web analytics

Tag Archives: samfunn

Hummer og kanari

Grisen står og hyler

Tidlegare denne veka var det nokre luringar som plasserte eit blodig, eller i alle fall raudmåla, grisehovud utanfor bønehuset til det muslimske trussamfunnet i Kristiansand. Saman med grisehovudet låg det ei melding skriven på ein bit av papp, pynta med ei lita 17.mai- sløyfe. Meldinga laud slik: “Hei muslim. Gi oss tilbake grisen dere tok ifra oss (barneavdelingen på sykehuset). Slutt å hån norsk mat og kultur. This is Norway, love it or leave it! Russ 2012». Nederst på pappen hadde dei også lagt til eit “fuck jihad”.

Eg veit ikkje eg, men å kaste raudmåling på hovudet til ein gris er vel ikkje akkurat å heidre norsk mat og kultur det heller, og når det gjeld russen er no dei etter mitt syn oftast til større plage enn muslimane. Men det får vere ei sak for seg sjølv. Denne lite hyggelege meldinga går uansett inn i ein lang tradisjon der gris har blitt bruk mot muslimar på ulikt vis. For nokre år sidan truga Kenneth Rasmussen, som var bystyrerepresentant for partiet Demokratane i Bergen, med å henge opp syltelabbar i lyktestolpane og spele grisehyl over høgtalarane i Hansabyen. Alt dette for å hindre muslimane i å bruke Torgalmenningen til fredagsbøn. Som om grisekjøt skulle fungere som ein slags kryptonitt på muslimar, noko det sjølvsagt ikkje gjer. Effekten ville truleg ha blitt minst like god om ein droppa grisehyla og heller sette på ei tidleg Jan Eggum- plate.

I Israel har det også vore mykje snakk om bruk av gris mot muslimar. Gideon Ezra frå høgrepartiet Likud tok i 2001 til orde for at palestinske sjølvmordsbombarar skulle begravast innpakka i grisehud. Seinare foreslo politiet i landet at det skulle utplasserast grisefett på bussar, kjøpesenter og andre naturlege mål for terroråtak. Og då ein sjølvmordsbombar i Gush Efrat sprengde seg sjølv i lufta på eit kjøpesenter, heldigvis utan å ta livet av andre enn seg sjølv, skal nokre av innbyggarane i området ha kasta eit griseskinn over liket hans. Bakgrunnen for dette er at det har festa seg ei forestiling om at muslimar trur at at dei vert nekta inngong i paradis dersom dei kjem i kontakt med ein gris før dei døyr. Og utan paradis, ingen busslast med jomfruar. Kvifor skulle ein då orke å sprenge seg sjølv i lufta?

No er i grunnen ikkje jødane så særleg meir glade i grisar enn det muslimane er, og ideen om at muslimar kan skremmast med syltelabbar og grisehovud stammar då heller ikkje frå Israel. I 1939 spelte nemleg den amerikanske filmstjerna Gary Cooper hovudrolla i filmen “The Real Glory”. Handlinga i filmen var henta frå Filipinene i 1906, der amerikanarane trakk heim det meste av hæren sin, og berre lot nokre få offiserar vere igjen for å lære lokalbefolkninga å forsvare seg sjølve mot muslimske opprørarar. Dette går berre sånn måteleg bra, heilt til Cooper kler ein daud opprørar i grisehud før han vert begravd. Han gjev så klar melding til opprørarane om at dette er noko som kjem til å bli gjort med alle som døyr framover. Problem løyst, opprør over, happy ending, og Cooper rir på sedvanleg vis inn i solnedgongen.

Filmen er fiksjon, men den er inspirert av det såkalla Moro- opprøret på Filipinene; eit opprør som følgde i etterdønningane av den spansk- amerikanske krigen i 1898. Moro var namnet på muslimane sør på Filipinene, ei folkegruppe som kjempa for sjølvstende, men som etter langvarig strid måtte gje tapt. Det vert sagt at det som til slutt fekk stansa striden var at den amerikanske guvernøren i provinsen, den legendariske general John J. “Black Jack” Pershing, tok 50 opprørarar til fange, tvang dei til å grave sine eigne graver, og deretter bandt dei fast til stolpar. Grisar vart så henta inn og slakta, og deretter vart 49 av muslimane skotne med kuler dyppa i griseblod. Lika vart så kasta i gravene, og deretter vart grisekadavra lagt opp på dei døde muslimane før gravene vart attfylte. Den siste muslimen vart så sleppen fri, for å fortelle historien til dei andre opprørarane. Dette skal ha sett ein stoppar for det meste av stridslysta, og dermed for det vidare opprøret.

Det er ei skikkeleg god historie. Problemet med den er berre det at det er lite som tyder på at den er sann. Den er nok ei vandrehistorie, som også eksisterer i ulike andre variantar. Dr. Frank E. Vandiver er professor i historie, og har skrive boka “Black Jack, the life and times of John J.Pershing”. Han har forska mykje på Moro-opprøret utan å finne noko som talar for at denne historia stemmer. Vandiver seier at dette ville ha vore heilt i strid med Pershings natur. Det kan sjølvsagt vere at einkvan har rulla ein Moro- opprørar inn i grisehud, men dette var i så fall neppe på Pershings ordre, og det skal ikkje ha noko av æra for at opprøret tok slutt. Hadde historia med dei 50 opprørarane vore sann, er det meir truleg at den ville ha forlenga opprøret heller enn å avslutta det.

Det er heller ingen grunn til å tru at Al Quaida vil la seg stoppe av at dei kan risikere å bli gravlagde i grisehud. Trua deira tilseier heller at martyrar er så reine i sjela at det ikkje ein gong er nødvendig å vaske dei før dei vert gravlagde. Å tru at muslimar kan skremmast med syltelabbar og grisehovud er såleis eigentleg eit teikn på kunnskapsløyse og fordommar. Og dersom det er russ som driv med slikt, vil eg råde dei til å tone ned russefeiringa til fordel for utdjupa historielesing.

Men oppfatningane lever vidare, og dei kan også ha bakgrunn frå Sepoy-opprøret i India frå 1857 til 1859, kor innfødde soldatar gjorde opprør mot britisk herredømme etter at dei vart tvinga til å bruke nye rifler der dei frykta at ammunisjonen var innsmørd med fett frå gris og ku. Men den historia får vi spare til ein anna gong.

Hummer og kanari

Eg tenker nok du skjønar det sjølv

Saka om Christoffer Gjerstad Kihle, åtteåringen som blei mishandla til døde av stefaren sin i Kodal i 2005, har rysta mange av oss. Mishandlinga gjekk føre seg over tid, og enda opp med at Christoffer mista livet. Mange lurer på korleis dette kunne få skje utan at nokon greip inn. Ein burde då ha fatta mistanke om at noko var gale? Og korleis er det mogleg at politiet ikkje berre ein, men to gonger, kjem fram til at denne saka skulle henleggast? Til slutt måtte Riksadvokaten gje ordre til statsadvokaten om å ta ut tiltale, slik at stefaren til Christoffer fekk den straffa han fortente. Sjølv om det no er over sju år sidan Christoffer vart funnen død i si eiga seng, er saka framleis aktuell. Mor til Christoffer vart nyleg dømt til fengselsstraff i to år og seks månadar for ikkje å ha gjort noko for å stoppe mishandlinga. Denne avgjersla har ho anka, og saka kjem til å leve vidare i avisene ei god stund til. Det er heller ikkje ei lett sak å gløyme, så sjokkerande som den er i all si gru.

I kjølvatnet av Christoffer-saka har det vore mange utspill. Fleire har vore opptekne av at noko slikt aldri må få skje igjen, og heldigvis kan vi sjå teikn til at dei institusjonane som svikta i Christoffer-saka; skule, helsevesen og politi, har teke grep for å betre situasjonen. Denne veka var 200 personar samla i Stryn for å snakke om strafferett og vald i nære relasjonar. Ein av desse var politiadvokat i Florø, Anette Stegegjerdet Norberg. Til NRK seier ho at vi må få eit klarare straffeansvar mot foreldre som ikkje gjer nok for å forhindre overgrep mot born. Saka mot mor til Christoffer er i så måte ei føregongssak for korleis dette skal handterast framover. Men politiadvokaten går lenger, og vil at dette ansvaret også skal gjelde for fleire enn berre mor og far. Ho får støtte i same NRK-sak av båe Inge Nordhaug, som jobbar med vald og seksuelle overgrep i Helse Bergen, og Espen Gulliksen, som jobbar med familievald i politiet i Sogn og Fjordane. Dei seier at medan skular og barnehagar er blitt meir årvakne, er det annleis når det gjeld vanlege folk i kvardagen. Vi må bli flinkare til å melde i frå. Det er her eg kjenner behovet for å kviskre nokre forsiktige protestar.

For sjølvsagt skal ein melde i frå om ein kjenner til at nokon vert mishandla. Ja, det er også heilt greitt å ta ein telefon og snakke med nokon sjølv om ein berre har ein nagande mistanke om at ikkje alt er heilt slik som det skal vere. Men i etterkant av den tragiske Christoffer- saka får eg av og til eit inntrykk av at enkelte no meiner at vi skal vere på jakt etter faresignal heile tida. Som forvakste miljøagentar skal vi halde augene opne og øyrene spissa, alltid parate til å fange opp faresignal. Barnemishandlarar kan vere overalt, men jamen skal vi få røyka dei ut, og det nesten før dei sjølve er klar over kva dei driv med! Christoffer skal ikkje ha døydd forgjeves!

Eg vil ikkje på noko vis bagatellisere familievald, klart det fins barn som har det vondt også i vårt land. Men likevel; vi er ikkje primært ein nasjon av alkoholiserte, konebankande barnemishandlarar, sjølv om ein kan få dette inntrykket kvar gong det dreg som mot ei eller anna høgtid. Avisene skriv kvar jul om born som lir under foreldra sitt konsum av juleakevitt, og kvar sommar om foreldre som går på Syden- fylla medan ungane seglar sin eigen sjø. Også i Noreg er dei fleste foreldra glade i ungane sine, og gjer det dei kan for at ungane skal ha det så bra som mogleg. Det er dette som er normalen. Dei som er slemme med ungane er avviket, og dei er i mindretal. Og om Christoffer- saka ikkje er unik, så er den i alle fall temmeleg ekstrem. Den kan og bør ikkje vere malen for noko som helst. Sjansen for at ungen din har ein Christoffer i klassen sin er faktisk forsvinnande liten. Og sjølv om der faktisk skulle vere ein som var utsett for noko liknande, kor sikre kan vi vere på at vi ville kjenne att teikna?

Å oppdage, etterforske, og stoppe familevald er fyrst og fremst ein offentleg oppgåve. Her er det fortsatt rom for forbetringar. Statens helsetilsyn la i mars fram tal frå sin siste kontroll med det kommunale barnevernet. Det var deprimerande lesnad. I 40 av 44 kontrollerte kommunar vart det funne lovbrot eller forbetringspotensiale. Halvparten av kommunanen i landet meinte i 2007 at dei hadde for lite pengar til å drive eit forsvarleg barnevern. Før han gjekk av som barneminister rakk Audun Lysbakken å meine at barnevernet treng 1400 nye tilsette innan 2014. Så kva hjelper det å melde frå om at naboen bankar ungane sine, når barnevernet ikkje er godt nok rusta til å handtere bekymringsmeldinga på ein ordentleg måte? Om ein ønskjer å hjelpe dei barna som har det vondt er det her ein bør sette inn støtet, i staden for å dytte ansvaret over på eit folk flest som ikkje er flinke nok til å melde i frå.

Anette Stegegjerdet Norberg har rett; veit ein at nokon blir mishandla så har ein plikt til å melde frå. På same måte som ein har plikt til å stogge om ein ser ein bil som har køyrt av vegen, og faktisk kan bli straffa om ein gjer blaffen og køyrer vidare. Men det er ein hårfin balanse her. La oss slippe paranoiaen. Eg vil ikkje ha eit samfunn der ein ser på alle rundt seg som anten potensielle kriminelle eller potensielle angjevarar. Eg likar det norske samfunnet. Eg likar det at vi stort sett går rundt og trur at folk er snille. At ingen som ikkje er rusa på narkotika er slemme. Det er ingen som vil oss noko vondt. Trur vi. Kall oss gjerne naive, men i mine auge er akkurat dette ein av dei aller finaste kvalitetane ved samfunnet vårt. Vi stolar på kvarandre, og samfunnet vårt er bygd på tillit og ikkje på frykt. Eg vil gjerne at det skal fortsette å vere slik, men teikna på at vi er i glid mot eit samfunn som i stadig større grad baserer seg på frykt og mistru er stadig tydelegare. Eg likar det ikkje.

Hummer og kanari

Sorteringssamfunnet

Denne helga er det møte i landsstyret i SV. Ei av sakene som diskuterast er om korvidt partiet skal gå inn for å gje alle landets vordande mødre tilbod om tidleg ultralyd. Frå før av har Arbeidarpartiet gått inn for å gjere akkurat det. Dei har så langt berre fått støtte av Framstegspartiet, resten av partia på Stortinget strittar i mot. Det knyttar seg derfor stor spenning til kva standpunkt SV vil lande på. Sentralstyret, med leiar Audun Lysbakken i spissen, har tilrådd at ein seier ja til tidleg ultralyd. Det betyr ikkje at saka er avgjort. Motstanden er stor, frontane er steile, og debatten rasar mange plassar. Det som gjer ordskiftet så betent er meldingane frå Danmark, som allereie gjev tilbod om tidleg ultralyd til sine gravide. Der har etter seiande talet på barn fødde med Downs syndrom gått ned til om lag ein tredel av kva det var før. No åtvarar derfor mange mot eit sorteringssamfunn, der det ikkje er plass til folk som er annleis, og der menneske med Downs syndrom er utryddingstrua. Nokre går så langt at dei trekk Hitler og nazistane sin innsats for å utrydde jødar, sigøynerar og funksjonshemma inn i debatten. Det vert argumentert for at dei som er for tidleg ultralyd også er for rasehygiene, og at dei dermed kan samanliknast med Hitler.

Eg er usikker på om eg er for å tilby tidleg ultralyd til alle. Helsevesenet minnar meg litt om slangen “The Great Devourer” i Ninjago- filmane som guttungen plar se på. Eit frykteleg monster med eit kjempestort gap som sluker alt det kjem over. Og jo meir ein stappar inn i det gapet, jo større, fryktelegare, og svoltnare blir monsteret. Det vil ha alt! Om vi så gjev dette monsteret alle pengane i heile kongeriket, oljefond og heile sulamitten, vil det allikevel skrike etter meir. Det blir aldri mett. Eg er ikkje sikker på om helsegevinsten ein får av å tilby alle tidleg ultralyd er stor nok til at det kan forsvare at fellesskapet brukar penger på det. Eg er altså for tidleg ultralyd, men usikker på kven som skal betale rekninga. Kanskje bør folk betale sjølv, kanskje bør ein gje tilbodet, men ha ein eigenandel, eg veit ikkje. Det eg er sikker på er at debatten om sorteringssamfunnet er eit blindspor når ein skal avgjere saka.

Tru ikkje anna enn at eg skjønar kvifor mange reagerer så sterkt på dette spørsmålet. Eg skjønar at det er sårt. Eg skjønar at det er vanskeleg. Eg er altså for tideg ultralyd. Der er det sagt, men det betyr ikkje at eg er Hitler. Eg ønsker at samfunnet skal gjere sitt beste for at dei barna som blir fødde med ulike utfordringar kan vekse opp, og leve eit så rikt og normalt liv som mogleg. Mitt mål er ikkje å utrydde folk som er annleis. Det skulle ikkje vere naudsynt å skrive det ein gong, men eg er ikkje sikker, derfor gjer eg det likevel. Det er altså ikkje derfor eg er for tidleg ultralyd. La meg forsøke å fortelle kvifor.

Dette er ikkje ein debatt for eller mot abort. I Noreg har vi fri abort, og fram til og med veke 12 har ein rett til å ta abort utan å måtte komme med noko grunngjeving eller forklaring for det. Dette fordi kvinner skal ha retten til sjølv å ta avgjersler om sitt eige liv og sin eigen kropp. Slik må det nesten vere, og eg meiner det er svært problematisk om styresmaktene skal kunne avgrense kvinner sin rett til informasjon, av omsyn til at ein ønsker ein eller anna ideell samansetning av folket. At eit visst antall menneske må bli fødde med Downs syndrom kvart år, slik at vi ivaretek eit mangfald, og unngår det frykta sorteringssamfunnet. Det er fristande å spørre; kor mange barn må blir fødde med Downs syndrom kvart år for at vi kan seie oss nøgd? Det er jo også eit paradoks at ein allereie i dag tilbyr kvinner som blir gravide i ein alder over 38 tidleg ultralyd, nettopp fordi risikoen for å få eit barn med kromosmavvik aukar dramatisk med alderen. Kvifor skal ikkje kvinner under 38 ha rett på den same informasjonen?

Tidleg ultralyd er komen for å bli. Eit fleirtal av gravide nyttar seg allereie av tilbodet. Det kjem dei til å fortsette med, uansett kven som tar rekninga. For dei vil vite. Dei vil ha informasjon. Å vite er ein bra ting. Jo meir ein veit, jo betre val er ein i stand til å ta. Om ein verkeleg ønsker at foreldre skal behalde barn med særskilte behov, lyt ein velge ein anna strategi enn å nekte dei retten til informasjon. I staden må ein sørge for at samfunnet stiller opp med tilstrekkeleg hjelp, både praktisk og økonomisk, slik at valet om å behalde eit funksjonshemma barn kan bli noko lettare å ta.

Hummer og kanari

Sirkus sosial

Denne laurdagen hadde eg tenkt å skrive om korleis eg var på nippet til å selge både sambuar og barn til sirkuset som var i byen på andre påskedag. Men det var før eg las Firdaposten denne veka. Om ein skal tru på avisa er det altså slik fatt at Flora kommune no betalar rektor Torleik Stegane ved Eikefjord skule to årsløner for å late vere å jobbe frem til pensjonsalderen. Samtidig meiner ordførar-Bengt at ein skal kutte ytingane til sosialhjelpsmottakarar for å tvinge fleire ut i jobb. Eg treng visst ikkje selge familien til sirkus likevel. Vi bur allereie i et.

Bengt seier at å redusere sosialstønadane til naudhjelpssats på 70 kroner per dag er noko som kan motivere det han kallar «frisk ungdom» inn i arbeidslivet. Dette er folk som har komme skeivt ut og som treng ein kickstart for å komme i gjenge igjen. Lat meg kome med ei tilståing her. Ein gong for lenge sidan var eg sjølv nettopp ein slik ein, ein som kom skeivt ut av startblokkene. Eg droppa ut av vidaregåande, gjekk arbeidsledig ei stund, og har vore på min del av meiningslause aktivitetar i regi av det som den gong heitte Aetat.

Ein gong vart eg kasta ut av eit jobbsøkingskurs fordi eg ikkje ville skrive fiktive jobbsøknadar på jobbar som ikke eksisterte. På sosialen måtte eg klare meg med rekvisisjon på matbutikken, der det var klart spesifisert at eg ikkje hadde lov til å bruke den til å kjøpe øl, etter at sakshandsamaren på sosialkontoret hadde sett meg køyre bil. Han meinte at eg umogleg kunne trenge hjelp til livsopphald når eg hadde ein bil å køyre rundt i. Eg kunne jo selge bilen, ikkje sant? Og det kunne eg sjølvsagt, men han eg hadde lånt den av hadde nok ikkje blitt så glad for det. Sakshandsamaren gadd ikkje sjekke om det faktisk var min bil. Kan hende skuldast det at eg var ein ung mann med langt hår, kva veit eg. Men dette veit eg: Å bli behandla som ein slask utan verdi, sett til oppgåver utan mål og meining, og avspist med rekvisisjon på matbutikken og mindre enn eit minimum med pengar til livsopphald gjer noko med ein som menneske. Og ikkje på ein god måte. Eg blei ikkje meir motivert av det, tvert i mot, eg starta å kjenne meg ubrukeleg sjølv. Det gjekk på sjølvrespekten og sjølvtilliten laus.

Greit. Ein skal vere varsam med å trekke generelle konklusjonar ut av personlege erfaringar. La oss heller løfte blikket og sjå litt vidare. Sosialhjelp er meint som ei midlertidig yting. Det er ei støtte meint til å hjelpe deg over kneika, og den er derfor lågare enn andre trygdeytingar. Det er ikkje meininga at ein skal gå på den i lengre periodar. Og for dei fleste som er innom sosialkontoret fungerar den som tilsikta. I snitt mottek folk sosialhjelp i litt over fem månader. Dessverre fungerar ikkje systemet like bra for alle. Ein ganske stor del av dei som mottek sosialhjelp er langtidsmottakarar. Men er dei latsabbar og unnasluntrarar? Neppe. Høgskolen i Oslo har gjort studier som viser at folk på sosialhjelp er sjukare enn mange på uføretrygd. Kan hende skulle fleire i denne gruppa ha vore på uføretrygd, og dei blir i alle fall ikkje friskare av å få utbetalingane kutta til 70 kroner dagen, samt bli tvinga til å jobbe.

Problemet med utspela til Høgre er at dei ikkje har noko substans. Dei konstruerar ein sosialhjelpsmottakar som alle elskar å hate; ungdommen som ikkje gidd å gjere noko med livet sitt fordi han får så mykje penger av NAV at han har det bra som han har det. Det er berre det at han ikkje fins. Frisk ungdom “navar” ikkje. Frisk ungdom jobbar eller går på skule. Og skulle dei vere uheldige og måtte innom sosialkontoret, er dei fleste av dei ute av den døra igjen i løpet av eit halvår. Frisk ungdom vil ta dei sjansane dei får, og kome ut att på andre sida. Bengt vil ha arbeidsplikt, men lova gir allereie kommunane høve til å kreve at mottakaren av ytinga gjer ein arbeidsinnsats til gjengjeld. Det er faktisk deira plikt, om det er det som skal til for å få dei ut av problema. Han har sjølvsagt heilt rett når han seier at  lang lediggang kan føre til at vi får varige klientar i sosialsystemet, men fins det noko som helst forskning som tilseier at svaret på den utfordringa er å gjere dei fattige endå fattigare? Tvert i mot vil ein nok finne at å leve i fattigdom heller fører til passivitet, marginalisering og isolasjon. Systemet med sosialhjelp fungerer bra for eit flertal av dei som brukar det. Det vi treng er ein debatt om korleis vi best hjelper dei andre. Da må vi snakke om røynda slik den er; ikkje om giddalause ungdomar, men om menneske med rusproblem og psykiske lidingar, og korleis vi best hjelper dei.

Svaret er ikkje arbeidsplikt og mindre pengar i lomma.

Hummer og kanari

Boss

Aftenposten fortalde denne veka historia om korleis villaeiarar på Vinderen fekk bosset sitt endevendt av tiggarar frå aust-europa. Her tas dei på fersken skreiv avisa, og krydra det heile med eit bilete teke av ein tilfeldig forbipasserande. Dei fleste i nærmiljøet reagerar med sinne på boss-tyveriet, skreiv avisa, og nokon meinte visst det no var på tide å tenke om att på kor vidt Noreg var tent med å vera med i  Schengen-samarbetet, og EØS.  Sjølv om det blir litt patetisk når rikingane på beste vestkant vil melde seg ut av verda og bure oss inne i vår eiga lille boble, berre fordi dei finn nokre stakkarar frå Romania i bosset sitt, kan eg godt forstå dei. Eg tok meg sjølv i å kjenne ein viss grad av irritasjon sist det var storboss her i byen, og nokon kom rullande i bil med hengar, og røska med seg det dei hadde lyst på av tinga vi hadde satt ved husveggen vår. Ikkje så mykje fordi dei tok med seg bokhyller og kva det nå var, eg skulle no allikevel kvitte meg med det. Det var nok mest fordi dei berre tok seg til rette. Fornufta seier at det ikkje er noko å irritera seg over. Men eg gjorde det allikevel. Dei kunne no godt ha spurt først då. Men eigentleg skammar eg meg litt over irritasjonen min. Boss er boss, om nokon annan kan ha nytte av det eg kastar, så værsågod. Eg har stor sympati for dei som kallar seg for friganere, dei som lever av det andre kastar. Ikkje fordi dei er fattige, men som ein politisk protest mot sløseriet som gjer at vi i Noreg kastar rundt 50 000 tonn mat kvart år.  Eg er sjølvsagt alt for lat og lite standhaftig til å gjere noko slikt sjølv, men eg heiar på dei frå sofakroken.

Eg skjønar at for ein stor del av verdas befolkning er eg ein bleik, feit og rik priviligiert satan frå det oljedopa høge og fredelige nord. Eg ser at det her kanskje ikkje heng heilt saman reint rasjonelt, men eg vil altså heller identifisere meg med dei fattige stakkarane likevel. Heller det enn kapitalistjævlane med sine store hagers sjølvtillit på beste vestkant i provinshovudstaden vår som vil ha bosset sitt i fred. Spis dei rike! Eller bosset deira i det minste. La dei skjøne at vi lever på same jorda alle samen. Anten man kjem frå Vinderen eller Vilnius. Heller sigøynarar i søpla enn amerikanske tilstandar. I USA vakser det opp stadig fleire private byar. Stader som Leisure World i Arizona, der eigarane på det nærmaste har satt konstitusjona til side. Eigedomsretten veger tyngre enn menneskerettane. Dei som jobbar i denne private byen er gjerne farga, eller meksikanarar. Dei må jobbe i total tystnad, og har ikkje under nokon omstendighet lov til å snakke til dei som bur på området. Då er det rett ut å leite etter ny jobb. Nær 55 millionar amerikanarar bur i bustadsprosjekter som er tufta på tanken om at dei som bur der har ein slags felles interesse. Stader som har eit styre som bestemmer kva som er greit og kva som er galt, og som bebuarane må innrette seg etter. Hvis ikkje får dei ikkje kjøpe bustad i prosjektet, eller om dei allereie bur der, risikerar dei å bli kasta ut. Dette treng ikkje være så gale, i Noreg har vi borettslag, og det fungerar vel stort sett greit. Problemet i USA er sjølvsagt at dei ikkje gjer nokon ting halvvegs. Dei nøyer seg ikkje med å regulere bruk av vaskekjelleren, og kor man kan parkera sykkelen sin. Dei lagar reglar som gjer at bebuarane ikkje kan henge opp flagg eller politiske budskap i vindauga sine, og dermed gjer innhogg i ytringsfridomen deira. Dei tek over mange av dei oppgåvene som tidlegare var offentlege, til dømes med eigne sikkehetsstyrker til å kontrollere at alt går ordentleg for seg. Denne måten å bu på er den som auker mest i USA, tett opp mot 55 millioner amerikanerar bur i slike prosjekter i dag. Dei fleste kanskje ikkje like ekstreme som Leisure World i Arizona. Men ikkje så reint få er som Twin Lakes i Florida, der Trayvon Martin nyleg ble skutt og drept av ein representant for nabolagsvakta, for å ha på seg ein mistenkeleg hettegenser, og vere på feil plass til feil tid.

Det som er litt ekkelt er at i den store samanhenga er jo Noreg akkurat ein slik rik enklave, forbeholdt oss heldige utvalde. Vi har inga skruplar med å sende ut barn som er født her, og har leve heile livet sitt her, av innvandringspolitiske hensyn. Allikevel er det ikkje heilt amerikanske tilstandar ennå. Eg trur ikkje vi får sjå overivrige nabolagsvaktar skyte ihjel sultne aust-europearar som romstrerar i bosset med det aller fyrste. Sjølv ikkje på Vinderen. Men når vi nå visstnok skal bli ein million ekstra nordmenn innan 2028, kan det vere greit å ha det i bakhodet korleis vi skal bo her i landet. La oss få mangfoldige boligområder, ikkje heilkvite områder der dei rike får vere i fred i hagane sine.

Men skal du ta bosset deira: Spør først, okay?

%d bloggers like this: