web analytics

Tag Archives: minecraft

Hummer og kanari

Min indre ponni

prinsesse

Agnar Mykle skreiv ei novelle om ein gut som ønskjer seg ei hytte oppe under taket, og ein taustige han kan klatre opp til hytta i. Han spør far sin om hjelp, og faren hiv seg over prosjektet med liv og lyst. Han ser trehytta og taustigen som ein måte å gjenoppleve sin eigen barndom. Finne tilbake til den han ein gong var, før alt blei så vanskeleg. Han trur arbeidet med hytta og taustigen vil knyte sterkare band til sonen. Men i arbeidet med hytta skubbar han i staden sonen bort. Når hytta er ferdig klatrar sonen opp stigen, inn i hytta, og let døra igjen bak seg. Han vil vere åleine. Det er ingen plass for faren i sonens magiske rike. Har ein lagt barndommen bak seg, er det ingen veg tilbake. Ein kjem ikkje inn. Distansen er for stor. Eg gjettar på at alle foreldre kjenner på dette ein gong i blant.

Sjølv bur eg saman med to små menneske som mor deira hevdar er mine. Det er hyggeleg, det. Eg prøver å følgje litt med på kva dei er opptekne av. Når gutungen gav uttrykk for at Minecraft var noko han og kompisane var opptekne av, prøvde eg å sette meg litt inn i kva det gjekk i. Eg lasta ned spelet på PC’en, logga meg på ei verd, og bygde meg eit hus. Eg tenkte at om eg lærte meg spelet først, så kunne eg hjelpe sonen min med å meistre det etterpå. Det gjekk ikkje slik. Det gjekk to, kanskje tre dager, før den frekke slasken kunne mykje meir enn meg. No har han lært seg at om det er noko han lurer på får han betre svar om han spør YouTube enn om han spør meg. Fingrane dansar over tastaturet, PC’en min er teken i forvaring. Han snakkar om Minecraft frå morgon til kveld, og eg skjønar ikkje ein brøkdel av kva det er for noko alt saman. Herobrine, Slenderman, Ender Dragon, Zombies, Creepers og Villagers. Blablabla. Det er ei verd eg ikkje får innpass i. Ikkje av di han ikkje vil ha meg med, det vil han gjerne, men eg har ikkje sjangs. Eg heng ikkje med. Eg er gamal. Avlegs. Eg klarar berre ikkje. Hytta er ferdig, døra er lukka, og stigen er dregen opp. Heldigvis har eg fortsatt jentungen på snart fire. Hennar favoritt er seks søte ponniar som held til i landet Equestria. My Little Pony heiter serien, og om vi ikkje jagar ho vekk frå skjermen, kan jentungen sitje i timevis og sjå på dette. Eg tilstår at eg ikkje gjekk inn i ponniverda med same entusiasme som med Minecraft. Små ponniar med moral og bodskap om å vere venner, tolerante, og snille med kvarandre. Kva er er morosamt med det? Eg var skeptisk. Dette var skvip for småjenter, ikkje noko for vaksne menn. Så feil kan ein ta.

Det viser seg at verda er full av vaksne menn som likar My Little Pony. Bronies kallar dei seg. Brothers who love Ponies. Av og til kler dei seg ut som sin favorittponny, og dreg på ponniseminar. Bronycon, eller kva dei nå kallar det. Dette har blitt ein rimeleg stor greie, med tusenvis av deltakarar som elskar dei små hestane med dei store augene. Ja, eg veit kva de tenkjer. At disse folka. Menn. Som elskar My Little Pony. Dei må vere nerdar av verste sort. Sosialt tilbakeståande som aldri kjem til å få ligge med nokon. Om dei ikkje er homoar, då. Ja, kanskje er dei til og med perverse avvikarar heile gjengen? Etter å ha sett dokumentarfilmen om Bronies, veit eg at det ikkje berre er slik. Det er nok ein stor andel av broniane som aldri fekk sitje ved bordet til dei mest populære på High School, og du har den noko uglesette undergruppa Cloppers, som blir kåte, og masturberer til My Little Pony. Ikkje google det! Men clopperane blir ignorert av dei andre broniane, og det er ikkje mange av dei. Dei fleste vaksne som har lagt si elsk på My Little Pony er heilt normale menneske.

Etter å ha blitt tvangsfora med ponni morgon til kveld, er eg i ferd med å bli ein av dei. Og kvifor ikkje? Er det noko verda treng er det kjærleik og toleranse. Eg har omfamna min indre ponni. Taustigen heng der. Døra til hytta står fortsatt på gløtt. Det går nok ei stund før eg kler meg som Fluttershy og går på Bua, men eg og jentungen tek gjerne ein episode eller to for å lande etter jobb og barnehage. Ikkje forstyrr!

 

Hummer og kanari

Samtaler med Hagbarth 18: Buddhisme i Minecraft-edition

LEGO Minecraft Zombie Villager David Pickett via Compfight

– Pappa. Buddhistene tar helt feil!

– Jaha? Hvordan da mener du?

– For de sier at om man tenker fine tanker, så skjer det bra ting, og sånn er det ikke.

–  Er det ikke?

– Nei, for på Minecraft tenkte jeg at jeg skulle bygge et fengsel av TNT rundt zombien, og det er jo en fin tanke, men så sprengte TNTen, og ødela Enderman-statuen som jeg hadde brukt flere timer på å lage, og det var ikke en bra ting!

– Nei, det var jo litt dumt.

– Der ser du. De tar feil!

%d bloggers like this: