web analytics

Tag Archives: russen

Hummer og kanari

Party like it’s 1945

Dusseldorf, 1937: Frå ei utstilling av degenerert kunst, der formålet var å vise kor sjuke kunstnarane var i hovudet sitt.
Dusseldorf, 1937: Frå ei utstilling av degenerert kunst, der formålet var å vise kor sjuke kunstnarane var i hovudet sitt.

Gratulerer med dagen alle saman. Fredag var det 70 år sidan dei allierte kunne erklære andre verdskrigen for vunnen, og Noreg atter var fritt. Britane feirar rett nok sin Victory in Europe-dag dagen før oss, altså den sjuande mai, for det var den dagen kapitulasjonen vart underskriven. Dette er historisk prov på at ting som skjer ute i vide verda brukar litt tid på å kome hit. Vi kan trøste oss med at vi uansett ligg ein dag framfor russarane, som ikkje feirar sin frigjeringsdag før niande mai. Det er i dag det, så akkurat i dag kan det vere på sin plass med eit lite hurra også for Stalin. Eit godt døme på at også paranoide, totalitære massemordarar kan ha sine gode sider.

Vi har altså vore frigjorde i cirka 70 år no. Det tynnast i rekkjene blant dei som hugsar korleis vi hadde det under okkupasjonen. Heldigvis finst det masse historisk materiale som kan hjelpe oss å hugse. Tidlegare denne veka sirkulerte det eit skriv på sosiale medier frå den tida. Det var tilskreve Kultur- og folkeopplysningsdepartementet, som var ledet av Gulbrand Lunde frå 1940 til han drukna under mystiske omstende i 1942. Det skulle vere eit utdrag frå eit dekret, og omhandla kva slags repertoar orkester og artistar kunne framføre utan å havne på Grini. Musikkstykke i fox-rytme, såkalla swing, kunne ikkje overstige 20 prosent av repertoaret for danse- og underhaldningsorkester. Dei måtte halde seg til komposisjonar som gjekk i dur, og skulle det syngast, måtte ein halde seg til tekstar som uttrykte livsglede, ikkje jødisk-dystre tekstar. Kontrabass skulle kun spelast ståande, og med boge. Ingen plukking av strengane, maks ti prosent synkopering, og i den grad det var mogleg burde bruken av saksofon innskrenkast, og erstattast med cello, bratsj eller passande folkeinstrument.

Problemet med skrivet var at det ikkje fanst noko kjelde på det. Gudbrand Lunde nekta tvert i mot å gjennomføre tyske pålegg om å forby jødisk litteratur og musikk. Mest sannsynleg var det ein parodi, laga av gode jøssingar. Eit falsum, som blir genialt og morosamt av di det faktisk kunne ha vore sant. Nasjonalsosialistane i Tyskland hadde jo sterke meiningar om kva dei meinte kunne godkjennast som verdig kunst. «Entartete Kunst», altså utarta kunst, eller som det gjerne vart brukt i Noreg, degenerert kunst, var eit omgrep som omfatta alt frå ikkje-naturalistisk moderne kunst, til jazz, swing og anna «negermusikk». Dei meinte at dette var kunst som var ugermansk, kulturbolsjevistisk, inspirert av jødar, marxisme og sinnsjukdom, og umogleg å forstå for folk flest. Og nazistane nøydde seg ikkje med å skrive sinte lesarbrev. Dei var handlingsmenneske. Rundt 20.000 kunstverk vart fjerna frå museum og private samlingar. 4000 abstrakte og surrealistiske måleri vart brent. 82 verk av Edvard Munch vart stempla som degenerert kunst, og fjerna frå offentlege samlingar. Kunstnarar som dreiv med slikt vart stempla som fiendar av folket, fleire vart fengsla, og mange rømde landet.

I Noreg har og hadde vi eit litt anna syn på kva som var god og dårleg kunst. Vi var sjølvsagt ikkje med på at Edvard Munch var degenerert. Vi er så glade i jødisk-dystre tekstar at vi gjorde Leonard Cohen til norgesven og rikstrubadur. Men no, i 2015, må vi atter ein gong våge å ta debatten om degenerert kunst. 70 år etter frigjeringa er det ingen som er meir frigjorde enn russen. I år har dei fått fortent negativ omtale for musikken dei høyrer på.

Nokon som kallar seg for Tix og The Pøssy Project har laga nokre russesongar som hyller fyll, festvaldtekt, og far betaler på ein måte så stupid at ein knapt trur det er mogleg. Plutseleg framstår det falske dekretet frå NS og Gudbrand Lunde som ein sabla god idé. Sjølvsagt i ei noko oppdatert utgåve. Det må være mogleg å få sett ein stoppar for dette svineriet? Dette bør vere ein vinnarsak for kulturminister Widvey. Far min kjempa ikkje mot nazistane for russens rett til å synge om å knulle nokon berre for lættis. Brenn alle spor etter disse makkverka!

Der folk brenn bøker vil ein til slutt også brenne menneske, var det ein fyr som sa ein gong. Eg veit ikkje om dette gjeld for musikk også. Der du brenn russemusikk vil du til slutt også brenne russebussar? I så fall er det heilt greit for meg.

Party on folkens!

Hummer og kanari

Bummelacke

tutogtafs

Dei kjem veltande frem med ein gong det blir varmare i veret. I gamle  skranglete varebilar, kledd i skitne, fargerike filler gjer dei mykje av seg. Dei spelar høg musikk av ymse kvalitet. Dei snakkar ein slags  variant av norsk, men ispedd ord og uttrykk frå framande språk er dei  ikkje alltid like lette å skjøne for oss andre. Dei manglar respekt for  lover og reglar. Dei bryr seg ikkje om normar som nordmenn flest har  akseptert i generasjonar. Dei tek seg til rette i det offentlege rom.  Dei rusar seg på open gate, og gjer frå seg i sandkasser, blomsterbed og meir eller mindre mørklagte hjørner. Kulturen deira er på  kollisjonskurs med den norske gjennomregulerte velferdsstaten. Folk  flest synest dei er ein pest og ein plage, men kritikk prellar av dei  som vatn på gåsa. Som nasjon står vi makteslause mot dei hylande horder, medan bakmenn tjener store penger på det som har blitt ein organisert  og illeluktande industri. Nei, eg snakkar ikkje om tiggarar frå Romania. Eg snakkar om russen. Russen ja. Dei unge håpefulle. Nokre småbarn i  Ålesund spør om det er greit at dei tar med seg små heimelaga flagg med  det norske flagget på eine sida, og eit anna flagg på den andre side, og halve Norge går i svart av såra og misforstått nasjonalisme. Men at  russen vaser rundt i bakrus i borgertoget med det norske flagget på klea sine tilsmussa av oppkast, blod og gud veit hvilke andre kroppsvesker,  det er slik det skal vere. Takk og lov at det er attande mai i dag, og  slutt for denne gang.

Eg er sjølvsagt ikkje den rette til å snakke. Eg burde nok helst berre  teie stilt, eg er berre nok ein stut som har gløymt han har vore kalv  ein gong. Greit, så har eg aldri vore russ. Eg droppa ut av gymnaset  etter tre veker. Men allereie i 1981 gjekk eg rundt i dongerijakke med Sex-Inspector, First Lesson Free skreve med svart tusj på ryggen. Utruleg nok var det ingen som slo til  på det generøse tilbodet. Om eg no skal legge hånda på hjartet kan eg  vel ikkje seie at eg har forandra meg så mykje siden da. Eg har ved  fleire anledningar vore observert i ein t-skjorte der to einhjørningar  står under ein idyllisk regnboge. Den eine einhjørningen, travelt  opptatt med å ta den andre bakfrå. Det kan vere at eg kjøpte den  t-skjorta fordi eg er glad i einhjørningar, og syntes det er kjekt at  dei formerar seg, men det kan også ha ein viss samanheng med at eg er  ein gamal gris. Eg overlet til lesaren sjølv å døme i akkurat den saka,  men nei, eg er verkeleg ikkje den rette til å klage på russen. Har eg  ikkje sjølv ein gong hatt ein button med pule, drekke, spy og sloss på jakka kanskje?

Mogleg det var russebilen Mycke Mus som var dråpen som gjorde at det rant over for meg i år. Hvis det ikkje var Donald Fuck då. Eg veit ikkje. Det var ikkje ordspelet i seg sjalv som var  problemet, eg likar vanlegvis eit dårleg ordspel betre enn dei fleste,  men i år var det plutseleg ikkje morosamt lenger. Det var nok heller det at på tre store russearrangement i landet dei siste par vekene, har  politiet fått åtte valdtektssaker i fanget. Dei sexfikserte ordspela.  Dei morosame fyllehyllestene. I år satte det seg fast i halsen.  Åtte  jenter har melde frå om at dei har blive voldtatt. Elleve gutar er  etterlyst. Ingen er arrestert. Ingen bryr seg.

Åtte valdtekter på to veker er ein meir enn det som fekk hovudstadsavisene  til å skrive om ein valdtektsbølge i Oslo i april 2011. Kva er det som  skjer her? Kvifor er det ingen som bryr seg? Kva er åtte valdtekne  jenter for noko eigentleg? Svinn? Det ein på engelsk kallar for collatteral damage? Ikkje meir enn ein må rekne med? Kvifor er det ingen som protesterer,  går i tog, eller gjer noko, eit eller anna, for å markere at det her  faktisk ikkje er greit? Kan ikkje nokon i det minste døype om russebilen sin til Fuck off?

Eg veit sjølvsagt at det er dei få som øydelegg for dei monge. Eg veit at  dei fleste som tok av seg russedressen for siste gong i dag tidleg ikkje har gjort noko gale. Eg veit at dei kjem til å himle med augo når dei  les dette. Ja, eg veit at det ikkje er noko poeng å klage på ungdommen  og all den slitsomme entusiasmen og livsgleda deira. Det er lite som er  meir patetisk enn gamlingar som klagar på drikkekultur, fæl ungdom, og  brukar ord som bevisstgjering. Men kva anna kan ein gjera? Russen skulle hatt pryl, pleier eg å seie,  men eg orkar ikkje banke dei alle saman. På ein eller annen måte må dei  som skal vere russ i 2014 lære seg det på egen hånd. At alt har ein  pris, også russetida, og at åtte valdtekne jenter er for dyrt. Dei har  eit år på seg frå i dag.

%d bloggers like this: