web analytics

Tag Archives: laks

Hummer og kanari

Helsestasjonhelvetet

Sjekk det fine grepet på blyanten dere!
Sjekk det fine grepet på blyanten dere!

– No må du vakne Tildibopp, sa eg når eg prøvde å riste liv i toåringen i dag tidleg. – No må vi stå opp, vi skal på Helsestasjonen og snakke med doktoren. – Eg ER frisk, svarte det lille monsteret, og freista å rulle seg saman til ein knøttliten ball for å sove ein halvtime til. Ho så ikkje nokon meining i å stå opp tidleg på ein torsdag i vinterferien, berre for å gå på helsestasjonen for å få vite det vi alle veit frå før. At nemnte Tildibopp er ei sunn og frisk lita kråke utan andre åpenbare skavanker enn at skravla går heile forbanna tida. Eg var i grunnen heilt einig med jentungen, eg skulle gjerne tatt ein halvtime til under dyna, men ein er jo ein slave under konvensjonane. Er ein kalt inn til toårskontroll, enten det no gjeld jentungen eller bilen, så møter ein opp. Sjølv om ein meinar det er bortkasta tid.

Helsestasjonen er ein plass der tida verkar å stå stille. Har nokon, nokon sinne, sett ein helsesøster som skundar seg? Eg veit sjølvsagt ikkje kva eg snakkar om, eg er jo berre innom ein gong no og ein gong då, men inntrykket mitt frå utsida er at helsestasjonen ikkje verkar å vere underlagt dei same krava til innsparingar og effektivitet som resten av helsevesenet. Der kan dei halde barselgrupper med småpludring om amming, gulping og babygrøt som aldri tek slutt. Medrekna måling, veiing og vaksinering er det ikkje uvanleg at ein slik seanse kan drege ut i to timar og vel så det, men ta det heilt med ro, det følest berre som eit halvt år. No har vel babyen og foreldra ganske god tid i den fasen der, og det kan sikkert vere bra med eit lågterskeltilbod der usikre unge mødre som gjekk på ein smell i russetida kan kome og sortere ut all den informasjonen som sleng rundt på nettets mange forum for nybakte mødre. Eg seier ikkje at det er heilt meiningslaust, og at helsestasjonane over det ganske land skal byggjast om til McDonalds-restaurantar. Slettes ikkje, eg foretrekk tross alt Burger King, men eg er litt nysgjerrig på om det finnes noke forskning på dette. Kor mykje helse får vi eigentleg att for dei pengane vi brukar på helsestasjonane? Kva er kost-nytte-effekten her? Kan vi få meir helse ut av pengane? Kan dei fordelast på ein annan måte? Kan vi være så snill å få pludre berre littegrann mindre?

Ta no denne toårskontrollen til jentungen. Her er det språk som er i fokus. Midt i ein travel kvardag med skule, barnehage og jobb skal ein finne tid til å gå på helsestasjonen slik at dei skal kunne sjå at språkutviklinga er omlag slik den skal vere. Det kunne jo ha vore vel og bra om ho var heimeverande til dagleg, men ho går altså i barnehage, der dei også har fokus på språket til ungane. Er det naudsynt å gjere dette dobbelt opp? Er helsesøster betre på språk enn ein førskolelærar som ser barnet kvar dag? Eg trur ikkje det. Eg lurar på. Kva får eigentleg helsesøster og lege med seg av barnets utviklingsnivå i løpet av eit slikt lite besøk på helsestasjonen? Når barnet er sjenert og ikkje vil seie noko uansett om du lokkar med juling eller soft-is. Har det nokon verdi i det heile? Kan ein ikkje overlate mykje av kartlegginga etter barseltida til barnehagene?

Og er det ikkje på tide å kvitte seg med det anakronistiske begrepet helesesøster forresten? Under ein halv prosent av jordmødre og helsesøstre er menn. Det må da vere fleire gode grunner til å øke den andelen, og ein kan godt starte med å gjere tittelen kjønnsnøytral.

Men nå har eg skrive denne spalten heilt ut på viddene. Det eg eigentleg hadde tenkt å snakke om i dag var at når eg fekk slitt toåringen laus frå senga og ut på helsestasjonen, fekk vi nok ein gong understreka kor viktig det er at barna får tran. Ikkje at det er noko galt med tran, det hender vi prøver å banke ein skje ned i gapet på ungane vi og, men effekten den gir er noko overvurdert i helsestasjonmiljøet. Dei seier at barna blir meir intelligente av det. Det er berre det at det finnes ikkje noko uavhengig forskning som underbyggjer dette. Ein undersøkelse frå ein ti års tid tilbake viste riktignok at der mor tok tran under svangerskapet, var barna smartare ved fireårsalderen. Men når ein testa dei same barna når dei var blitt syv var det ingen forskjell å spore. At barna blir smartare av å svelge unna skiten sjølv er enda dårligare underbygd. Koblinga mellom tran og intelligens er rett og slett høgst tvilsom, og helsesøster og lege bør slutte og mase om det. Dei bør heller oppfordre oss til å lære barna våre å spise fisk. Nokon skiver med laks i veka gjer om lag same nytta som ein skje med tran om dagen. Og smakar mykje betre.

At eg sjølv brukte over tredve år på å lære meg å spise anna fisk enn fiskebollar unnderstrekar berre at det er viktig å starte den jobben så tidleg som mogleg.

%d bloggers like this: