web analytics

Tag Archives: samfunn

Hummer og kanari

Pårørandeomsorg

image

Torsdag kveld var eg på plass i Samfunnshuset for å høyre Norvald Pedersen snakke om pårørandeomsorg. Eg las Firdapostens forhandsomtale, og fann eit par ting eg hang meg litt opp i. Her kunne eg finne noko å skrive om tenkte eg. Eg hadde ein kjepphest å ri. Eg såg for meg at Pedersen ville halde eit foredrag der han hamra laus på alt som ikkje er godt nok i eldreomsorga, utan nyansar, og da tenkte eg at eg kunne få ein gyllen moglegheit til å være deilig kontrær i avisa i dag. Eg såg for meg overskrifta. Pårørande har inga plass i omsorga kunne det stå. Ikkje av di eg meinar det, men nokon gonger gjeld det å vere litt tabloid for å fange lesarane, skaffe seg merksamd, og få fram nokre poeng. Men Norvald Pedersen var ikkje det minste tabloid. Han var sympatisk som berre det, og nesten for nyansert. Det var eigentleg ikkje noko eg kunne ta han på. Det var ein strek i reikninga. Men eg skal ta ham på ordet. Vi må tore å snakke offentleg om kva vi kan forvente av kvarandre når våre næraste treng oss, seier han til Firdaposten, så lat oss gjere akkurat det.

Pedersen seier at vi nordmenn har ein haldning om at så lenge ein betalar skatten sin, skal det offentlege ta ansvaret. Han viser til undersøkingar frå NOVA og SSB, som har samanlikna norske born sine haldningar til ansvar for aldrande foreldre med seks andre land, Tyskland, Frankrike, Ungarn, Russland, Bulgaria og Georgia. Det visar seg at nordmenn er minst interessert i å ta seg av mor og far når dei blir eldre og treng hjelp. Berre kvar sjuande nordmann kunne tenke seg det. I Tyskland til dømes er talet tre gonger så høgt. Kva seier dette om nordmenn? Kanskje ikkje det ein først skulle tru?

Ein første tanke til at nordmenn er meir uvillige til å ta på seg eit pårørandeansvar for våre foreldre er kanskje at vi har blitt for egoistiske. For individualistiske. For late. For opptatt av penger og status. For fiksert på sex, mat og kulturelle kick til å ha mykje til overs for dei som treng pleie. Men det er ikkje sant. Forsking viser tvert i mot at jo bedre utbygd velferdssystemet er, jo meir av pleien vi kan overlate til det offentlege, jo betre står det til med relasjonen eldre og borna deira. For å sitere geriatrikarane Ove Dehlin, Bo Hagberg, Åke Rundgren, Gillis Samuelsson och Barbro Sjöbeck i læreboka Gerontologi. Forskningen har emmelertid också visat att när det tunga vårdsansvaret för de äldre tagits bort från den yngre generationen har de personliga relationerna mellan generationerna utvecklats i positiv riktning.

Det er altså ikkje slik at tyske born har ein bedre relasjon til sine foreldre, sjølv om dei er meir villege til å ta seg av dei når dei blir gamle og hjelpetrengande. Nordmenn velger bort pleiansvar av di dei kan, og ting tydar på at det beste båe for foreldre og borna. Ein profesjonalisering av pleia har utelukkande vore av det gode. Når Pedersen meinar at det er viktig å få fleire pårørande til å ta eit større omsorgsansvar er eg ikkje umiddelbart sikker på at det noko eg er einig i. Kanskje burde dei til og med gjere mindre?

Det er rimeleg klart at pleie av pårørande man bur saman med gjer lågare livskvalitet, særleg for kvinner, som fortsatt er dei som stort sett gjer den jobben. Av same grunn er eg skeptisk til andre skisserte løsningar. Som ein økt satsing på omsorgsløn, eller ei innføring av ei kontantstøtte for eldre. Eg trur det er feil veg å gå. Og kven skal føre tilsyn med pleia som ytast av dei pårørande? Nei, eg meinar det er best for alle partar om pengane i størst mogleg grad brukast til å bygge eit best mogleg offentleg tilbod. Særleg når vi kjem dit om ein 15 års tid at talet på eldre skyt kraftig i veret for ein periode. Då kan vi ikkje bruke pengane på ordningar som stimulerar folk til å gå ut av arbeidslivet. Vi treng dei på jobb alle som ein.

Spørsmålet frå Pedersen var kor mykje vi kunne forvente av kvarandre når våre næraste treng oss. Med fare for å virke i overkant kynisk, svaret er at vi ikkje skal forvente noko som helst. Jau, sjølvsagt skal pårørande få lov til å yte både pleie og omsorg i det omfang dei sjølv måtte ønske og greie. Tabloide spissingar av bodskap til side, dei pårørande har ein plass å fylle. Men vi skal ikkje forvente det. Vi skal ikkje kreve det. Ikkje av oss selv. Ikkje av nokon andre. Ein snakkar ofte om verdigheit i samband med eldreomsorgen, men det er ikkje nokon verdigheit i ein relasjon som berre handlar om plikt.

Om det går på helsa og livskvaliteten laus må det vere lov å seie at dette fiksar eg faktisk ikkje. Og det skal ein ikkje trenge å skamme seg over.

Hummer og kanari

Reservasjonsfeil

I Voted!
But why?!?

Dave Mathis via Compfight

Winston Churchill sa ein gong noko lurt om at det beste argumentet mot demokratiet var ein tre minutts samtale med gjennomsnittsvelgaren. Eg skjønar kva han meiner, men litt urettvist var det nok av gamle Churchill. For det er ingen som kan trykke demokratiets gode namn og rykte lenger ned i gjørmalike enn yrkespolitikarane våre når dei fyrst legg seg i selen. Ja, eg tenker spesifikt på den mykje omtale reservasjonsretten for leger. Det stinkar verre enn Førde når bøndene gyllar.

Her har KrF tvinga gjennom ein hjartesak som ingen andre eigentleg synest er ein god ide. At hensynet til lækjarens samvit skal vere viktigare enn pasientens rettigheter. Kanskje er det ein skjult kamp for å avgrense mogligheiten for abort, meir enn ei kamp for lækjarens reine samvit. Eit lite steg inn på ein veg dei færreste eigentleg vil gå. Same kva intensjonen er, så er dette ei sak som kan få ein til å miste trua på vår måte å organisere demokratiet på. Ein så viktig sak skal ikkje avgjerast på eit flyplasshotell nær hovedstaden. Etter alt å døme er det ikkje noko fleirtal for å gje legane reservasjonsrett mot å henvise til abort. Ikkje på Stortinget. Ikkje i folket. Da skal det heller ikkje tvingast gjennom Stortinget med partipisk. Det er ei hån mot demokratiet.

Då blir det fristande å spørje. Grunnlova og dermed det norske demokratiet fyller 200 år i år. Korleis står det eigentleg til med jubilanten? Jaudå, Noreg går fortsatt så det suser. Dei fleste av oss har det godt. Demokratiet kjem ikkje til å rulle over og døy med det aller første. Men om ein ser etter, er det ikkje nokon mørke skyer ein kan sjå der borte i horisonten?

Jaudå. Ein kan alltid sjå mørke skyer i horisonten berre ein ser godt og lenge nok. Det gjeld også for demokratiet. I Noreg har vi det som kallast for eit representativt demokrati. Vi, altså folket, velger kven vi vil ha som våre representantar dei neste fire åra. Dei vi velger inn på Stortinget er altså valgt for å representere oss. Men gjer dei det? Kven representerar politikarane eigentleg? Nordmenn flest er ikkje lenger medlem i noko politisk parti. Det er faktisk berre ein forsvinnande liten del av oss som engasjerer seg politisk. Og stadig færre gidder. Siden 1980 har medlemsmassa i dei samla politiske partia gått ned med nær 30 prosent her i landet. Berre siden 1990 har Høgre mista 80 prosent av sine medlemmar. Tidlegare var politiske parti relativt store folkeparti som sikra at politiske vedtak hadde ei brei forankring i folket. Slik er det ikkje lenger. Berre fem prosent av oss finn tid og pengar til å være medlem i eit politisk parti. Monge av oss er enno med i ymse fagforeningar, men det er jo mest for å få ein billeg forsikring. Vi sit i sofaen og heier eller buar på dei som snakkar i TV-kanalanes dumme debattprogram, og vi stemmer på dei  kandidatane vi misliker minst kvart fjerde år, for vi MÅ jo stemme, slik at vi kan klage i fire år til.

Vi kan kanskje berre skylde oss selv, men politikarane representerer ikkje oss lenger. Dei representerer partileianga, og si eiga karriere. Politikk blir meir og meir ein arena for spesielt interesserte. Kan vi vere nøgd med det? Eg meinar svaret er nei. Vi kan ikkje overlate politikken til elitepolitikarar, aktivistar med berre ein sak for auget, og eit konfrontasjonshissig mediekorps. Men korleis? Eg har eit noko radikalt forslag.

Vi treng fortsatt dei politiske partia, men for å sikre at breiare lag av folket blir representert, kva om vi oppretter eit nytt kammer på Stortinget, etter modell av britenes House of Lords, men i staden for å fylle det med baroner og baronesser gjer vi plassane til vanlege folk. Bruk loddtrekning etter modell av måten vi plukkar ut meddommarar til straffesaker. Kjøp dei fri frå deira sivile jobb, og gje dei ei god gasje for å sitte på Stortinget og passe på at vedtaka frå dei valde representantane er i tråd med folkets vilje. Sjølvsagt ikkje på livstid, men på åremål. Seks år til dømes, slik at ein sikrar kontinuitet. Tenk på det. Eit heilt kobbel av representantar for folket som ikkje treng å tenke på velgaranes gunst. Som kan tenke langsiktig. Representasjon ved loddtrekning. Ikkje ulikt Hunger Games. Eg likar tanken.

Politikk er ikkje heilt ulikt krig, sa Winston Churchill. Av og til kan det vere naudsynt å bruke giftgass. Om demokratiet skal overleve må det fortsette å utvikle seg. Det må vere eit pågande prosjekt. Alle må med, og vi må finne ein måte der vi kan reservere oss mot politikarar som alt for gladeleg sel unna si gravide bestemor for ei lita smak på makta.
Eg foreslår at vi startar med å sette ned ein komite.

Hummer og kanari

Sodoma og Gomorra

Lot's wife
Kona til Lot, som ikkje kunne ta ein beskjed

Det er heilt greit for meg om soknepresten i Bremanger meiner at sodomibasert ekteskap ikkje er i tråd med bibelen. Det skal ikkje vere plass til alt i kyrkja. Nokon synest å meine at kristendom skal vere ein slags konfektreligion der ein kan plukke dei bitane ein sjølv likar best. Ein må gjerne blande Twist og Kong Haakon om ein vil, og nåde den som seier i mot. Sjølvsagt må folk få tru akkurat kva dei vil, men på eit eller anna punkt stopper det å vere kristendom og blir til noko anna. Prestane og kyrkja må verne om sine favorittbitar. Avgjere kva som er innafor. Den debatten kan ikkje eg hjelpe dei med, dømt til helvetes pinsler som eg jo er.

Men kor kjem eigentleg kyrkjas meir eller mindre uttalte avsky for homofil praksis i frå? Då må vi langt tilbake i tid. Hugsar dykk Lot? Nevøen til Abraham? Han med kona som blei til ei saltstøtte under flukten frå Sodoma og Gomorra av di ho ikkje kunne ta ein beskjed? Det var der det starta.

Lot og Abraham reiste ein del rundt saman. Blant anna dro dei til Egypt der dei slo seg stort opp på kveg, og blei ganske velståande. Etterkvart dro dei heim til Kanaan igjen, og fann ut at det var best om dei skilte lag. Lot hamna opp i Sodoma, saman med familien sin. Sodoma og nabobyen Gomorra var viden kjend for at der gjekk det for seg. Dette er rundt fire tusen år sida, så det er dårleg med augevitner, og siden bibelen ikkje kan skryte på seg eit direkte og lett forståeleg språk er det ikkje heilt lett å få tak i akkurat KVA som gjekk for seg. Eg ser for meg at det minna mykje om Paradise Hotel, berre med meir homofil praksis. Noko må det i kvart fall ha vore, for Vår Herre fann ut at han skulle øydelegge begge byane fullstendig.

Abraham synest det var for gale. Han kjøpslo med Gud, og fekk han med på å spare byane om det berre fantes ti bra folk i byen. Gud sendte to englar ut for å sjekke ståa. I byporten traff dei Lot, og lot seg overtala til å bli med ham heim. Der får dei hilse på familien, og spise godt brød. Men ryktet om dei to framande løp som ild i tørt gress rundt i byen. Seint på kvelden samla alle byens gutar og menn seg framfor huset til Lot. Der ropte dei på Lot, og ba ham sende ut dei to framande slik at dei kunne få voldta dem både lenge og vel. Litt som ein vanleg fredagskveld i Bygstad der altså.

Lot gjekk ut for å snakke med dei. Kvifor så alvorlege? Hadde det ikkje vore betre med kvinnfolk? Lot sjølv hadde to unge døtre som fortsatt var jomfruer. Kva om han ba dei kome ut, så fekk heller dei framande slippe unna for denne gongen? Dei blei bare sintare. Lot var berre ein oppkomling og ein innflyttar. Kven var han til å seie korleis dei skulle oppføre seg? Nå truga dei med å ta Lot for seg, og det verre enn dei fyrst hadde tenkt å gjere med dei framande. Heldigvis tok englane affære. Dei åpna døra, drog Lot inn i huset, og så gjorde dei eit eller anna Gandalf-triks som gjorde kåtmobben utafor huset blinde. Englane ba Lot ta med seg dei han ville ha med seg bort frå byen, for nå skulle Herren ramme byen med all si vrede. Lot og familien dro, medan Gud lot det regne ild og svovel over Sodoma og Gomorra. For alt eg veit brukte Herren både napalm og kvit fosfor også. I dag ville vi kanskje ha kalt ham ein krigsforbrytar og stilt ham for retten i Haag.

I ein liten epilog dro Lot og døtrene hans til fjells, der dei bosatte seg i ein hule i fjellene. Der tok døtrene ansvar. For at ikkje ætta skulle døy ut skjenka dei gamle Lot dritings på vin, og hadde sex med ham til dei vart gravide. Bibelen hevdar at Lot ikkje skjønte kva som gjekk føre seg, men den bortforklaringa må han lengre ut i Gudbrandsdalen med. Borna av denne incestuøse historia blei stamfedre til moabittene og ammonittene, som skal finnast den dag i dag. Eit stykke ned i den slekta finn vi stakkars Jesus, som altså er eit innavla resultat av at ei umoralsk tøyte skjenka far sin full og valdtok ham for å bli gravid. Bibelen er full av oppbyggelege historier som dette.

Eg føler med dei homofile. Ting kom litt ut av kontroll for fire tusen år sida, og dei får fortsatt høyre det. Greit at det var ufint å truge englane med valdtekt, men inga skjede vart skadd. Var det verkeleg naudsynt å øydelegge byane og drepe alle som budde der? Eg meinar det var ein overreaksjon. Gud burde heller sendt englane ned med eit lass med gratis kondomar og nokre brosjyrar om sikker sex. Ingen har vel tatt skade av litt frivilleg sodomi voksne i mellom? Om kyrkja skal vigsle dei homofile har eg inga meining, men dei kan godt be dei om orsak for det som skjedde i Sodoma og Gomorra.

Hummer og kanari

Måling som tørkar

Creases Luc De Leeuw via Compfight

Som ein ung mann med sterke meiningar om musikk og musikarar tenkte eg ein gang som så at om eg skal kunne kritisere andre, bør eg vise at eg kan gjere det minst like bra sjølv. Kor vanskeleg kan det eigentleg vere? Eg kjøpte meg ein gitar, og Lillebjørns gitarbok. Det tok ikkje lange tida før eg kunne spele Tom Dooley minst like bra som dei fleste, men eg kom ikkje så himla mykje lenger. Eg var ikkje ein gjenfødt Eric Clapton. Ja, Eric Clapton var ikkje ein gong daud. Seinare freista eg å skrive bok, og det klarte eg jo på eit vis. Det er ikkje vanskeleg å skrive bok, problemet er å få nokon til å gje ho ut. Eg nådde ikkje heilt fram der heller. Eg var ikkje den nye Agnar Mykle. Eg var ikkje ein gong den gamle Anne Holt.

Eg må tilstå at eg ikkje har lært noko av det der. Eg trur fortsatt at eg kan gjere det meste betre enn dei fleste andre. Eg burde vere kalif i staden for kalifen, eller i det minste burde eg ha vore politikar i staden for politikarane. Dessuten er eg skikkeleg dårleg på å seie nei, om nokon hadde bedt meg om å stille til val er det store sjanser for at eg hadde takka ja. Men no har eg slått dei tankane frå meg. Eg skal aldri inn i politikken.

Årsaka er at Framstegspartiet og Frank Willy Djupvik gjorde eit lite stunt på slutten av fjoråret. For å vise oss alle kor enkelt det kunne gjerast satte dei opp eit videokamera i festsalen på Samfunnshuset, og streama eit heilt bystyremøte ut på verdensveven. Eg applauderar tiltaket. Nå har dei vist oss kor lett det kan gjerast. Neste gang håpar eg dei visar oss kvifor det er en god ide, for det står ikkje heilt klart for meg. Flora bystyre live gjer sakte-tv ein heilt ny dimensjon. Ein dimensjon ingen har bede om eller treng. Strikke-TV blir nesten like spanande som Derrick til samanlikning. Eg har av og til hatt stor glede av Firdapostens live-dekning av bystyret, der Linda Regina Bruvik filtrerer ut det viktigaste for oss, men å sitte der og glo på galskapen? Ikkje om eg hadde fått betalt.

Eg likar å tru at eg er eit samfunnsinteressert menneske, eg bryr meg om kva som skjer rundt meg. Eg klikka på linken, og satte meg til for å sjå våre fremste menn og kvinner fatte viktige vedtak for å gjere Flora kommune til en stadig betre plass å bu. Eg kom inn i møtet midt i ein debatt, og på talerstolen sto Jacob Nødseth. Eg såg ikkje Olav Hatlemark med stoppeklokka, men det var nok berre av di eg gløymde å sjå etter. Nødsethen gjorde seg ferdig, og opp spratt ein spretten venstremann med pussig diksjon. Odd Bovim var einig med siste talar, men holdt døra på gløtt for at han også kunne være ueinig med siste talar om føresetnadene berre lå til rette for det. Så var det ein fyr som eg ikkje ante kven var som inntok talerstolen. Ikkje berre var han anonym, men han var kjedeleg også. Eg gjettar difor på at han representerte Arbeiderpartiet. Han var litt enig med Bovim, men mest enig med seg sjølv. Eg mista intereressen, klikka meg inn på Facebook, la att ein sarkastisk kommentar på ein kommentar om rasistar som speler fele, las ein artikkel om mobbing på Aftenposten. Gjekk tilbake til streamen frå bystyret, og der sto Jacob Nødseth på talarstolen igjen.

Eg klikka meg inn på Dagbladet. Nokon hadde hatt ein puppeglipp. Lars Monsen var fortsatt sint på flåtten. På Samfunnshuset gikk Odd Bovim på talarstolen. Eg la att ein sarkastisk kommentar på Facebook om at eg hadde freista å sjå på streamen frå bystyret, men nå hadde eg funne ein stream som viste måling som tørka i staden, og siden den var mykje meir spanande hadde eg blitt sittande og sjå på den i staden.

Hei, tenkte eg. Tenk om det virkeleg finnes ein videostream av måling som tørkar? Eg måtte spørje Google, og jovisst. Det var fleire som hadde funnet ut at det kunne vere ei  god ide å legge ut ein stream av tørkande måling. Nokon hadde pussa opp huset sitt. Andre ein ishockeyhall. Problemet var berre at målinga for lengst var tørr. Dei var ferdige med å streame. Medan Nødseth, Bovim, og ein anonym kar frå Arbeidarpartiet går opp og ned frå talarstolen på Samfunnshuset i ein tilsynelatande evig loop blir faktisk målinga ein gong ferdig med å tørke. Målinga veit akkurat når nok er nok. Her er det lærdom å hente!.

Tusen takk til Framstegspartiet som gjennom si videooverføring gjer det klart for alle som måtte ha ambisjonar om ein karriere i lokalpolitikken at dei heller bør så ein plen, og sette seg ned for å sjå på graset som gror. Like spanande, ein slepp den svulstige retorikken, og om grasstråa blir for lange og obsternasige kan ein berre køyre over dei med grasklipparen. Bystyret kan dei berre ha for meg, og videostreamen også. Eg foreslår at Nødseth, Bovim og han anonyme frå Ap tek debatten på Skype neste gong.

Hummer og kanari

Alarm!

Math Class

Det er alarm. Igjen. PISA-prestasjonane for norske elevar i matematikk, lesing og naturfag vart presentert denne veka, og det ser ikkje bra ut. Norske elever har visst aldri vore dårlegare til å rekne skriv avisene. Vi ligg under snittet i OECD-landa både i matte og naturfag. Vi har eit realfagsproblem seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen, og illustrerte problemet ved sjølv å gjere ein tabbe. Han skulle forklare korleis ein stor del av dei norske elevane har så dårlege mattekunnskaper at dei risikerar å få problem seinare i utdanningsløpet eller i arbeidslivet, og sa at det dreide seg om ein fjerdedel, ja nesten en femtedel av elevane, men det blir sjølvsagt feil. Ein fjerdedel er 25 prosent, ein femtedel er 20 prosent. Kunnskapsministeren gjorde problemet mindre, ikkje større, slik som nok var meininga. Er det rart det går til helsike i skolen når sjølv ikkje kunnskapsministeren kan enkel brøkrekning? Sjølvsagt er det lærarane si skuld. Det viktigaste er ikkje frukt og grønt, men å gjøre lærarane bedre, seier Isaksen. Han har skjønt at det er nærast umogleg å kvitte seg med dårlige lærarar, men håper at om han får fjerna frukten så forsvinn det eit kålhovud eller to i same slengen. Vi får sjå korleis det går.

Andre har betre kontroll på tala. PISA-ansvarleg Marit Kjærnsli fra Universitetet i Oslo seier at det er ein signifikant nedgang i tala for matematikk frå 2009 til 2012, som altså er dei tala som blei presentert denne veka. Alle dei nordiske landa går tilbake. Men kva er det eigentleg ho seier? At ho bruker ordet signifikant om nedgangen gjer at det hele høyres veldig alvorleg ut. Signifikant tydar jo gjerne viktig i dei fleste samanhenger. Da er det signifikant å hugse på at når man snakkar om statisitikk treng det ikkje vere slik. Signifikant brukt om statisitkk tydar berre at man meiner at resultatet ikkje er tilfeldig. Det seier ikkje noko om størrelse eller grad av alvor. Fakta er at skilnaden på resultata i 2003 og 2012 ikkje er statistisk signifikant. Det betyr at skilnaden er innafor feilmarginen. Det er Ikkje grunnlag for å seie at norske elevar har blitt dårlegare til å reikne dei siste ni åra. Dei er omtrent akkurat like dårlege som dei var. Av ein eller annan grunn var dei litt betre i 2009, men den gongen var det ikkje matematikk som var hovudfokus i testen. Det er meir naturleg å samanlikne med 2003.

Sjølv synast eg ikkje det er så viktig med den matematikken. Vi har jo kalkulatorar og datamaskinar, og Asia er stappfullt av smarte hovud fulle av tall. Treng vi vite svaret på ein likning med to ukjende er det berre å ringe eit tilfeldig nummer i Shanghai og spørje. Det er ikkje verre enn det. Alle kan ikkje vere best i alt. Om asiatane er best med tal får vel vi finne noko anna å vere best i da. Skigåing, demokrati og vaffelsteking for Malawi til dømes. Eg veddar på at ein fjerdedel, ja kanskje til og med ein tredjedel, av 15 åringane på Taiwan er så dårlege på ski at dei vil ha store problem med å hevde seg på ein gjennomsnittleg norsk skoleskidag. Får det kunnskapsministeren på Taiwan til å klage på at landet har eit skifagleg problem kanskje? Eg veit ikkje, men om han gjer det foreslår eg at nokon sporenstreks steikar eit vaffelhjarte til ham. Eller henne da. Eg veit jo ikkje kven som er kunnskapsminister på Taiwan. Eller om dei i det heile tatt har en. Hvilket kanskje tydar på at eg har eit O-fagsproblem.

Sant og si skjønar eg ikkje heilt alt dette maset om PISA. Kva er det eigentleg tala kan fortelle oss? Ikkje så mykje eigentleg. Det mest påfallande med dei norske PISA-tala er kor stabile dei er. Noreg er eit av berre ein liten håndfull land som ligg på same nivå i 2012 som dei gjorde i 2003. Nær sagt alle andre land har opplevd store endringar sidan 2003. Nokon blir bedre, andre blir dårlegare. Faktisk er det slik at dei landa det er mest naturleg å samanlikne oss med, dei nordiske og dei engelskspråklige, alle saman har gått tildels mykje tilbake i denne perioden. Kvifor? Kanskje er det ikkje alarm likevel? Ingen dramatikk? Kanskje det alt i alt går ganske bra med oss?

Eg er lei av PISA-maset, og eg veit korleis vi kan løse det. For å få resultata opp i toppsjiktet treng vi ein haug med utvekslingsstudentar frå land der dei fortsatt kan rekne. Singapore, Taiwan, Sør-Korea. Om alle tiendeklasser i landet tek i mot to stykker der i frå vil vi nok fort se at vi stig til værs på rankingen.

Men det vil kanskje være litt som å PISA i buksa for å halde varmen?

%d bloggers like this: