web analytics

Tag Archives: jenny følling

Hummer og kanari

Fjord1 Baby!

fjord1 photo
Photo by Sogn og Fjordane fylkeskommune

Jenny Følling er ikkje ei populær kvinne i Florø. Eg trur det må være lov å seie. Og denne veka har det verkeleg toppa seg. Ja, eg snakkar sjølvsagt om salet av Fjord1. Det feiande flotte bandet Fjorden Baby! hadde ein gong ein mikroskopisk liten hit som heitte «Karoline». Eit stykke uhøvla rockepoesi frå frå Bergen og Loddefjord. Sjølv om songen altså har ein tittel som tyder på noko anna, likar eg å tenke at den handlar om fylkesordførar Jenny Følling. Det første verset går slik:

Hon e super skadelig, som nikotin og all slags medisin
Vi har ingen flere grunner til å se oss mer om
I morges når vi sovnet var vi tom, tom

Etter at det vart klart at fylkestinget ville selje gamle, ærverdige Fylkesbaatane sende Metrologisk Institutt ut varsel om nedbør på opp mot 70 millimeter i Florø, men det er uvisst om det var inkludert alle ukvemsorda som har hagla rundt øyra i kystbyen denne veka. Mange har tatt vedtaket i fylkestinget som ei personleg fornærming. Eit bevis på den pågåande konspirasjonen mot Florø og kysten. Senterpartiet og jævlane i indre som la ned sjukehuset vårt. Kystvegen gjer dei blaffen i, og om arbeidsplassane til Fjord1 forsvinn herifrå, kjem dei til å gni seg i hendene og glise som katta gjer når ho kjem dragande med ei feit mus om natta. Dei lurar på om nokon har sett Jenny Følling utan tørkle rundt halsen, og om årsaka til at det alltid er på plass, er for å skjule merka etter bitet som forvandla henne til ein vampyr. Ein vampyr som får næring av å suge livskrafta ut av kystsamfunna i Sogn og Fjordane. Å, kor deilig det er å ha nokon å skulde på for alt som er gale! Følling er ei klassisk femme fatale frå filmhistoriens film noir. Ei farleg og umoralsk kvinne som er ute etter å øydelegge helten i historia:

Og hon e super voldelig
Det e bare en time siden at eg måte sy ti sting
For eg føler meg så fucking fri
Når hon får utløp for sin sorg og raseri på meg

Men er det verkeleg slik at Jenny Følling, Senterpartiet og innavla kortskaller frå dalstroka innafor har selt Fjord1 berre for å lage krøll for Florø? Sjølvsagt ikkje. Eg har ofte nytte av å bruke Hanlon’s Razor når eg lurer på kva som eigentleg skjer. Hanlon’s Razor, eller Hanlons Barberkniv, er ein aforisme. Eit filosofisk verkty. Det let slik: «Tilskriv aldri noe som ondskap når det er tilstrekkelig å forklare det med dumhet». I dette tilfellet trur eg vi kjem langt nok med dumskap. Det kan ikkje vere noko anna forklaring. Disse folka er ikkje smarte nok til å konspirere vonde planar.

For det heng ikkje på greip, det her. Kvifor skal fylket på død og liv selje til Torghatten, sjølv om verken styre, leiar, eller minoritetseigar vil det? Kvifor ikkje selje til Havilafjord som allereie eig ein god slump med aksjar, og har forkjøpsrett? Kvifor risikere at konkurransetilsynet blandar seg inn? Kvifor risikere år med rettssaker og løpande advokatutgifter for å selje til akkurat Torghatten? Den einaste forklaringa som rimar nokonlunde, er at dei faktisk trur på Torghatten sine forsikringar om at dei vil behalde hovudkontor og arbeidsplassar i Florø. Alle andre skjønar at det er ein lovnad som berre gjeld til konjunkturane svingar feil veg, men ikkje majoriteten i fylkestinget. Dei trur faktisk at dei handlar til Florø og fylkets beste. Dei hatar ikkje Florø, dei er berre naive, godtruande og inkompetente idiotar.

Det kan hende det er rett at sagaen om Fjord1 hadde vore ein annan om hovudkontoret var plassert på Breim. Kanskje er det rett at Florø er fylkets stebarn. Men kanskje skal vi snu blikket mot oss sjølve av og til? Hvis det er så opplagt som vi meinar at det er eit feilsteg å selje Fjord1- kvifor klarar vi ikkje å overbevise dei andre om vårt syn? Kanskje er det oss det er noko gale med? Det er ikkje deg, Jenny, det er oss?

Men det er nok best vi gjer det slutt likevel.

Tro meg når eg sier hon e den beste for meg
Bare tro meg når eg sier hon e det verste som har skjedd meg

%d bloggers like this: