web analytics

Tag Archives: neger

Hummer og kanari

Tatergutar og negerkonger

hjorthene
Her er Hjorth Johansen-familien for hundre år siden. Om enn ikke helt komplett. Det mangler en sønn tror jeg. Uansett: Grandonkel Trygve er nummer to fra høyre, bakerst. Min bestefar er etter hva jeg har blitt fortalt helt til høyre.

Eg tilgir deg om du ikkje har høyrt om min grandonkel Trygve. Rett nok var han ein gong ein prislønt barnebokforfattar, men det er lenge sidan. Fyren har vore død sidan 1959, og hadde det ikkje vore for at vi hadde nokre av bøkane hans i hylla når eg var liten, hadde nok ikkje eg heller visst kven han var. Men eg var frykteleg stolt over å ha ein ekte forfattar i slekta, og eg likte bøkene hans også. Dei var spennande som berre det når eg las dei på syttitalet. Tidlegare i år oppdaga eg at fleire av bøkane hans var skanna inn i Nasjonalbibliotekets Bokhylla-prosjekt, og dermed fullt moglege å lese fullstendig gratis på nett. Gutungen og eg gav oss i kast med den boka eg hugsa best frå min barndom: Panterfolk og Gråbein. Det er eit relativt ramsalt brygg, med tjuveri, knivstikking, giftblanding og mord. Hovudpersonane er driftige norske gutekvalpar, alltid klar for spenning og nevekamp, men i ein viktig birolle møter vi taterguten Kashmir. Ein karakter som grandonkelen min skulle bruke igjen, som hovudperson i det som skal vere dei beste og mest anerkjende bøkene hans; Kashmir, og Høk over Høk. Begge to kom ut i 1930.

Ja, eg skreiv taterguten, sjølv om tater vel er ei nedlatande nemning som helst ikkje skal brukast lenger. Litt det same som neger, altså. Det er også er eit negativt lada ord, som no skal fjernast frå dei gamle filmane og TV-seriane om Pippi Langstrømpe når dei visast i framtida. Pappaen til Pippi skal ikkje lenger vere sjølvaste negerkongen. No skal han vere sjøkaptein, pirat, eller i parkeringsbransjen. Noko litt mindre rasistisk. Dette har det sjølvsagt vorte ein hissig debatt ut av, både i Norge og i Sverige. Skal vi ikkje ha lov til å kalle svartingane for negrar heller no? Kva er det for eit politisk korrekt helvete vi bur i? Toler dei ikkje såpass får dei hoppe på bananbåten og pelle seg heim att.

Når grandonkel Trygve skreiv om Kashmir i mellomkrigstida var han relativt progressiv. Kashmir var jo helten, sjølv om han var tater, eller splint då, som det vel heiter her på Vestlandet. Han er ein fin fyr. Likevel må det seiast. Blir du støtt av Astrid Lindgrens negerkonge bør du ligge unna Panterfolk og Gråbein. Taterfolket er i beste fall karikerte. I verste fall er boka beint fram rasistisk. Vi skal kanskje vere glade for at bøkene lever sine liv, støva ned i bokmagasin og antikvariat. Dei blir ikkje lesne lenger. Dei er ikkje folkekjære som Lindgrens karakterar. Dei er ikkje filmatiserte. Vi treng ikkje ta nokon kamp om korvidt taterguten Kashmir skal moderniserast, sensurerast, eller berre kasserast. Det hadde blitt ein vanskeleg jobb. Mykje verre enn hos Lindgren. Kanskje hadde det beint fram vore umogleg.

Astrid Lindgren angra på at ho gjorde pappaen til Pippi til negerkonge. Eg veit ikkje om Trygve angra på noko av det han skreiv. Uansett var han vel berre eit produkt av si tid. Eg synest boka vi las var eit fint tidsbilde frå ei anna tid. Eg må innrømme at eg ikkje heldt lange foredrag for gutungen om korleis vi alle er forskjellige utanpå, men ganske like inni oss etter kvart kapittel. Han stussa litt på nokre passasjer, og då måtte eg forklare litt, men elles handla det mest om å skunde på for å sjå korleis det gjekk med skurkane til slutt. Eg trur likevel ikkje han tok nokon skade av det. Eg trur ikkje han no ser på taterar med nye og hatefulle auge. Det gjekk bra, eg trur ikkje han blei rasist av boka. Om han lærte noko som helst var det vel at tida går, at ting endrar seg, at kniv også kan heite hølkus, og at det finst noko som heiter morse.

Eg er ein pragmatikar. Det einaste eg meiner rimeleg sterkt er at folk må roe seg kraftig ned. Dersom folk flest kan la vere å gå aktivt inn for å støyte nokon hadde det vore fint. Dersom folk også kunne la vere å skrike opp om krenkingar der det er rimeleg tydeleg at det ikkje ligg føre nokon intensjon om å såre – då er vi på veg mot noko bra. Astrid Lindgren ville sjølvsagt ikkje støyte nokon med pappaen til Pippi. Kva Trygve meinte om romfolket anar vi ikkje, men han gir i det minste eit bra bilde på korleis hans samtid såg på dei. Det skal vi passe oss for å feie under teppet.

Kashmir vil nok halde fram med å støve ned i mørke kjellarar, men Pippi vil vere med oss i mange år til. Nye adapsjonar av originalmaterialet kan godt kvitte seg med negerkongen. Dei originale bøkane og filmane, bør få vere slik dei er. Såpass respekt for originale åndsverk må vi ha. Er dei for støytande får ein heller la vere å lese/vise dei, eller i det minste syte for at dei som skal lese/sjå dei får sett negerkongen inn i ein kontekst. Verre er det ikkje.

%d bloggers like this: