web analytics

Tag Archives: lucia

Hummer og kanari

Og så kom helgenen frem

Saint Lucy

Vi forbind dei mest med den katolske kyrkja, men dei fleste religionane har ein eller annan form for helgenar. Menneske som har levd et særlig heilag og gudfryktig liv, helst på en litt spesiell måte. I kristendommen er det strengt tatt slik at alle som har fått plass i himmelen er helgenar, men for dei fleste av oss er det nok litt uvisst kor vi hamnar etter døden. Dei vi kallar for helgener er på ein måte folk med garantert plass. Kristendommens VIP, alle vi andre reiser på standby. I den norske kyrkja ble helgenfokuset tona kraftig ned etter reformasjonen men vi har faktisk eit lite knippe norske helgenar også. Katolikkane nemner Olav, Sunniva, Hallvard, Eystein av Nidaros, Magnus Orknøyjarl, Torfinn av Hamar og Ragnvald Orknøyjarl som heilage. Dei har også tatt med Håkon V i det gode selskap sjølv om han eigentleg aldri vart kanonisert. I tillegg skriv Snorre at Harald Gille og Øystein Haraldsson blei æra som helgenar etter si død, men det var nok mest av di ein var redd for at dei ville gå igjen på jorda om dei ikkje slapp inn i himmelen. Spesielt heilage var dei i alle fall ikkje i si levetid.

Den einaste helgenen vi sett skikkelig pris på i Noreg står ikkje på lista. Det er fordi ho heiter Lucia, og ikkje er det minste norsk. Faktisk har ho so kort opphaldstid i Noreg at ho ikkje på noko vis kan kvalifisere som etnisk norsk. Lucia-feiringa gjorde sitt inntog på 1970-talet her i landet. Feiringa er importert frå Sverige, der den mest har form av ei landsomfattande missekåring, men Lucia sjølv, ho kjem opprinneleg frå Sicilia. Eller Syracuse då, om ein skal vere heilt nøyaktig. Sicilia er ein flott plass, Syracuse er ein fin by, og Lucia var sikkert eit grepa kvinnfolk, men det er litt uklart for meg kvifor det akkurat er ho vi markerer. Av alle dei over tusen helgenane i den katolske kyrkja har vi plukka ut eit kjei frå Middelhavet. Kvifor? Hvis vi først skal gjere stas på nokon frå Sicilia og Syracuse hadde det vel vore betre å feire Elide og maxi-taxien hans? Ikkje til forkleining for Lucia frå Syracuse, men uansett kva for slags prøvingar ho måtte gjennomgå kan det neppe måle seg med det Elide må tåle i julebordsesongen. Eg er dessuten sikker på at han, gjennom sine mange taxiturar på mørke og smale vestlandsvegar, har fått fleire folk til å be til Gud enn det ein gjennomsnittsprest klarar i si karriere. Nei, eg byttar gladeleg ut Lucia med Elide berre vi får behalde lussekattane.

Før Lucia gjorde sitt inntog med kvit kjortel og stearin i håret hadde vi ein litt anna variant her i landet. Natt til 13 desember var Lussi Langnatt. Den lengste dagen i året. Og den farlegaste. Ein magisk natt full av overtro og uhygge. Denne kvelden kunne dyra snakke, og mørkemaktene samla seg i stor flokk og dro rundt for å sjekke at folk var i rute til jul. Om ikkje alt var på stell kunne Lussi Langnatt bli skikkeleg sinna, og lage eit helsikes rabalder. Om lag som ein litt mildare utgåve av svigermor altså.

Denne natta var også den natta der det var størst sjanse for å treffe på Åsgårdsreia. Ein bande av horer, hyklarar og høgrefolk, dømt til å ri over jorda i all æve fordi dei ikkje har vore snille nok til å få innpass i himmelen, men heller ikkje fæle nok til å få plass i helvete. I spissen rir Guro Rysserova og selveste Sigurd Fåvnesbane, og sistnevnte har nå blitt så gammal at om det er noko han vil sjå må nokon hjelpe ham med å hekte opp augnelokka. Fleire gonger har dei feia med seg folk dei har funne langs vegen. Det seiest at om du då vil slippe fri att må du korse deg, og kanskje banne litt også, men då slipper de deg laus att. Helst nokre kilometer unna der dei fann deg. Då er det best å korse seg ein gong til, og håpe at ho der heime kjøper historia di.

Det er forresten ikkje heilt sant at Lucia er den einaste helgenen vi bryr oss om her i Noreg. Jolenissen starta jo også som helgen i sin tid. Han kom frå Myra, i Antalaya-provinsen i Tyrkia, og heitte Nikolas. Han var godt likt av alle, likte å gi gaver til dei som trengte ei handsrekning, og jobba seg opp frå prest til biskop og seinare helgen. Før han solgte sjela si til Coca Cola og dro til Nordpolen for å bli jolenisse. Om Sankt Nikolas var tyrker, eller om han eigentleg var greker, er ein disputt eg skal late ligge, men irske lokalhistorikarar meiner å vite at liket hans ligg under ein kyrkje i Kilkenny. Eg tek akkurat det med eit stort glas Guinness.

Uansett er det altså slik at den tradisjonsrike norske jola eigentleg er eit multikulturelt samansurium frå Sverige, Sicilia, Betlehem og Middelhavet. Og ho er fortsatt i endring. I barnehagen til mi yngste har dei ikkje pleid å gjere noko nummer av Lucia-dagen, men i år har dei fått ei svenske på avdelingen, så nå er det ikkje nokon veg utanom. Snart senker natta seg. God helg(ein).

%d bloggers like this: