web analytics

Tag Archives: oppvekst

Løgn og forbannet dikt

Femten

Har resirkulert meg selv i helgens Firdapostspalte. Dette er bare en gammel bloggpost som har blitt pusset opp en smule.

Kindness is like snow

Det var 1982. Eg var femten år. Det hadde vore ein lang og tung haust. Heime var gamlingens langvarige prosjekt med å drikke seg frå jobb, hus og heim i ferd med å bære frukter. Den lange nedoverbakken blei brattare og brattare, og langt der fremme venta stupet. Eg haika heim frå byen ein laurdag, med nokon som ikkje visste kvem eg var, og medan eg satt i baksetet og ikkje sa noko som helst satt dei eg haika med i forsetene og snakka om korleis den gamle doktoren no hadde mista heilt grepet i det siste. Det hadde dei heilt rett i.

Det hjalp ikkje på at bror min hadde blitt galnare og galnare dei siste åra. Paranoid schizofren var det nokon som sa. Far min medisinerte ham sjølv. Eg er ikkje sikker på at han visste kva han gjorde. Omtrent kvar tredje dag gjekk det over styr for bror min. Han fekk eit slags anfall. Han vart uroleg, aggressiv, og då fann eg det best å rømme huset. Eit par gonger måtte systera mi skynde seg over til naboen som var politimann for å be om hjelp. Ein gong gjekk det så langt at han skulle ta far min, og far min blei redd. Han henta frem revolveren og skaut eit varselskudd for å stoppe ham. Eg var glad eg ikkje var heime den kvelden.

Men eg syntes det var litt kult å ha eit kulehull i gulvet som eg kunne vise kameratane mine.

Som om ikkje det var ille nok hadde eg blitt dumpa for første gong den hausten. Eg tok det så hardt at eg dro rakt til byen og kjøpte meg splitter nye cowboystøvlar. Eg klarte også å stryke i graderinga til gult belte på den lokale karateklubben, sjølv om eg hadde trena hardt heile hausten. Det var slutten på min karriere som karatekar. Jau det hadde vore ein lang, tung og trist haust, men no var det jul.

Eg veit ikkje om det er slik for alle, men for meg var det omtrent på denne tida jula starta å miste sin magi. Femten år. Ein er for gamal for Donalds juleshow, ein startar å lure litt på kva alle dei vante trygge tradisjonane eigentleg er gode for. Kva er vitsen med det heile? Jau, det er nok berre meg, men jula 1982 lot julestemninga vente på seg. At det ikkje hadde komet så mykje som eit fnugg med snø var med å gjere det heile ekstra tungt og trist. Men eg sto no opp på julaften allikevel. Eg tok bussen til byen for å leie nokre julefilmar på videosjappa. Dette var på den tida ta videosjappa stengte på søn og heilagdager, slik at ein kunne leie filmane i fleire dager uten å betale noko ekstra.

Hyllene var allereie ganske utplukka når eg kom, men eg plukka no med meg fire filmar. Noko Clint Eastwood. Noko Kung Fu. Ein komedie. Ein grøssar. Eg fekk filmane i ein pose og rusla tilbake mot busshaldeplassen. Det var ennå ein god stund til julas siste buss til bygda eg budde i skulle gå. Av ein eller annan grunn var Jonas Gatekjøkken åpen denne julaftenformiddagen, så eg gjekk over gata for å kjøpe meg ein burger. Jonas Gatekjøkken var berre ein brakke, skvisa inn mellom ein bank og ein optiker. Dei serverte burgerane utan salat og dressing. Berre rett i brødet. Akkurat slik eg likte dei. Ikkje noko ost eller anna jåleri. Berre ketchup. Eg gjekk frem til disken og bestilte akkurat ein slik hamburger.

Akkurat da starta det å snø. Store feite snøflak dalte ned frå himmelen.

Det var som om noe løsna i meg. Eg retta ryggen. Løfta hovudet. Som eit lite barn som plutseleg kan få det for seg at når han kjem heim vil han få is, heilt sikkert, banna bein. Som når ein ikkje skal tråkke på strekane på fortauet, for om man gjer det vil det skje noko forferdeleg. Og man er heil sikker på at slik er det. Slik var det da også. Eg vart fylt av ein varm følelse. Snøen var eit teikn. Det var ikkje noko å være redd for. Alt kom til å ordne seg. Alt kom til å bli bra. Til slutt. Det var eg heilt sikker på.

Den gamle mannen bak disken ga meg burgeren min, og eg satte tenna i den mens eg gjekk over gata. Den smakte mykje betre enn den pleide. Snøen fortsatte å lave ned. Alt kom til å bli bra. Eg gjekk inn på bussen. Fant meg eit vindussete og satte meg ned. Så ut på snøen som så ut som om den kom til å legge seg. Gamle Nordbø slapp ein fis, fyrte opp bussen, og køyrde ut frå bussholdeplassen. Nå var det jul, og alt kom til å ordne seg. Banna bein.

På disken på Jonas Gatekjøkken sto det ein pose med fire videofilmer.

Hummer og kanari

Samtaler med Hagbarth #11 : Kjønn og sånn

– Det er tre forskjeller på gutter og jenter, skal jeg fortelle deg hva det er?

– Ja det vil jeg gjerne høre.

– Okay. Det ene er at jenter har mye lenger hår.

– Ja, nå for tiden har de jo det.

– Og det andre…det andre det er at de er forskjellige.

– Ja, det er de jo, men hvordan forskjellige da mener du?

– Atte…bare atte de er forskjellige og sånn. At de ser litt annerledes ut og har andre ting liksom.

– Ja, ok. Hva er den tredje store forskjellen da?

– Det er at jenter liker søte ting, mens gutter liker sånne ting som er tøft og kult.

– Ja, det er nok sant det, men tror du ikke det finnes jenter som liker tøffe ting og gutter som liker søte ting da?

– Joda, det gjør det. Men de fleste…

– Liker ikke du noen søte ting da?

– Nei!

– Ikke Hello Kitty heller?

– Nei!

– Men du synes hun er litt søt da?

– Ja, men jeg liker henne ikke. I hvert fall ikke så veldig.

– Nei. Det du må huske på er at jenter og gutter er forskjellige, men gutter og gutter og jenter og jenter er også forskjellige. Man trenger ikke like alt som er søtt selv om man er jente, og det går fint an for gutter å like søte ting også. Og om man ikke gjør det selv, er det i hvert fall ikke noen vits i å erte dem som gjør det.

– Nei det er sant. En gang lekte jeg med dokker i barnehagen.

– Gjorde du det? Var det noe gøy da?

– Ja. Ganske. Vi lekte at det kom en skurk, og så var det et monster der.

– Tøft! Vet du Thomas vet du, når han var liten så hadde han egentlig lyst på et sånt prinsesseslott, jeg tror det var fra Playmobil, men så hadde han fått med seg at noen hadde sagt at det var en jenteleke og ikke noe som gutter skulle ha eller leke med. Derfor så ville han ikke ha det allikevel, selv om det var tydelig at han syntes det var veldig fint.

– Hvem var det som hadde sagt det?

– Det vet jeg ikke. Kanskje noen i barnehagen. Men var ikke det dumt synes du? Burde ikke folk få leke med det de syntes er fint eller gøy eller tøft elller søtt uten at noen skal erte dem for det?

– Jo. Gard liker Lego Friends, og jeg erta ikke ham for det.

– Det var bra.

– Jeg bare sa at jeg ikke liker det. Men han pleier å leke med det av og til.

– Det som er fint med Lego er at det går an å blande vet du. Man kan liksom leke med både Lego Friends og Lego City samtidig. Det er jo ganske tøft da?

– Ja DET går an! Det er jo kjempekult. Kanskje jeg kan låne Lego Friends av Tildi når hun blir større og får seg Lego Friends, og så kan Batman og Jack Sparrow og skurkene og alt være med der?

– Det kan vel hende du kan.

– Hvis hun får seg Lego Friends da. Hun liker jo best sverd og sånne tøffe kule ting.

Hummer og kanari

Barnas dag

Det er ikkje så mykje eg saknar frå tida mi som austlending, men ein av dei tinga er årstidene. Her i Florø, eller Høljebyen som eg vel å kalle den, er det ikkje noko større skilnad på vår, sommar, haust eller vinter. Anten er ein over vatn eller under vatn, våt er ein uansett. Slik er det ikkje på austlandet. Der er det eit markant skille mellom sommar og haust, og overgongen skjer omtrent i desse dagar. Der eg vaks opp hadde dei noko som heitte Handelsstevnet; eit arrangement med hallmeter på hallmeter med messetilbod. Der var det tivoli, jalla-boder med juggel og t-skjorter, sukkerspinn og pølser med brød. Og kvar kveld sto kremen av norske artistar på scena. Alle frå Anita Hegerland og til Per “Elvis” Granlund har vore der. Det var eit eventyr. På eit vis var det nesten magisk også. For når Handelsstevnet starta var det alltid sommar, men i løpet av dei ti dagane det heldt på, skifta årstida til haust. Som ved eit trylleslag vart lange og varme kveldar bytta ut med skarp kveldsluft. Plutseleg merka ein at det vart tidlegare mørkt, og nok ein evigvarande sommar var over.

Men no har eg allereie teke denne spalta langt ut på viddene. Det eg ville seie noko om i dag er Barnas Dag. Smak litt på desse to orda; Barnas Dag. Eg veit ikkje kva dei to orda tyder for deg, men for oss som kjem frå Skien er Barnas Dag ein dag med lange tradisjonar. Den starta alltid med eit opptog gjennom byen, og enda opp på det før omtalte Handelsstevnet. Som eg eigentleg ikkje hadde tenkt å seie noko om, før eg let meg rive med av den helsikes nostalgien. Men tilbake til dette med Barnas Dag. Då eg var barn på syttitalet, var det stor stas med ein eigen dag berre for oss ungar. Resten av året vart vi for ein stor del overletne til oss sjølve. Gamlingen sat bak avisa i godstolen, innhylla i ei sky av sigarettrøyk, og brydde seg lite om kva ungane sysla med. Mor sto på kjøkkenet og heldt verda på plass. Jaga oss ut om morgonen, og jaga oss i seng på kvelden. Resten av tida gjorde vi stort sett kva vi ville.

Det var til dømes ingen som vart køyrde til skulen på syttitalet. Neida, vi gjekk til skulen i all slags ver. Eg hugsar godt vinteren 1975. Den kaldaste vinteren i manns minne. Men på skulen måtte vi. Det var så kaldt at hadde det ikkje vore for at vi heldt varmen gjennom å slåss mot ulvane som alltid jakta på oss langs skulevegen, så hadde vi nok frose i hel alle mann. Ein gong spurde eg far min om ikkje han kunne køyre meg til skulen dagen etter, men han sukka berre tungt og spurde: “Veit du kvifor eg aldri kjem til å bli kongen av Noreg, son?”. Det visste eg ikkje. “Fordi eg må passe jobben min”, svara han, og forsvann bakom avisa igjen. Eg skjønar framleis ikkje kva han meinte, men eg gjekk på skulen dagen etter også. Som alle andre dagar.

Leksene måtte vi også klare på eiga hand. Og skulle vi lære noko utanom skulen, måtte vi gjere det sjølv. Dei av oss som fekk hjelp til å lære å svømme, vart kasta ut på djupet med melding om at det berre var å karre seg opp att på land att sjølv. Og ikkje noko grining! Men ein gong i året var det altså Barnas Dag. Med opptog gjennom gatene i byen, der folk sto og SÅG oss! Det var tider det.

Men dette var i det førre århundret. No er det andre bollar. Ungane vert køyrde til skuleporten, og vi ser dei så godt at dei ikkje klarar å snike seg unna sjølv om dei vil. Alt handlar om barna no, det er nesten så det har blitt for mykje av det gode. Kvar einaste dag er Barnas Dag. Ikkje det at det ikkje er forståeleg. Vi er jo glade i barna våre, og vil det aller beste for dei. Men her om dagen tok eg meg i å tenke at det jammen kunne ha vore kjekt om vi vaksne også kunne fått ein dag i året som berre var vår. Dei Vaksnes Dag! Det hadde sanneleg vore noko!

Ein dag som berre tilhøyrde dei vaksne. Heilt utan barnemas. Ikkje noko Disney XD. Ikkje noko NRK Super og det litt merkelege udyret som dei kallar for Fantorangen. Berre ein einaste dag i året utan Coco Pops, matpakkar og Lego Batman. Ein heil dag der vi kunne gjere akkurat det vi hadde lyst til. Lese ei bok, eller skrive spalte i Firdaposten, og det utan å bli avbroten i kvar einaste tankerekke. Løpe naken i parken. Sjå eit vaksenprogram på TV frå start til slutt. Sykle utan å halde på styret. Drikke vin til maten. Sove inntil sin kjære utan å få ein barnefot i øyret.

Men det nyttar ikkje å drøyme. Vi er vaksne no. Tida vår er ute. Forbi. Hadde vi på magisk vis fått ein slik dag, hadde vi ikkje visst kva vi skulle gjort med den. Truleg hadde vi kasta den bort på å klage over kor tomt og stille det var utan barna, og så hadde vi sovna på sofaen før barne- TV.

Er det haust no?

Hummer og kanari

Tryggleik eller fridom?

Eye, Oxford Road, Manchester, 2001
Creative Commons License photo credit: Dr John2005

Tid er eit konsept det er vanskeleg å bli heilt klok på. Av og til går den fort, andre gongar går den seint. Ein sit i sofaen og keiar seg medan familien ser på Familien Ashton, så blunkar ein med auga, og vips så sit ein i sofaen med familien og ser på Hotel Cæsar. Kor vart tida av, og har ein verkeleg ikkje gjort noko meir vettugt med den enn å sjå på dårleg TV og skrive skit i avisa? Ja, eg startar vekas spalte med ei avsporing. Planen var nemleg å skrive noko om kor mykje som har endra seg på dei åra som har gått frå eg var barn og ungdom og fram til i dag. Ikkje minst hadde eg tenkt å skrive noko om kor fort endringane har fått innpass. Men så slo det meg. Eg var barn på syttitalet og ungdom på åttitalet, og så blunka eg ein gong og vips så sto eg på Fugleskjærskaia, iskald og søkkande våt, og takka farvel til det tjuande århundret. Ikkje før var eg blitt varm og tørr igjen så var det 2012, endepunktet for Mayaenes tidsrekning, og eg hadde ei spalte å skrive. Tida flyr når ein har det morosamt, og syttitalet var plutseleg gudsjammerleg lenge sida. Skulle berre mangle om ikkje ting hadde endra seg på alle desse åra!

Det som fekk meg til å ville skrive om oppvekst før og no, var ei notis eg las i ei eller anna avis her om dagen. Der sto det nemleg at eit fleirtal av foreldre var positive til å overvake barn ved hjelp av GPS. Det viser seg at dette er ein marknad i vekst. “Bipper” er kanskje det mest kjende produktet i denne marknaden; programmet som let deg overvake barnas mobilbruk. Det skal utvidast i år, og vil då gjere at vi foreldre kan sitte heime ved PC’en og følgje barna våre i sanntid på veg heim frå skule eller korpsøving. Det vert litt som Ukruttkartet i Harry Potter i revers, berre at ein her ikkje treng å love på tru og ære at ein er ute på revestrekar for å få kartet til å opne seg. Alt som skal til er å putte nokre kroner inn på kontoen til Bipper-Silje Vallestad. Eg kjenner at eg vert litt skremt av at dette er noko mange foreldre synes er heilt greitt. Lei meg vert eg også, men aller mest skuffa. Skuffa over at alle dei gøyale science fiction-elementa vi drøymde om på syttitalet, som flygande bilar, rakettar som tok oss ut i verdsrommet i staden for til Mallorca, komplette måltid i pilleform, let vente på seg. Vi får berre dei kjipe science fiction-elementa. Overvaking i alle moglege og umoglege variantar. GPS-merking av både barn og gamle.

Då eg var ung var ikkje GPS-merking noko alternativ. Eg trur ikkje nokon sakna det heller. Vi gjekk for ein stor del på sjølvstyr. Utover at vi vel helst skulle vere heime til eit eller anna klokkeslett, hadde dei vaksne fint lite kontroll på kva vi eigentleg dreiv på med. Anten det var durabelige krigar med gutar frå eit anna nabolag, fisketurar på tømmerstokkane som blei fløta langsmed elva, sjølvsagt utan redningsvest, eller sykkelturar til byen for å henge på stripa eller spele Space Invaders på Grillen. Utan å seie i frå.

Eg trur ikkje at alt var betre før. Eg trur at dei som veks opp i dag for ein stor del har ein nærare og betre relasjon til foreldra sine enn det min generasjon hadde. Særleg farsrolla har endra seg mykje, og til det betre. Far er ikkje lenger berre ein streng mann som av og til dukkar fram frå avisa. Eg trur at det på mange måtar er betre å vere ung i dag enn det var på sytti- og åttitalet. Eg håpar i alle høve det, men ein av dei tinga eg uroar meg over på vegne av dagens unge er tryggleikshysteriet. Det er i ferd med å ta litt av. Eg kan godt skjøne kvifor det blir slik, avisene er kjappe til å slå opp rapportar om alt frå digital mobbing til nakenbilder av fjortenåringar på avvege. Eg skjønar at ein vil verne ungane sine, og at slike oppslag gjer det freistande å overvake mobil og internettbruk, for ikkje å snakke om litt GPS-overvaking, men fakta er at det her er snakk om marginale problem. Det er 2 % av dei unge som har tatt bilde av seg sjølv utan klede og sendt det vidare med mobilen det siste året. Eg vil anta at prosentsatsen er noko høgre for 40-åringar, så takk og lov at det ikkje er barna som overvakar oss!

Nei, eg trur ikkje at alt var betre før, men vi som gjekk på sjølvstyr på syttitallet hadde kanskje ei større kjensle av fridom enn dei som veks opp i det gjennomregulerte Noreg anno 2012. Vi må hugse på at også barn har rett til eit privatliv, og vi må snart ta ein debatt om kor grensa går for tryggleiksskapande tiltak. Korleis finn vi balansen mellom foreldra sitt behov for vern og ungane sitt behov for fridom og utfolding? Når går tryggleiken over til å bli kontrollerande overvaking?

Om vi ikkje allereie har passert den grensa, trur eg i alle fall at vi er ganske nær no.

Hummer og kanari

Det er mørkt på kino

Mørkt på kino pleide vi å si, og så dro vi lua ned over øynene på en kompis. Jeg aner ikke hvorfor, annet enn at det jo er mørkt på kino, og tilsvarende mørkt når man får lua dradd ned over øynene. Men det er morsommere på kino altså!

På Skotfoss viste man kino to dager i uka. Voksenfilm på søndagene, barnefilm på mandagene, og man begynte selvfølgelig å prøve seg på voksenfilmene lenge før man egentlig var gammel nok. Det var Bror som sto i døra og tok i mot billettene, og han kjeftet og glefset på alle dem som ikke var gamle nok, men inn slapp de fleste allikevel. En stund gikk jeg på alle voksenfilmene, uansett hva de viste, og så ganske mye rart. For man fikk selvfølgelig ikke premierer eller nyere filmer i det hele tatt, ut blindveien. Repertoaret var litt tilfeldig. Sterkest i minnet sitter Alien, som i tillegg til å være utrolig spennende, også bød på Sigourney Weaver i undertøyet. Dessuten husker jeg veldig godt at jeg så en film, som jeg tror må ha vært The Fifth Musketeer, som inneholdt både sverdsvinging og pupper i hopetall. Jeg syntes den var fantastisk.

Og så husker jeg James Bond, Mannen med den gylne pistol, som jeg digga max.

Aller best husker jeg imidlertid den filmen jeg aldri så på Folkets Hus. Hjortejegeren var det, og ryktene hadde løpt i forveien. Filmen skulle være knallhard. Køen gikk langt ut på gata. Bror kjeftet og smelte mer enn han pleide, og jeg tror til og med han avviste noen i døra som ikke var gamle nok. Jeg sto i køen og var livredd for å bli stoppet, livredd for å få kjeft. Køen gikk sakte, og til slutt bukket jeg under for presset. Jeg gikk ut av køen og hjem. Filmen så jeg på VHS noen år senere.

Bildet over her er tatt av legendariske Weegee, og er fra en tid der folk altså ikke sitter med mobiltelefonen i hånden under hele filmen for å sjekke klokka, facebook, og svare på meldinger. Klikk gjerne bildet opp i større versjon. Første gangen man ser det er det de to i senter som kliner man legger merke til. Får meg til å tenke på sist jeg klina på kino, og at det er alt for lenge siden forresten. Klining på kino er undervurdert. Men etterhvert som man ser rundt i salen blir man obs på flere og flere mennesker som man blir nysgjerrig på.

Ikke minst blir jeg nysgjerrig på hvilken film de er så oppslukt av alle sammen.

%d bloggers like this: