web analytics

Tag Archives: mcnamara

Hummer og kanari

Krig

Brannbomber regner over Kobe
Photo by Recuerdos de Pandora

Det er sigerherrane som skriv historia, blir det sagt. I dokumentarfilmen Fog of War, gir Robert S. McNamara oss 11 leksjonar om krig. McNamara var forsvarsminister under Cuba-krisa og Vietnamkrigen på sekstitalet, men i 1945 jobba han med statistikk og analyse i Army Air Force. Han analyserte kor effektive dei amerikanske bombeflya var, og ble såleis ein viktig hjelpar for general Curtis LeMay i planlegginga av brannbombinga av Japan. Det var ein kampanje utan sidestykke i historia. 67 japanske byar vart bomba. Dei materielle skaden var enorme. Over halve Tokyo vart øydelagt. Millionar vart heimlause. Ein halv million døydde. Atombombene over Hiroshima og Nagasaki ikkje medrekna.

I Fog of War fortel McNamara om dette. Han fortel at General LeMay sjølv sa at om dei hadde tapt krigen, hadde dei blitt tiltalt for krigsforbrytelsar heile gjengen. Dei oppførde seg som krigsforbrytarar, seier McNamara, og inkluderer seg sjølv. Det dei gjorde ville blitt sett på som høgst umoralsk om dei hadde tapt krigen. Men dei vann krigen, og blei aldri verken dømd eller fordømd for det dei gjorde. Sigerherrane skreiv historia den gongen.

Men uttrykket er ein klisje. Det rette er kanskje heller at dei som vinn krigen har eit forsprang i historieskrivinga, men på eit tidspunkt kjem også den andre sida til å fortelje sine historier. I 1988 kom filmen Ildfluenes grav. Den viser oss korleis brannbombinga såg ut frå bakken. Vi blir kjent med fjorten år gamle Seita, og hans fire år gamle syster Setsuko. Når dei amerikanske bombeflya droppar si last over Kobe misser dei mor si til flammane. Far deira er i marinen, og svarer ikkje på breva Seita skriv. Åleine må dei freiste å overleve på det dei klarar å skrape saman, i eit Japan på randa av samanbrot. Det er ikkje hjelp å få. Ikkje hos tanta deira, som byter bort mora deiras kimonoar for ris, og tek mesteparten sjølv. Ikkje hos bonden, som ikkje har meir mat enn han treng sjølv. Ikkje hos lækjaren som slår fast at Setsuko ikkje treng medisin, men mat, men ikkje har noko å gje. Det er ein av dei vakraste filmane eg veit om, men også ein av dei tristaste. Eg kjempar med klumpen i halsen kvar gong eg ser eit bilete av Seita og Setsuko. Eg gret når eg ser filmen. Eg såg den for tredje gong sist tysdag, og det blir berre verre og verre for kvar gong.

Det har blitt sagt at Ildfluenes grav kanskje er den beste anti-krigsfilmen som er laga. Eg er ikkje sikker. Det er ein film som viser krigens konsekvensar, utan å ty til melodrama eller sentimentalitet. Men den drøftar ikkje krig. Den rasar ikkje med hytta neve mot den onde fienden. Den fortel berre ei historie. Det er ei historie alle bør kjenne til, men det er ikkje heile historien. Det er mogleg å gråte over Seita og Setsukos skjebne, og likevel meine at det var naudsynt å bombe Japan i filler. For sanninga er også at Japan på den tida var eit brutalt og aggressivt militærstyre med fascistisk karakter. Det held å lese seg litt opp på kva dei gjorde med kinesarane i Nanking for å skjøne at Japan måtte stoppast. General Curtis LeMays strategi var å drepe så mange som skulle til for å tvinge fram kapitulasjon. Ein kan kritisere verkemiddelet. Ein kan meine, slik eg også gjer, at det var eit enorm krigsbrotsverk. Men han fekk jobben gjort.

No har regjeringa sagt ja til å sende 120 soldatar til Irak for å helpe til med å bekjempe IS. Eg veit ikkje kva eg synest om det. Eg er einig i at dei brutale jihadistane må knusast. Eg er sterkt i tvil om vi har ein strategi som gjer det mogleg. McNamaras leksjonar om krig er gyldige. Kva du trur og kva du ser, er ofte feil. Ha empati med fienden. For å gjere godt må ein kunne gjere vondt. Drep så mange som må til, men heller ikkje fleire. Ikkje tru at fornuft vil redde deg. Det er ikkje berre ein historietime, dette er dagsaktuelt. Eg grip meg i å tenke at dei som no sender våre soldatar ut i krig bør sjå Fog of War. Men dei bør sjå Ildfluenes grav først.

%d bloggers like this: