web analytics

Tag Archives: Religion

Hummer og kanari

Religion og sånn

Dette er min nye plan for å revitalisere Strandgata og Florø Sentrum. Riv Trovikbygget og bygg denne her i stedet. Bro til Rota i bakgrunnen.
Dette er min nye plan for å revitalisere Strandgata og Florø Sentrum. Riv Trovikbygget og bygg denne her i stedet. Bro til Rota i bakgrunnen.

La oss starte spalta etter ferien med ein påstand med smell i. Islam i Noreg er komen for å bli. Ein kan like det eller late vere, men det er slik det er. Det er noko meir enn 100 000 muslimar i Noreg i dag, og dei dreg ikkje nokon plass med det første. Ikkje kjem dei til å slutte å tru på Allah, og heldigvis er det langt mellom små Hitlerbartar som meinar at tvangsdeportering er ein god ide. Tida for jødeparagrafar er forbi, grunnloven gjev oss religions og tankefridom, og sjølv om dei mest radikale innvandringsmotstandarane skulle vinne frem ved stortingsvalet og få stengt grensene er det altså ein kjensgjerning. Islam er her, og det får vi ikkje gjort noko med. Korleis skal vi stelle oss til det? Forhåpentlegvis litt meir offensivt enn slik reaksjonane frå dei lokale politikarane våre var når muslimane i Florø ba om hjelp til å få bygge ein moske her i Høljebyen vår.

Muslimane i Florø vil gjerne ha ein moske der dei kan samlast utan at det blir for trongt. Dei har ikkje bede om penger til å bygge sjølve moskeen, men dei treng hjelp frå kommunen til å skaffe seg ein tomt. Firdaposten spurde sentrale politikarar om korleis dei ville stille seg til å hjelpe muslimane med å få på plass ein moske, og det må eg seie, det var ikkje mykje futt over svara. Dei minna i grunnen mykje om slik eg sjølv svarar når guttungen vil ha meg med og leike, medan eg sjølv ikkje har det minste lyst til å reise meg frå sofaen. Eg latar som eg ikkje høyrer. Eg svarar vagt, dreg på det. Kanskje etterpå, seier eg, og håper at han gløymer heile greia om fem minutt. Setter på Disney XD, og lukker augo. Byrjar å snorke. Slik var det med politikarane også. Jau, me får nå sjå. Kanskje i morgon. dei får nå kjøpe seg ein tomt, så skal vi se kva vi får til. Eg skal berre kvile augo litt. Håper problemet forsvinn av seg sjølv føyr neste episode av Phineas og Ferb. Zzzzzz.

Eg seier ikkje at kommunen skal gje muslimane ein  tomt dei kan bygge på gratis, men kjenner eg det norske byråkratiet rett er det ikkje berre å kjøpe ein tomt og sette spaden i jorda. Her er det reguleringsplanar, parkeringsplassar og naboklager å ta høgde for. Å seie at dei får kjøpe seg ein tomt, så skal vi se på saka, er alt for passivt. Dei kan ikkje kjøpe ein tomt uten å vere rimeleg sikre på at kommunen gjer deg løyve til å bygge der. Her må kommunen vere med i planlegginga. Her må ein gå i dialog. Det burde vere sjølvsagt.

Dei som har lest denne spalta ein stund vil kanskje ha fått med seg at underteikna og Vår Herre ikkje er heilt på talefot. Vi freistar å ignorere kvarandre som best vi kan, og det blir ikkje noko betre om han kaller seg Allah i staden. Om eg berre skal bruke mitt eige snevre ståstad som grunnlag for kva eg meinar, så ville eg ikkje brukt ein einaste offentleg krone på religion. Med eit mogleg unntak for eit livssynsfleksibelt hus, men det er ein annan diskusjon. Men eg er også ein fanatisk pragmatikar. Eg gjer blaffen i ideologi og slikt berre resultatet er bra. Og det er pragmatikaren i meg som spør korleis vi best møter det uomtvistelege faktum at islam har komen til Norge for å bli. Møter vi dem med åpne armer og freistar å hjelpe dem som best vi kan, eller gjer vi som Gustav Johan Nydal frå KrF gjer når Firdaposten spør? Passar på at dei skjønar at vi helst ikkje vil ha dei her?

Islam kan vere så mangt. Med ein stad mellom 1.3 og 1.7 milliardar tilhengarar seier det seg sjølv at det er mange ulike retningar. Nokon av dei er dypt problematiske, til dømes i sitt syn på kvinner og homofile. Men dette gjeld ikkje alle. Muslimane i Noreg har for ein stor del skikka seg bra. Med nokre ganske medieprofilerte unntak er dei er relativt liberale. Dei har ikkje noko stort ønske om å steine homofile. Dei vil ikkje bo i en ny versjon av Iran her i Noreg. Det er fint. Eg vil gjerne at dei skal fortsette slik, og gjerne bli enda meir liberale og sekulære også med tida. Ein måte å få til det på kan vere å hjelpe dem med å bygge moskeene sine. Gje dei hjelp til å finne passande tomter. Gje dei gjerne rimelege lån til å kjøpe tomt, og bygge sjølve huset. Kvifor? Fordi det skapar tilhøyrsle til den norske modellen. Eg vil heller at dei går rundt og er takksame for sosialdemokratiet, velferdsstaten og dei norske oljepengane, enn at dei skal måtte ta i mot pengar fra ultrakonservative wahabistar frå Saudi Arabia for å få bygd moskeen sin.

Eg reknar med at det er lite sannsynleg at kommunen tilbyr muslimane Trovikbygget, men for ein klekkeleg sum skal eg vurdere å la dei få overta huset og tomta vår her i Markegata. Gje bud!

Mer lesestoff? Mitt lille webunivers skriver om samme saken. 

Hummer og kanari

Det går alltid en omkamp

Yoda vs. Hulk (164/365)

Eg såg svenske Sune Nordgren på TV for nokre veker sida. Han snakka om korleis det var for ham å kome til Noreg og ta over som sjef for Nasjonalgalleriet. Korleis han måtte lære seg ordet “omkamp”, og korleis nordmannen ikkje har eit fnugg av respekt for autoritetar. Inst inne er vi fortsatt frie bønder som gjer som vi vil, same kva lækjar og prest måtte meine. Eg vart litt stolt av å vere nordmann då. Eg likar dette trekket ved oss. Det er noko av det finaste vi har, det at vi stort sett gjer blaffen i autoritetar. Men det må seiast. Nokre gonger blir det for mykje av det gode. Nordmannen er fri, og held på meiningane sine, men er ikkje alltid like flink til å velge når han skal ta kampen, når han skal helde tann for tunge, og når han skal kapitulere.

Ta debatten om konfirmasjonsundervisninga i skulen. Herre, min Gud, kvifor er vi belemra med slike udugelege politikarar. Dette burde vere ein enkel sak. Lova er klar. Konfirmasjonsundervisninga skal ikkje foregå i skoletida, med mindre det er tungtvegande årsakar til å gjere eit unntak. Det er ikkje mogleg å gjere unntak frå lova fordi ein meinar at den kristne kulturarva, kva nå den eigentleg er for noko, er særs viktig. Allikevel bablar altså florapolitikarane i veg om humanetikarar, kyrkjas særstilling, tradisjonar og fanden og hans oldemor. Ting som er heilt uvedkommende for den saka dei skal avgjere. Kan det vere så vanskelig å slå av si eiga stemme i fem minutt og freiste å tenke littebitt prinsipielt?

Flora kan gjere unntak for lova, om dei kan vise til tungtvegande årsakar til at det er den beste løysinga, men det har dei vel strengt tatt ikkje gjort? Kor er dei ekstraordinære utfordringane? Det får eg ikkje tak i, utover Jan Arve Midtbøs 70-80 ungdommar i utkantane som han meiner kan få problem. Kva slags problem då? Blir middagen litt sein? Eller risikerar dei å hamne i helvetes ildpøl? Eg veit ikkje, og det veit nok verken du eller Fylkesmannen heller. Heldigvis har i det minste Odd Bovim bedt nettopp Fylkesmannen ta ein titt på saka, slik at vi kanskje blir litt klokare neste gong. For her blir det omkamp. Garantert!

Men dette er ei fillesak i den store samanhengen, eg burde ikkje hisse meg opp. Den verkeleg interessante saka i Florapolitikken for tida er konflikta mellom Jacob Nødseth og administrasjonen i kommunen. Den går på korleis vi vil at kommunen vår skal styrast, og dette er viktig. Her må vi sjå litt forbi det enkle faktum at Nødseth kan hisse på seg folk i eit tomt rom, og igjen freiste å tenke litt prinsipielt. Saka er at Nødseth og HSU greip inn i ein enkeltsak, og instruerte adminstrasjonen til å gje ein einskild brukar plass på det private rehabiliteringssenteret KOA. Det har det blitt bråk av. Rådmannen meinar at HSU har gått utover sine fullmaktar, Nødseth er ueinig. Dette blir etterkvart ein sak for bystyret å finne ut av. Det luktar rabalder.

Nødseth sjølv er sikker på at han har handla rett. Eg trur han tar feil, men sjølv om det skulle vise seg at lova og bystyret gjer ham rett, så har han feil uansett. Om det festar seg ein praksis der politikarane på jevnleg basis overprøver administrasjonens faglege vurderingar i enkeltsakar, risikerar ein til slutt at ingen dyktige fagfolk vil jobbe i kommuna vår. Det er ein måte å styre på som går på kommunens omdømme laus. Ein dyktig fagperson som stadig blir overprøvd og kjefta på av politikarar med varierande grad av fagleg innsikt vil fort finne seg noko anna å gjere. For som vi allereie har vore inne på. Nordmannen tek ikkje drit frå nokon. Den autoritære sjefen har dårlege kår. Sjølvsagt kan ein forvente at omsorgstenesta er lojal, og tek føringar frå politikarane alvorleg. Men ein må og kunne forvente at politikarane skjønar si eiga rolle, og er lojale mot omsorgstenesta faglege vurderingar. Prinsippa bør være klare. Dei som sit med den faglege kompetansen skal gjere dei faglege vurdringane. Politikarane har ikkje den kompetansen. Dei skal legge ramma rundt tenesta, dei kan gje føringar, men dei skal halde seg langt unna enkeltsaker. Politikaranes ansvar er det juridiske. Dei må forsikre seg om at dei vedtaka som adminstrasjonen gjer held seg innafor lovverket. Gjer det ikkje det bør dei be administrasjonen se på saka på nytt. Dei skal ellers vere svært forsiktige med å overprøve faglige vurderingar. Det bør ikkje forekomme.

Alle ynskjer at det skal skine av omsorgstenesta i Flora. Om ein skal få det til må ein ha ein forståing av at alle er i same båt. Ein må ro i takt. Kreftane må brukast på folket, ikkje på lange og utmattande kampar innad i systemet. Denne kampen bør Nødseth kapitulere. Det bør ikkje vere så farleg, det kjem alltid ein omkamp med høve til revansj.

Hummer og kanari

Bare en helt vanlig dag på jobben

Japanese Jehovah's Witnesses.

– Kan jeg friste deg med noe bibelsk lesestoff i dag?

– Nei takk du, jeg klarer meg uten.

– Jeg tror nå at ingen klarer seg uten bibelsk lesestoff jeg.

– Nåvel…

– Men de TROR de klarer seg uten.

– Aha!

– Ja sånn er det, ha en fin dag!

– Takk det samme.

Hummer og kanari

For lite Jesus

Det hender at eg har radioen ståande på på soverommet når eg skal legge meg og sove. Det er kjekt det. Særleg kjekt er det når Herreavdelingen pratar skit og spelar god musikk, men det er i det heile mykje bra på radioen. Og sovnar eg ikkje av Nattønsket, kan eg like gjerne stå opp att, for då er toget gått den natta. Men nattradio har ein bieffekt som gjer at eg for det meste let apparatet vere avslått når det kjem til stykket. Fleire gonger når eg har sovna til Nattønsket har eg opplevd å vakne tidleg og vere i eit skikkeleg dårleg humør. Kvifor? Jo, fordi eg då i fleire minutt har vore fanga i grenseland mellom draumeland og vakenland, og det i selskap med ein eller anna prest som held morgonandakt over eteren. Eg kan ikkje noko føre det, men eg vert skikkeleg sur kvar gong eg vert utsett for dette. Kan hende burde dette vore gjenstand for ein psykologtime eller tre. Eg veit ikkje kvifor, men sint blir eg i alle fall. I det eine augneblinket ligg eg og høyrer på The Kinks og Stop Your Sobbing. I det neste har eg ei irriterande morgonfrisk stemme i øyret, som vil at eg skal løfte hendene over hovudet og prise Guds skaparmakt. Eg likar det ikkje. Eg vil ikkje ha det. Eg skal fakerten meg ikkje vakne til noko jævla Jesus!

Sett i lys av dette kjem det vel ikkje som noko bombe at eg ikkje er frykteleg imponert over det siste utspelet til Framstegspartiet. Dei synes nemleg at det er for lite Jesus på NRK TV no i adventstid. I jula feirar vi jo nettopp at Jesus vart fødd. I følge Øyvind Korsberg, som er stortingsrepresentant for nemnde parti, er dette er ein viktig del av tradisjonen i Norge, og noko han synes at også NRK bør reflektere i sine adventsprogram. Han får støtte av Høgres Linda Hofstad Helleland, som meiner at NRK no fjernar alle spor av Norges kristne kulturarv i sendingane før jul. Kan det vere slik at dei to høgrepartia allereie no har starta den lange valkampen, og med dette freistar å lokke Jesus-glade velgarar over det ganske land med feite lovnadar om meir Jesus på TV til neste jul? Og så eg som var heilt overtydd om at det vert regjeringsskifte neste haust. Kanskje eg må tenke meg om ein gong til?

I USA har dei konservative profesjonelle pratmakarane prata usamanhangande om krigen mot jula kvart einaste år sidan starten av 2000- talet. War on X-mas kallar dei det, og skuldar venstresida for å ville fjerne Kristus frå jula. Venstresida vert åklaga for å seie Happy Holidays i staden for Merry Christmas, og for å bry seg meir om julenissen enn om Jesusbarnet. Lenge har eg sjølv tenkt at om det er ein ting vi ikkje kjem til å importere frå statane, så er det nettopp denne krigen mot jula. Så dumme er ikkje den norske høgresida, at dei kan tru at dette er lyset, sanninga og vegen til regjeringsmakt. I Norge er vi sekulære og fornuftige menneske. Sjølvsagt er det kvart år nokon som skal plage oss med snakk om at den opprinnelege bodskapen i jula druknar i kjøpefest og fråtsing, men det er på eit vis ein del av ritualet det også. Derifrå til at nokon i fullt alvor skulle stå på talarstolen i Stortinget og jamre over at NRK øydelegg den kristne kulturarva vår fordi det er for lite Jesus på barne-TV? Nei, det hadde eg nok ikkje trudd.

Eg gjekk med andre ord på ein smell der. Igjen. Det rare er at eg no anten har vore barn eller hatt barn i det som snart nærmar seg eit halvt hundreår. Eg har sett ein god del av NRK sine julekalendarar, og eg kan verkeleg ikkje hugse at Jesusbarnet har vore nokon aktiv deltakar i dei tidlegare utgåvene av desse heller. Ingen Jesus verken i Skomakergata eller på Blåfjell. Og Jon Blund, som var eit fast innslag i Skomakergata, var jo tvert i mot ein kommunistisk propagandafigur frå gamle gode DDR. Det kan synes for meg som at FRP, og i nokon grad Høgre, diktar opp ei gyllen fortid som eigentleg aldri har eksistert, berre for å bruke dette som kritikk mot notida. Tullebukkar!

Men kvifor kjem dei trekkande med dette våset akkurat no. Som ein ven av meg seier; Jesus var ein svartmuska sydlending, som ikkje snakka norsk ein gong. Han levde mest på andres gåver og skattepengar, og kvar gong han faktisk gjorde noko, så var det eit under. Ikkje akkurat den gruppa FRP vanlegvis snakkar varmast om, dette. Men så slo det meg. Kanskje Øyvind Korsberg berre sovna med radioen på kvelden før, og vart vekt at ei litt for morgonfrisk stemme som ba han om å strekke armane i vêret og prise Guds skaparverk?

Eg håpar forklaringa er så enkel som dette, og vil gje Korsberg og Helleland eit godt råd med på vegen vidare. Neste gong du kjenner ein trong om å seie noko om at det er for lite Jesus på NRK i jula; set deg berre roleg ned, drikk ein kopp sterk kaffi og vent på at det går over. Jesus!

Hummer og kanari

Eit alvorsord med Gud

Lørdagens firdapost-tekst, her i uvasket språkdrakt. Firdaposten retter opp alle feilene mine så godt de kan før de trykker altså, jeg prøver ikke å ødelegge nynorsken før Kristin Halvorsen rekker å gjøre det.

text, :) hope u can handle it!
Creative Commons License photo credit: Joshua Ommen

Når eg var ungdom verserte det ein heil haug med historier om korleis ein kunne kome i kontakt med Djevelen om ein ønskte seg det. Om ein gjekk tolv gonger rundt kyrkja ved midnatt, og så banka på kyrkjedøra, så skulle han kome ut. Somme hadde sett honom i spegelen og mista forstanden. Andre hadde høyrt om nokon som hadde høyrt om nokon som hadde utmana ham. Ropt det ut, berre kom du din dumme djevel, så skal eg gje deg ein omgang, og djevelen kom, og den djerve karen som bydde bank hadde hamna på asylet. Etter å ha sett Exorcisten tenkte eg ganske mykje på dette ein stund. Vi gjekk rundt kyrkja tolv gonger ved midnatt ein gong, og banka på, men det kom ingen ut. Eg tenkte at det kunna vere fordi det tok ein heil liten evigheit å traske rundt den fordømde kyrkja, kanskje brukte vi for lang tid? For ingen visste om man skulle begynne å gå ved midnatt, eller om ein skulle vere ferdig å gå slik at ein kunne banke på døra presis når spøkelsestimen starta. Det kunne også hende at det ikkje var nokon djevel der, men det var slik ein kjedeleg tanke, den slo vi frå oss. Eg tok aldri sjansen på å utmana djevelen til noko som helst, aller minst mens eg sto foran spegelen. Når eg no sit her og skriv på denne spalta føler eg meg litt sånn som eg gjorde den gongen eg tenkte på djevelen i ungdommen, og ikkje torde å seie noko som kunne provosere ham til å dukke opp i spegelen. Eg skriv nemleg dette høgt over skyene, i eit av Lego-flya til DAT, og eg hadde så smått tenkt å bruke denne laurdagens spalte til å ta eit lite oppgjer med Gud. Ikkje det at eg trur på ham, like lite som eg trudde på Djevelen når eg sto der foran spegelen i ungdommen, men ein kan jo aldrig vite heil sikkert slike ting. Kanskje er det ikkje så lurt å ta eit oppgjer med nokon som tross alt er allmektige når man sit i eit lite fly uhorveleg mange fot over bakken på veg mot syndas pøl, Oslo? Gjer man det ikkje litt for enkelt for den gamle grinebitaren då?

Men nokon gonger må man berre la det stå til, viss man vil vere eit menneskje då, ikkje berre ein liten lort. Viss dykk ikkje les dette akkurat nå veit dykk kva som har skjedd og kven som har skylda. Da har det gått gale med Flyhjorthen.

Grunnen til at eg hadde tenkt å ta eit lite oppgjer med Gud sjølv er at eg synest at tilhengarane hans her på jorda av og til gjer litt for mykje av seg. Som dykk kanskje kan tenkje dykk er det denne statsvitaren, Per Haakonsen, som er årsaka til at eg sit her og tenkjer på Guds straffedom. Mannen som i eit foredrag om antisemittisme hevda at både Alexander Kielland-ulukka, og tragedien på Utøya i sommar kom som eit resultat av skrantande relasjonar mellom Noreg og Israel. Ikkje som ein straff, men som ein åtvaring. Om vi ikkje tek rev i seila vil det vere enda verre ting som treff oss i framtida. Gud let seg ikkje spotte. Nå er det sjølvsagt riktig som Knut Arild Hareide seier, at dette ikkje er normal tankegang, men den er ikkje så heilt uvanleg heller. Sjølv blei eg, i mi tyngste time etter å ha mista sonen min på fire år, forsikra av ein truande at det nok var Jesus sjølve som hadde vore nede i stua og henta guten vår. I beste meining, sjølvklart, men det kjendes som eit slag i andletet. Slik det sikkert må ha gjort for dei som var involvert i tragedien på Utøya i sommar.

Så derfor vil eg seie til Gud, at no er det på tide at du tek eit tak her. Ta ein alvorsprat med dei tilhengarane dine som meiner at deira tro gjer dei rett til å seie kva som helst, uavhengig av om det gjer vondt for andre menneskje. Fortel dei kor skapet skal stå. At om dei ventar toleranse for si tru må dei også vise toleranse for oss som ikkje trur. Joda, eg veit jo at du var både bråsint, hemnlysten, og sugen på ein slåsskamp når du var yngre, men når du fekk barn, når Jesus dukka opp, så roa du deg kraftig ned, og det skal du ha skryt for. Fortel den overivrige fansen din at det er greitt å meine kva man vil, men man treng ikkje seie alt man meiner like høgt, gjer man vel? Det blir så guffen stemning av det heile. For du veit, om nokon kjem på å seie til meg ein gong til at det var Jesus sjølv som henta guten vår så veit eg kva eg skal seie. Da må han jaktas på til vi finner ham og stille ham til ansvar, slik kan han ikkje få halde på. Om det verkeleg var slik at Utøya var ein åtvaring frå Gud, frå deg, så må svaret ikkje vere underkasting. Vi bøyer oss ikkje for tyrannar her i landet, då blir det krig med alle midlar. Så ta ein prat med dei du, så blir det god stemning igjen, ikkje sant? Så snakkast vi kanskje når eg flyr heim igjen på søndag?

%d bloggers like this: