web analytics

Tag Archives: ol

Hummer og kanari

Oddemann

sad Kristina Alexanderson via Compfight

Tilbake på nittitalet ein gong jobba eg ein stund på eit dagsenter for psykisk utviklingshemma. Eg var i det dei kalla for skoggruppa, der eg køyrde traktor og felte trær med motorsag heile dagen lang. Utan å ta livet av nokon, utruleg nok. I tillegg til dei vi skulle sysselsette var det berre meg og ein fyr til som jobba i denne skoggruppa. Lat oss kalle ham for Oddemann.

Oddemann var ein fin fyr. Vi jobba bra i lag. Han lærde meg å file motorsaga kvar dag, slik at ho alltid var sylkvass. Viste meg korleis eg skulle få treet til å falle akkurat den vegen eg ville det skulle falle. Det var ikkje hans skuld at eg ein gong la eit tre i hovudet på ein av brukarane slik at han blei liggande og ule under eit lag med greiner og grøne blad. Men Oddemann og eg fekk nå dratt ham ut og køyrd ham heim. Han ula hele vegen, men ellers gjekk det bra med ham. Ingen varige men, og Oddemann lot meg handtere motorsaga dagen etterpå også. Han var ein roleg kar. Han brukte ikkje store ord. Eg likte ham godt, men etter å ha jobba saman med ham ein stund skjønte eg at det var noko med ham. Noko han bar på. Eit nesten umerkeleg drag i andletet. Eit glimt av melankoli i augo når han las VG og kom til sportssidene. Etter at vi hadde jobba saman ei god stund fortalde han meg det.

Oddemann kom som så mange av oss frå ein familie der dei likte å kose seg med idrett på TV. Særleg langrenn. Det er ikkje alltid lett å vere barn i slike familier. Familier der dei vaksne kavar for sitt eiga beste, og gløymer barna oppe i det heile. Oddemann var ikke store karen da han første gang fikk føle på det. Under dei olympiske leikane i Grenoble i 1968 var det Ole Ellefsæter som var det store norske namnet. Han var ankermann på stafettlaget, og i 1968 hadde Noreg fortsatt til gode å vinne ein langrennsstafett i OL. Spenninga var til å ta og føle på. Foreldra til Oddemann satt i kvar sin stol foran fjernsynet. Kaffi og kake på bordet. På golvet satt Oddemann med leikane sine. På fjernsynet la Ellefsæter i veg på siste etappe. Skulle det bli gull til dei norske langrennsheltane?

Akkurat i det spenninga dreg seg mot klimaks finn Oddemann ut at det er på tide å ta eit lite steg i utviklinga frå baby til vaksen mann. Han reiser seg opp på sine to stutte bein, og tek sine aller fyrste famlande skritt utan å halde seg i korkje finger eller bordkant. Eit stort augeblikk i eit barns liv. Kanskje enda større for barnets stolte foreldre. Vanlegvis. Men ikkje når Ole Ellefsæter går for gull i Grenoble. – Sett deg ned, for helsike, du skuggar for fjernsynet, ropar faren. Og Oddemann dumpar ned på stumpen igjen. For aldri heilt å reise seg igjen. Han fortel det som ein morosam historie, men eg kan høyre desperasjonen klinge i røysta. Såret i sjela som aldri heilt vil gro. Stort sett gjekk det jo bra, han hadde ikkje noko å klage på meinte han, men kvar gong det dro seg mot olympiske leiker blussa dei vonde følelsene opp att. Og foreldra benka seg atter foran skjermen med kaffi og kake. Middagen uteble. Og dei gode samtalene. Hjelpen med leksene. Han måtte sykle på trening, og pakke dyna rundt seg selv. Etterkvart blei det verdensmesterskap. Europamesterskap. Skøyter og ski. Så starta handballjentene å vinne mesterskap. Når han ser tilbake på det var barneåra til Oddemann eit einaste langt idrettsmesterskap. Eit einaste langt skirenn. Som ein femmil som aldri tok slutt. Ja, den held på ennå. I går starta OL i Sotsji.

Eg vil ikkje moralisere, men eg har ein bøn. Ikkje gløym dei minste blant oss. Hugs på at det er titusenvis av barn som ikkje gleder seg til OL. Dei gruar seg. Mange preges av at dei vaksne ser meir og meir TV under OL. Dei ropar og skrik, og tenker ikkje på at barna kan bli redde og utrygge av at foreldra heilt plutseleg endrar atferd. Vi veit at seksten dager med OL ikkje berre fører med seg idrettsglede, men også forsømmelse. Ein ting er at ein ikkje får gjort det ein skal på jobben. Verre er det at ungane går for lut og kaldt vann. Og dette er vårt ansvar. Vi må bry oss. Kjenner du til ein familie der du veit at det går i OL heile døgnet, bank på og spør om du kan ta med deg ungane på aketur. Eller noko anna gøy. Ta ansvar!

Eg vil ikkje ta frå nokon gleden ved å sjå dei norske melkebartane konkurrere i Sotsji. Eg veit eg burde ha skrevet noko om Russland, Putin og homoane. Men eg klarar ikkje. Når OL-ilden tennes er det berre ein ting eg klarar å tenke på.

Oddemann. Eg håper han klarar seg denne gangen også.

Hummer og kanari

Samtaler med Tildibopp #10

image

Tildi og jeg sitter i bilen på vei inn til Besti. Ute er det mørkt, og hun snakker som vanlig som en foss.

– Nå er det natta.

– Nja, det er snart natta, men det er vel kvelden ennå.

– Ja. På kvelden, da er det de voksne som bestemmer.

– Det stemmer, men hvem er det som bestemmer på dagen da?

– Det er ungane.

– Jaha?

– Og de voksne.

– Hvem er det som bestemmer mest da?

– Det er dere.

– Ja det er vel best.

– Ja. Men jeg har ikke fått NOE å drikke i dag.

– Ingenting?

– Bare litt saft.

– Hvis du er tørst kan du sikkert få noe å drikke når vi kommer inn til Besti.

– Ja hun har MASSE å drikke! Hun har juice…

– Har hun det ja.

– Ja, men jeg liker ikke elefantøl!

Hummer og kanari

Boikott Beijing

vIa My 2 Second Shelf Life

Som også lurer på om vi ville latt nazi-Tyskland arrangere OL, og det ville vi jo.

%d bloggers like this: