web analytics

Tag Archives: politikk

Hummer og kanari

Ta natta tilbake

feminism photo
Photo by juliejordanscott

Kor mange feministar trengs det for å skifte ei lyspære? Svaret pleidde å vere tolv: Ei til å skifte pæra, og elleve til ta natta tilbake. Men i år kan det hende det trengs fleire enn som så for å få tent lys og gjort natta trygg for alle. Det starta på nyttårsafta i Köln. I folkemengda rundt sentralbanestasjonen vart kvinner i hopetal utsette for tafsing, grafsing, vald, seksuelle overgrep, ran og tjuveri. Gjerningsmennene skal ha vore asylsøkarar eller ulovlege immigrantar med arabisk og nord-afrikansk bakgrunn. Politiet har fått 516 anmeldelsar i skrivande stund. 237 av dei gjeld overgrep, minst ei valdtekt, og det er vel all grunn til å tru at her finnest det mørketal. Det er i det heile tatt mykje som er mørkt her.

Politiet skildra først kvelden som “stort sett fredeleg”, og det tok tid før rapportar om kva som hadde skjedd dukka opp i media. Mange har vorte sinte av det, og meinar at dei prøver å feie problema med masseinnvandringa og den auka straumen av asylsøkarar under teppet. Kanskje har dei rett. Men kanskje er det også slik at det å late vere å ta seksuelle overgrep på alvor fortsatt er regelen, heller enn unntaket i store deler av verda. Også i Europa. I Tyskland. I Norge. I Sogn og Fjordane. I Tyskland har i det minste regjeringa tatt grep og førtidspensjonert politimesteren i Köln med umiddelbar verknad. Vi veit alle at dette aldri hadde skjedd i Norge. Då politiet i Florø for ein ti års tid sidan gjorde omtrent alle feil det er mogleg å gjere i ei valdtektsetterforsking, og la på eit par det ikkje skulle vere mogleg å gjere, fekk dei rett nok massiv kritikk frå retten. Det vart intern oppvask, men utover det? Eg kan ikkje hugse at nokon tok offentleg sjølvkritikk. Ingen ba om orsaking. Ingen måtte gå.

Etter nyttårsafta i Köln har debatten rasa. Plutseleg er “alle” opptekne av seksuelle overgrep. Det er ein menneskerett å gå trygt i byens gater. Her må grep takast. Klypa må bli hard, slik at dette ikkje blir ein forsmak på ei ugrei framtid for våre kvinner i det offentlege rom. Eg skjønar at det for nokre kan låte litt holt. Norske kvinner har trass alt i ei årrekke måtta finne seg i å bære deler av ansvaret sjølv om dei skulle bli valdtekne. Var skjørtet for kort? Hadde eg drukke for mykje? Sa eg ikkje nei tydeleg nok? Har haldningane som får juryar i lagmannsretten til å frikjenne dei som vert dømde i tingretten annankvar gong, endeleg blitt borte? Eller er årsaka til at alle har blitt feministar rett og slett at gjerningsmennene denne gongen var innvandrarar. Flyktningar. Ja, kanskje til og med muslimar?

Men la tvilen komme dei til gode. Nyfeministane. La oss ta dei vel i mot i kampen mot kvinnediskriminerande patriarkalske gudar og seksuell trakassering. Kanskje kan vi bruke den nye og auka interessa for kvinners ve og vel til eit aldri så lite opprør mot det som ser ut til å bli det nye årets første store skandale. Overgrepsmottaket ved Førde sjukehus blir lagt ned. Årsaka er at kommunane ikkje har klart å bli einige om finansieringa, trass i at fagfolk, politi, og den førre regjeringas valdtektsutval meinar at eit velfungerande overgrepsmottak er heilt avgjerande for om ein får oppklart ein valdtektssak. Alternativet er at bevisinnsamling, traumehandtering, og alt som høyrer til, no blir ei sak for ein tilfeldig turnuskandidat eller ein litt sliten vikarlege frå Tyskland på legevakta. Det seier seg sjølv at ein ikkje kan bygge opp god nok kompetanse der. Det er eit stort tilbakesteg for rettstryggleiken til overgrepsutsette menn og kvinner i fylket. Nokon må ta ansvar, og dei har ikkje meir enn tida og vegen. NRK Sogn og Fjordane melder at oppseiingsbreva blir sende ut denne veka.

Slik debattklimaet har blitt er det nesten naudsynt å skrive det: Det som hende i Köln var ufyseleg. Sjølvsagt skal vi vere klar over at det kan by på problem når det brått kjem mange asylsøkarar til landet, der eit stort fleirtall er unge menn. Men kampen for trygge gater, mot seksuell trakassering, for større rettstryggleik for overgrepsutsatte – den har pågått lenge, og uavhengig av flyktningestraum. Den kampen er langt frå over. I den kampen er eit nedlagt overgrepsmottak eit stort tilbakesteg. Det bør ikkje gå upåakta hen. Få skifta den lyspæra. No.

Hummer og kanari

Gje dei moské

Jeg kom på at jeg har glemt å dele forrige ukes, eller uka før forrige uke blir det vel egentlig, spalte her på bloggen. Kom på det fordi det kom en fyr bort til meg i butikken ene og alene for å fortelle meg at moské i Florø, det ville han ikke se. Og så gikk han igjen. Ble ikke noen debatt av det akkurat. Nå er det ikke sånn at jeg heller brenner etter å se en moské i Florø, men muslimene er her, de har kommet for å bli, og religionsfrihet er nå fortsatt en menneskerett. Spørsmålet er hvor mye det offentlige skal legge til rette for å hjelpe dem til å få et hensiktsmessig hus å utøve religionsfriheten sin i. I denne saken er det pragmatikern i meg som vinner over prinsipprytteren. Men her er det delte meninger i heimen altså.

rp_104994870_ff3ee82227.jpg

Tysdag denne veka kunne vi lese i herverande avis at muslimane i Florø vil bygge moské med golf-støtte. Med hjelp frå folk i Dubai og der omkring altså, golfklubben har ikkje noko med saka å gjere. Eigentleg var det ikkje mykje til sak, for om ein las meir enn overskrifta fann ein fort ut at det var lite kjøt på beina. Det var ikkje noko finansiering på plass. Ingen konkrete planar. Det var eit hjartesukk om at dei hadde for lite plass, resten var berre ønsketenking, i alle fall på det noverande stadiet. Men det er jo sesong for julenissen, så kvifor ikkje? Men lat oss ta dei på alvor. Dei treng eit forsamlingshus. Kan vi ikkje hjelpe dei med å få det på plass? Ordførar Teigen seier at kommunen ikkje skal stikke kjeppar i hjula for dei, men kunne han ikkje vore litt meir offensiv på kommunens vegne?

At religiøse freistar å påverke folk i andre land er ikkje noko nytt. Vi har ei lang tradisjon for å sende norske misjonærar rundt om i verda for å fortelje om Jesus. Kristne koko-folk på høgresida i USA har brukt ei god slump med pengar på å påverke Irland til å halde på si alt for strenge abortlov, og å få folket til å seie nei til å tillate homofile ekteskap. Sjølvsagt er det ikkje berre kristne som driv med dette. The Independent i England hadde ei sak for nokre år sida, der dei såg litt på korleis det stod til i moskéane der i landet, og dei likte ikkje det dei fann. I så mykje som ein av fire moskéar fann dei tekstar og DVD-ar der det vart hevda at homofile burde bli brent. Eller steina. Eventuelt kunne ein kaste dei ned frå fjell eller høge bygningar, og så steine dei der dei landa, berre for å vere på den sikre sida. Omtrent same skjebne fortente du om du forlét islam, eller var utru. Hatefulle ytringar om kristne og jødar var ikkje uvanleg. Dei fordømde demokrati, og oppfordra til jihad. Ein meinte å kunne knytte mykje av dette materialet til Saudi-Arabia og kongefamilien som styrer. Det er ein kjent sak at Saudi-Arabia og andre private velgjerarar har brukt mykje pengar på å spreie wahabisme rundt om kring i verda. Dette skal ha vore trappa ned ein del etter angrepet på USA og World Trade Center i 2001, men heilt borte er det ikkje.

Korleis det står til i norske moskéar veit vi ikkje veldig mykje om. Eg er ikkje veldig uroleg, men det kan vere greitt å ta det innover seg. Islam er her. Muslimane har komne for å bli. Dei kjem ikkje til å bli sekulære over natta. Dei vil ha sin religion. Dei vil trenge plassar å utøve den. Eg trur vi gjer lurt i å gje dei rom til å gjere det. Hjelp til å finne ein plass å vere. Støtte til at dei kan betale det det kostar å få det på plass. Vi vil at islam skal utvikle seg, vekse saman med, og finne si plass innanfor dei vestlege verdiane som vi er så stolte av. Eit godt verktyg for å få til dette må vere å sørge for ordningar som gjer det mogleg å få tilfredsstillande forsamlingshus på plass, med hjelp av det offentlege, slik at vi får innlemma dei i den sosialdemokratiske folden. På den måten sikrar vi kanskje ei større lojalitet til det norske samfunn, samtidig som vi stikk kjeppar i hjula for innblanding og innverknad frå meir reaksjonære krefter. Vi må sikre oss kontroll på moskéane våre. At land som Saudi-Arabia skal finansiere religiøse forsamlingslokale her i Noreg. Det trur eg er ein skikkeleg dårleg ide.

No bør det vere ein kjent sak etter kvart at eg ikkje er heilt på godfot med dei høgare makter. At det offentlege skal bruke pengar på å legge til rette for religionsutøving stikk meg i hjartet. Men vi lever i interessante tider. Eg er sjølvsagt klar over at pengar ikkje veks på tre, og at Flora kommune har eit trongt budsjett. Å sette grupper opp mot kvarandre er dessutan billeg retorikk, og sjeldsynt eit pent syn. Likevel. Når vi kan ta oss råd til å løyve 3,5 millionar kroner til ein skatepark slik at ungdommen kan brekke handledd og anklar under ordna tilhøve. Kvifor er det da heilt uaktuelt å hjelpe muslimane i kommunen med å få seg eit egna forsamlingslokale? Ikkje at eg vil ta frå ungdommen skateparken sin, men har vi råd til den bør vi også kunne diskutere om det er mogleg å hjelpe muslimane med å få ein plass å vere i overskodeleg framtid.

I ei tid der norsk ungdom radikaliserast og dreg til Syria for å krige, trur eg det kan vere ei vel så god investering.

Hummer og kanari

Fjord1 Baby!

fjord1 photo
Photo by Sogn og Fjordane fylkeskommune

Jenny Følling er ikkje ei populær kvinne i Florø. Eg trur det må være lov å seie. Og denne veka har det verkeleg toppa seg. Ja, eg snakkar sjølvsagt om salet av Fjord1. Det feiande flotte bandet Fjorden Baby! hadde ein gong ein mikroskopisk liten hit som heitte «Karoline». Eit stykke uhøvla rockepoesi frå frå Bergen og Loddefjord. Sjølv om songen altså har ein tittel som tyder på noko anna, likar eg å tenke at den handlar om fylkesordførar Jenny Følling. Det første verset går slik:

Hon e super skadelig, som nikotin og all slags medisin
Vi har ingen flere grunner til å se oss mer om
I morges når vi sovnet var vi tom, tom

Etter at det vart klart at fylkestinget ville selje gamle, ærverdige Fylkesbaatane sende Metrologisk Institutt ut varsel om nedbør på opp mot 70 millimeter i Florø, men det er uvisst om det var inkludert alle ukvemsorda som har hagla rundt øyra i kystbyen denne veka. Mange har tatt vedtaket i fylkestinget som ei personleg fornærming. Eit bevis på den pågåande konspirasjonen mot Florø og kysten. Senterpartiet og jævlane i indre som la ned sjukehuset vårt. Kystvegen gjer dei blaffen i, og om arbeidsplassane til Fjord1 forsvinn herifrå, kjem dei til å gni seg i hendene og glise som katta gjer når ho kjem dragande med ei feit mus om natta. Dei lurar på om nokon har sett Jenny Følling utan tørkle rundt halsen, og om årsaka til at det alltid er på plass, er for å skjule merka etter bitet som forvandla henne til ein vampyr. Ein vampyr som får næring av å suge livskrafta ut av kystsamfunna i Sogn og Fjordane. Å, kor deilig det er å ha nokon å skulde på for alt som er gale! Følling er ei klassisk femme fatale frå filmhistoriens film noir. Ei farleg og umoralsk kvinne som er ute etter å øydelegge helten i historia:

Og hon e super voldelig
Det e bare en time siden at eg måte sy ti sting
For eg føler meg så fucking fri
Når hon får utløp for sin sorg og raseri på meg

Men er det verkeleg slik at Jenny Følling, Senterpartiet og innavla kortskaller frå dalstroka innafor har selt Fjord1 berre for å lage krøll for Florø? Sjølvsagt ikkje. Eg har ofte nytte av å bruke Hanlon’s Razor når eg lurer på kva som eigentleg skjer. Hanlon’s Razor, eller Hanlons Barberkniv, er ein aforisme. Eit filosofisk verkty. Det let slik: «Tilskriv aldri noe som ondskap når det er tilstrekkelig å forklare det med dumhet». I dette tilfellet trur eg vi kjem langt nok med dumskap. Det kan ikkje vere noko anna forklaring. Disse folka er ikkje smarte nok til å konspirere vonde planar.

For det heng ikkje på greip, det her. Kvifor skal fylket på død og liv selje til Torghatten, sjølv om verken styre, leiar, eller minoritetseigar vil det? Kvifor ikkje selje til Havilafjord som allereie eig ein god slump med aksjar, og har forkjøpsrett? Kvifor risikere at konkurransetilsynet blandar seg inn? Kvifor risikere år med rettssaker og løpande advokatutgifter for å selje til akkurat Torghatten? Den einaste forklaringa som rimar nokonlunde, er at dei faktisk trur på Torghatten sine forsikringar om at dei vil behalde hovudkontor og arbeidsplassar i Florø. Alle andre skjønar at det er ein lovnad som berre gjeld til konjunkturane svingar feil veg, men ikkje majoriteten i fylkestinget. Dei trur faktisk at dei handlar til Florø og fylkets beste. Dei hatar ikkje Florø, dei er berre naive, godtruande og inkompetente idiotar.

Det kan hende det er rett at sagaen om Fjord1 hadde vore ein annan om hovudkontoret var plassert på Breim. Kanskje er det rett at Florø er fylkets stebarn. Men kanskje skal vi snu blikket mot oss sjølve av og til? Hvis det er så opplagt som vi meinar at det er eit feilsteg å selje Fjord1- kvifor klarar vi ikkje å overbevise dei andre om vårt syn? Kanskje er det oss det er noko gale med? Det er ikkje deg, Jenny, det er oss?

Men det er nok best vi gjer det slutt likevel.

Tro meg når eg sier hon e den beste for meg
Bare tro meg når eg sier hon e det verste som har skjedd meg

Hummer og kanari

Mundus vult decipi

abraham-lincoln-quote

Nynorskens far, den kjende språkforskaren og diktaren, Ivar Aasen ga i 1856 ut ei bok som han kalte for Norske Ordsprog. Munnhell frå heile landet samla mellom to stive permar. Tanken var å vise fram visdommen hos folkedjupet. Auke vørdnaden for allmugen, som Wikipedia så vakkert skriv det. I boka finn ein fine ordtak som «Den som segjer A, fær og segja B», «Klenasta Bøkerna hava lengste namni», og ikkje minst «Ein lyt stundom spyrka Øyrom meir enn Augom». Det var i denne boka det først vart satt på trykk, ordtaket «Sanningi syner seg ikkje alltid, sjølv om nokon har satt eit sitat oppå eit bilete, og posta det på internett. Når sanninga kjem fram fær lygni skam».

Det er sparsomt med informasjon om kor i landet Ivar Aasen snappa opp akkurat dette ordtaket. Kanskje var det noko han fann på sjølv, men det som er interessant er at denne boka kom ut i 1856. Fleire år før den amerikanske presidenten Abraham Lincoln skal ha sagt at problemet med sitat på internett er at ein aldri kan vite om dei faktisk er sanne. Dette i følge eit bilde eg såg på internett, der nokon hadde klistra på eit sitat. Årstalet var 1864, og Ivar Aasen var altså først ute med å åtvare mot kor lett det er å la seg lure av ting ein les på Facebook. Ganske imponerande av ein sjølvlært kar frå fattigste sida av Ørsta, med lite anna utdanning enn livets harde skule.

Eg trur kanskje folk var klokare før. På sitt vis. Ordspråka. Visdommen. Vi hadde det i blodet. Frå Norske Ordsprog kom ut, skulle det gå nesten 150 år før nordmenn kasta gammal visdom til side. Frå 1856 og heilt fram til slutten av 1900-talet fanst det ikkje ein einaste nordmann som såg eit bilde med noko tekst på internett og trudde at det var gudsens sanning utan å ha sjekka kjelda først. Slik er det ikkje lenger. Etter at Facebook opna for norske brukarar i 2006 har det berre gått nedoverbakke. Vi har vorte dummare og dummare. Dei siste vekene har det florert med bilde som skal vise oss sanninga om dei som kjem flyktande over Europas grenser i desse tider. I beste fall er dei lykkejegerar på jakt etter betre tenner og gater av gull. I verste fall er dei terroristar som vil drepe, voldta og bombe oss til kalifat og sharialovgiving. Og dette deler folk heilt ukritisk. Ivar Aasen har allereie snudd seg i grava.

Britain First er ein britisk høgreekstrem organisasjon som har spesialisert seg på å spreie løgn på dette viset. I Norge har vi dei som kallar seg for frieord.no. Det er ei side som definerar seg som sterkt innvandringskritiske. Andre har påvist at redaktøren deira tidligare har fungert som leiar for den nazistiske organisasjonen Vigrid, og har velkjende kontaktar til det nazistiske Svenskarnas parti. Sjølv hevdar han at han har lagt den nazistiske ideologien bak seg, og no berre hatar svartingar på generelt grunnlag. Eg veit ikkje om det gjer saka så mykje betre. Eg har sett litt for mange lenker til desse, og liknande sider, dei siste vekene. Litt for mange bilde som freistar å få oss til å tru det verste om dei som kjem til Europa på flukt frå bombene i Syria. Det er på tide å sende ei klar melding: Slutt med det.

Ver så snill. Ikkje ver nyttige idiotar for høgreekstreme. Ikkje del ukritisk alt de kjem over, utan å sjekke om det er sant. Gjer eit søk på Google. Om kjelda er ein nettstad du ikkje har høyrt om, sjekk om det finst fleire og meir velrennomerte kjelder som skriv om det same. Det handlar ikkje om at ein ikkje skal få lov til å vere kritisk til islam, innvandring og politikarar. Det må ein gjerne, eg oppfordrar til det, men ikkje løp det ytterste høgre sitt ærend. Sett opp nokre gjerdestolpar. Ver redeleg. Ha eit hjarte. Hugs, det er eit barskt auge som aldri vil sjå godt. Ivar Aasen skreiv det.

Eg lurte vel ingen. Boka til Aasen har monge gullkorn. Det kjem ikkje steikte fuglar fljugande. Den som skal gjæta fær hava augo med seg. Og meir relevant i denne samanheng: Det ville færre ljuga, når færre ville lyda på. Men det finnest sjølvsagt ikkje eit einaste ordspråk om internett i forfattarskapet. Abraham Lincoln sa heller aldri noko om at det er lurt å vere kritisk til udokumenterte påstandar og sitat, sjølv om dei er posta på internett. Internett var ikkje særleg utbreitt på 1800-talet. Skulle dei ha fiber måtte dei bake knekkebrød sjølve. Det var berre eit triks av den billege sorten. Men hadde eg tillagt Aasen eit litt meir plausibelt sitat, og blanda det saman med fakta på same måten, hadde eg sikkert lurt langt fleire. Mundus vult decipi. Verda vil bedragast. Men vi treng ikkje hjelpe til. Bruk hovudet. Ikkje tru på alt de les.

Hummer og kanari

Kyrkjelyden

WordItOut-word-cloud-1064656

Denne veka har det vore rabalder i kristen-land – så mykje bråk at ein har høyrt kyrkjelyden heilt ut hit i ateistland. Nokon har gjeve ut ei bok som heiter 22. juli-profetien; eit makkverk utan like. Den kallar ungdommane på Utøya for deltakarar i ein politisk armé som har kjempa mot Israel i over førti år. Når dei blei massakrerte av Anders Behring Breivik var det ikkje meir enn dei måtte rekne med, og årsaka var at Gud ville straffe oss, og åtvare oss. Om vi ikkje snur vil det hende endå verre ting. Det er litt uklart for meg om Breivik var eit sendebod for Gud, eller om djevelen hadde teke bolig i han, og Gud berre let det hende. Uansett kva alternativ ein fell ned på vil eg meine at vår allmektige fader er strafferettsleg ansvarleg, og bør stillast for norsk rett så snart som råd er.

Ein burde vel teie ihjel den slags vrøvl, men når folk med ein viss påverknad deler bokas bodskap, er det på sin plass å reagere. Redaktør i Dagen, Vebjørn Selbekk, tok difor føre seg boka i eit harmdirrande innlegg, og sidan har det berre balla på seg. Vårt Land laga sak på at fylkesleiar og listetopp for partiet De Kristne i Aust-Agder, Jan Ernst Gabrielsen, var einig i at Utøya var Guds straffedom. Dagbladet spadde opp ein ordførarkandidat frå same parti i Skien som var einig. Partileiaren har ikkje villa seie så mykje til media, men etter at han tok ein telefon til Gabrielsen, hadde listetoppen frå Aust-Agder plutseleg gått av frivilleg.

For oss ateistar har det vore ei draumeveke. Endeleg har vi fått bekrefta det vi har trudd heile tida: At dei religiøse folka er spinn ville, klin kokos, rett på – eller kanskje helst litt over – grensa til psykiatri. Heldigvis kjenner eg folk som kan korrigere denne oppfatninga og få meg ned på jorda att. Dei fleste religiøse er ikkje meir koko enn det eg er sjøl. Du finn neppe ein einaste prest her i landet som meiner noko i nærleiken av bokas uhyrlege påstandar.

Men kva med dei snaut 8000 medlemmene av landets mange sokneråd? Der må det vere litt av kvart? Plutseleg finn eg ut at eg må stemme ved kyrkjevalet i år. Det sler meg at om eg gjer som eg pleier, altså gjer fanden, er det fanden sjøl som får mi stemme. Det vil eg ikkje ha på meg. No skal mørkemennene av begge kjønn lukast ut. Til helsike med dei. Eg set meg ned med Google og freistar å finne ut av det noko forvirrande kyrkjevalet. Det er nemleg ikkje berre enkelt. Eg stussar til dømes litt på at det berre er ei einaste liste. Det minner strengt tatt litt om valsystema i land vi ikkje likar å samanlikne oss med. Men kanskje er det ikkje anna å vente av ei kyrkje tileigna ein gud med litt småfascistiske tendensar, som aldri har brydd seg særleg om demokrati. Men litt påverknadskraft har vi. Gjennom å sette ei stjerne på seddelen kan eg gje ei ekstrastemme til inntil tre kandidatar. Utfordringa er å vite kva dei einskilde kandidatane står for. Til bispedømmerådet er det enkelt. Eg kjem til å stemme på dei tre einaste personane på lista som seier ja til å vigsle homofile. Hyggeleg av nominasjonskomiteen å berre inkludere tre stykker, det gjer det lettare å velje.

Til soknerådet er det verre. På bileta som kyrkja har lagt ut på nett ser dei påfallande normale ut, alle saman. Ingen av dei verkar å vere særleg opptekne av Israel. Men kva er dei opptekne av? Eg morar meg med å lime alle kampsakane til kandidatane inn i eit dokument, og lage ei ordsky av dei. Essensen er at dei 25 kandidatane vil kjempe for eit godt, inkluderande vedlikehald av ungdomsarbeid og kyrkjebygga. Eller noko slikt. Det er ullent. Kjedeleg. Det er ingen som skil seg ut. Det blir for vanskeleg. Eg trur kyrkja kunne hatt mykje å hente på å merke kandidatane sine betre. Litt som på pizzamenyen til Dolly Dimples. Om det er nokon som har vore i soknerådet sidan Metusalems tid kan dei få stempelet klassikar på seg. Ferskingar er sjølvsagt merka med ny. Nokre er milde. Andre meir spicy. Nokre bør kanskje merkast med hot. Eller svovel og oske. Dette ville gjort det enklare å velje.

Berre eit innspel. Gratis. Eg får mi lønn i himmelen. Eller kor eg no hamnar.

Uansett. Bruk røysteretta folkens. Er det folkekyrkje dei vil ha, får dei finne seg i at folket er med og bestemmer. Gje ei ekstrastemme til dei tre liberale kandidatane til bispedømmerådet. Godt val!

%d bloggers like this: