web analytics

Tag Archives: nynorsk

Hummer og kanari

Mundus vult decipi

abraham-lincoln-quote

Nynorskens far, den kjende språkforskaren og diktaren, Ivar Aasen ga i 1856 ut ei bok som han kalte for Norske Ordsprog. Munnhell frå heile landet samla mellom to stive permar. Tanken var å vise fram visdommen hos folkedjupet. Auke vørdnaden for allmugen, som Wikipedia så vakkert skriv det. I boka finn ein fine ordtak som «Den som segjer A, fær og segja B», «Klenasta Bøkerna hava lengste namni», og ikkje minst «Ein lyt stundom spyrka Øyrom meir enn Augom». Det var i denne boka det først vart satt på trykk, ordtaket «Sanningi syner seg ikkje alltid, sjølv om nokon har satt eit sitat oppå eit bilete, og posta det på internett. Når sanninga kjem fram fær lygni skam».

Det er sparsomt med informasjon om kor i landet Ivar Aasen snappa opp akkurat dette ordtaket. Kanskje var det noko han fann på sjølv, men det som er interessant er at denne boka kom ut i 1856. Fleire år før den amerikanske presidenten Abraham Lincoln skal ha sagt at problemet med sitat på internett er at ein aldri kan vite om dei faktisk er sanne. Dette i følge eit bilde eg såg på internett, der nokon hadde klistra på eit sitat. Årstalet var 1864, og Ivar Aasen var altså først ute med å åtvare mot kor lett det er å la seg lure av ting ein les på Facebook. Ganske imponerande av ein sjølvlært kar frå fattigste sida av Ørsta, med lite anna utdanning enn livets harde skule.

Eg trur kanskje folk var klokare før. På sitt vis. Ordspråka. Visdommen. Vi hadde det i blodet. Frå Norske Ordsprog kom ut, skulle det gå nesten 150 år før nordmenn kasta gammal visdom til side. Frå 1856 og heilt fram til slutten av 1900-talet fanst det ikkje ein einaste nordmann som såg eit bilde med noko tekst på internett og trudde at det var gudsens sanning utan å ha sjekka kjelda først. Slik er det ikkje lenger. Etter at Facebook opna for norske brukarar i 2006 har det berre gått nedoverbakke. Vi har vorte dummare og dummare. Dei siste vekene har det florert med bilde som skal vise oss sanninga om dei som kjem flyktande over Europas grenser i desse tider. I beste fall er dei lykkejegerar på jakt etter betre tenner og gater av gull. I verste fall er dei terroristar som vil drepe, voldta og bombe oss til kalifat og sharialovgiving. Og dette deler folk heilt ukritisk. Ivar Aasen har allereie snudd seg i grava.

Britain First er ein britisk høgreekstrem organisasjon som har spesialisert seg på å spreie løgn på dette viset. I Norge har vi dei som kallar seg for frieord.no. Det er ei side som definerar seg som sterkt innvandringskritiske. Andre har påvist at redaktøren deira tidligare har fungert som leiar for den nazistiske organisasjonen Vigrid, og har velkjende kontaktar til det nazistiske Svenskarnas parti. Sjølv hevdar han at han har lagt den nazistiske ideologien bak seg, og no berre hatar svartingar på generelt grunnlag. Eg veit ikkje om det gjer saka så mykje betre. Eg har sett litt for mange lenker til desse, og liknande sider, dei siste vekene. Litt for mange bilde som freistar å få oss til å tru det verste om dei som kjem til Europa på flukt frå bombene i Syria. Det er på tide å sende ei klar melding: Slutt med det.

Ver så snill. Ikkje ver nyttige idiotar for høgreekstreme. Ikkje del ukritisk alt de kjem over, utan å sjekke om det er sant. Gjer eit søk på Google. Om kjelda er ein nettstad du ikkje har høyrt om, sjekk om det finst fleire og meir velrennomerte kjelder som skriv om det same. Det handlar ikkje om at ein ikkje skal få lov til å vere kritisk til islam, innvandring og politikarar. Det må ein gjerne, eg oppfordrar til det, men ikkje løp det ytterste høgre sitt ærend. Sett opp nokre gjerdestolpar. Ver redeleg. Ha eit hjarte. Hugs, det er eit barskt auge som aldri vil sjå godt. Ivar Aasen skreiv det.

Eg lurte vel ingen. Boka til Aasen har monge gullkorn. Det kjem ikkje steikte fuglar fljugande. Den som skal gjæta fær hava augo med seg. Og meir relevant i denne samanheng: Det ville færre ljuga, når færre ville lyda på. Men det finnest sjølvsagt ikkje eit einaste ordspråk om internett i forfattarskapet. Abraham Lincoln sa heller aldri noko om at det er lurt å vere kritisk til udokumenterte påstandar og sitat, sjølv om dei er posta på internett. Internett var ikkje særleg utbreitt på 1800-talet. Skulle dei ha fiber måtte dei bake knekkebrød sjølve. Det var berre eit triks av den billege sorten. Men hadde eg tillagt Aasen eit litt meir plausibelt sitat, og blanda det saman med fakta på same måten, hadde eg sikkert lurt langt fleire. Mundus vult decipi. Verda vil bedragast. Men vi treng ikkje hjelpe til. Bruk hovudet. Ikkje tru på alt de les.

Lokalavisa

Bokdykk.no offisielt opna

– Tanken var korleis ein kan utvide marknaden utan å opne nye butikkar. Ei nisje som bokhandelen ikkje har gjort mykje med er nettbokhandel på nynorsk,

Vi gratulerer selvsagt – på bokmål – verdens første nynorske nettbokhandel

%d bloggers like this: