web analytics

Tag Archives: innvandring

Hummer og kanari

Samfunnsaktuelle NRK Super

fugleveien

På NRK Super finn dei alltid gode løysingar på kvardagens små og store problem. Ta Fugleveien 3 til dømes. Tidligare denne veka fann den vesle fuglen Muffin ein blome som ho blei veldig glad i. Ho kalla den for Fysjda av di den lukta ganske stramt, og tok den med seg heim til dei andre fuglane. Men akk, då vart det dårleg stemning i Fugleveien. Dei andre syntes Fysjda lukta heilt utruleg forferdeleg, og som om ikkje det var nok, stanken fekk dei andre blomstane til å visne. Nei nei, sa dei, vi vil ikkje ha Fysjda her. Vekk med den! Muffin vart sjølvsagt lei seg, men ho gav ikkje opp. Ho sette hardt mot hardt. Muffin elskar Fysjda, sa ho. Må Fysjda gå, så går Muffin også. Då fekk dei andre fuglane noko å tenke på. Dei kom til at Fysjda berre var litt annleis, og annleis er bra å vere. Dei kom opp med ei løsning på problemet. Dei kunne jo berre lage ein eigen plass for Fysjda. Ein plass litt bortanfor Fugleveien 3, slik at stanken ikkje hindra dei i å sitte ute og grille, men nær nok til at Muffin kunne komme på besøk så ofte ho ville. Genialt, og som sagt så gjort. Alle vart glade igjen. Trur eg då. Det var ingen som spurde Fysjda om ho var nøgd med den løysinga.

Nokon vil derimot kjenne igjen politikken til dei andre fuglane. Eigne soner for stinkeblomar? Stinkeforbud der fuglar flest held seg? Bortvisning om stanken blir for nærgåande? Ein skulle nesten tru det var Arbeidarpartiets Libe Rieber-Mohn som har skrive manus til denne episoden. Løysinga er nær identisk med hennar forslag til korleis Oslo skal løyse tiggarproblemet. Stanken (eller tigginga) må fjernast frå skikkelege menneskje, så får heller dei som har interesse av det oppsøke dei stadene der det er lov å tigge (eller lukte som man vil). Men dei lurar ikkje meg. Dette er det Neil Young ein gong kalla for “A kinder, gentler, machine gun hand”. Dei pakkar jernneven inn i eit silketørkle. Dei tør ikkje vere like rett fram som til dømes Heinrich Himmler, som meinte at jødene burde sendast til Madagaskar, der dei kunne få ha si eiga koloni når krigen var over. Der kunne dei få styre seg sjølv som dei ville, rett nok under oppsyn av ein tysk politiguvernør med eit ukjent antall soldatar i bakhånd. Uheldigvis for tyskarane, og jødane, varte krigen mykje lenger enn dei trudde. Skulle dei bli kvitt “jødeproblemet” måtte dei ty til andre, og meir endelege løysingar. No meiner eg sjølvsagt ikkje at Arbeidarpartifolk flest (eller fuglane i Fugleveien 3) er nazistar inst inne, eg meinar berre at forslaget med tiggarsoner berre er ei feig løsning dei kjem trekkjande med av di dei ikkje vil ta sjansen på å foreslå eit generelt tiggeforbod og dermed fremstå som totalt hjartelause. Som om nokon, nokon gong har mistenkt Libe Rieber-Mohn for å ha eit hjarte. Det hadde vore betre om dei gjekk for totalt forbud om dei no allikevel har tenkt å fremstå som handlekraftige.

Det er lett for meg å snakke. Vi har ikkje noko tiggeproblem i Sogn og Fjordane. Vi har på heilt naturleg vis blitt ein tiggarfri sone. Det er langt hit, det er dårleg ver, og ikkje er vi så mange menneske at det er verdt turen heller. Det sto nokon og freista å selge Folk er folk ved inngangen til Amfi her for eit par veker siden, men dei vart ikkje verande så lenge i kystbyen. Tiggarane held seg stort sett i sitt naturlege habitat, Oslo, og det må eg seia. Vi må hjelpe tiggarane der dei er, slik at vi slepp å hjelpe dei her hos oss. Eg kjøpte ikkje Folk er folk her i Florø, men det har hendt eg har gjett ein slant til folk som kan meir enn to songar på trekkspelet sitt i Oslo. Men eg er forsiktig. Klok av skade gjer eg ikkje til kven som helst. Ein gong kjøpte eg eit leksikon av ei søt ung dame som dreiv å tigga på Karl Johan. Eg endte opp med å betale fleire tusen kroner for det i etterkant. Etter det har eg berre gitt til tiggarar som ikkje snakkar til meg. Men det kan jo hende eg hadde sett annleis på det om eg budde i Oslo?

Annleis er bra, fann dei ut i Fugleveien 3. Men du får ikkje vere annleis her hos oss, du får vere annleis ein annan plass, og så kan vi kome og sjå på deg når vi har lyst. Men kva skjer om familien til Fysjda ser at Fysjda har fått seg ein bra plass å bu, og kjem rekande etter for å busette seg? Kjem stanken til å øydelegge alle blomane i nabolaget? Må dei flytte familien Fysjda ennå lenger bort? Kjem dei til å angre på at dei ikkje berre kasta ho på komposten? Har dei vore håplaust naive og skaffa seg ris til eiga bak, eller kjem det til å gå seg til med tida? Berre tida vil vise, men eg uroar meg ikkje. Eg veit at same kva det er dei rotar seg opp i der borte i Fugleveien, så er det ikkje så farleg.

Etterpå kjem nemleg Professor Balthazar, og det er ikkje den ting han ikkje kan fikse med sitt geniale hovud og si makeløse universalmaskin.

Hummer og kanari

For konge og fedreland

flagg

Ein gong var det tabu å laga noko reiknskap over innvandrarane. Framstegspartiet ville ha det, alle dei andre partia fnøys berre ved tanken. Den tida er over, no er det berre å reikne i veg, og godt er det. Kunnskap er alltid betre enn ingen kunnskap. Finansavisen gjorde eit reiknestykke får nokre veker sidan. Dei fann ut at Noreg, slik det stig frem, går eit dundrande underskudd på innvandringa. Ser ein på skatteinntekta, og trekker frå offentlege utgifter, får me eit underskot på 4,1 million kroner for kvar einaste ikkje-vestlege innvandrar. Dette er sjølvsagt alarm. No gjeld det å få Noreg ut av Schjengen, byggje ein mur langs grensa, og komme i gang med deporteringa mens vi enda har olje igjen til å betale for det. Meinte nokon. Eg ser no frem til at vi berre får meir og meir kunnskap fremover, brutt ned på ulike grupper. Eg kan bruke meg sjølv som døme. Som barn av ein alkoholiker har eg dårlegare odds enn gjennomsnittsnordmannen. Ein av tre born av alkoholikarar ender sjølv opp med flaska. Går det kanskje ikkje så kanonbra med dei to andre heller? Klarar dei to som ikkje blir drikkfeldige å betale inn nok skatt for å dekke opp for tredjemann? Eller er det kanskje tredjemann som betalar for dei to andre gjennom høge alkoholavgiftar og ein tidleg død? Kva med uføretrygda? Den går i arv seier forskarane. Kor mykje kostar disse trygdesnyltarane oss eigentleg? Kunne det vere ein ide å seie at heretter er sterilisering ein forutsetning for å få innvilga uføretrygd? Vi har ikkje råd til dette. Det er ein tikkande bombe under velferdsstaten. Skal vi klippe den kvite,eller den brune ledningen?

Problemet med kunnskap er at nokon plutseleg får det for seg at den skal kunne brukast til noko, og det på rappen. Slikt hastverk fører aldri noko godt med seg. Sjølv tok eg meg i å finne frem kalkulatoren for å gjere nokon andre grove reknestykker.

Eg blir visst 47 år gamal i år. Det betyr at det har gått heile 28 år sida eg gjekk bort på papirfabrikken, viste fram hendene mine til gamle Langsetmo, og fekk starte på krana same dag. Eg har altså vore bidragsytar til, og lojal støttespelar for, velferdsstaten i ein årrekke. Som alle andre starta eg vaksenlivet i minus, etter å ha gått på gratis offentleg skule i ti år. Men eg har vore i jobb størstedelen av dei 28 åra, dei siste tjuge åra har eg jobba fulltid og vel så det. Eg trur det er rimeleg å tru at eg så langt har vore ein netto bidragsytar til staten. Eg har betalt meir inn enn det eg har tatt ut, og om eg nå berre passer på å halde meg i arbeid til eg blir 67 kan eg gå av med pensjon med godt samvite, lene meg tilbake og seie til alle at eg, eg har virkeleg vore med på å byggje dette landet. Men så må eg passe på å stryke med før det har gått alt for lang tid, for eg har stort sett hatt ganske dårleg lønn. Det eg har betalt inn i skatter og avgifter blir fort borte om eg først skal heva pensjon i nokre år, og så bli skranten og sjuk, bruke helsetenesta for alt den er verdt, og avslutte livet på institusjon til 800 000 kroner i året. Det er umogleg å spå om slikt, men om eg ikkje har hellet med meg kan eg fort ende dette livet med mykje meir enn 4,1 million i minus. Eg trur eg må konkludere med at om reknestykket til Finansavisen er riktig, så klarar dei seg tross alt ganske bra innvandrarane. Og hugs at det her var snakk om dei ikkje-vestlege innvandrarane. Dei fleste innvandrarane kjem frå Europa, og kjem til å levere pluss i rekneskapet heilt til dei har vore her lenge nok til å bli som gjennomsnittsnordmannen.

For ifølge SSB er det visst slik at også gjennomsnittsnordmannen er eit tapsprosjekt for det offentlege. I likhet med innvandrarane tek vi meir ut frå fellesskapet enn vi betalar inn. Gjennomsnittsnordmannen altså. Slike som meg. Vi tjener for lite og lever for lenge til å levere pluss i reknskapet. Det er ikkje innvandrarane som er problemet, det er systemet. Det er ikkje bærekraftig. Det går bra så lenge dei rike subsidierar oss med skatten sin, så lenge olja fortset å straume, så lengje arbeidsinnvandrarane kjem ferdig utdanna frå Polen og bidreg med skatteinntekter utan å taka ut offentlege tjenester i særleg grad. Men kan det vare? Må vi gå på ein smell føyr eller sida? Mange ser ut til å meine det. Vi må auke inntektane, og kanskje kutte litt på utgiftane seier dei. Vi må jobbe meir, og vi må jobbe lenger, og aller helst må vi jobbe meir effektivt. I kvart fall om vi jobbar i det offentlege. Merkeleg nok er det ingen som seier det åpenlyse. At vi også må betale litt meir i skatt og eigenandelar. Ja, det høyrast frykteleg kjedeleg ut, eg veit det. Men ta det roleg, det finnest ein annan veg.

For Noregs skuld. For Konge og fedreland kan vi stikke til Torrevieja og drikke oss i hjel alle vi som tjener noe mindre enn gjennomsnittet. Skål!

Hummer og kanari

Document.no akkurat nå

Document.no og Nina Hjerpeset Østli har snappet opp en historie fra lokalavisa vår, om hvordan Svelgen og Bremanger kommune takket ja til å bosette 15 flyktninger, men på grunn av familiegjenforening kan tallet i stedet vise seg å bli 52. Med de utfordringer det fører med seg for en liten bygd. Ikke noe galt med artikkelen, den er en helt grei gjenfortelling av hva som sto i Firdaposten:

Og så var det kommentarfeltet da:

Firdaposten er jo ingen stor avis, sånn sett kan man vel mene at første kommentar her har sine ord i behold. Jeg ler allikevel litt av den kommentaren. Konspirasjonen mellom AP-SV og de store mediene om å ødelegge landet vårt med innvandrere og holde konsekvensene skjult for den gemene hop må liksom nevnes uansett, selv under en sak som utelukkende er basert på en artikkel i det som vel er den avisa som når flest av innbyggerne i Flora og Bremanger.

Men jeg er vel bare naiv tenker jeg.

Hummer og kanari

– Har seg selv å takke

Naustdal
Naustdalen

Creative Commons License photo credit: Hjorthefoto

4P (Førde): – Når innvandrere går på byen med skjegg og rare hatter er det som å rope «kom og bank meg», mener de tre sunnfjordingene.

Kjendisadvokat Rikke Ørn har arbeidsuke som reporter i 4P, og har tatt turen til en café på Handelshuset i Førde. Der treffer han guttegjengen – tre unge menn på 26, 30 og 35 år fra Naustdal og Hyen. Guttene, som helst ikke vil framstå ved navn, snakker gjerne med 4P om vold og overfallsbølgen som lenge har herjet Lyskrysset.

– Helt ærlig? Svartingene er helt forferdelige!

– Hva tenker du på?

– Jeg tenker på alt. Ikke minst er maten helt for jævlig.

– Hva synes du om innvandrerkvinnene da?

– De er noe for seg selv! sier han til latter fra kameratene.

Som Firda skrev mandag ble flere innvandrere overfalt og antastet av en gjeng gutter fra Naustdal ved Førdehuset lørdag kveld. I fjor ble det anmeldt mange voldssaker i Førde, der offeret i over 70 prosent av tilfellene hadde bakgrunn fra et annet sted enn Førde.

– Men hør nå, innvandrerene klager over at nordmenn gjør ditt, og diskriminerer datt, men grunnen til at det skjer er at svartingene ser så dumme ut! Det er som å si « kom her og bank meg», skjønner du?

– Det du sier er at innvandrere ber om å få juling?

– Ikke ber akkurat, men når de går ute med skjegg og rare hatter, eller drar på fest der det er nordmenn, og så klager de over å få juling? Det er deres feil. sier 26-åringen fra Hyen.

– Men selv om de ser annerledes ut og har skjegg så ber de jo ikke om å bli banket opp?

– Nei, men mange her i Sogn og Fjordane er ikke vant til dette. De er ikke vant til at folk er annerledes, så kanskje tolker de det litt feil, skjønner du?

Når det gjelder guttegjengene som i helgen kjørte rundt i Førde og banket opp innvandrere på vei hjem fra byen, forklarer kafégjengen dette med at guttene var svært unge.

– Var ikke disse guttene unge? Sånn i 18-19-årsalderen? Jeg tror disse var nysgjerrige på hvordan innvandrere ser ut. De var så unge at de visste ikke hva de gjorde, sier 35-åringen fra Naustdal til 4P.

30-åringen kommer fra Storebru, og mener norske menn respekterer innvandrere, men at overfallene skjer når mennene drikker.

– Vi som kommer fra Naustdal og Storebru liker ikke å snakke med innvandrere, men vi liker innvandrerkvinner. Dette fordi Naustdalsk kultur respekterer kvinner, men ikke menn, sier 30-åringen fra Storebru.

– Men hvorfor angriper unge menn innvandrere?

– Sånt skjer av og til. Når vi drikker for mye og blir fulle hender det at vi overfaller dem, men hvis vi ikke drikker, angriper vi ikke innvandrere – men respekterer dem, sier naustdølen på noe gebrokkent nynorsk.

Det er 26-åringen fra Hyen som prater mest. Han tror sine egne og kameratenes synspunkter representerer holdningene til mange i Sunnfjord.

– Tror du ikke mange blir skremt av at dere har slike holdninger hvis 4P sender dette intervjuet på radio?

– Bare send det, for dette er sant. Dette er sånn det er – det er fakta. Jeg lyver ikke. Jeg har aldri vært sammen med en innvandrer, men jeg har kjøpt mye kebab – det smaker pøkk, men er godt når man er på fylla, sier 26-åringen til 4P.

Etter at intervjuet gikk på lufta har 4P fått mange reaksjoner. Her er et lite utvalg av de SMS’ene vi fikk:

Med den type holdninger er det vel ikke rart utviklingen i fylket de kommer fra går i retning av degenerering. Resultat av for mange søskenbarn-ekteskap?

Dag O.H.

Det sier litt om topphatten til mange av disse guttene. Virker helt blåst spør du meg. Send de hjem til pottitt og svinekjøtt

Per Ulv

..er ikkje så godt å avgjere kva som er best for miljøet, å heve eller dekke til ubåten utanfor Fedje, mi meining er at det er best å dekke til når det er lekasje på beholdarane som ved heving vil gje spreing av kvikksølvet i større områder som er forureina enn til no,..
..og mi meining er og at sikerheita på kysten må vere bra nok når 5 politibilar inkl. minst 10 væpna politi kan rykke ut å arrestre ein mann med luftpistol som går etter vegen her, men spørs no kven som ringe då og ser,….. terrorist på høglys dag,….

J.O.S.

Mhmmm. Endelig noen som sier det som det er. Toppers altså. Mhmmm. Koz og Klemz!

Lena

Slike holdninger hører hjemme i Naustdal. Send dem hjem

Opseth

Naustdølene jobber ræva av seg for luselønn i jobber andre nordmenn føler seg for gode til å ta selv.

Mvh.. Ted Glent

Hurra for disse gutta! Nå snakker vi! Kom igjen folkens, nede på stasjonen, tidlig en morgen, står alle korstogene pent på rad. Mann på lokomotivet, sveiver på et håndtak. Chu chu chu chu, korstoget går!

Per Willy

Er mykje som er trist og leitt i verda som i Norge. Synd at vi ikkje “kan ta te oss” all verdas elendigheit og spesielt i Flora – Norges rikaste kommune – som ikkje eingong kan sjå seg råd til et sandlass på vegen til gravplassen her. Truer du Sunde skal – begynne å tenkje – meir på staven til Oddvaren Brå. Kvar han knekte den henne…og kvar du var då du…

J.O.S

Det er ikke rart at vi muslimer blir forbanna når folk som han sier sånt. Jeg er ikke rasist, men realist. Kom igjen jenter, sett livmora i sving og få disse folka i mindretall. Go kalifatet!

Hilsen Sven Gøran.

Hummer og kanari

Ung pike savnet

Bilde stjålet fra bloggen til Thomas Berg

Den første tanken som slo ned i hodet mitt når jeg hørte at åtte politimenn hadde taua inn Maria Amalie på trappa til Nansenskolen var denne:  – Åtte stykker for å arrestere en ung og ufarlig jente som oppholder seg ulovlig i landet, men prøv å få tak i en politimann om en psykotisk mann med kniv truer med å rasere hotellresepsjonen en nattevakt.

Deretter ramla det inn noen dårlige vitser om hvordan kvinner fra øst-europa ikke måtte innbille seg at de bare kan komme her og komme her, om de da ikke har tenkt å prostituere seg. Disse vitsene kom heldigvis aldri ut i fingerspissene og ut på Twitter.

Og så tenkte jeg: – Å nei, nå kommer snart noen til å komme trekkende med jævla Mullah Krekar igjen.

Når jeg så observerte at dette var en sak som engasjerte i hvert fall min Twitterstrøm, så tenkte jeg: Nå er det like før noen kommer og sier at alt engasjementet i denne saken skyldes at Maria Amelie er ung, hvit og vakker. Med ekstra trykk på hvit.

Og det tok ikke så lange tiden.

Wazim Zahid skriver:

Maria Amelie er ung, pen, smart, utdannet og snakker norsk. Men disse karakteristikkene passer faktisk også til tusenvis av andre flyktninger i Norge. Den største forskjellen er kanskje at Maria Amelie er lys, og de andre er mørkhudede menn fra fjernere strøk.

Et godt blogginnlegg er det, men jeg tror Zahid overdriver betydningen av hudfargen her. Jeg mener, det er ikke noe nytt at vår kjære norske stat kaster ut folk som heller vil bli, og selv om de fleste antagelig blir kjippet ut uten at noen bryr seg, så tror jeg det er greit å påstå uten å faktasjekke det på noen måte, at det hvert bidige år er en god håndfull saker der godt integrerte mennesker uten norsk statsborgerskap sendes ut av landet til tonene av et lokalsamfunn som protesterer så høyt de bare kan. Jeg tror ikke hvit hudfarge er et gjennomgående fellestrekk i disse sakene.

Her i byen hadde vi Simon-saken i fjor høst, der ni år gamle Simon og faren hans ble kastet ut av landet etter halvannet år som Florøværinger. Simon hadde lært seg norsk, gikk på skole, spilte fotball, og var mørk i huden. Engasjementet i byen, i hvert fall i den første tiden, var stort. Underskriftsaksjonen for å få dem tilbake til landet samlet mange underskrifter, folk gikk i tog, og det ene med det andre.

Samtidig stemte de ikke på de to eneste partiene som prøvde å snakke pent om innvandrerer og asylsøkere i valgkampen som raste samtidig med Simon-saken. Simon og faren hans kunne nok få bli, men alle de andre svinepelsene, de måtte vi se til å få ut igjen så fort det bare lot seg gjøre.

At folk engasjerte seg for Simon kom av at han var kjent i lokalmiljøet. Og han kjente de rette personene. Noen sørget for at Firdaposten var på plass når han tok farvel med skolekameratene. En sterk og god reportasje fikk også alle oss som ikke kjente ham fra før til å føle at vi  i hvert fall kjente ham litt. Og dermed begynte snøballen å vokse seg større.

Slik det er i alle de andre sakene der lokalmiljøet protesterer. Det er lett å engasjere seg når det gjelder folk vi kjenner, eller i det minste vet godt hvem er.

Og gjennom TV-opptredener, medieoppslag, og boka hennes, så var det mange som hadde hørt navnet Marie Amelie før. Sett ansiktet hennes. Visste hvem hun var.

Jeg tror for all del at det er til hennes fordel at hun er pen, smart, og jada, hvit også, men jeg tror ikke hudfargen er avgjørende for engasjementet. Vi engasjerer oss fordi vi føler at vi kjenner henne litt, eller i det minste godt vet hvem hun er, og synes det er meningsløst å kaste henne ut.

En annen sak er det at jeg dessverre ikke tror at engasjementet stikker så veldig dypt. Selv etter det medietrøkket som har vært de siste dagene så melder Dagbladet at det bare er 6 av 10 som vil la henne bli. Ikke akkurat et overveldende flertall. De fleste begrenser vel engasjementet sitt til å trykke “liker” på en Facebook-gruppe til støtte for Maria Amalie. Ja, selv har jeg vel ikke gjort såpass en gang.

Og om seks måneder har de fleste av oss glemt hele saken.

Et halvt års tid etter at Simon-saken engasjerte lokalbefolkningen her i byen ble det holdt et møte på torvet her i byen med apell om en mer human flyktningepolitikk. Slik så det ut:

Ikke så mye engasjement igjen gitt.

%d bloggers like this: