web analytics

Tag Archives: ralph macchio

Hummer og kanari

Krafta vaknar til liv

darth

Den første gongen eg opplevde publikum i ein kinosal klappe når filmen var ferdig, var etter den originale Karate Kid-filmen, den med Ralph Macchio i hovudrolla, tilbake i 1984. Sjølv var eg så gira at eg gjorde eit forsøk på å springe heile vegen heim. Fem kilometer var litt for langt, sjølv den gongen, men eg kom eit godt stykke før eg slengde ut tommelen og haika resten av vegen. Denne veka klappa folk før filmen i det heile tatt var kommen i gong. Onsdag, i kinosalen på Samfunnshuset, braut applausen laus med ein gong den velkjende Star Wars-logoen dukka opp på lerretet. Eg trur det er rett å seie at forventningane til «The Force Awakens» var skyhøge.

Eg har aldri vore den største Star Wars-fantasten. Eg var ti år når den første filmen kom ut. Eg las den som teikneserie, men eg trur aldri eg såg den på kino. Eg var blitt 13 år i 1980 når Imperiet slo tilbake. Då tok eg bussen til byen for å sjå den, og det var ei storarta filmoppleving. Når Jediridderen vende tilbake nokre år seinare såg eg den så klart, men utan å bli heilt overvelda. «The Phantom Menace» kom i 1999, og eg var på plass på midnattspremieren. Eg klarte å kjenne eit snev av sitring og gåsehud når lyssablane for første gong gnistra til som eit anna lysstoffrøyr, men elles er det i grunnen greitt å liste seg forbi episode ein, to og tre utan å seie så mykje om dei.

Skal ein vere objektiv må det vel seiast at Star Wars-filmane, sjølv på sitt beste, ikkje er stor filmkunst. Historia er ei samanraska blanding av Tolkien, Kurosawa, Lyn Gordon, Trollmannen frå Oz, Ben Hur og gamle westernfilmar. Likevel klarte George Lucas å skape ei verd som har tatt fleire generasjonar med storm. Ei verd som er større enn summen av dei kunstnarlege produkta. Det er som om vi har fått Star Wars-mytologien koda inn i DNA’et. Sonen min på ganske snart ni har vel knapt sett filmane, men han har stålkontroll på universet, og kunne tidlegare i veka gje meg ei leksjon i kven som har vore lærling hos kven blant jedi-riddarane. Han kan skilje mellom Boba og Jango Fett, og veit at det var Mace Windu som hogg hovudet av sistnemnde. Kunnskap eg sjølv aldri har hatt, og eg anar ikkje korleis han har skaffa seg den kunnskapen.

Star Wars i 77 var først og fremst rett film til rett tid, men det er djupareliggande årsaker til suksessen her. George Lucas oppdaga Joseph Campbell og hans bok, «Helten med tusen ansikt». Campbell var religionshistorikar, og forska på komparative mytologiar. I denne boka viste han korleis den arketypiske heltens reise kan gjenfinnast i verdas store mytologiar. Monomyte, kalla han det. At historia om Jesus, Buddha, Promotheus, Osiris, Frodo Baggins, Harry Potter og Luke Skywalker alle saman har den same strukturen. Campbell var ikkje den første som såg dette. Sjølvaste Carl Jung meinte at vi alle er fødde med ei felles forståing av desse tinga. At vi menneske, sjølv om vi har vakse opp på forskjellige kantar av verda og ikkje ein gong snakkar same språk, har den same oppfatninga om korleis ei heltehistorie skal vere. Difor er det også mogleg for oss å sette pris på dei same historiene. Dei snakkar til underbevisstheita vår. Det er koda inn i vårt DNA. Kanskje.

Historier. Eventyr. Forteljingar er viktige for oss menneske. Dei er som GPS-signal vi kan følgje for å finne fram i tilværets evige kaos. Men dei blir utdaterte. Asbjørnsen og Moe er uleseleg i dag. Sjølv om strukturen, slik Campbell viste George Lucas, er lik, gjeld det for kvar generasjon å gjenfortelje dei gode historiene på ein måte som gjer meining i vår tid. Det var akkurat det George Lucas gjorde, og kanskje har Luke Skywalkers kamp mot Darth Vader og den mørke sida gjort oss alle til betre menneskje som eit resultat?

Om ein skal innvende noko mot «The Force Awakens», må det vere at den er for opptatt av nostalgien og det som ein gong var til å få den same posisjonen for nye generasjonar. Det er Katniss Everdeen og «Hunger Games» som treff tidsånda i dag, ikkje ein aldrande Harrison Ford og hans trufaste ven Chewbacca. Men det er ikkje nokon avbefaling. Kom deg på kino og kjenn krafta vakne på nytt. Kanskje orkar du å springe heile vegen heim etterpå.

%d bloggers like this: