web analytics

Tag Archives: innvandrere

Hummer og kanari

For konge og fedreland

flagg

Ein gong var det tabu å laga noko reiknskap over innvandrarane. Framstegspartiet ville ha det, alle dei andre partia fnøys berre ved tanken. Den tida er over, no er det berre å reikne i veg, og godt er det. Kunnskap er alltid betre enn ingen kunnskap. Finansavisen gjorde eit reiknestykke får nokre veker sidan. Dei fann ut at Noreg, slik det stig frem, går eit dundrande underskudd på innvandringa. Ser ein på skatteinntekta, og trekker frå offentlege utgifter, får me eit underskot på 4,1 million kroner for kvar einaste ikkje-vestlege innvandrar. Dette er sjølvsagt alarm. No gjeld det å få Noreg ut av Schjengen, byggje ein mur langs grensa, og komme i gang med deporteringa mens vi enda har olje igjen til å betale for det. Meinte nokon. Eg ser no frem til at vi berre får meir og meir kunnskap fremover, brutt ned på ulike grupper. Eg kan bruke meg sjølv som døme. Som barn av ein alkoholiker har eg dårlegare odds enn gjennomsnittsnordmannen. Ein av tre born av alkoholikarar ender sjølv opp med flaska. Går det kanskje ikkje så kanonbra med dei to andre heller? Klarar dei to som ikkje blir drikkfeldige å betale inn nok skatt for å dekke opp for tredjemann? Eller er det kanskje tredjemann som betalar for dei to andre gjennom høge alkoholavgiftar og ein tidleg død? Kva med uføretrygda? Den går i arv seier forskarane. Kor mykje kostar disse trygdesnyltarane oss eigentleg? Kunne det vere ein ide å seie at heretter er sterilisering ein forutsetning for å få innvilga uføretrygd? Vi har ikkje råd til dette. Det er ein tikkande bombe under velferdsstaten. Skal vi klippe den kvite,eller den brune ledningen?

Problemet med kunnskap er at nokon plutseleg får det for seg at den skal kunne brukast til noko, og det på rappen. Slikt hastverk fører aldri noko godt med seg. Sjølv tok eg meg i å finne frem kalkulatoren for å gjere nokon andre grove reknestykker.

Eg blir visst 47 år gamal i år. Det betyr at det har gått heile 28 år sida eg gjekk bort på papirfabrikken, viste fram hendene mine til gamle Langsetmo, og fekk starte på krana same dag. Eg har altså vore bidragsytar til, og lojal støttespelar for, velferdsstaten i ein årrekke. Som alle andre starta eg vaksenlivet i minus, etter å ha gått på gratis offentleg skule i ti år. Men eg har vore i jobb størstedelen av dei 28 åra, dei siste tjuge åra har eg jobba fulltid og vel så det. Eg trur det er rimeleg å tru at eg så langt har vore ein netto bidragsytar til staten. Eg har betalt meir inn enn det eg har tatt ut, og om eg nå berre passer på å halde meg i arbeid til eg blir 67 kan eg gå av med pensjon med godt samvite, lene meg tilbake og seie til alle at eg, eg har virkeleg vore med på å byggje dette landet. Men så må eg passe på å stryke med før det har gått alt for lang tid, for eg har stort sett hatt ganske dårleg lønn. Det eg har betalt inn i skatter og avgifter blir fort borte om eg først skal heva pensjon i nokre år, og så bli skranten og sjuk, bruke helsetenesta for alt den er verdt, og avslutte livet på institusjon til 800 000 kroner i året. Det er umogleg å spå om slikt, men om eg ikkje har hellet med meg kan eg fort ende dette livet med mykje meir enn 4,1 million i minus. Eg trur eg må konkludere med at om reknestykket til Finansavisen er riktig, så klarar dei seg tross alt ganske bra innvandrarane. Og hugs at det her var snakk om dei ikkje-vestlege innvandrarane. Dei fleste innvandrarane kjem frå Europa, og kjem til å levere pluss i rekneskapet heilt til dei har vore her lenge nok til å bli som gjennomsnittsnordmannen.

For ifølge SSB er det visst slik at også gjennomsnittsnordmannen er eit tapsprosjekt for det offentlege. I likhet med innvandrarane tek vi meir ut frå fellesskapet enn vi betalar inn. Gjennomsnittsnordmannen altså. Slike som meg. Vi tjener for lite og lever for lenge til å levere pluss i reknskapet. Det er ikkje innvandrarane som er problemet, det er systemet. Det er ikkje bærekraftig. Det går bra så lenge dei rike subsidierar oss med skatten sin, så lenge olja fortset å straume, så lengje arbeidsinnvandrarane kjem ferdig utdanna frå Polen og bidreg med skatteinntekter utan å taka ut offentlege tjenester i særleg grad. Men kan det vare? Må vi gå på ein smell føyr eller sida? Mange ser ut til å meine det. Vi må auke inntektane, og kanskje kutte litt på utgiftane seier dei. Vi må jobbe meir, og vi må jobbe lenger, og aller helst må vi jobbe meir effektivt. I kvart fall om vi jobbar i det offentlege. Merkeleg nok er det ingen som seier det åpenlyse. At vi også må betale litt meir i skatt og eigenandelar. Ja, det høyrast frykteleg kjedeleg ut, eg veit det. Men ta det roleg, det finnest ein annan veg.

For Noregs skuld. For Konge og fedreland kan vi stikke til Torrevieja og drikke oss i hjel alle vi som tjener noe mindre enn gjennomsnittet. Skål!

Hummer og kanari

Skal innflyttarane regjere byen?

Denne lørdagen var det min tur til å levere lørdagens såkalte Fritt levert-spalte til Firdaposten. Fritt levert fordi vi som bytter på altså gir honoraret vårt til en eller annen organisasjon hver gang. Forrige gang gikk pengene mine til Leger uten grenser, denne gangen har jeg gitt dem til Høljebyens nystartede støttegruppe for Gaza.

Og dermed er det atter en gang duket for nynorsk på hjorthebloggen:

1229862454000_ksf1990_00221_nett_2328460510x510r
Skal innflyttarane regjere byen?

Her ein kveld eg sat ved datamaskina mi og såg på gamle bilete hos firdaposten.no, slo det meg at eg skuldar dei snikislamifiserande muslimane ei stor takk. For i samlinga til lokalavisa var der eit bilete av ein kiosk i Florø på 50-talet, og der hadde einkvan hengd opp ein plakat i samband med nokre tre som skulle, eller kanskje ikkje skulle, hoggast ned. På plakaten stod følgande tekst:

“Skal innflyttarane regjere byen?”

Sjølv vil eg nok meine at mangt og mykje hadde vore betre om i alle høve denne innflyttaren hadde fått regjert litt meir, men det er grunn til å tru at spørsmålet helst var meint retorisk. Biletet minna meg uansett om noko eg las tidlegare, frå den tida det var gnisningar mellom innflyttarar og etniske naustedølar, for å låne eit omgrep frå dagens ordskifte. Den gongen gjekk ein av dei innbarka naustedølene hardt ut, og skulda innflyttarane for å drive med både gruppesex og konebyte der borte i det nye byggefeltet.

Innflyttarplage var ordet Andreas Hompland i si tid valde å kalle desse omveltningane som gjekk føre seg når lærarar, sosionomar og byråkratar snikinnflyttariserte distrikts-Noreg, tok makta frå bøndene, innførde barnehagar og all slags styggedom, og ikkje reint sjeldan vart sett på som ei pest og ei plage av dei innfødde.

Men verda snurrar vidare, og The Times They Are A-Changing. No for tida er det muslimane som får all merksemda, medan det ikkje lenger er noko problem å vere austlending i Sunnfjord. Eg har vore her i eksil i snart ti år no, og er i ferd med å utvikle typiske vestlandsrefleksar. Som til dømes akuttt kvalme når eg høyrer Oslo-fruer på tur som med skingrande stemmer høglytt uttrykker overrasking over å finne Aftenposten på den lokale bensinstasjonen.

Med unntak av at eg vekentleg må gjere greie for kvifor eg med mitt austlandske målføre held til i Florø, kan eg gå rundt i gatene her tilnærma lik ein vanleg mann, utan å bli møtt korkje av skeive blikk eller ukvemsord frå dei innfødde. “Du er ikkje her frå byen du”, seier dei, og gjer det klart for meg at eg nok aldri vil kunne seie at eg er frå Florø. Men det er greit det, for så lenge eg passar på å seie negative ting om Førde, så er eg nesten ein av dykk likevel.

Og når eg så svarer at eg har havna her ute i havgapet på grunn av eit kvinnfolk, så kan eg trygt gjere det utan å risikere juling for at eg kjem hit og stikk av med damene deira. Eg får til og med vere med på å snakke skit om dei arrogante Oslo-folka som trur dei bur i verdas navle, og som ikke veit kor på kartet Florø ligg. Samstundes held eg klokeleg kjeft om at ein urovekkande stor del av dei som spør meg om kor eg kjem frå ser ut som store spørjeteikn når eg svarer Skien. Om eg fyller på med Odd Grenland, går det opp eit lys for somme. Henrik Ibsen derimot, det har sjeldan effekt.

Så det at eg som innflyttar til Florø kan leve det gode liv, utan å bli kalla ei plage verre enn rovdyrplaga, trur eg rett og slett kan tilskrivast innvandrarane. Det er dei som har auga på seg no. Driv dei med snikislamisering? Kva skjular dei under burkaen? Kvifor drikk dei ikkje alkohol? Er dei kanskje for ølpol også? Mistenkeleg gjeng!

Så idag vil eg nytte høvet til å rette ein stor takk til alle byens innvandrarar. Kva skulle eg ha gjort utan dykk?

Ekstramateriale: I den første versjonen av denne teksten hadde jeg en annen punchline der jeg takket de snikislamifiserende innvandrerene for innsatsen, takket være dem så kan jeg ha så mye gruppesex jeg bare vil uten at noen bryr seg. Konsulent Flopsy syntes ikke det var noen god avslutning i det hele tatt, så da endret jeg den til den ovenstående. Det var kanskje like greit?

Når jeg skriver mine memoarer kan den kanskje få tittelen: Men gruppesexen min får du aldri?

Lokalavisa

Nasjonal dugnad

En samlet unasjonal maktelite, med Aftenposten i spissen, maner for tiden til nasjonal dugnad, for en endeløs asylsøkerstrøm. De siste i rekken er Ida Børresen og Siv Kjelstrup i UDI. De ber for sine farende fanter som bløffer seg inn i landet med nedslipte fingertupper og passet i do. Pr.definisjon, og ifølge militær terminologi, er denne grensekrenkelsen en ikke vennligsinnet invasjon, og skal da møtes med rettsstatens militærmakt.

Hvor lenge skal Firdaposten fortsette å krenke anstendige menneskers grenser ved å la Ole Kulterstad komme på trykk tro?  Heldigvis for dere legges ikke leserbrevene ut på nett, så dere får klare dere med dette utdraget.

Hummer og kanari

Savnet fellesskap?

A Boulder In The Stream
A Boulder In The Stream, foto av SeraphimC

Det synes å være et stadig tilbakevendende tema dette med hvordan vi i det kapitalistiske og individuelt fikserte vesten behandler våre eldre. Første gangen jeg var inne på dette her på Hjorthebloggen tror jeg var etter at Freddy Fjellheim hadde levert en kronikk i Dagbladet om hvor mye bedre det var ¨å være gammel sør i Europa. Jeg skrev den gangen:

Fjellheim har vært i sør-europa og observert hvordan man der innlemmer de gamle i familien på en helt annen måte enn hva vi gjør her i landet. Ut av dette resonnerer han seg frem til at sykehjem er en uting, konstruert av hensyn til de yngre generasjoner. Et sted hvor vi kan stue bort våre gamle for dermed å kunne fortsette med våre hastige liv.
Selv om det nok finnes gode eldreinstitusjoner, skriver Fjellheim, så er det kun de færreste av oss som ønsker å havne der. Likevel så bygges det slike institusjoner over en lav sko.

Fjellheim var verken den første eller den siste som har hevdet lignende synspunkter, og det synes å være en nærmest opplest og vedtatt sannhet, selv blant oss som ikke ønsker kvinnen tilbake til kjøkkenbenken for å stelle sine, og sin partners, gamle foreldre, at respekten og behandlingen av de eldre var større, bedre og tydeligere i “gamle” dager. Se bare på innvandrerene dere, de har fortsatt ikke lært seg å stue bort de eldre på institusjoner. Der har vi noe å lære gitt.

Unn Conradi Andersen skriver i onsdagens Dagblad om akkurat dette:

EN GANG for lenge siden, passet vi barna våre, stelte de gamle, og lot bestemor bli boende hjemme – til hun døde. Den tid er forbi. Nå lever vi i individualismen tidsalder, og har verken tid eller mulighet. Ett sted dyrkes likevel fortsatt disse verdiene: Hos innvandrerne i drabantbyene

Det refereres til forskning fra Anders Vassenden som viser at arbeiderklassen har et svært så positivt syn på innvandrerenes lojalitetssystem:

Noen forteller at familiesamholdet minner dem om egen barndom i Norge. En av informantene sier at innvandrerne «lever en lykkeligere familietilværelse enn mange nordmenn». Andre sier at nordmenn har mye å lære av innvandrerne når det gjelder eldreomsorg. Nostalgien gjør seg sterkest gjeldende blant dem som er avhengige av trygd til livsopphold, og som av samme årsak har mer tilgjengelig tid enn andre.

Som Conradi Andersen skriver så er det interessant at den gruppen som gjerne blir ansett som den mest rasistiske, faktisk viser seg å ha et ganske sammensatt syn på innvandrerene, men akkurat i dag så var det omsorgen for eldre som var mitt tema, ikke rasisme.

For er det virkelig slik at vi har mistet noe på vår vei mot stadig større velstand og individualisme?

Conradi Andersen skriver at det grovt forenklet finnes to menneskelige samværsmodeller.

Et nærsamfunn preget av nære og tette relasjoner. Som i en familie eller slekt, der båndene menneskene imellom er varige og gjerne emosjonelle. Dette fellesskapet tilskrives tradisjonen, og det faller seg helt naturlig.

Som et speilbilde av dette samfunnet finnes det en markedsstyrt modell: Et samfunn preget av instrumentell orden, og mennesker som drar økonomisk nytte av hverandre. Interessen for et fellesskap med andre er gjerne rettet mot de sidene av individet som er lønnsomme, for eksempel konsumentrollen eller arbeidstakerrollen.

Og at vårt samfunn på mange måter ligger opp mot den siste varianten er vi sikkert enige om alle sammen, men betyr det nødvendigvis at vi ofrer de eldre (og barna, vil vel noen hevde) på individualismen og velstandens alter?

Nei, det gjør faktisk ikke det.

Min kjære Flopsy er i ferd med å videreutdanne seg, og da hender det at hun leser en og annen setning høyt for meg fra en eller annen fagbok. Nå sist var det en bok som heter Gerontologi, Åldrandet I ett biologiskt, psykiskt Och socialt perspektiv,og setningen hun leste for meg var denne:

Forskningen har emmelertid också visat att när det tunga vårdsansvaret för de äldre tagits bort från den yngre generationen har de personliga relationerna mellan generationerna utvecklats i positiv riktning

Selv om man selvfølgelig kan støte på kunnskapsløshet og tenkning i stereotyper i spørsmål om eldre, så har det vist seg vanskelig spore noen generell negativ holdning til eldre mennesker i Sverige. Det er neppe særlig annerledes i Norge.

Vår samfunnsmodell der det offentlige har tatt over mye av omsorgsoppgavene byr altså på en hel rekke fordeler, ikke minst i forhold til likestilling, og det ser heller ikke ut til at ulempene med å overlate omsorgen for de eldre til store moder stat er særlig store.

Ja, kanskje til og med tvert i mot.

Hummer og kanari

Retur retur retur

Organisasjonen Selvhjelp for innvandrere og flyktninger (SEIF) anslår at mellom 5.000 og 10.000 mennesker lever i skjul i Norge. Venstre, KrF, samt regjeringspartiet SV ønsker nå å gi disse papirløse innvandrerne en eller annen form for amnesti. Stå opp om morran og ekskluderingsminister Banjo Håkon Hanssen setter seg imidlertid på bakbena.

– Jeg er veldig mot amnesti. Det vil sette returarbeidet flere år tilbake, sier Hanssen til Aftenposten, og konkluderer med at hovedutfordringen ligger i finne dem, og få sendt dem ut av landet. Retur retur retur sier Banjo. Nå lanserer han en kampanje som han håper vil kunne bidra med å finne og få returnert de papirløse innvandrerne som oppholder seg ulovlig i landet.

Her er Banjo-Hanssens løsning:

Papirløse innvandrere skal heretter behandles som spesialavfall. Rundt omkring i alle landets kommuner skal det settes ut slike containere i forbindelse med allerede eksisterende miljøstasjoner. Dermed skal det heretter være like lett å kvitte seg med uønskede innvandrere som det er å dumpe tomme vinflasker, hermetikkbokser og gamle malingrester.

For å vise at regjeringen har skjønt alvoret så vil Hanssen i tillegg lansere et lotteri for å stimulere folk til å plukke opp uvelkomne innvandrere og plassere dem i avfallscontaineren. Pass på at du alltid har en tusj tilgjengelig når du er ute og lufter hunden. Finner du en innvandrer som er ute av stand til å gjøre rede for seg tar du enkelt og greit frem tusjen, skriver navnet ditt, samt telefonnummer på innvandrerens underarm, og tar han med deg til nærmeste miljøstasjon. Alle som leverer inn en eller flere innvandrere er med i trekningen om en halv million kroner og 6,5 kvadratmeter regnskog. 

Bjarne Håkon Hanssen ville ikke kommentere ryktene om at denne ideen skal ha sitt utspring i at Hanssen for en tid tilbake kjørte Oslo rundt på jakt etter en avfallscontainer for gamle rivjern.

%d bloggers like this: