss kalle ham for Oddemann.

Oddemann var ein fin fyr. Vi jobba bra i lag. Han lærde meg å file motorsaga kvar dag, slik at ho alltid var sylkvass. Viste meg korleis eg skulle få treet til å falle akkurat den vegen eg ville det skulle falle. Det var ikkje hans skuld at eg ein gong la eit tre i hovudet på ein av brukarane slik at han blei liggande og ule under eit lag med greiner og grøne blad. Men Oddemann og eg fekk nå dratt ham ut og køyrd ham heim. Han ula hele vegen, men ellers gjekk det bra med ham. Ingen varige men, og Oddemann lot meg handtere motorsaga dagen etterpå også. Han var ein roleg kar. Han brukte ikkje store ord. Eg likte ham godt, men etter å ha jobba saman med ham ein stund skjønte eg at det var noko med ham. Noko han bar på. Eit nesten umerkeleg drag i andletet. Eit glimt av melankoli i augo når han las VG og kom til sportssidene. Etter at vi hadde jobba saman ei god stund fortalde han meg det.

Oddemann kom som så mange av oss frå ein familie der dei likte å kose seg med idrett på TV. Særleg langrenn. Det er ikkje alltid lett å vere barn i slike familier. Familier der dei vaksne kavar for sitt eiga beste, og gløymer barna oppe i det heile. Oddemann var ikke store karen da han første gang fikk føle på det. Under dei olympiske leikane i Grenoble i 1968 var det Ole Ellefsæter som var det store norske namnet. Han var ankermann på stafettlaget, og i 1968 hadde Noreg fortsatt til gode å vinne ein langrennsstafett i OL. Spenninga var til å ta og føle på. Foreldra til Oddemann satt i kvar sin stol foran fjernsynet. Kaffi og kake på bordet. På golvet satt Oddemann med leikane sine. På fjernsynet la Ellefsæter i veg på siste etappe. Skulle det bli gull til dei norske langrennsheltane?

Akkurat i det spenninga dreg seg mot klimaks finn Oddemann ut at det er på tide å ta eit lite steg i utviklinga frå baby til vaksen mann. Han reiser seg opp på sine to stutte bein, og tek sine aller fyrste famlande skritt utan å halde seg i korkje finger eller bordkant. Eit stort augeblikk i eit barns liv. Kanskje enda større for barnets stolte foreldre. Vanlegvis. Men ikkje når Ole Ellefsæter går for gull i Grenoble. – Sett deg ned, for helsike, du skuggar for fjernsynet, ropar faren. Og Oddemann dumpar ned på stumpen igjen. For aldri heilt å reise seg igjen. Han fortel det som ein morosam historie, men eg kan høyre desperasjonen klinge i røysta. Såret i sjela som aldri heilt vil gro. Stort sett gjekk det jo bra, han hadde ikkje noko å klage på meinte han, men kvar gong det dro seg mot olympiske leiker blussa dei vonde følelsene opp att. Og foreldra benka seg atter foran skjermen med kaffi og kake. Middagen uteble. Og dei gode samtalene. Hjelpen med leksene. Han måtte sykle på trening, og pakke dyna rundt seg selv. Etterkvart blei det verdensmesterskap. Europamesterskap. Skøyter og ski. Så starta handballjentene å vinne mesterskap. Når han ser tilbake på det var barneåra til Oddemann eit einaste langt idrettsmesterskap. Eit einaste langt skirenn. Som ein femmil som aldri tok slutt. Ja, den held på ennå. I går starta OL i Sotsji.

Eg vil ikkje moralisere, men eg har ein bøn. Ikkje gløym dei minste blant oss. Hugs på at det er titusenvis av barn som ikkje gleder seg til OL. Dei gruar seg. Mange preges av at dei vaksne ser meir og meir TV under OL. Dei ropar og skrik, og tenker ikkje på at barna kan bli redde og utrygge av at foreldra heilt plutseleg endrar atferd. Vi veit at seksten dager med OL ikkje berre fører med seg idrettsglede, men også forsømmelse. Ein ting er at ein ikkje får gjort det ein skal på jobben. Verre er det at ungane går for lut og kaldt vann. Og dette er vårt ansvar. Vi må bry oss. Kjenner du til ein familie der du veit at det går i OL heile døgnet, bank på og spør om du kan ta med deg ungane på aketur. Eller noko anna gøy. Ta ansvar!

Eg vil ikkje ta frå nokon gleden ved å sjå dei norske melkebartane konkurrere i Sotsji. Eg veit eg burde ha skrevet noko om Russland, Putin og homoane. Men eg klarar ikkje. Når OL-ilden tennes er det berre ein ting eg klarar å tenke på.

Oddemann. Eg håper han klarar seg denne gangen også.

Hummer og kanari

Bergens Tidende akkurat nå

Det begynner i det små, med racersykkel og sykkelhjelm, så pakker det på seg med stoppeklokke, XL1 og videre til doping. Og nå altså terror. Det er sagt så mange ganger at det er en klisje, men det må allikevel gjentas. Gi barna sprit før idretten tar dem!

Hummer og kanari

Idrettens grandiose selvbilde

Her er lørdagens spalte i Firdaposten for de som ikke holder seg med den fine avisa. Den er harvet ned sent på natten, for her har barna fått munn og klovsyke og er det ikke det ene så er det i hvert fall det andre. Denne versjonen er dermed heller ikke språkvasket, så unnskyld til alle som måtte bruke nynorsk i det daglige, den ser bedre ut på trykk.

Under sendiga frå delfinalen i Melodi Grand Prix fra Florø tidligare i år satt eg heime i stua og så på programmet, samstundes som eg følgde med på Twitter-straumen min. TV-program som eg eigentleg gjer blaffen i blir oftast mykje kjekkare når eg kan slenge ut sarkasmer i hytt og pine til Twitter-venane mine, og kanskje få nokon tilbake. Eg hugsar spesielt ein melding eg fekk den kvelden. – Ein skjønar at ein har for mykje penger her i landet, når ein by som Florø kan ha ein slik idrettshall, var det ein som sa. Eg syntes fyren hadde eit poeng, og når eg såg at Robert Endestad var ute og klaga idrettens nød i Firda for nokre veker sida, så dukka den meldinga opp i hukommelsen att. For dei som ikkje les Firda, ikkje les sporten, eller berre har dårleg hugs, Endestad meinte det var stein hakkande gale at idretten i fylket berre fekk tildelt 1.2 millionar i rammetilskudd i budsjettet for 2010. Like mykje som Countryfestivalen på Breim fekk for tre dagar med steelgitar, stygge skjorter, og grøftefyll. Endestad var rett og slett uroleg for signaleffekten av denne prioriteringa.

Idrett er ein fin ting, det er ikkje det, og eg meiner for all del at ein godt kan ta ein debatt om bruken av offentlege penger på kultur vs.idrett. Men det held med ein liten spasertur rundt i Florø for å skjøne at det ikkje kan stå så hakkande gale til med idretten når det kjem til stykket. Havhesten og Idrettssenteret koster vel omtrent såpass med penger at det kunne dekke heile kommunens kulturbudsjett for det neste tiåret. Eit kjapt søk på Google fortel meg at kulturdepartementet har sendt snaue 23 millioner kroner til kommunale idrettsanlegg i Sogn og Fjordane i 2011. Det er nok til 2000 steelgitarer det! Men det er ikkje dette som irriterar meg mest. Nei, det eg let meg hisse opp av, både titt og ofte, er idrettens grandiose selvbilde. Alle dei som meiner at idretten er så forbaska viktig for samfunnet fordi den bidrar til å redde ungdommen frå å reke gatelangs. For er det noko vi veit, så er det at ungdom som reker gatelangs snart er i gong med både hasj, kokain og bankran. Som Endestad seier til Firda: – Gjennom vårt frivillige arbeid er vi sterkt delaktige i at vi held ungdom unna til dømes kriminalitet, narkoopplevingar og anna.

Med all respekt, dette er vrøvl frå ende(stad) til (anthony)annan. Eg vil våge meg på å påstå at idrettens effekt på å halde ungdommen unna rus og kriminalitet er forsvinnande liten. Det er dokumentert at idretten rekrutterer veltilpassa ungdom med få familieproblemer. Kjekk norsk ungdom med mot i brystet og stål i bein og armar. Det er dei idretten vil ha, og det er dei som søker seg dit. Dei held seg for ein stor del unna sigarettar og hasj, men alkoholbruken er heilt på det jevne. Eg vil anta at for dei som driv idrett av sosiale årsakar, for moro skyld, utan ambisjonar om å nå langt, vil ein finne at alkoholbruken faktisk er høgare enn snittet. Dette baserer eg mykje, men ikkje berre, på vage minner om treningsleirer i Danmark i tenåra. Ungdommen som ikkje er like veltipassa, har meir problematiske familieforhold, dei som har meir å stri med. Dei vil i langt mindre grad søke seg til idretten, og om dei gjer det er det ikkje sikkert dei vil føle seg heime der. Dei vil finne andre alternativ, om ikkje kommunen har lagt dei ned, og det er blant disse ungdommane vi vil finne dei som er på veg inn i randsona.

Idretten har ein verdi i seg sjølv, og all ære til dei mange frivillige som held hjula og vaffeljernet i gong, men om ein er opptekje av forebyggande arbeid, av å redde ungdom fra rus og kriminalitet. Da er det ikkje idretten vi skal pøse offentlege kroner inn i.

Hummer og kanari

Idrett er viktigst?

storhallen.jpg

Vinterens store politiske føljetong her i Høljebyen har dreiet seg om byens nye storstue for idrett, storhallsprosjektet Florø Idrettssenter, et rekordutbytte fra kraftselskapet SFE, og et tidligere vedtak fra byens politikere om å bidra med 15 millioner kroner til prosjektet. Jeg skal ikke plage dere med alle detaljene, det er ikke dette som er hovedpoenget her, men la meg prøve å gi dere et kvikt overblikk.

Flora kommune er i et økonomisk uføre. Vi er en såkalt ROBEK-kommune, hvilket vil si at alle budsjetter og eventuelle låneopptak må godkjennes av fylkeskommunen. En stor del av årsaken er at man sliter med høy gjeld, og store utgifter til renter og avdrag. De neste fire årene må kommunen omdisponere og saldere inn 50 millioner kroner.

For å få til dette ga politikerene i forbindelse med 2008-budsjettet, rådmannen beskjed om å lete med lys og lykt etter steder å kutte. 10 stillinger skulle fjernes, men pleie og omsorg, samt skolesektoren skulle fredes. Dermed var tilbud som Kulturskulen, ungdomshuset Haffen, biblioteket, kinoen, og driften av samfunnshuset i faresonen for kutt.

Så kommer altså nyheten om at SFE skal betale ut et rekordutbytte til eierene sine, hvilket betyr 13 millioner kroner til Flora. Flertallskameratene i bystyret bestemmer da i sin visdom at fem av disse millionene skal gå til storhallen. Mindretallet bestående av SV, Venstre og Frp mener at pengene bør gå til å betale gjeld, og klager vedtaket inn for fylkesmannen.

Og ut av dette har vi fått mye svulstig retorikk i Firdapostens spalter. Høljebyens eldste Unge Høyre-medlem, Magne Solheim-Olsen (77) skrev leserbrev og slo fast at SV, Venstre og Frp er idretts og ungdomsmotstandere. Andre har kalt dem for smålige, i lørdagens utgave av Firdaposten er det Øystein Hjertenes som ikke synes det er fair play å diskutere et lovlig gjort vedtak i bystyret, og Kjartan Kvellestad beskylder dem for å sette egne kjepphester foran fellesskapet.

Men nå var det ikke denne saken jeg egentlig ville si noe om. Det som jeg har hengt meg opp i er en uttalelse fra en av byens driftige Høyre-damer, jeg tror det må ha vært Edith Aarebrot Madsen. Jeg har dessverre brent opp den aktuelle avisa, men hun sa noe om at det var viktig for kommunen å bidra med penger til idretten og storhallen, av hensyn til ungdom som ville falle utenfor, drive gatelangs, og ende opp i kriminalitets og sosialhjelpsstatistikkene hvis ikke det var for idretten.

Hjertenes er inne på det samme i sitt leserbrev i lørdagens avis:

Hva med problem knyttet til alkohol, stoffmisbruk, osv. En ungdom under behandling koster ca 2 mill kroner i året.

Jeg vet jo ikke jeg, det blir vel å strekke ut hånden til de mer beleste og kunnskapsrike leserene av Hjorthebloggen, men jeg er ikke så sikker på at akkurat dette argumentet er gyldig?

Ikke misforstå, idrett er en fin ting, men jeg stiller meg sterkt tvilende til om idrettsbevegelsen er noe godt virkemiddel for å holde ungdommen unna alkohol og stoffmisbruk. Hvor mange 14-åringer er det ikke som har debutert som alkoholbruker på treningsleir i Danmark med fotballgruppa? Min ukvalifiserte gjetting vil være at man vil finne få eller ingen forskjell i alkoholforbruk mellom ungdom som driver idrett og ungdom som ikke gjør det. Antagelig med visse variasjoner i forhold til hvilken idrett det er snakk om, og selvfølgelig vil man ha en liten gruppe ungdommer som har ambisjoner og er på et nivå der man er nødt til å begrense alkoholinntaket for å få de resultatene man ønsker.

Dette er jo ikke så farlig da, jeg mener å ha lest forskning for noen år tilbake som slår fast at de mest veltilpassede ungdommene drikker alkohol. Og veltilpasset ungdom driver også gjerne idrett. Det er derfor jeg tror koblingen til sosialhjelp, kriminalitetsforebygging, og stoffmisbruk ikke holder vann. Idretten er i stor grad tilpasset de veltilpassede. De normale. Kjekk norsk ungdom. Det er jo det hele idrettsimaget spiller på, er det ikke? Kjekk norsk ungdom som spiser fem om dagen, har mot i brystet, vett i pannen, stål i ben og armer?

De som står i fare for å falle utenfor vil ikke nødvendigvis føle seg hjemme i idretten. Og idretten har ikke verken kunnskap eller kompetanse til fange dem opp og taue dem inn heller?

Selvfølgelig finnes det unntak, gode eksempler på det motsatte, folk som har blitt reddet av at ressurspersoner har sett dem, og tatt seg av dem. Men det er vel unntakene heller enn regelen vil jeg gjette på. Hvis det er forebygging av kriminalitet man ønsker å ha fokus på er jeg ganske sikker på at det er mer å hente ved å bruke penger på ungdomshus og ungdomsarbeidere. Ungdomshuset her i byen, Haffen, feirer i disse dager tiårsjubileum. Jeg er overbevist om at dette tiltaket har forebygget mer kriminalitet for langt mindre penger i disse ti årene, enn det Storhallen kommer til å gjøre i de neste ti.

Storhallen kostet rundt 80 millioner å bygge. Den er helt klart en ressurs for Florø, men det er uhorvelig mye penger. Det er så mye penger at man kunne holdt kulturavdelingen i Flora Kommune, med dagens totale budsjett på ca 4.8 millioner, gående i 16 år fremover, og enda hatt penger igjen til en skikkelig fest. Kulturskule, ungdomshus, kino og alt.

Nå har ikke Flora Kommune brukt 80 millioner på hallen selv, så sammenligningen er selvfølgelig upresis, men den illustrerer kanskje hvor villige man er til å bla opp blanke kroner her i landet så lenge det er snakk om idrett. Spiller du gitar i stedet for fotball er det kanskje litt mer tilfeldig hvor mye samfunnet ønsker å bruke på hobbyen din?

Selv om jeg altså tviler på om idretten er noe spesielt vellykket virkemiddel som kriminalitetsforebygger, så har den utvilsomt andre positive sider ved seg. De mest åpenbare er kanskje bedre helse, samt trivsel og underholdning. Men idrett har blitt dyrt etterhvert, får vi nok igjen for alle kronene som blir brukt på den?

Egentlig et litt meningsløst spørsmål siden den største delen av pengene som blir brukt på idrettsanlegg her i landet kommer fra Norsk Tippings overskudd. Statsbudsjettet bruker vel egentlig ikke en krone spesifikt på idrett. Men etterhvert som omsetningen hos Norsk Tipping på Hamar flater ut vil det nok komme krav fra idrettsorganisasjonene om mer penger fra Store Stat i fremtiden.

Da spørs det vel om man klarer å stå i mot idrettslobbyen?

Og Fylkesmannen? Han var enig med SV, Venstre og FrP i at man ikke kunne gi fem millioner til storhallen uten at det ble budsjettbehandlet i bystyret først. Så i påvente av dette er tilskuddet lagt på is.

Men siste ord er neppe sagt, mitt tips er at idrettslobbyen vinner frem til slutt.

%d bloggers like this: