web analytics

Tag Archives: samfunn

Hummer og kanari

Statoilansvar

skotfoss_bruk

Har dei store bedriftane eit samfunnsansvar, eller handlar det berre om å maksimere drift og overskot slik at aksjeeigarane sit igjen med penger til sukker og smørauge på grøten? Spørsmålet er høgaktuelt etter at Statoil tidligare i veka vedtok at dei vil flytte deler av drifta ved Fjord Base i Florø til Mongstad. Eit vedtak som i verste fall kan gjere at 250 arbeidsplassar i Flora forsvinn, og som allereie har gjort til at Nor-Tekstil har lagt planar om investeringar for 35 millioner kroner på is. Det kjennes på ein måte feil at Statoil, som at på til er eigd av meg og deg, kan gjere dette med eit pennestrøk. Utan nokon form for politisk prosess. Berre Erna Solberg eller Olje og energiminister Tord Lien kan snu Statoil no seier Reidar Sandal, og oppmodar til vidare kamp. Og kamp blir det nok, men den kjem nok ikkje til å føre fram. Så lenge dei held seg innafor konsesjonane gjer Statoil nett slik som dei vil. Samfunnsansvar? Statoil ler heile vegen til banken.

Det var annleis i gamle dager. Eg starta mi lange og brokete karriere i arbeidslivet på papirfabrikken Skotfoss Bruk. Det var ei bedrift som visste å ta samfunnsansvar. Telemarks første sykekasse vart skipa her i 1894, den var aktiv heilt frem til 1971. Sykekassa hadde heile tida fast ansatt lege, far min var den siste av dem, og dei fikk bygget ein eiga legebolig, mi barndomsheim, med garanti fra Union Bruk i 1906. I heile si levetid ga sykekassa på bruket høgare ytelser enn den offentlege syketrygda samtidig som premietariffen var lavere. Sykekassa kunne også med jevne mellomrom gi monalege bidrag til Skotfoss’ humanitære foreninger. Folketrygden kom i 1967 og gjorde slike lokale ordningar overflødige, og det var ein god ting det, men for dei som var knytta til sykekassa på Skotfoss Bruk skal det ha vore eit sosialt tilbakeslag.

Skotfoss er ein liten plass. I dag er det om lag 1700 stykker som bor der, men papirfabrikken var ein gong den største i Nord-Europa. Den gong  var det 900 stykker i arbeid der. Da skjønar ein kor viktig bruket var for tettstaden. Uten den hadde det ikkje vore noko tettstad å snakke om, og bruket tok det ansvaret til seg. Skotfos Forskjønnelsesselskap gjekk dundrande konkurs når dei freista å lage en folkepark tidlig på 1900 tallet, men bruket tok over gjelda og sørga for at det blei både park og musikkpaviljong. Eit par år seinare bidro bruket til at forsamlingshuset Festiviteten blei satt opp, og heile tida medan det var drift ved fabrikken stilte dei opp med både midlar og anna hjelp til lokalsamfunnets beste. Legger man til at også fagforeningens avdeling ved fabrikken bidro med mykje bra, blant anna innkjøp av Folkets Hus for 15000 kroner i 1930, ferieheimen Leirodden, samt eiga pensjonskasse fra 1945 eller deromkring, så skjønar man at Skotfoss må ha vore ein bra plass å bo i sin tid.

Bruket var alfa og omega for alle som budde på Skotfoss, men bruket signaliserte tydeleg at folket på Skotfoss også var viktige for fabrikken. Ein skulle vere temmeleg ubrukeleg om det ikkje fantes ein plass til deg på bruket. Det jobba ein del folk der som aldri ville fått jobb i dag. Man fekk ein sjanse på bruket, og gjekk det ikkje fekk ein gjerne ein sjanse til. Som ein av kollegaene mine på kabba. Ein notorisk periodedrankar som jobba som ein galning og banna verre enn eit heilt mannskap med sjømenn mesteparten av tida, men det hendte ein gong eller to i året at han hamna på fylla og vart borte i eit par veker. Det var aldri snakk om at han skulle miste jobben av den grunn. Ein fekk som regel ikkje sparken på Skotfoss bruk. Var ein så uheldig at ein ødela ryggen på å styre rundt med papirrullar på 700 kilo blei ein berre omplassert til ein vaktmesterstilling eller noko anna passande.

Ein kunne ønske at det var slik enno. Det hadde vore fint, men det er ikkje slik. Velferdsstaten har gjort det slik at bedriftane ikkje lenger treng å ta noko større samfunnsansvar. Havnar du på fylla nokre veker kvart år og ikkje kan gjere jobben din kan dei ikkje bruke deg. Ryker ryggen er det betre for dei at AS Noreg avd NAV tek over ansvaret. Det er stat og kommune som har ansvaret for alt. Bedriftane kan nøye seg med å tjene pengar. Og det må jo seiast, det er betre at staten har eit universelt ansvar for folk, enn at ei eventuell trygd kjem an på kven arbeidsgjevaren din er. Alt var ikkje betre før.

Det er utrygge tider i Florø, men det er ikkje nokon grunn til å vere sint på Statoil. Dei gjer det dei skal. Leverer pluss i regnskapet til eigarane. Altså oss. Om det skal takast noko samfunnsansvar utover det må Storting og regjering sikre det gjennom konsesjonsreglar og lovverk. Om Florø og Sogn og Fjordane taper kampen om oljepengane er det politikarane som har skulda. Ikkje Statoil.

Hummer og kanari

Kva har du i bagasjen?

khartoum

Livet er eit samansurim av slump. Flaks og uflaks. Tenk deg at du kjem frå Marokko. Av ein eller annen grunn finn du vegen til Paris, der du treffer ei svensk jente som er i Frankrike som au pair. Søt musikk oppstår, og sidan du ikkje har noko familie som held deg i Marokko, kvifor ikkje bli med jenta heim til Sverige? Du giftar deg med den der svenske flickan, men dessverre går det slik det av og til går, det ender med skilsmisse. Du held på humøret likevel. Du har utdanna deg til sykepleiar. I Noreg er det pengar å hente, så du får deg jobb gjennom eit vikarbyrå, og plutseleg er du i Årdal. Det er eit stykke frå Marokko til Årdal.

Men du er berre vikar, og etter eit to månaders engasjement er det på tide å reise heim til Sverige igjen. Du setter deg på Valdresekspressen, første etappe på vegen tilbake til Gøteborg, men så langt kjem du aldri. Du er på feil plass til feil tid. Ein desperat asylsøkar er på same buss som deg, han trekker ein kniv og dreper alle på bussen. Frå Marokko, via Paris og Gøteborg, og så blir ein drept av ein fyr frå Sør-Sudan. I Årdal av alle plassar. Verda er lita. Lita og grusom.

Kva med mordaren? Kva slags reise har han vore på? Korleis ender ein 30 år gammal mann frå eit land langt borte opp på ein buss i fjellheimen i vårt lille land med ein blodig kniv i hånda? Vi veit ikkje så mykje enno, men Aftenposten har fått fatt i asylsøknaden hans. Dei kan fortelle at han er fødd i 1982, i byen Mayom i delstaten Unity i Sør-Sudan. Det har vore fleire borgerkrigar i Sudan, den siste varte frå 1983 til 2005, og krigshandlingane i dette området inneholdt både massakrar og folkefordrivelsar. Ein gong på nittitalet flykta han. Til hovudstaden Khartoum. Han var ikkje aleine om det. Tre år etter at borgarkrigen tok slutt meinte hjelpeorganisasjonar at det var omlag 1.7 millionar flyktningar i Khartoum. Busette i enorme flyktningeleire, i slumområde, i utkanten av byen. Sterkt prega av fattigdom og kriminalitet. Sjølv om borgarkrigen var over var det ikkje berre for flyktningane å dra heim igjen. Sør-Sudan vart oppretta som ein splitter ny nasjon, det gjorde at mange av flyktningane mista statsborgarskapet sitt. Det var ein komplisert borgarkrig med fleire frontar. For mange var det ikkje mogleg å dra sørover. Fortsatt er det om lag ein halv million flyktningar frå Sør-Sudan i Khartoum.

Mange som ikkje kunne dra sørover dro i staden den andre vegen. Nordover, via Egypt, og til Israel. Det er ein tøff rute over Sinai der flyktningane er utsette for forferdelege påkjenningar. Dei som ikkje blei skotne av egyptiske soldatar risikerte å bli tatt til fange av menneskesmuglarane dei hadde betalt for å føre dei til Israel. Folk blei haldne i fangenskap i veker og månader for å presse dei for meire penger. Det har vore meldt om organtjuveri frå folk som ikkje hadde penger til å betale. Ei undersøking frå 2011 fann at over halvparten av flyktningane som kom denne vegen hadde opplevd å bli misbrukt av smuglarane. Brent, brennemerkte, hengt etter hender eller føter, og valdtekne. Solgt vidare til andre beduinar, og så var det på’an igjen. Sjølv om du til slutt klarar å kome deg inn i Israel er det ikkje over. Flyktningane er ikkje velkomne der heller. Afrikanske flyktningar i landet har vorte utsatt for fleire angrep. Dei israelske styresmaktane løste det med å beordre massedeportasjon av eritreere og sudanere. Flyktningar frå Sør-Sudan inkludert.

Men Israel er også eit springbrett for vidare reise til Europa. Mange, i likskap med drapsmannen, endar opp i Spania. Eit land som berre gir asyl til om lag to prosent av asylsøkjarane frå Sør-Sudan. Om han har følgt denne ruta, frå Mayom, til Khartoum, over Sinai, inn i Israel, og så til Spania, er det all grunn til å tro at han har hatt ein oppvekst og eit liv som har vore utrygt i beste fall. I verste fall svært brutalt.

Eg bruka ein gong å erte på meg folk i kommentarfelta i nettavisane ved å hårdnakka hevde at det ikkje fantes onde menneskje, berre onde handlingar. At alt kan forklarast med rus, psykiatri, og sosialøkonomiske omstende. Slump. Flaks og uflaks. Slike diskusjonar ein kunne ha før Anders Behring Breivik tok på seg den heimelagde uniformen og gjekk ut for å drepe. Eg er ikkje like skråsikker lenger. Eg vil ikkje ha forklaringar. Eg er lei. Eg vil ikkje skjøne korleis ting heng saman. Eg vil at det skal ta slutt. Eg vil ha auge for auge. Ingenting i bakgrunnen til drapsmannen kan rettferdiggjere handlingene hans måndag kveld. Men har vi noko val? Det er 45 millionar flyktningar i verda. Nokon av dei kjem til å kome hit, og dei har med seg tung bagasje. Vi er naudt til å læra oss å håndtera han, anten vi vil eller ikkje.

Korleis? Det finnes det ikkje noko enkelt svar på. Dessverre.

Hummer og kanari

Tempo tempo

2011Aug27PreIronman 014

Ytringsfridom er fridom til å ytre seg med økonomisk overskudd skal Kjartan Fløgstad ein gong ha sagt. Sjelden er det sitatet like aktuelt som når det årlege Temposeminaret går av stabelen her i Høljebyen. Eg sluttar aldri å undre meg over dette. Folk syntes det dyrt å betale ein hundrelapp for å gå på kino. Nokre ristar på hovudet at Riksteatret vil ha 350 kroner for å slippe deg inn på Vildanden.  Betalingsvilja for å sjå kjente artistar og kunstnarar på høgt nivå på scena i samfunnshuset er høgst variabel. Men om ein klarar å pakke det inn i eit blomstrande språk om inspirasjon og motivasjon, lager ein pakke med fleire føredragshaldarar, og pynter brura med ein liten lunsj, kanskje ein fest på kvelden. Da står næringslivet i kø for å betale tusenvis av kroner for moroa. Det er ganske interessant.

Eg seier det gjerne litt flåsete. Temposeminaret er eit einaste stort bevis på at det er rom for ein monaleg auke av skattenivået for næringslivet her i landet.

No tenker sikkert ein heil del av dykk at eg er ein grinebitar og ein gledesdrepar som berre er misunneleg av di eg ikkje har råd til å gå på dette seminaret. Det har dei sjølvsagt heilt rett i, men lat meg berre understreke. Det er ikkje Temposeminaret eg kritiserar. Tvert i mot. Eg synes det er strålande at nokon her i byen kan sko seg på næringslivets evne og vilje til å bruke mykje pengar på å høyre høgt betalte foredragsholdarar plapre i veg. Ikkje kritiserar eg næringslivet for at dei gjer det heller. Temposemniaret er ein fin møteplass. Ein god plass for relasjonsbygging som det heiter på korporativt. Nepotismen kjem ikkje av seg sjølv. Det er sikkert også nokon hyggelege timer, og om dei som er leid inn for å snakke er flinke kan ein vere heldig å lære noko. På Temposeminaret er foredragshaldarene som regel henta frå høgste hylle, så det er ein god sjanse for at det ikkje er heilt bortkasta. Det som får meg til å himle litt med augo er språket. Eg siterar frå nettsida til årets Temposeminar:

«I bedrifta di er det kvardagane som skapar resultata. Ingen føredragsholdar kan gjere jobben for dykk, og det veit du betre enn nokon. Men av og til treng vi å høyre andre stemmer som kan setje oss i ein tilstand til å prestere endå betre. Eit føredrag kan vare èin time, men verknaden kan vare evig. På Temposeminaret opplever du føredragshaldarar som inspirerer deg og fyller opp motivasjonstanken.»

Det er så fint! Det hadde ikkje vore finare om sjølveste Martha Louise hadde forfatta teksten. Det einaste problemet er at det berre er tull. Hvis ein kjekk mann i dress, eller nokon gonger ei pen dame i kjole, som seier sjølvsagte ting om livets store mysterier er nok til å motivere deg har du nok ein veldig lett jobb. Ein slik som snart blir outsourcet til India eller eit anna lavkostland. Eg las i Dagens Næringsliv for nokre år sida om nokon som hadde forska på det her, og dei hadde store problem med å spore nokon som helst effekt ut av slike inspirasjons og motivasjonssamlingar. Jau, dei som hadde vore på kurs, som jo som regel er leiinga, hevda nok at dei blei både motiverte og inspirerte av foredraga. Problemet var at dei som jobba på golvet, dei som ikkje fekk vere med på seminar, dei opplevde ikkje noko forskjel. All motivasjonen og inspirasjonen kom aldri vidare. Den blei verande inne i skallen på leiarane som hadde vore på kurs. Du blir ikkje ein betre leiar av å bruke nokre timar på Temposeminaret. Du blir ikkje eit betre menneskje heller. Og det er helt greit det. Det er lov å ha det kjekt, men føredraga er stort sett berre underhaldning. Omtrent som Anne Kat Hærland, berre dyrare.

Den ærlege teksten ville ha vore at eit føredrag kan vare ein time, bakrusen heile neste dag, og dei ansatte kjem fortsatt til å meine at du er ein dust på måndag. Men det er ein fin dag, eit hyggeleg avbrekk i kvardagen, og du kan trekke av kontigenten på skatten. Bli med da!

Her ligg sjølvsagt forklaringa på at folk meinar det er noko stivt å betale nokre hundrelappar for å sjå Riksteateret gjere Henrik Ibsen, medan tre tusen kroner for å sjå nokre føredrag i den same stolen ikkje får nokon til å heva eit augelokk. Sistnemnde kan utgiftsføre kostnaden, og på ein måte få pengane tilbake i form av lågare skatt. Ja ein kan kanskje seie det så sterkt som at heile inspirasjons og motivasjonsbransjen er subsidiert av skattepengane våre. Den norske modellen, der personinntekt skattes rimelig høgt, medan næringslivet slepp relativt billig unna, burde stått på lista over sponsorer. Det er du og eg som betalar gildet.

Men det er berre hyggeleg det altså. Eg byr gladeleg på det. Håpar dykk hadde ein fin dag i går, kanskje vi sjåast neste år?

Hummer og kanari

Nye kostar

Trash

Denne veka vart spenninga utlaust. Vi får ein ny regjering utgått frå Høgre og Framstegspartiet. På Sundvolden hotell la dei frem erklæringa som skal ligge i botnen for korleis blond og blondare skal styre landet dei neste fire åra. Syttifem sider med fine ord og vage formuleringar som få kjem til lese, og endå færre kjem til å bry seg om når vi kjem litt ut i neste veke. Det er leit for dei politikarane, desse våre fremste bland likemenn, som har ført ho i pennen, men slik er det diverre. Kven hugsar vel i dag kva som eigentleg sto i Soria Moria-erklæringa som den no avtroppande regjeringa ein gong var so stolte av? Ikkje eg i kvart fall, og ikkje du heller kjenner eg deg rett.

Ein regjeringserklæring har si funksjon. Den peikar ut ein retning. Men først og fremst er den ein reklameplakat. Like lite som det er grunn til å tru på One Calls utruleg irriterande forsikringar om at dei er like bra, berre billigare, er det nokon grunn til å tru på dei blå-blonde når dei seier dei vil tette hola i sikkerhetsnettet for grupper som fall igjennom i dag. Dei legg lista høgt, og dei kjem til å rive, men slik er regjeringserklæringar. Dei skal sikte mot stjernene, sjølv om alle veit at dei skal være bra nøgd berre dei klarar å karre seg opp i et lite tre. Det er ikkje nokon grunn til å gjere narr av Sundvolden-erklæringa, dei har i det minste gjort seg flid med den. Det minste vi kan gjere er å ta ein titt.

Ja, eg har altså lest dokumentet. Og det første eg så etter var om dei hadde noko om rehabilitering. Det er ein skade eg har pådratt meg etter fjorten år saman med ein fysioterapeut, og akkurat den rehabiliteringa går ikkje så bra. Mogleg at det kjem til å gå betre med regjeringa Solberg. Dei har i kvart fall nemnt ordet rehabilitering heile 12 gonger i dokumentet sitt. Det er bra, og det kjem dei til å trenge. Regjeringa har nemleg tenkt å løfte tungt og mykje. Heile 19 gonger har dei nytta ordet løft i erklæringa. Det er lærarløft, yrkesfagløft, velferdsløft og kompetanseløft. Nå veit vi ikkje enno kven som blir statsrådar og skal ha ansvaret for løftinga, men om ein til dømes ser på heite kandidatar som Torbjørn Røe Isaksen og Ine Marie Eriksen Søreide, så ser ein jo at dette er folk som ikkje har løfta mykje i sitt liv. Da er det viktig at dei får opplæring i riktig løfteteknikk, slik at ikkje alle dei ekstra pengane som er tenkt å brukast på rehabilitering må brukast for å få dei ferske statsrådane tilbake på jobb igjen. Feil løft er ein av hovedårsakane til ryggplager. Ein gong skulle eg løfte ein lecablokk i kvar hånd, og det gjekk bra det, heilt til eg vrei på overkroppen og plutseleg måtte ta taxi heim. Tenk kor ille det kunne gått om eg hadde freista å lærarløfte Bjørn Angell-Jacobsen i staden! Eg fryktar at med all den løftinga dei legg opp til i denne erklæringa, kjem brorparten av maktapparatet til å være sjukemeldt før jol. Sjukemelding er forøvrig berre nemnt fire gonger i erklæringa, og det er jo fint at dei heller vil rehabilitere enn å sjukemelde. Eit tredje alternativ kunne ha vore aktiv dødshjelp, som landsmøtet til Frp har vedtatt at partiet er for, men dette er heldigvis ikkje nemnt ein einaste gong. Dei freistar berre å snike det inn bakvegen, snikeutanasiering om du vil, gjennom å åpne for segway og meir snøskuter i utmarka, men det monnar lite i den store samanhengen. Men eg treng kanskje ikkje uroa meg. Erklæringa brukar ordet styrk i ulike variantar heile 167 gonger. Styrketrening kan kanskje gjere underverker for dei pinglete blå.

Allereie i den femte setninga i dokumentet seier den nye regjeringa at dei vil bygge sin politikk på fridom og tillit til enkeltmennesket. Difor har dei tenkt å væpne politiet. Av tillit til at vi ikkje vil gjere noko dumt som får politiet til å skyte oss. Tillit er ellers berre nemnt ein gong til, i samanheng med at dei kuttar i pappapermen. Regjeringen Blondie er ellers uttalte anti-byråkratar, og vil no vurdere etablering av ein uavhengig effektivitetseinhet for offentlig sektor med ståande fullmakt til å revidere blant anna nytte-kostnadsanalyser for å sikre god kvalitet og konsistent praksis. For den beste måten å auke effektiviteten i byråkratiet er sjølvsagt å ansette byråkratar til å overvåke dei andre byråkratane. Det er logisk. Dette er vakkert. Dette blir bra!

Alt i alt er det likevel ikkje så ille. Alle var lei av dei rød-grønne nå. Eg trur dei var lei av oss også. Det blir kjekt med nye kostar. Og nye hekser til å fly på dei. Friske pust som kjem til å dumme seg ut på jevnleg basis. Mykje moro ein stund. Men det blir nok kjedeleg i lengda denne gongen også. Eg gler meg til det.

Hummer og kanari

Ryggen fri

Bürokratie / Bureaucracy

For eit par veker sida var eg på foreldremøte i barnehagen. Det handla om kva planane var for året 2013/14, og korleis ein hadde tenkt å omsetje planane til praktisk-pedagogisk arbeid. Møtet haldt på i halvanna time, men det kjendes ikkje ut som eit minutt meir enn halvanna veke. Dette ikkje til forkleinelse for dei ansatte i barnehagen, det er berre eg som har lett for å kjede meg. Eg blir sittande og lure på kva det heile er godt for. I staden for tjukke bunker med skrivebordsplanar burde det være mogleg å samanfatte det heile i nokre få setningar. Eg kom fram til at det faktisk var mogleg, for meg som forelder, å koke mine forventningar til barnehagen ned til ei einaste setning: Ikkje la barna våre vakse opp til å bli rasshøl. Ja, eg tek sjølvkritikk på språkbruken, men det var no det eg tenkte, og eg var storleg nøgd med meg sjølv. Kvifor er ikkje eg styrar i barnehagen, tenkte eg, eg kunne gjort unna foreldremøtet på fem minutt. Halvårsplanen vår for 2013, kunne eg ha sagt, er ørlite forandra frå tidligare. Dette fordi ikkje alle satte pris på å sjå ordet rasshøl på trykk. I år har vi derfor tenkt å ikkje la barna dere vakse opp til å bli egoistiske drittsekkar. Er det nokon som har nokon innspel? Det er det sjølvsagt aldri, så da er det berre å takke for fremmøtet, tvinge nokon til å stille for arbeidsutvalet, og gå rakt over på kaffe og kake. Lett som ein plett.

 

Det er berre eit problem her. Uansett kor flinke dei er i barnehagen er det uungåeleg at nokon barn av og til kjem til å vakse opp til å bli nettopp drittsekkar. Foreldra er sjølvsagt dei siste som oppdagar det, men naboane ser det ofte ganske tidleg, og føyr eller siden kjem det til å kome ein fly forbanna far på døra og skjelle meg ut. Du hadde ein jobb, vil han kanskje si. Ein einaste oppgåve. Du sa det sjølv. Du skulle ikkje la barna våre vakse opp til å bli drittsekkar sa du, men sjå på sonen min nå. Han køyrar Audi, heiar på Vålerenga, høyrer på Sting og stemmer på Frp. Han har blitt akkurat slik som du sa han i kvart fall ikkje skulle bli. Eg finn meg ikkje i det, vi sees i retten, rasshøl!

 

Og det er da eg hadde trengt ei tjukk bunke med papirer, ein skikkeleg handlingsplan som i detalj viste akkurat korleis alle vi som jobba i barnehagen hadde tenkt å gå fram for å hindre at akkurat dette barnet skulle vakse opp til å bli ei byrde for samfunnet. I tillegg burde eg sjølvsagt hatt ein tjukk perm med dokumentasjon på alt vi faktisk gjorde. Eit lass med papir eg kunne sleppe ned på tærne til den sinna fyren på dørstokken min. Sjå her, kunne eg sagt. Vi gjorde alt vi kunne for sonen din vi, men mot genetikken kjemper sjølv dei skarpaste knivane i barnehagskuffen forgjeves. Du får ta skulda sjølv, fjols, og så kunne eg smelt igjen døra og gått tilbake til å skrive spalten min. Men eg hadde sjølvsagt ikkje hatt nokon papirer, eg hadde tapt i retten, blitt hengt ut i alle landets aviser, fått ødelagt både omdømme og økonomi, og måtte bruke resten av livet til å snylte på NAV.  So mykje for å vere ein visjonær og eit geni. Atter ein gong ville skapartrong og nytenkning ha måttet bite i graset for krav om rapportering og dokumentasjon frå det helsikes byråkratiet. Noreg, kjempers fødeland, ligg gravlagd under eit tonn med papir. Og det er ikkje fordi vi meinar det gjer ungane våre smartare, flinkare og snillere. Nei, vi gjer det for å ha ryggen fri den dagen ein sinna fyr kjem på døra og vil ha svar på kvifor vi ikkje gjorde jobben vår.

 

På Sundvold Hotell driv Høgre og Frp på og planlegg kva dei skal gjere med landet når Stoltenberg kastar korta om ei drøy veke. Dei har allereie forfatta ein samarbeidserklæring med støttepartia Venstre og KrF. Snart kjem platforma som regjeringa skal stå på, med meire papir. Fleire ord som få kjem til å lese. Ikkje til forkleinelse for dei som sit på Sundvold og skriv, men eg har forlengst gått lei. Hadde det ikkje vore mogleg å gjere unna dette på nokre timar mellom frokost og lunsj? Eg ser for meg eit A4-ark med eit par setningar skreve med ganske stor font. Vi lovar, kunne det stå. Vi lovar å ikkje vere Arbeidarpartiet i denne stortingsperioden. Vi lovar å ikkje køyre landet i grøfta (sjølv om vi ser ein bompengestasjon Frp.merk). Vi lovar å ikkje vere rasshøl (unntatt Per Sandberg som ikkje kan noko for det. Frp merk). PS. Dykk kan køyre Segway!!!

 

Er det nok til å ha ryggen fri om fire år, når dei sinna folka oppdagar at Mullah Krekar er her enno? Tvilsomt, men til lags åt alle kan ingen gjera. Dei hadde i det minste fått nokre fine fridagar i haustferien. Det skal ein ikkje kimse av.

%d bloggers like this: