web analytics

Tag Archives: jihad

Hummer og kanari

Jihadi Help Desk

9602540985_5fc946c822_o

Tidlegare denne veka kunne vi lese i utanlandske aviser at terroristane i IS har oppretta ein servicetelefon. Ei slags døgnopen kundeservice som sympatisørar kan ringe om dei treng hjelp til noko. Anten det no er spørsmål om korleis dei kan kommunisere med likesinna utan at politiets etterretningsteneste høyrer kva dei seier, eller om det er meir praktiske spørsmål om korleis dei kan lede an i kampen for kalifatet. Litt som Kirkens nødhjelps SOS-telefon, berre i revers. Her er sjølvmord velkome. Eg synest eg høyrer det.

– Hei, du har komme til Jihadi Help Desk, vi gjer merksam på at samtalen kan bli tatt opp til opplæringsføremål, eller av PST, og brukt mot deg i ei framtidig rettssak. Gjeld førespurnaden bombespørsmål, tast ein. Gjeld det handtering av skjegg, tast to. Om du lurer på om det er fleire jomfruer igjen i paradis, tast 72. For alle andre spørsmål, tast null, so setter vi deg over til Mullah Krekar i Kongsvinger fengsel.

– Hallo, det er Jihadi Help Desk, du snakkar med Ubadullah. Korleis kan eg hjelpe deg?

– Jau, eg står her med ein bombe, men eg får den ikkje til å virke!

– Eg skjønar. Har du freista å slå den av og på?

– Sjølvsagt har eg slått den av og på, trur du eg er vantru? Eller svensk? Eg er kanskje ein suicidal fyr som gjer alt for Allah og dei jomfruene du veit, men eg er ikkje idiot, berre kåt!

– Slapp av bror; eg må jo spørje. Du vil ikkje tru kor mange som ringer inn og treng hjelp til dei mest elementære ting! Men ok. Kva slags bombe er det du har der?

– Det er den med fire kvite leidningar og ei vekkjarklokke.

– Aha. Den kan vere litt komplisert. Har du montert den sjølv? Vi ser helst at dei som skal bruke den bomba der bestiller den med montør. Det er nokre innstillingar der som er litt tricky om ein ikkje har gjort det før.

– Det var det ingen som sa noko om til meg når eg bestilte!

– Det beklagar eg, men vi kan sende ut ein montør for berre 499 kroner om du er interessert?

– Har eg ikkje tid til, eg høyrer sirener, kan du ikkje berre seie kva eg skal gjere?

– Har du sett på alarmen på vekkarklokka?

– Nei?

– Gjer det.

– KABOOOOMM!

– Takk for at du brukte Jihadi Help Desk. Di meining er viktig for oss. På ein skala frå ein til ti, der ti er best og ein er dårlegast, korleis vil du rangere denne samtalen?

Det må vere litt stussleg. Her har ein reist ned til ein eller annan plass midt i austen for å skyte med maskingevær og torturere fangar, men i staden må ein sitte i eit call-senter og svare på meir eller mindre glupe spørsmål frå folk som ikkje heilt har skjønt kva greia er med jihad. Men kva veit vel eg om kva motiv folk har for å dra til Syria for å krige.

På NRK fortalde dei om ein fyr frå Halden som døydde etter å ha reist ned til Syria. Han hadde likt seg der, for der fekk han køyre lastebil. Heime i Noreg hadde han ikkje klart å ta lappen. Kanskje er det der lista ligg? Sjølv hadde eg litt fleire køyretimar enn snittet og kan skrive under på at prosessen med å få seg eit sertifikat kan verke radikaliserande på nokon og ein kvar. Særleg når rekninga kjem. Sjølv er eg mest sjalu på at desse folka klarar å stable på beina ei 24-timars teneste, medan vi her i byen ikkje ein gong klarar å få på plass ein døgnopen bensinstasjon. Det er ei fallitterklæring. Eg lurer på om Jihad Help Desk veit korleis eg får tak i ein pose med chips etter midnatt i Florø?

– Hallo, det er Jihadi Help Desk, du snakkar med Ubadullah. Korleis kan eg hjelpe deg?

%d bloggers like this: