web analytics

Tag Archives: kultur

Hummer og kanari

Mørkt på kino

Foto: Andreas S (CC BY-".0) - At the abandoned cinema)
Foto: Andreas S (CC BY-“.0) – At the abandoned cinema)

For nokre veker sida var eg, i eigenskap av å vere nestleiar i vår lokale filmklubb, på årsmøte i Noregs Filmklubbforbund. For å vere nøyaktig var det snakk om både årsmøte OG seminar. Vi såg tung og trist film frå Ukraina der dialogar gjekk føre seg på teiknspråk. Utan undertekstar. Vi fekk eit føredrag om tysk ekspresjonisme. Vi fekk ein kviss der svara var slikt som Agnes Varda.

Har du høyrd om Agnes Varda før? Ikkje eg heller. Eg må tilstå at Florøs delegasjon fall totalt gjennom. Sjølv klarte eg berre å svare på eit einaste spørsmål, nemleg namnet på kona til Peter Jackson. Eg burde sjølvsagt også ha hugsa at det var Rupert Grint som spelte rolla som Harry Potters sidekick, Ronny Wiltersen. Men eg tilgjer meg sjølv for å ikkje «kome på» at nemnte Varda var gift med Jaques Demy, kjend som regissør av filmen «Paraplyene i Cherbourg». Lat meg legge til at spørsmåla om Jacksons kone, og Rupert Grint var dei einaste i ein relativt omfattande kviss som eg ville plassert i kategorien «populærkultur». Oss som aldri har sett ein einaste film av Pasolini burde eigentleg blitt avviste i døra. Filmklubbforbundets nye motto av året er Film for alle, men filmkvissene deira er framleis meint for nerdar, filmstudenter og intellektuelle.

Ikkje at det er noko gale i det. Tvert i mot. Eg elskar desse folka. Deira utrøyttelege kamp for filmformidling, mot historieløyse. I ei tid der korttidsminnet blir kortare og kortare. Ein film er gamal og gløymd fjorten dagar etter premieren, og ikkje så lenge etter kjem det kanskje ein remake. Vi treng desse håplaust utrendy hipsterbrille-Jesusane. Eldsjelane. Dei som brenn for god film, kva no det er for noko. Kven skal ta seg av å formidle filmarven om ikkje dei gjer det?

Det er mørkt på kino, bruka vi å seie då vi var små. Og så trekte vi lua til kompisen ned over trynet hans slik at han ikkje såg nokon ting. No trugar mørke skyer i horisonten. Om ikkje staten kjem med lovnad om pengar til drift, i filmmeldinga som skal presenterast før ferien, kan Filmklubbforbundet bli tvinga til å legge ned. Det kjem til å få konsekvensar for alle landets filmklubbar. 12.000 medlemmer rundt om i landet held difor pusten i desse dagar. Siste skanse i kampen mot einsretting av filmtilbod og full Hollywoodifisering står for fall. Nokon må tenke på filmformidling også, alt kan ikkje vere popcorn.

Sjølv ser eg gjerne dei store Hollywood-lokomotiva om det passar seg slik. Eg held nok ein knapp på John Carpenters gullrekke frå åttitalet, heller enn ein gamal nybølgefilm frå Claude Chabrol. Aller helst ser eg ein skitten og mørk B-film. Meir enn noko anna er eg oppteken av at film kan vere så mykje rart. Om ein ser etter langs bakken rundt dei enorme furufilmane som alle ser, kan ein finne ein underskog av vakker, vidunderleg, sjuk, spesiell og ikkje minst deilig merkelege filmar. Dei finaste filmopplevingane har eg hatt når eg har dumpa innom ein film som eg ikkje visst noko om på førehand. Noko annleis. Noko ukjent. Noko eg ikkje har sett gjort akkurat på den måten før. Noko som dreg tankane ut av sine vande mønster, og får meg til å sjå ting med nye auge. Eg trur dette er noko eg har felles med dei fleste andre som engasjerer seg i filmklubbar rundt om i landet. Det, og eit ønske om å formidle desse sjeldne augeblikka vidare til andre når vi kjem over dei. For i den fragmenterte røyndomen vi lever i, der det er algoritmane til Netflix som styrer kva vi skal sjå på, og gjer at vi ender opp med å sjå same typen film heile tida, blir disse augneblinkane vanskelegare å finne på eiga hand. Vi treng vegvisarar i den mangfaldige filmjungelen. Vi treng ein ven med god smak og overblikk. Filmklubbane vil gjerne vere den venen!

Ikkje lenge etter at eg kom heim igjen frå årsmøtet oppdaga eg at ein av filmane til denne hersens Agnes Varda var tilgjengeleg på ei av dei tenestane for klikkefilm som eg abonnerer på til dagleg. «Sans toit li noi» var namnet, Vagabond på engelsk, og eg sette meg til for å sjå filmen. Den handla om ei ung kvinne utan nokon plass å bu, som vandra rundt på den franske landsbygda om vinteren, berre for å ende opp daud i ei grøft ein kald morgon. Ein av desse filmane som av og til opplevest gudsjammerleg kjedeleg medan du sit og ser på, men som blir sittande fast i hovudet ditt i lang tid etterpå. Eg vil kanskje ikkje tilrå den til alle, men eg er glad eg så filmen.

Det er ein skitten jobb, men nokon må hugse på Agnes Varda også i framtida. Ellers blir det verkeleg mørkt på kino.

Hummer og kanari

Party like it’s 1945

Dusseldorf, 1937: Frå ei utstilling av degenerert kunst, der formålet var å vise kor sjuke kunstnarane var i hovudet sitt.
Dusseldorf, 1937: Frå ei utstilling av degenerert kunst, der formålet var å vise kor sjuke kunstnarane var i hovudet sitt.

Gratulerer med dagen alle saman. Fredag var det 70 år sidan dei allierte kunne erklære andre verdskrigen for vunnen, og Noreg atter var fritt. Britane feirar rett nok sin Victory in Europe-dag dagen før oss, altså den sjuande mai, for det var den dagen kapitulasjonen vart underskriven. Dette er historisk prov på at ting som skjer ute i vide verda brukar litt tid på å kome hit. Vi kan trøste oss med at vi uansett ligg ein dag framfor russarane, som ikkje feirar sin frigjeringsdag før niande mai. Det er i dag det, så akkurat i dag kan det vere på sin plass med eit lite hurra også for Stalin. Eit godt døme på at også paranoide, totalitære massemordarar kan ha sine gode sider.

Vi har altså vore frigjorde i cirka 70 år no. Det tynnast i rekkjene blant dei som hugsar korleis vi hadde det under okkupasjonen. Heldigvis finst det masse historisk materiale som kan hjelpe oss å hugse. Tidlegare denne veka sirkulerte det eit skriv på sosiale medier frå den tida. Det var tilskreve Kultur- og folkeopplysningsdepartementet, som var ledet av Gulbrand Lunde frå 1940 til han drukna under mystiske omstende i 1942. Det skulle vere eit utdrag frå eit dekret, og omhandla kva slags repertoar orkester og artistar kunne framføre utan å havne på Grini. Musikkstykke i fox-rytme, såkalla swing, kunne ikkje overstige 20 prosent av repertoaret for danse- og underhaldningsorkester. Dei måtte halde seg til komposisjonar som gjekk i dur, og skulle det syngast, måtte ein halde seg til tekstar som uttrykte livsglede, ikkje jødisk-dystre tekstar. Kontrabass skulle kun spelast ståande, og med boge. Ingen plukking av strengane, maks ti prosent synkopering, og i den grad det var mogleg burde bruken av saksofon innskrenkast, og erstattast med cello, bratsj eller passande folkeinstrument.

Problemet med skrivet var at det ikkje fanst noko kjelde på det. Gudbrand Lunde nekta tvert i mot å gjennomføre tyske pålegg om å forby jødisk litteratur og musikk. Mest sannsynleg var det ein parodi, laga av gode jøssingar. Eit falsum, som blir genialt og morosamt av di det faktisk kunne ha vore sant. Nasjonalsosialistane i Tyskland hadde jo sterke meiningar om kva dei meinte kunne godkjennast som verdig kunst. «Entartete Kunst», altså utarta kunst, eller som det gjerne vart brukt i Noreg, degenerert kunst, var eit omgrep som omfatta alt frå ikkje-naturalistisk moderne kunst, til jazz, swing og anna «negermusikk». Dei meinte at dette var kunst som var ugermansk, kulturbolsjevistisk, inspirert av jødar, marxisme og sinnsjukdom, og umogleg å forstå for folk flest. Og nazistane nøydde seg ikkje med å skrive sinte lesarbrev. Dei var handlingsmenneske. Rundt 20.000 kunstverk vart fjerna frå museum og private samlingar. 4000 abstrakte og surrealistiske måleri vart brent. 82 verk av Edvard Munch vart stempla som degenerert kunst, og fjerna frå offentlege samlingar. Kunstnarar som dreiv med slikt vart stempla som fiendar av folket, fleire vart fengsla, og mange rømde landet.

I Noreg har og hadde vi eit litt anna syn på kva som var god og dårleg kunst. Vi var sjølvsagt ikkje med på at Edvard Munch var degenerert. Vi er så glade i jødisk-dystre tekstar at vi gjorde Leonard Cohen til norgesven og rikstrubadur. Men no, i 2015, må vi atter ein gong våge å ta debatten om degenerert kunst. 70 år etter frigjeringa er det ingen som er meir frigjorde enn russen. I år har dei fått fortent negativ omtale for musikken dei høyrer på.

Nokon som kallar seg for Tix og The Pøssy Project har laga nokre russesongar som hyller fyll, festvaldtekt, og far betaler på ein måte så stupid at ein knapt trur det er mogleg. Plutseleg framstår det falske dekretet frå NS og Gudbrand Lunde som ein sabla god idé. Sjølvsagt i ei noko oppdatert utgåve. Det må være mogleg å få sett ein stoppar for dette svineriet? Dette bør vere ein vinnarsak for kulturminister Widvey. Far min kjempa ikkje mot nazistane for russens rett til å synge om å knulle nokon berre for lættis. Brenn alle spor etter disse makkverka!

Der folk brenn bøker vil ein til slutt også brenne menneske, var det ein fyr som sa ein gong. Eg veit ikkje om dette gjeld for musikk også. Der du brenn russemusikk vil du til slutt også brenne russebussar? I så fall er det heilt greit for meg.

Party on folkens!

Hummer og kanari

Kultur på italiensk

wpid-20130731_202132.jpg

Ja, vi har altså vært på ferie på Sicilia, og denne gangen ble det litt kulturkonsum i samme slengen. Det viste seg at Patti Smith skulle spille på det gresk-romerske teateret i Taormina samtidig med at vi var der, og som om ikke det var nok så startet jazzfestivalen i Taormina dagen etter det igjen. Vi bestilte oss sporenstreks fine plasser på Patti Smiths konsert, og tenkte at vi nok skulle få med oss noe jazz også om det passet seg slik.

Det var litt interessant.

Vi ankom Taormina i god tid, fikk spist en ikke akkurat oppsiktvekkende pizza i landsbyen Castelmola før vi sjekket inn i leiligheten, og fikk til og med tatt livet med ro på terassen før vi måtte begi oss ut i den sicilianske kvelden for å høre Patti Smith. Jeg tenkte som så at konsert på relativt stor arena i Italia var omtrent som i Norge. Altså ville det være fotoforbud, og heller ikke lov til å ta med seg drikke inn på arenaen. Jeg lot dermed kameraet bli igjen hjemme, og vi kjøpte heller ikke med oss noe drikke inn på konserten.

Det var en tabbe.

Vi var litt tidlig ute viste det seg, det var ikke noe kø å snakke om, vi viste billettene våre og ble vennlig veiledet til riktige plasser. Alle var høflige, det var ikke noe kroppsvisitering eller gjennomsøking av vesker, og det viste seg at det ikke hadde vært det minste problem om jeg hadde tatt med meg kameraveska. Flere i publikum hadde speilrefleksen fremme, og alt de risikerte var en kraftig utskjelling fra Patti Smith selv, som åpenbart ikke har omfavnet smarttelefonrevolusjonen, Facebook og Instagram. I’m here to talk to YOU, not your fucking phone, fikk en dame beskjed om mellom to nummer midtveis i konserten, og når en annen fyr ikke tok poenget tømte hun like godt en flaske vann på ham. Kan jo ikke annet enn å elske den dama.

wpid-20130731_220539.jpg

Arrangørene hadde altså ingen problemer med å slippe inn folk med kameraer, og det viste seg også at det var helt akseptert med medbragt mat og drikke. Ja, det var faktisk ikke en gang mulig å kjøpe noe som helst annet enn noen få Patti Smith-t-skjorter inne på arenaen. Her var det ingen kalde pølser og brød. Ikke noe lunkent øl til overpris, servert i plastglass med Ringnes på. Her var alle muligheter til mersalg og høyere fortjeneste kastet på båten.

Spørsmålet er jo om dette var fordi italienerene er late slabbedasker og amatører i det kapitalistiske gamet, eller om det er en bevisst tanke bak det. En ide om at når man er på konsert så er man der for å konsumere kultur, ikke noe som ligner på mat og drikke. Jeg vet ikke, men samme hva det er så er jeg for!

Når det gjelder jazzfestivalen fikk den stort sett seile sin egen sjø, jeg har jo ikke peiling på jazz, men vi tenkte vi skulle få med oss åpningskonserten i Villa Communale, klokken 21.30 med Seamus Blake Quartet. Det gikk ikke helt etter planen, for først skulle vi jo spise middag, og det trakk litt ut. Etterpå gikk vi til byen, men så måtte jeg plutselig på do, og for å få til det måtte vi jo poppe innom en pub. Jeg tenkte så at vi kunne ikke bare bruke toalettet og gå igjen uten å kjøpe noe, så da ble det en liten Lagavullin, og når vi endelig kom oss til Villa Communale var konserten godt i gang.

Vi satte oss nå ned og hørte på litt plinkaplonk, og det var koselig. Masse folk, god stemning, og alle var enige om at det var en fin tur. Men igjen var det noe som var litt snodig.

Det var nemlig gratis å komme inn. Ikke en krone i inngangsbilletter, ikke på åpningskonserten, og ikke på noen av de påfølgende konsertene heller. Her kan man altså reise og få med seg kvalitetsmusikk flere kvelder til ende, uten å betale en eneste euro (annet enn for kost og losji da så klart). Og heller ikke her var det påtrengende med folk som prøvde å selge oss noe å spise eller drikke. Tvert i mot, hadde vi ikke blitt så oppslukt av maten, og faktisk vært ute i tide, så kunne vi boltret oss i smaksprøver fra en eller annen lokal vinprodusent før orkesteret gikk på scenen.

Jeg antar at musikerene ikke spiller gratis, så det må med andre ord være sponsorer som betaler for dette gildet. Dette er jo helt utenkelig i Norge. At man skal arrangere en festival, uten å tjene penger på det? I hvert fall en festival der kostnadsnivået MÅ være relativt høyt. Greit nok at man har sildebord i Høljebyen hvert år, betalt av sponsorer, men her snakker vi nok om et helt annet budsjett vil jeg tro. Nå kan det selvfølgelig være at sponsorene mener at de får igjen såpass med goodwill og positive ringvirkninger at de mener det er verdt det, de må jo mene det, men i kroner og øre er det vel et rent tapsprosjekt vil jeg tro.

Disse erfaringene er jo for få til å trekke noen som helst konklusjoner av, men det virker på meg som om italienerene har et litt annet forhold til dette med kulturkonsum enn vi nordmenn har. Men hva vet vel jeg. Sannsynligvis har de vel et litt annet forhold til dette med profittmaksimering også, i hvert fall basert på når vi fylte bensin. Der sto det altså en fyr ute og fylte tanken for oss slik at vi slapp å gå inn og betale. Da blir det vanskeligere å selge New Energy-boller og trailergrill.

Hummer og kanari

Visjonar

Sorry... Got to go now!

Eg har skulka mykje skule i mi tid. I tiende klasse var eg knapt nok innom i det heile tatt. Eg hang på biblioteket i staden. Eg trur eg lærte like mykje på den måten, men det var ikkje like lett å overbevise potensielle arbeidsgjevare om det. Det var ikkje berre bokleg lærdom eg fekk med meg heller. Ein formiddag eg satt der og las i eit eller anna obskurt magasin kjende eg at eg måtte på do. Eg gjekk ut i gongen og bort til toaletta, opna døren og gjekk inn. I eit hjørne ved pissoaret sto det ein kar som eg kjende igjen. Gamal og krokut, med langt kvitt hår og ein imponerande uflidd mustasje. Han pleide også å henge rundt på biblioteket, eg anar ikkje kva han skulka frå, men han var der kvar bidige dag han også. Han sto med ryggen til, eg gjekk berre rett forbi, og fant meg eit avlukke. Eg låste døra, satte meg ned, og der vart eg sittande ein stund. Eg var nemleg litt dårleg i magen, slik ein gjerne blir av å ete Snickers og drikke Cola til frukost.

Eg satt no der og filosoferte, men etter ein stund kom eg litt i stuss. Det var så stille. Urovekkande stille, og plutseleg slo det meg at eg ikkje hadde høyrt ein lyd frå den gamle mannen ved pissoaret på lenge. Ikkje lyden av rennande vatn og ein som vaskar hendane sine etter å ha vitja toalettet. Ikkje lyden av døra som smalt igjen. Kva i alle dagar dreiv han med der ute? Slikt satt eg med buksa rundt anklane og tenkte på der på bibliotektoalettet, og situasjonen krevde eit svar. Eg satt i det ytterste avlukket, og det var skrudd saman på ein slik måte at det var ein liten glipe mellom veggene i hjørnet. Det gjekk an å sjå ut, og eg lente meg frem for å ta ein kikk, kanskje eg kunne sjå kva den gamle mannen dreiv med der ute. Eg la auget inntil sprekken, og stirra rett inn i eit anna auge. Stort, blått, blekt og vått. Eg skvatt so eg holdt på å skli av ramma. Heilt sida den gong har eg hatt ei sunn skepsis til folk som snakkar om bliblioteket som ein møteplass.

Frå eit spaltefagleg synspunkt er denne innleinga alt for lang, og alt for løst tilknytta det som er dagens tema, men sjå kor eg bryr meg. Reglar gjeld ikkje for meg. Eg er ein rebell. Eg gjer slik som eg vil. Og det eg vil snakke om i dag er folkemøtet Flora kommune arrangerar på måndag. Det skal handle om kulturvisjonar, og kultursjef Anita Solbakken spør i avisa om det kan bli endå kjekkare å synge i kor. Det kan det forøvrig, om ein berre sluttar å synge og heller tar seg ein skål, men da er vi nok langt ute i eit svært utvida kulturomgrep. Om ein ikkje bryggjar ølet sjølv, for då endar ein fort opp med ein kulturpris på 17 mai. I tillegg til bakrusen. Folkemøtet skal vere ein slags kafedialog står det i avisa, og folket oppfordras både til å kome på møtet, og tenke store tankar om kulturen. Seier altså Solbakken, og det er nok difor ho er kultursjef og eg sitt i billettluka på kinoen. Eg hadde nemleg heller bedt folk om å holde dei store tankane for seg sjølv. Eg likar ikkje visjonar. Dei førar ikkje noko godt med seg. Det eine augeblikket strevar du med akvarellane dine som aldri blir noko meir enn halvgode, men so får du ein visjon. Vips so har du invadert Polen, og vi veit alle korleis det gjekk til slutt. Visjonar er kanskje ikkje alltid farlege, men dei er som regel slitsomme. Eg ville heller bedt folk om å tenke små tankar. Korleis kan vi bli betre på alt det som vi allereie gjer sånn nokonlunde?

Og sidan eg starta på biblioteket i dag, kvifor ikkje runde av på same plass. Biblioteket. Eg brukte å vere der kvar dag. Lånte poser fulle med bøker. No har eg ikkje vore der på år og dag. Kvifor ikkje? Sjølvsagt, eg tjener nok penger til å kjøpe dei bøkene eg vil lese. Dessuten har eg blitt bortskjemt av den digitale revolusjonen, eg lastar ned boka rett ned på telefonen, og slipper å gå ut i regnet. Eg er allikevel fortsatt glad i biblioteket. Eg er ein potensiell brukar. Kva skal til?

I resten av landet raser det ein litteraturhusfeber. Folk går mann av huse for å høyre forfatterar snakke med andre forfatterar. Og stille dei spørsmål fra salen. Folk likar si eiga stemme. Eg var sjølv på Litteraturhuset i Bergen for litt sida for å vere med på lanseringa av ein bok om blogging som eg har bidratt til. Eg rekna med at det kom ti-tolv stykker for å høyre på, men jammen vart det fullt i salen. Florø er ikkje stort nok for eit eige litteraturhus, men kanskje kunne biblioteket tatt ein studietur til Oslo, Bergen og Fredrikstad? Sjå om det er noko dei kan ta med seg heim og bruke til å skape eit meir levande bibliotek. Ein stad for meiningsbrytning, for djupe samtalar, for å utvide horisonten. Jada, kall det gjerne ein møteplass om du vil.

Men det må vere utan gliper eller hol i veggane på toalettet, der har du min visjon.

Hummer og kanari

Tybring-Gjedde og den norske kulturen

Yesterday's Call

Rrrrring Rrrrring.

Hallo?

Ja, hallo, har jeg kommet til Christian Tybring-Gjedde?

Det er meg ja.

Hei hei. Dette er Hjorthen fra Firdaposten som ringer. Jeg lurte på om jeg kunne få noen ord med deg om norsk kultur og alt det der, du vet, den som du mener at regjeringen fornekter?

Sjallabais Hjorthen, det var lenge siden. Jeg kjente ikke igjen stemmen din?

Nei, vi har hatt et snev av influensa i heimen de siste dagene, jeg er litt ullen på stemmebåndene gitt.

Uff, det var leit å høre. De er en pest og plage. Har de først fott kloa i lillefingeren gir de seg ikke før de har tatt hele hånden, armen, gullklokke og det som måtte være av ringer og gull-lenker. Har du snakket med politiet? Du slapp dem vil ikke inn i huset frivillig? Du må passe på Hjorthen!

Hva behager? Influensaen er nok plagsom, men den stjeler da ikke gullringene dine?

Å. jeg syntes du sa islamuensa jeg. Beklager!

Islamuensa? Hva i alle dager er det for noe?

Jeg aner ikke, men det høres ikke bra ut!

Ikke bra i det hele tatt. Men til saken. Du har sendt skriftlige spørsmål til regjeringen, ved Inga Marthe Thorkildsen og Hadja Tajik, der du ber dem definere norsk kultur. Svar har du fått, og til tross for at det store flertall på sosiale medier som Facebook og Twitter synes å mene at særlig Hadia Tajik bruker deg som vaskefille og vasker gulvet med deg, så er ikke du fornøyd med svarene fra statsrådene. Hvorfor ikke?

De sier ingenting om den dagligdagse kulturen, om den norske folkesjela. Den kulturen som skiller norsk kultur fra annen kultur.  Ingenting om vår kristne kulturarv, utover bevaring av stavkirkene. De nevner ikke tillitssamfunnet, som er basert på ordholdenhet, ærlighet, og det å være pliktoppfyllende overfor fellesskapet. Glemt er også felles historie, tradisjoner, språk, høytider, lovverk, valuta, skikk og bruk, flagg, oppvekst, verneplikten, nasjonalsangen, kongehus eller landslaget. Norsk kultur er ikke bare finkultur og FNs internasjonle verdier, det er summen av alt du feirer på 17. mai.

Dette er interessant Gjedda. Selv feirer jeg 17 mai mest på grunn av at det konforme samfunnet vi lever i krever det av meg, i hvert fall så lenge jeg har barn i skole og barnehagealder. Utover at det selvsagt er gøy for barn og nasjonalister synes jeg egentlig dagen er en eneste lang plage. Betyr det at jeg, i likhet med regjeringen, fornekter min egen kultur?

Det er det verste jeg har hørt! Hvorfor hater du Norge Hjorthen? Hvorfor gjør du knefall for Islam på denne måten? Det neste blir vel at du ikke bryr deg om hvordan det går med håndballjentene…

Nei, sant og si pleier jeg ofte å holde med dem de spiller mot…

Å fy Faen. Hvem er det som har hjernevasket deg til slike kjetterske tanker? Er det Bhatti? Er det Krekar? Hylland Eriksen? Hva er det for slags Disneyland du tror du bor i egentlig?

Florø?

Åja, du er der borte i Hadia Tajik-land ja. Rogaland eller hva det heter? Dere vet jo ikke hvordan vi har det her i Norge.

Sogn og Fjordane TeGe, og det er Norge.

Skit samma. Oslo er det i hvert fall ikke.

Norge er vel mer enn bare Oslo?

Skraaaatsj, skrieitsj, det virker som om det er litt dårlig dekning her Hjorthen. Skrap skrik skrotsj. Vi får snakkes senere. Skritsj.

Prøver du å late som om det er dårlig forbindelse for å slippe å snakke mer nå?

Skjøskritttsjer ikke hva du skrattsjer om!

Du later som om det er dårlig dekning for å unngå ubehagelig spørsmål Gjedda. Er dette verdig en stortingspolitiker?

Skretsjcom!

Hva behager?

Jeg feiker ikke, jeg bruker Netcom!

Kan jeg friste deg med et godt tilbud på telefon og abonnement fra Telenor kanskje?

Page 1 of 3123
%d bloggers like this: