web analytics

Tag Archives: kriminalitet

Hummer og kanari

Djevelens valg

hells angels

For nokre år sida, det må ha vore på nittitalet ein gong, vurderte den amerikanske hamburgerkjeda McDonald’s å åpne ei filial i ein svensk småby. Eg hugsar Ikkje lenger hvilken. Dei fleste var glade for moglegheita til å få seg ein Quarter Pounder eller eit Happy Meal utan å køyre i timesvis, men nokon skal jo alltid skille seg ut. I lokalavisa skreiv ein gamal gubbe eit ganske krasst lesarbrev som på det sterkaste advarte mot å la McDonald’s få etablera seg i byen. Ein visste jo kva dei dreiv med. Kriminalitet, narkotika, torpedooppdrag. I verste fall drap. For Ikkje å snakke om dei bråkete og forureinande motorsyklane dei susa rundt på. Den sure svensken hadde nok ikkje inngåande kjennskap til fastfoodmiljøet. Ein kan seie mykje rart om McDonald’s, men direkte kriminalitet er dei nok ikkje så mykje involvert i. Gubben trudde det var ein motorsykkelklubb det var snakk om, basert på at dei hadde MC i namnet sitt. Så feil kan man ta.

Men korleis er det med motorsykkelmiljøet eigentleg? Er dei ein lukka og mafialiknande organisasjon som har henda like tilsmussa av narkohandel og torpedooppdrag som av motorolje, eller er dei snille gutar med fast jobb og familie, som berre er litt ekstra interessert i øl og eksos? Debatten har blussa opp etter at Firdaposten tidligare i veka fortalde at våre lokale Harley-heltar har blitt innlemma i Devils Choice, og dermed er knytta tettare til dei frykta Hells Angels enn nokon gong tidligare. Rådmannen og politiet er uroa over utviklinga, medan Djevelens utvalde hevdar at det har dei ikkje nokon grunn til. Kven skal vi tru på?

Eg kan ikkje svare på det. Det lille eg har hatt med motorsykkelmiljøet her i byen å gjere har ikkje være egna til å skremme nokon. Eg sto i baren på hotellet for nokre år sida, da ein god gjeng av dei var der for å feire eit eller anna, og dei oppførde seg eksemplarisk. Men eit par som spiste middag i restauranten samtidig med dei krevde å få slippe å betale for seg av di dei vart tvinga til å spise i same restaurant som mc-karane. Ikkje fordi dei gjorde nok som helst som skulle tilseie at dei kunne kreve dette. Neida, dei meinte berre at folk i skinnjakker ikkje burde ha adgang til finare etablissement. Trur eg. Ellers så vart dei vel berre redde då, kva veit eg.

Men frykta for motorsykkelgjengane er ikkje teke rakt ut av lause lufta. Ein har fortsatt den såkalla store nordiske biker-krigen friskt i minne. Rivaliseringa mellom Hells Angels og Bandidos utarta til ein fire-fem år lang krig som gjekk føre seg i Danmark, Noreg, Sverige, og til og med utarta til delar av Finland og Estonia. 11 stykker vart drept, 96 stykker skadd, i 74 drapsforsøk, utført med blant anna maskingevær, håndgranater, bilbomber og panserkanoner. Dette var tilbake på nittitalet, det har roa seg mykje etter dette, men i sumar blei åtte personar med tilknytning til Hells Angels dømd for grov narkotikakriminalitet i Nord-Troms tingrett. Seks av dei etter den såkalla mafiaparagrafen. Dommen er anka, og dermed ikkje rettskraftig, men det skal ikkje mange google-trykka til før ein finn ein rekke med sakar der menn frå motorsykkelmiljøet står bak. Det er nok å ta av. Sjølv om ein kjøper forklaringa til dei som snakkar for klubbane- At det er råtne epler overalt i samfunnet, og at det ikkje er fleire kriminelle i MC-miljøet enn i andre organiserte miljø rundt i landet. Sjølv om ein trur på dette kjem ein ikkje unna at det heftar noko ved den meir illgjetne delen av miljøet. Hells Angels, Bandidos og Outlaws. Noko utrygt. Farleg. Ein veit ikkje heilt kor ein har dei. Anten det nå er myter, gamal historie, eller fakta, så sprer dei frykt og uro der dei kjem. Og det er der eg slit med å følge logikken. Dei seier at dei lever og ånder meir for MC-miljøet enn den vanlege motorsyklisten, og det er det heile. Dei er omtrent som korpsmiljøet, berre med betre lyd. Om det er slik, kvifor velger ein då å knytte seg opp mot klubbar som ein veit har vore tungt involvert i kriminalitet tidligare. Ein kan jo køyre Harley, ha tøff skinnvest, og kalle klubben noko som høyrest ut som eit amerikansk ishockeylag, utan å knytte seg opp mot Hells Angels. Det skjønar eg ikkje. Det skurrar i mitt hovud.

Men eg er ikkje redd for at Devils Choice no skal føre til ein bølge av kriminalitet i kystbyen. Det er dei same folka sjølv om dei har eit anna merke på ryggen, og eg har ikkje grunn til å tro noko anna enn at dei stort sett er bra folk. Dei får nå berre styre på. Men hadde eg fått velge hadde dei heilt klart heller skifta namn til McDonald’s.

Hummer og kanari

Hjernen er aleine

Det er den første august i 1966. Ein brennheit føremiddag i Austin, Texas.  Inne i ein jernvare-forretning står ein stor og kraftig mann. Håret hans er blondt. Ein “all american boy”. Han kjøper eit karabingevær og mengder med ammunisjon. Medan han skriv ut ein sjekk til betaling spør mannen bak disken kva i all verda han skal med all denne ammunisjonen. – Eg skal skyte nokre grisar, svarar han. – To shoot some pigs. Forklaringa var god nok til at mannen bak disken ikkje tenkte noko meir på det. Han tenkte nok på det nokre timar seinare, når nyheitene om kva mannen eigentleg skulle med ammunisjonen nådde ut.

Charles Whitman var namnet til mannen med det blonde håret. Fødd 25 år tidlegare, i ein familie frå øvre middelklasse. Speidar. Altargutt. Eks- marinesoldat, no student ved Texas University. Som barn fekk han målt sin IQ til 138. Då han kjøpte karabin og ammunisjon denne føremiddagen i Texas, hadde han allereie drepe mor si med ein jaktkniv, etter først å ha slått henne medvitslaus. Etter handelen drog han heim og drap kona si, sovande i senga, med tre knivstikk i hjartet. No skulle han ta med seg våpen og ammunisjon opp i klokketårnet på Texas University. Derifrå plaffa den tidlegare skarpskytaren laus på tilfeldig forbipasserande i over ein og ein halv time før politiet klarte å ta seg opp i tårnet og stoppe han. Whitman hadde då skote og drept 13 menneske. I tillegg var 32 såra, og også ein av desse skulle seinare døy av skadene. Charles Whitman vart til slutt sjølv skoten og drepen av politiet.

Massakren han utførde kom som eit sjokk på amerikanarane, ikkje minst fordi bileta på framsidene av avisene viste ein ganske typisk utsjåande amerikansk ung mann. Ein tilsynelatande kjekk kar frå ein tilsynelatande god familie. Korleis kunne han ende opp som massemordar? Ja, eg skriv sjølvsagt dette fordi vi har ein rettssak gåande i desse dagar, der vår eigen massemordar etterkvart skal få sin dom. Anders Behring Breivik og Charles Whitman har ikkje så reint lite felles. Men vil vi nokon gong få eit heilt klart svar på spørsmålet om kvifor dei handla som dei gjorde?

Røyk fra klokketårnet under Whitmans drapsraid. Det var herfra han skjøt, snaut hundre meter over bakken.

I motsetnad til Breivik, som har gitt oss eit heilt manifest som forklaring, kunne det verke som om Whitman sjølv ikkje heilt visst kvifor han gjorde som han gjorde. I etterletne notat skreiv han: “ Eg skjønar i grunnen ikkje meg sjølv for tida. Eg skal jo vere ein gjennomsnittleg og rimeleg intelligent ung mann vert det sagt. Men, i det siste (eg hugsar ikkje når det starta) har eg vore eit offer for mange uvanlege og irrasjonelle tankar”. Whitman ba i notata om at hjernen hans måtte bli obdusert, for å sjå om det kunne finnast ei forklaring på handingane hans der. Om det skulle vere pengar att frå livsforsikringa etter at gjelda var betalt, ba han om at desse skulle gå til forskning på mental helse, slik at liknande handlingar kanskje kunne unngåast i framtida.

Slik endte altså livet til Charles Whitman.

Sjølv finn eg det litt vanskeleg å tru heilt på fortvilinga til Whitman, men obdusert vart han, med det resultat at dei faktisk fann ein svulst på storleik med ei valnøtt som låg og trykka på strukturen amygdala langt inne i hjernen. Dåtidas hjerneforskarar meinte at dette ikkje kunne vere årsaken til handlingane hans, men hjerneforskinga har kome eit godt stykke lenger sidan 1966. Mange er i dag overbeviste om at det var nettopp denne svuulsten som fekk Whitman til å drepe både dei to han var mest glad i, og 14 tilfeldige ofre på gata. Vi veit at endringar i hjernen kan føre til endringar i folk sin personlegdom, så kanskje kan denne forklaringa stemme? Sjølv trur eg ikkje så mykje på den, men eg har ikkje anna å støtte meg på enn forfattaren Gary Lavergne. I boka “A Sniper in the Tower” starta Lavergne opp med ei meining om at svulsten hadde skulda, men etter å ha sett seg grundigare inn i saka, enda han opp med å skifte meining. Handlingane til Whitman snakkar for seg sjølv, skriv Lavergne. Ein kvar teori, det vere seg av organisk art (hjernesvulsten), kjemisk art (Whitman brukte amfetamin) eller psykologisk art (Whitman si tid i militæret, faren si litt for handfaste oppdraging osv), som indikerer at dømmekrafta til Whitman var så svekka at han ikkje visste kva han gjorde, står seg ikkje når ein ser på dei faktiske hendingane. Ikkje noko av det han gjorde denne dagen, og kvelden før, synes å ha vore tilfeldig eller udisiplinert. Han hadde ein plan, og den følgde han. Whitman visste kva han gjorde. Han kunne ha valgt å gjere noko anna.

Kva så med hjernen til Behring Breivik? Det er nettopp den kampen no står om i Oslo Tinghus. Er han paranoid schizofren, elller har han ei narssisistisk personlegdoms-forstyrring? Eller kan det kanskje vere ei hjerneskade? Det siste får vi ikkje vite, for Breivik har motsett seg spesifikke hjerneundersøkingar. Det må vere lov å stusse på at Breivik får motsette seg ei undersøking som kanskje kunne ha kaste noko meir lys over saka, men det er greitt for meg. Samme kva dommen blir i Tingretten kjem det for all fremtid til å hefte ein viss grad av tvil ved tilfellet Behring Breivik. Noko klart svar på kvifor vil vi aldri få, berre gradar av kvalifisert synsing. Ein hjernescanning vil ikkje endre på det. Er der ein svulst i hovudet hans, vil det nok komme for ein dag før eller seinare. Breivik kan få ha hjernen sin i fred enn så lenge. Skal ein først tvinge ham gjennom ein medisinsk undersøking ville kanskje folk flest foretrekke ein obduksjon?

Hummer og kanari

Samtaler med Hagbarth #5: Vi diskuterer rusproblematikk

– Du, det er bra det finnes skurker enkli!

– Synes du det ja, men er det ikke litt dumt at de stjeler og gjør dumme ting da?

– Jo, men de blir snille igjen når medisinen slutter å virke.

– Jaha? Er det medisinen som gjør at de blir skurker altså?

– Ja, de tar medisin, og da får de veldig lyst på gull skjønner du!

– Hmmm…men hvorfor tar de sånn medisin da?

– For først så virker det som om det er en god ide, og at alt blir bedre, men etter en liten stund så blir livet liksom ødelagt.

– Så de lurer seg selv da på en måte?

– Ja. Jeg skal ALDRI ta sånn medisin!

– Nei det er nok best å styre unne den da.

– Men…men…hvordan kan jeg la være å ta sånn medisin når jeg ikke vet hvordan den ser ut!!!

– Der sa du noe. Det er nok best å være forsiktig ja.

– Ja. Husker du dem som knuste bilen vår, og så fikk de blod?

– Husker det ja, var de sånne skurker som hadde tatt medisin eller?

– Nei de var bare dumme de.

Hummer og kanari

Politiet virker!

Som oftest er vi alle sammen flinke til å si fra når offentlige tjenester ikke fungerer slik vi ønsker. Når ting fungerer er vi kanskje ikke like flinke? Selv har jeg klaget på politiet før, den gang jeg var nattevakt på Byens Beste Hotell, og politiet ikke alltid var like interessert i å rykke ut for å hjelpe til med mer eller mindre psykotiske gjester. Da er det bare rett og rimelig at jeg deler ut litt ros når jeg opplever at det å ringe 02800 fungerer langt bedre enn forventet.

Det var på mandag det skjedde. Hverdagskriminilaiteten avla meg et lite besøk. Jeg var på jobb i butikken, en kunde kommer bort for å få hjelp med mobiltelefonen sin, og det er noe som tar litt tid å fikse. Mens jeg holder på med det kommer det en annen fyr bort til disken som også trenger hjelp med et eller annet. Jeg hilser, og sier at jeg skal hjelpe ham med det om en liten stund, skal bare gjøre meg ferdig med det jeg holder på med. Jaja, det er greit, sier han.

Og dermed glemmer jeg ham et øyeblikk eller to.

Når jeg så er ferdig med den første kunden, registerer jeg at fyren er borte. Javel, så ble det litt lenge og vente, men han kommer vel tilbake. Tenker jeg. Og tenker ikke noe mer på den saken.

En halvtimes tid etterpå kommer Flopsy og Tildibopp innom, og mens vi står der og snakker litt så skal jeg vise henne noe på telefonen min. Det er bare det at telefonen ikke er noe sted å finne. Jeg vet jeg hadde den med meg, for jeg brukte kalkulatoren på den tidligere på dagen, men den ligger ikke på disken, og den ligger ikke under disken, og ikke ligger den på bakrommet heller. Man trenger ikke være Poirot for å levere et overveiende sannsynlig hendelsesforløp her.

Jepp, kunde nummer to er hovedmistenkt. Han har sett sitt snitt mens jeg var opptatt med kunde nummer en, sett telefonen ligge på disken ved tastaturet der, tatt den med seg, og ikke sett seg tilbake.

Jeg er både lei meg og ganske forbannet, jeg avskriver den telefonen, og jeg tenker at det ikke er noe vits i å ringe politiet. Vi har jo hørt og lest haugevis av rapporter om hvordan politiet ikke prioriterer småsaker som det der. Hvordan saker med kjent gjerningsmann blir henlagt. Men så er jeg så sur at jeg må liksom gjøre NOE.

Så jeg ringer 02800 og forklarer damen som svarer hva som har skjedd.

Greit, dama i andre enden vet umiddelbart at det er overvåkingskameraer rett ved butikken min som godt kan tenkes å ha fanget gjerningsmannen på film. Hun ber meg ta kontakt med senterlederen for å sikre bildene, så skal de sende en patrulje ned til meg.

Senterlederen svarer ikke på telefonen, men ganske kjapt etterpå står det to politimenn foran disken og tar i mot forklaring. De får nummeret til senterlederen av meg, og går opp for å se om de finner henne på kontoret.

Etter en liten stund kommer de tilbake, de kan opplyse om at de har sett filmen fra overvåkingskameraene, kjent igjen en gammel kjenning på bildene i det aktuelle tidsrommet, og to timer etterpå ringer de meg opp igjen for å fortelle at de har funnet telefonen min, den er like hel, og kan hentes på kammeret en eller annen gang før klokka fire. Jeg svarer at jeg jobber til seks, men jeg skal prøve å få noen andre til å stikke innom og hente den. Ikke tenk på det, sier dama, da skal jeg få noen til å svippe innom med den på veien hjem fra jobb.

Og ganske riktig, litt over fire kommer en søt politidame hoppende og poppende med telefonen min. Like hel, alt som manglet var simkortet, men det var jo bare å lage seg et nytt. Dagen etter kunne man lese i Firdaposten at to menn i 20 og 30-årene var blitt taua inn for mistanke om narkotikabesittelse, samt tyveri av en mobiltelefon på Amfi-senteret.

Så hurra for politiet dere, det er så deilig når ting virker slik som det skal!

Denne historien har jeg så fortalt til flere kunder denne uka, og alle som hører er både imponert og overrasket over det effektive politarbeidet her. Og det første de spør om etter at jeg har fortalt historien?

– Var det en utlending?

Men det var ikke det, det var nok en norsk nordmann fra Høljebyen.

Hummer og kanari

Dagens nyhetsrunde

På en dag der Nord-Korea skyter raketter mot Sør-Korea, angivelig for å få dem til å innrømme at det ikke blir noen fredagskos uten Kim, (Ja, jeg har rappa den vitsen fra Opplysningskontoret) så passer det seg ganske bra å ta en liten kikk på noen av dagens mer uvesentlige nyheter. Se nå for eksempel på vår alles favorittraner Erling Havnå.

For noen uker siden var Havnå i alle avisene og klagde på de luksuriøse cellene i Åna fengsel.

Jeg burde sitte i et fuktig hull, mente han. Men dette var altså i oktober. I dag kan Dagbladet berette at luksusen har gått til hodet på mannen. Nå stevner han Stavanger fengsel, ved justisdepartementet, for retten, etter at han i fjor en gang ble beskyldt for å ha stjålet mat fra kjøkkenet. Saken startet i dag, og skal være Havnås oppgjør med et totalitært fengselsvesen.

Ja, for flatskjermer er ikke noen garanti mot et totalitært styre folkens, det er viktig å merke seg!

I sin innledningsprosedyre hevder forsvarer Klomsæt at det handler om enkeltmenneskets kamp mot staten. Davids kamp mot Goliat. Menneskerettighetene er krenket!

Klomsæt svinger altså med storslegga her, og vi får vel for Havnås del håpe at han er litt heldigere med slegga enn han selv var under NOKAS-ranet.

Dagbladets sak er ellers forbilledlig detaljert, og gir et fascinerende gløtt inn på livet bak murene. Her har altså fanger stjålet biff og youghurt ved hjelp av et hemmelig rom på en kjøkkentralle, og blitt avslørt av fengselsbetjentene ved hjelp av UV-spray. Og på cella hos Havnå finner man altså nugatti og tunfiskbokser. Fengselet karakteriserer dette som ulovlige matvarer, Havnå hevder han har brukt nugattien til å lage kake. Tunfiskboksene koster forøvrig 4,95 på Europris.

I tillegg så er det noe greier med en minnepenn og en musikkfil med pornografisk materiale. Du kunne ikke diktet opp dette om du så hadde prøvd.

Jeg har ikke noen konklusjon på dette her, så jeg ønsker Havnå lykke til, og hopper videre til noe helt annet. Den franske undertøysgiganten Lingerie Dement har lansert en ny kolleksjon der man i stedet for de gamle gode haspene bruker magneter til å holde undertøyet (og godsakene) på plass.

Hvordan dette kommer til å slå an er fortsatt litt usikkert å si, ideen forekommer meg å være både tiltrekkende og frastøtende på samme tid.

Apropo tiltrekkende og frastøtende på samme tid, det har vært mye snakk om helsa til Petter Northug i det siste. Han har blitt testet for TWAR og kyssesyken, og spekulasjonene har vært mange. Er han overtrent? Har han fått ME? Har han ligget med Marit Bjørgen? Nå rapporters det om at skikongen skal være tilbake i sporet i løpet av desember, han har i dag gjennomført en oppløftende treningsøkt, og blodprøvene ser helt fine ut, med unntak av et lite og hittil temmelig ukjent retro-virus som gjør at Northug resten av sesongen kommer til å gå på treski, kledd i den gamle nikkersen til Ole Ellefsæter.

Vi ønsker ham selvfølgelig lykke til.

Page 1 of 212
%d bloggers like this: