web analytics

Tag Archives: nashville

Hummer og kanari

Hjorthens julekalender: Luke 2 – Making Ghosts

Ja, vi kårer altså årets 24 beste plater i en julekalender på Hjorthebloggen i år. Vi begynte med Don Henleys Cass County på 24 plass, i luke 1. I dag er det klart for luke 2 og årets 23 beste plate.

greatpeacock-main-stream

Denne gjengen har du kanskje ikke sett før? Eller hørt? Eller hørt om? De kaller seg for Great Peacock, og de debuterte i år med albumet Making Ghosts. Men se på den gjengen her da. Se på godguttene. Er det noen av dem du IKKE får lyst til å banke opp bare ved å se på dem? Jeg anbefaler at du heller henter opp plata på Spotify og hører på dem. Dette er et band som bør høres, ikke sees, og det hjelper ikke at en av gutta ALLTID går med poncho.

Skjønt egentlig, spiller du Making Ghosts et par tre ganger på rad kan det hende du får lyst til å banke dem opp likevel.

Det er Andrew Nelson og Blount Floyd som er bandets frontfigurer og grunnleggere. Nashvillegutter. De spilte begge i et annet band, litt mer i den tyngre delen av musikken. Noe hardtslående gittarbluesbuggirock-greier, ikke akkurat black metal. Men de brøt ut og starta sin egen greie, altså Great Peacock, og ingen skal beskylde det bandet for å være spesielt hardtslående altså. Bare så det er sagt. Great Peacock er popmusikk snekra sammen med country/folk-verktøykasse. Strømmende akustiske gitarer og vokaler i harmoni.

Det er feiende flott. Lett å la seg rive med. Det er en imponerende debutplate, full av catchy låter det er lett å synge med på. Produksjonen er luftig og fin. Kan vi kalle det et fattigmanns-Jayhawks kanskje? Eller er Poco en bedre sammenligning? Det er vestkyst. LA Country. Dere skjønner hva jeg mener.

Problemet med Making Ghosts er at det er en plate som er helt uten skarpe kanter. Den er omtrent som å spise seigmenn. Du sluker et par stykker, og det var så godt at nå vil ha mer. Du klarer ikke å stoppe. Før du vet ordet av det har du spist hele posen, eller spilt plata noen ganger på rad, og da begynner du å kjenne at dette egentlig var litt mye å spise på en gang. Og du kjenner at hvis du må høre på Broken Hearted Fool en eneste gang til kommer du til å slå til noen.

Making Ghosts er altså en fin plate, den er jo årets 23 beste, men den bør nytes med forsiktighet. Det er lett å forspise seg.

Hummer og kanari

Det flytande horehuset frå Nashville

unnamed
Kaia i Nashville, fotografert like etter borgarkrigen. Her kasta «Idahoe» loss i 1863

 

I 1860 skal det ha vore 207 prostituerte kvinner i Nashville. Om ein skal tru på den offisielle folketelninga. Ni av dei var klassifiserte som mulattar. Resten var kvite i huda. Dette er kunnskap du aldri kjem til å få bruk for, men det kan vere gøy å vite likevel.

I 1861 braut den amerikanske borgarkrigen laus. Tennessee var den siste staten som slutta seg til sørstatane. Nashville blei den fyrste statshovudstaden som fall, og vart overteken av dei nordamerikanske styrkane. Byen vart fort ein plass der soldatane fekk lov til å ta seg ein permisjon, medan dei venta på å bli sende ut til fronten igjen. Folk stima til byen. Krigsprofitørar, bønder og andre som fann ut at byen var ein tryggare plass å vere enn landsbygda medan krigen rasa. Og prostituerte. I 1862 hadde talet på prostituerte i byen stige til 1500, og dei hadde meir enn nok å gjere. Soldatane var langt heimanfrå, og kva anna skulle dei bruke pengane på enn lause kvinner, sprit og kortspel?
Generalane var ikkje glade for situasjonen. Det florerte med kjønnssjukdommar. Syfilis og gonoré var utbreitt. Minst 8,2 prosent av soldatane drog på seg ein av delane innan krigen var over, fleire i dei garnisonane som heldt til i nærleiken av byar som Nashville. Til samanlikning var det 17,5 prosent av soldatane som vart skada i kamp. Det var nesten like farleg å ha perm som å vere ved fronten. Hæren trengde alle soldatane «fit for fight». Dei kunne ikkje risikere at ti prosent eller meir vart liggande på lasarettet med syfilis. Men kva skulle dei gjere? Dei kunne kanskje nekte soldatane å ha seksuell omgang når dei hadde permisjon, men ville soldatane høyre på det øyret? Kanskje ville det vere enklare å få jaga dei prostituerte frå byen?
Ordren kom i juli 1863. Alle Nashvilles prostituerte skulle samlast saman, og sendast til Louisville. Det var lettare sagt enn gjort. Finne dei var ikkje så vanskeleg, men korleis skulle dei få frakta dei ut av byen? Svaret vart eit luksuriøst dampskip ved namnet Idahoe. Myndigheitene tok beslag i skipet, stappa det fullt med 111 av dei mest kjende og berykta prostituerte i Nashville, og gav dei og mannskapet på tre akkurat nok rasjonar til at dei skulle kunne komme seg til Louisville. Etter det var dei på eiga hand.

Det viste seg å vere ein dårleg plan. Ein sak var det at når dei kvite prostituerte kvinnene vart jaga frå byen, opna det seg ei luke for dei farga kvinnene i staden. Ein løyste ikkje problemet, men ein hadde lukkast i å skape eit nytt. Idahoe brukte ei veke på reisa mellom Nashville og Louisville. Meir enn nok tid for historia om dei forviste kvinnene til å komme fram før dei. Når skipet kom til Louisville vart det nekta å legge til kai, men fekk i staden ordre om å fortsette vidare til Cincinnati. Det gjekk ikkje betre der. Dei måtte legge seg på andre sida av elva, i Kentucky, men fekk ikkje gå i land. Nokre freista å symje i land, andre å sjarmere sørstatssoldatane til å hjelpe dei å flykte. På heile turen heldt dei fram dei å tilby sine tenester til dei som hadde pengar å avsjå. Skipet returnerte til Louisville, der dei nok ein gong vart nekta å legge til. Men det gjekk rykte om at Washington hadde trekt tilbake ordren om at alle prostituerte i Nashville skulle forvisast. Kapteinen på skuta sette kursen tilbake til Tennessees hovudstad, og her viste det seg at rykta var sanne. Idahoes passasjerar fekk gå i land att, og reisa var over for det flytande horehuset.
I Nashville la generalane ei ny strategi. Dei legaliserte og lisensierte prostitusjonen. For å jobbe som prostituert trengde du no ei godkjenning. Den kosta fem dollar, og innebar også ukentlege undersøkingar av ein lege godkjend av hæren. Dei måtte betale 50 cent for den tenesta, men om dei fekk ein kjønnssjukdom fekk dei komme til eit sjukehus oppretta berre for dette formålet, der dei fekk medisinar og opphald gratis. Om ein dreiv som prostituert utan lisens, eller ikkje møtte opp til dei ukentlege undersøkingane, risikerte ein 30 dagar i fengsel. Ordninga var ein kjempesuksess. Hæren blei kvitt problemet med syfilis og gonore. Kvinnene var nøgd, og systemet viste seg å vere sjølvfinansierande.

Den einaste som ikkje var glad var eigaren og kapteinen på Idahoe. Den ein gong så luksuriøse båten var ramponert innvendig, og båtens rykte var øydelagt. Han fekk krangla til seg ein kompensasjon på 6000 dollar, og så selde han båten. Den gjekk ned på Washita-elva i 1869. Då var borgarkrigen for lengst slutt, og med den også det fyrste eksperimentet med legalisert prostitusjon i USA.

%d bloggers like this: