web analytics

Tag Archives: koster

Hummer og kanari

Nye kostar

Trash

Denne veka vart spenninga utlaust. Vi får ein ny regjering utgått frå Høgre og Framstegspartiet. På Sundvolden hotell la dei frem erklæringa som skal ligge i botnen for korleis blond og blondare skal styre landet dei neste fire åra. Syttifem sider med fine ord og vage formuleringar som få kjem til lese, og endå færre kjem til å bry seg om når vi kjem litt ut i neste veke. Det er leit for dei politikarane, desse våre fremste bland likemenn, som har ført ho i pennen, men slik er det diverre. Kven hugsar vel i dag kva som eigentleg sto i Soria Moria-erklæringa som den no avtroppande regjeringa ein gong var so stolte av? Ikkje eg i kvart fall, og ikkje du heller kjenner eg deg rett.

Ein regjeringserklæring har si funksjon. Den peikar ut ein retning. Men først og fremst er den ein reklameplakat. Like lite som det er grunn til å tru på One Calls utruleg irriterande forsikringar om at dei er like bra, berre billigare, er det nokon grunn til å tru på dei blå-blonde når dei seier dei vil tette hola i sikkerhetsnettet for grupper som fall igjennom i dag. Dei legg lista høgt, og dei kjem til å rive, men slik er regjeringserklæringar. Dei skal sikte mot stjernene, sjølv om alle veit at dei skal være bra nøgd berre dei klarar å karre seg opp i et lite tre. Det er ikkje nokon grunn til å gjere narr av Sundvolden-erklæringa, dei har i det minste gjort seg flid med den. Det minste vi kan gjere er å ta ein titt.

Ja, eg har altså lest dokumentet. Og det første eg så etter var om dei hadde noko om rehabilitering. Det er ein skade eg har pådratt meg etter fjorten år saman med ein fysioterapeut, og akkurat den rehabiliteringa går ikkje så bra. Mogleg at det kjem til å gå betre med regjeringa Solberg. Dei har i kvart fall nemnt ordet rehabilitering heile 12 gonger i dokumentet sitt. Det er bra, og det kjem dei til å trenge. Regjeringa har nemleg tenkt å løfte tungt og mykje. Heile 19 gonger har dei nytta ordet løft i erklæringa. Det er lærarløft, yrkesfagløft, velferdsløft og kompetanseløft. Nå veit vi ikkje enno kven som blir statsrådar og skal ha ansvaret for løftinga, men om ein til dømes ser på heite kandidatar som Torbjørn Røe Isaksen og Ine Marie Eriksen Søreide, så ser ein jo at dette er folk som ikkje har løfta mykje i sitt liv. Da er det viktig at dei får opplæring i riktig løfteteknikk, slik at ikkje alle dei ekstra pengane som er tenkt å brukast på rehabilitering må brukast for å få dei ferske statsrådane tilbake på jobb igjen. Feil løft er ein av hovedårsakane til ryggplager. Ein gong skulle eg løfte ein lecablokk i kvar hånd, og det gjekk bra det, heilt til eg vrei på overkroppen og plutseleg måtte ta taxi heim. Tenk kor ille det kunne gått om eg hadde freista å lærarløfte Bjørn Angell-Jacobsen i staden! Eg fryktar at med all den løftinga dei legg opp til i denne erklæringa, kjem brorparten av maktapparatet til å være sjukemeldt før jol. Sjukemelding er forøvrig berre nemnt fire gonger i erklæringa, og det er jo fint at dei heller vil rehabilitere enn å sjukemelde. Eit tredje alternativ kunne ha vore aktiv dødshjelp, som landsmøtet til Frp har vedtatt at partiet er for, men dette er heldigvis ikkje nemnt ein einaste gong. Dei freistar berre å snike det inn bakvegen, snikeutanasiering om du vil, gjennom å åpne for segway og meir snøskuter i utmarka, men det monnar lite i den store samanhengen. Men eg treng kanskje ikkje uroa meg. Erklæringa brukar ordet styrk i ulike variantar heile 167 gonger. Styrketrening kan kanskje gjere underverker for dei pinglete blå.

Allereie i den femte setninga i dokumentet seier den nye regjeringa at dei vil bygge sin politikk på fridom og tillit til enkeltmennesket. Difor har dei tenkt å væpne politiet. Av tillit til at vi ikkje vil gjere noko dumt som får politiet til å skyte oss. Tillit er ellers berre nemnt ein gong til, i samanheng med at dei kuttar i pappapermen. Regjeringen Blondie er ellers uttalte anti-byråkratar, og vil no vurdere etablering av ein uavhengig effektivitetseinhet for offentlig sektor med ståande fullmakt til å revidere blant anna nytte-kostnadsanalyser for å sikre god kvalitet og konsistent praksis. For den beste måten å auke effektiviteten i byråkratiet er sjølvsagt å ansette byråkratar til å overvåke dei andre byråkratane. Det er logisk. Dette er vakkert. Dette blir bra!

Alt i alt er det likevel ikkje så ille. Alle var lei av dei rød-grønne nå. Eg trur dei var lei av oss også. Det blir kjekt med nye kostar. Og nye hekser til å fly på dei. Friske pust som kjem til å dumme seg ut på jevnleg basis. Mykje moro ein stund. Men det blir nok kjedeleg i lengda denne gongen også. Eg gler meg til det.

%d bloggers like this: