web analytics

Tag Archives: melodi grand prix

Hummer og kanari

Melodi Pommes Frites

Lørdagens spalte i Firdaposten, nå også på bloggen. Er det fortsatt noen som husker at det var delfinale i MGP i Florø for en drøy uke siden?

Pommes Frites

So er det endeleg over. Melodi Grand Prix-sirkuset har pakka saman alt sitt pikk og pakk, og drege frå kystbyen for godt. Dei kjem aldri tilbake, og godt er det. Eg trur sjølv dei største entusiastane kan vere med på at tre år var akkurat passe, og at fire år ville ha vore alt for mykje av det gode. Som dei fleste vel er kjent med er ikkje eg blant dei største entusiastane, eg ville vel ha sagt det litt krassare enn som so. Men gjort er gjort, og spist er spist, som en viss lur rev ein gong uttalte. Lat oss no la alt surpomperiet ligge ein liten stund. Lat oss gløyme at båe fylke og kommune, som ellers er mest opptatt av å kutte kostnadar, betalte hundretusener av kroner for eit par minuttar fjord og fjell på TV i beste sendetid. Kven er vel eg til å felle nokon dom over at andre sparar på skillingen og let dalaren gå? Lat oss gløyme kor pinleg det er med alle ordførarane med nypussa bling, sitjande på første benk og sole seg i glansen. Meir smørblide andlete har ein ikkje sett sidan gamle-rådmannen blei krona til negerkonge i Malawi. Ja lat oss gløyme det der fortast mogleg. Nå! vekk med det. Har ikkje sett dei, det var berre ein draum!

Eg får flashback til OL på Lillehammer. Den forferdelege patriotismen, blanda med ein god dose god gammaldags husmannsånd. Den ganske usympatiske blandinga av stolthet over alt vi klarar å få til her i det vakre flotte landet vårt, samtidig som vi står med lua i handa og plirande augo og berre døyr etter å høyre nokon seie kor flinke vi er. Høyrde dere det, Samaranch sa at Lillehammer var “The Best Games Ever”!  Og det sa han jo, akkurat som alle artistane skrøyt av publikum sist laurdag, det er berre det at Samaranch sa det der med dei beste leikane nokonsinne so mange gonger at det ikkje lenger hadde nokon verdi. Han sa det nesten kvar einaste gong! Akkurat som alle artistane sist laurdag hadde vore akkurat like imponert om dei hadde opptrådt i Larvik, i Bodø, eller, måtte gudane forby, i Førde.

Florø er ein fin by, det er fint med litt entusiasme og hurra meg rundt, men det er ingen grunn til å oppføre seg som bikkjer med labben i veret siklande etter ein godbit berre fordi vi er på TV i fem minutt. Og patriotisme kan bikke over og bli ubehageleg. Som når nokon skreiv i ein av disse “du veit du er frå…” gruppene som eg følgjer på Facebook at når du tok deg godt av deg og dine, da er du frå den lille bygda som eg vaks opp i. Som om det var noko heilt spesielt som ein berre dreiv med der. Eg måtte gøyme hovudet i hendane ein liten stund der.

Men gjort er gjort, helt er hylt, og no gjeld det å se fremover. Sjølvsagt har Melodi Grand Prix hatt ein heil del positive ringverknadar for Florø-samfunnet. Dugnad bygger samhald. Kompetanse har blitt bygget. Penger har blitt brukt. Bengt og Sander Ødelien med fleire gikk i vatnet. MGP Lokal har vore flotte greier. Storhallen har blitt rusta opp. Når historia om Flora i nyare tid skal skrivast vil dei tre åra med Melodi Grand Prix få eit par linjer, og stort sett bli hugsa som ein happening som var positiv for byen vår. At resten av verda ikkje bryr seg det minste forandrar ikkje noko på det.

Eg sendte eit spørsmål ut i Twitter-natta. Kva har vi lært av tre år med Melodi Grand Prix i Florø? Vel, det var visst ikkje så mykje. Vi har ikkje lært nokon nye sangar, i kvart fall kan ikkje eg nynne så mykje som ein strofe av nokon av bidraga. Sjølv ikkje av Tooji sin, enda den vant den norske finalen. Nokon meinte vi hadde lært korleis vi skulle gå i minus kvar gong. Andre meinte vi hadde lært at folket trenger brød og sirkus. Da passa det bra at byen endeleg fekk sitt eiga bakeri, samtidig som den tredje delfinalen gjekk av stabelen. Kunne det vere ein samanheng? I så fall var det verdt all den fæle musikken. Ein klok sjel meinte at det var med Melodi Grand Prix som med fotball og kongelege. Sjølv om ein ikkje var interessert i faenskapet var det umogleg å ikkje få det med seg. Berre ein slapp å bruke tid og pengar på det var det ikkje så farleg. Melodi Grand Prix er omtrent som fast food. Som burger med pommes frites. Sjelden nokon kulinarisk nytelse, men det fyller eit hol der og då.

Men no er gatekjøkenet stengt. No får andre levere dei tomme kaloriene og den feite maten. Spørsmålet er kva vi skal finne på her i Florø nå. Korleis kan vi toppe Melodi Grand Prix?

Eg foreslår at vi søker om å få arrangere dei olympiske leikane. Eg kjenner meg viss på at det ville ha blitt dei beste leikane nokonsinne.

Hummer og kanari

Løyver 400 000 til loppesirkus

Vil samle både barn, unge og opp til besteforeldre og gi samhold i kommunen og forene innbyggerene på tvers av generasjoner. NDL kan blant annet bidra til at vi klarer å gjøre nazihilsenen ordentlig neste gang NRK er på besøk, sier en representant for formannskapet som vil være anonym.

Hummer og kanari

Trodde på gåsehud, fikk Fjøra

Hummer og kanari

Verdas beste laurdag

 

MGP-sirkuset har landet i Høljebyen, noe man kan se av de enorme mengdene med kokain som denne gjengen strødde over byen ankomstdagen. Og sånt ønsker man altså velkommen!

Førre helg var eg på seminar i hovudstaden. Eg fekk med meg nokre foredrag frå folk som har gjort seg til vinnarar på å fortelja andre folk korleis dei kan bli like suksessrike som dei sjølv. Høgdepunktet var ein svensk basketballcoach som visstnok skulle vera ein legendarisk kar med ein heil rekke svenske meisterskap på merittlista. Bengt Wiström het karen, og han lærte oss at det var verdas beste laurdag, berre vi ville det sjølv. Det gjaldt også å gi 100 prosent heile tida, ikkje høyre på den litle røysta, og framfor alt: Hald deg unna dei raude folka. Dei raude folka er negative og sure. Dei spreier negativ energi. Dei gule folka er redde for dei, og dei grøne folka flyktar frå dei. Vil du bli ein vinnar må du sky dei raude folka som pesten.

Vil du bli ein vinnar må du altså slutte å lese akkurat nå, for eg er nett ein slik raud person som  Wiström åtvara mot. Eg er sur og grinete, eg spreiar negativ energi, og eg er stolt av det. Heller raud enn daud. Eg ber difor alle dei som måtte føle seg vinnande vellykka vere så snille å bla vidare, legge frå dykk avisa, ta ein joggetur, oppdater Facebook om den kaken du har i omnen, vask bilen, gå tur med hunden, køyr ungane i speidaren. Sett på ein plate med Bernhoft. Gjer noko anna. I dag er dette ein spalte for oss sure grinebitarar som gjer faen.  Oss som aldri blir innvigd i dei innvigdes gjeng. Dei luktar oss på avstand, vi er verdiløse menn. Og damer. Damer kan også vere sure og grinete, og det seier eg eit rungande ja til. Våg å la vere å smile jenter, det kjennes bra!

Sånn. Nå blei det litt meir leveleg her. Wiström kan seie at det er verdas beste laurdag så mykje han vil, men den går vi ikkje på. Det er Melodi Grand Prix i Florø i dag. Ein tung dag for alle oss surpompar. Ein ting er at konkurransen ikkje er noko å bli oppglødd av, verre er det at no som Florø er med og arrangerar delfinale er det ikkje lov å kritisere skiten heller. Føyr om åra, når Florø ikkje var direkte involvert i sirkuset, var det heilt greitt å meine at musikken for ein stor del stinkar roten fisk. At det berre er glam og glitter utan innhald. Det går ikkje lenger. Da er ein berre avundsjuk. Likar man ikkje musikken er man ein snobb. Likar man ikkje Marte Stokstad er man homoseksuell. Likar man ikkje Per Sundnes er man homofob. Likar man ikkje at politikarane brukar offentlege kroner på eit fesjå som MGP er man ein festbrems, og kva med alt det andre vaset politikarane kaster skattekronene våre etter, hæ? Hæ?! HÆ!?!  Vel, eg bryr meg ikkje om kor pengane kjem frå. Offentlege eller private, same for meg. Eg skjønar bare ikkje at nokon vil bruke dei på å arrangere eit underhaldningsprogram for NRK. Ein proff produksjon, ja visst, ein heidundrande fest, sikkert, men kunstnarisk verdi? Liten. Melodi Grand Prix er tomme kaloriar. Fin innpakning, men julegåva ser ut som den er kjøpt på Nille. Har nokon sett noko til Babel Fish sidan dei vann delfinalen i Florø i fjor? Høyrt på låta? Eg tenkte meg det. Eg meiner det blir litt som å vere motstandar av Holocaust, men så bli veldig ivrig når man får ein moglegheit til å bygge stor konsentrasjonsleir i kommunen. Tenk på ringvirkningane da! På gleda vi skaper (blant jødehatarane). Arbeidsplassane! Turistane! Kom igjen nå, ikkje ver slik ein raud person, slut å spreia all den negative energien, bli med på vinnarlaget du og! Det er jo verdas beste laurdag, er det ikkje?!?

Nei det er ikkje det veit du. Verdas beste laurdag var den dagen eg trefte sambuaren min, sida har det gått litt opp og ned, og sjølv om Håvard Lothe skulle gå hen og vinne i kveld, vil det ikkje gjere dette til meir enn ein litt middels laurdag i februar. For meg da. Kan hende Lothen vil kjenne det litt annleis, kva veit eg. Eg er uansett ikkje dårlegare patriot enn at eg ynskjer ham lykke til, og om han vil vinne har han altså fått oppskrifta av meg her. Gje hundre prosent. Gå for gull. Vinn du ikkje er det di eiga feil, for da vil du det ikkje nok. Spis grønsakane dine. Ver forsiktig med alkohol, sigarettar og lausaktige kvinnfolk. Ikkje leik med paraplyar, for da kan du få ein spile i auget og bli blind, og ingen blinde har nokon gong vunne Melodi Grand Prix. Ikkje bad rett etter at du har spist. Ikkje gå ut med vått hår. Hugs teksten, sjå bra ut, og altså viktigast. Bli kvitt dei raude folka.

Det kan heller ikkje skade å stikke nokon hundrelappar i baklomma til Per Sundnes heller, som ein ekstra tryggleik?

Hummer og kanari

Fenomenalt fjollete post om MGP uten verken poeng eller konklusjon

Opening sequence for Norwegian Eurovision 2011 – Florø from Håvar Karlsen on Vimeo.

Ålreit så var det kjekt å se bilder fra Høljebyen under lørdagens Melodi Grand Prix-finale. Og det var selvfølgelig et profesjonelt opplegg, sikkert bra TV, og lokalbefolkningen må gjerne sole seg i glansen av alle som skrøt av byen og fylket i forbindelse med arrangementet.

Men musikken var da minst like forferdelig som den pleier å være i MGP?

Så kan man diskutere om programmet egentlig har noen markedsmessig verdi, jeg heller nok til Ingebrigt Steen Jensens side der når han hevder at verdien er lik null, men det får vi vel egentlig aldri noe klart svar på. I den grad delfinalen betyr noe som helst så er det antagelig begrenset til oss som bor her i denne byen. Eventuelt i fylket da, men selv da er jeg redd vi begynner å tøye strikken. Det er sikkert mange som var litt ekstra stolte av Høljebyen lørdag kveld, litt mer glad i både byen og naboene sine kanskje?

Så det er sikkert fint om det blir ny delfinale i Høljebyen neste år, men bør fylkeskommunen og Flora kommune stille med midler da også?

Se det kunne vært en ganske interessant debatt. Fylkeskommunen bidro med 900 000 kroner i år, Flora kommune stilte vel med 300 000 om jeg ikke husker feil. Og i etterdønningene av MGP-festen så er alle enige om at dette var verdt hver krone.

Samtidig så må kultursektoren i kommunen, der jeg altså har en liten deltidsjobb, i den nærmeste tiden finne ut hvor den skal spare inn en halv million kroner i 2011.  De siste par ukene har Firdaposten hatt fokus på biblioteket, som har et utlån som ligger langt under nabokommunene. Noe som antagelig kan forklares med at de også har brukt langt mindre penger på å kjøpe inn nye bøker enn nabokommunene de siste årene.

Så er det vel så da, at pengene til MGP ikke ble tatt fra driften, og at det dermed blir litt feil å sette dette opp mot hverandre. Mulig det.

Uansett burde det være en interessant diskusjon om kommune og fylkeskommune bør bruke penger på slikt som MGP. Dessverre nytter det ikke å håpe på at lokalpressen er med og bidrar til den diskusjonen. Der har man allerede konkludert. I går ble festen hyllet på lederplass i Firdaposten som en skikkelig vitamininnsprøytning i vinterdvalen, At oppskrytte Anne Rimmen forteller at Sogn og Fjordane er kåret til landets flotteste reisemål er informasjon av høy markedsmessig verdi.

Og det kan man jo mene, men her er lokalavisa part i saken, de er nemlig sponsorer og stilte mannssterke med to journalister på jobb og sju-åtte stykker på sponsorkjøpte billetter blant publikum. Det skulle tatt seg ut om sponsoren brukte tid og krefter på å stille spørsmål ved arrangementet de selv sponser?

Nei, skal det bli en debatt om dette må vi vel lage den selv. Men det gidder vi ikke. Voi voi!

Page 1 of 212
%d bloggers like this: