web analytics

Tag Archives: seksuelle overgrep

Hummer og kanari

Ta natta tilbake

feminism photo
Photo by juliejordanscott

Kor mange feministar trengs det for å skifte ei lyspære? Svaret pleidde å vere tolv: Ei til å skifte pæra, og elleve til ta natta tilbake. Men i år kan det hende det trengs fleire enn som så for å få tent lys og gjort natta trygg for alle. Det starta på nyttårsafta i Köln. I folkemengda rundt sentralbanestasjonen vart kvinner i hopetal utsette for tafsing, grafsing, vald, seksuelle overgrep, ran og tjuveri. Gjerningsmennene skal ha vore asylsøkarar eller ulovlege immigrantar med arabisk og nord-afrikansk bakgrunn. Politiet har fått 516 anmeldelsar i skrivande stund. 237 av dei gjeld overgrep, minst ei valdtekt, og det er vel all grunn til å tru at her finnest det mørketal. Det er i det heile tatt mykje som er mørkt her.

Politiet skildra først kvelden som “stort sett fredeleg”, og det tok tid før rapportar om kva som hadde skjedd dukka opp i media. Mange har vorte sinte av det, og meinar at dei prøver å feie problema med masseinnvandringa og den auka straumen av asylsøkarar under teppet. Kanskje har dei rett. Men kanskje er det også slik at det å late vere å ta seksuelle overgrep på alvor fortsatt er regelen, heller enn unntaket i store deler av verda. Også i Europa. I Tyskland. I Norge. I Sogn og Fjordane. I Tyskland har i det minste regjeringa tatt grep og førtidspensjonert politimesteren i Köln med umiddelbar verknad. Vi veit alle at dette aldri hadde skjedd i Norge. Då politiet i Florø for ein ti års tid sidan gjorde omtrent alle feil det er mogleg å gjere i ei valdtektsetterforsking, og la på eit par det ikkje skulle vere mogleg å gjere, fekk dei rett nok massiv kritikk frå retten. Det vart intern oppvask, men utover det? Eg kan ikkje hugse at nokon tok offentleg sjølvkritikk. Ingen ba om orsaking. Ingen måtte gå.

Etter nyttårsafta i Köln har debatten rasa. Plutseleg er “alle” opptekne av seksuelle overgrep. Det er ein menneskerett å gå trygt i byens gater. Her må grep takast. Klypa må bli hard, slik at dette ikkje blir ein forsmak på ei ugrei framtid for våre kvinner i det offentlege rom. Eg skjønar at det for nokre kan låte litt holt. Norske kvinner har trass alt i ei årrekke måtta finne seg i å bære deler av ansvaret sjølv om dei skulle bli valdtekne. Var skjørtet for kort? Hadde eg drukke for mykje? Sa eg ikkje nei tydeleg nok? Har haldningane som får juryar i lagmannsretten til å frikjenne dei som vert dømde i tingretten annankvar gong, endeleg blitt borte? Eller er årsaka til at alle har blitt feministar rett og slett at gjerningsmennene denne gongen var innvandrarar. Flyktningar. Ja, kanskje til og med muslimar?

Men la tvilen komme dei til gode. Nyfeministane. La oss ta dei vel i mot i kampen mot kvinnediskriminerande patriarkalske gudar og seksuell trakassering. Kanskje kan vi bruke den nye og auka interessa for kvinners ve og vel til eit aldri så lite opprør mot det som ser ut til å bli det nye årets første store skandale. Overgrepsmottaket ved Førde sjukehus blir lagt ned. Årsaka er at kommunane ikkje har klart å bli einige om finansieringa, trass i at fagfolk, politi, og den førre regjeringas valdtektsutval meinar at eit velfungerande overgrepsmottak er heilt avgjerande for om ein får oppklart ein valdtektssak. Alternativet er at bevisinnsamling, traumehandtering, og alt som høyrer til, no blir ei sak for ein tilfeldig turnuskandidat eller ein litt sliten vikarlege frå Tyskland på legevakta. Det seier seg sjølv at ein ikkje kan bygge opp god nok kompetanse der. Det er eit stort tilbakesteg for rettstryggleiken til overgrepsutsette menn og kvinner i fylket. Nokon må ta ansvar, og dei har ikkje meir enn tida og vegen. NRK Sogn og Fjordane melder at oppseiingsbreva blir sende ut denne veka.

Slik debattklimaet har blitt er det nesten naudsynt å skrive det: Det som hende i Köln var ufyseleg. Sjølvsagt skal vi vere klar over at det kan by på problem når det brått kjem mange asylsøkarar til landet, der eit stort fleirtall er unge menn. Men kampen for trygge gater, mot seksuell trakassering, for større rettstryggleik for overgrepsutsatte – den har pågått lenge, og uavhengig av flyktningestraum. Den kampen er langt frå over. I den kampen er eit nedlagt overgrepsmottak eit stort tilbakesteg. Det bør ikkje gå upåakta hen. Få skifta den lyspæra. No.

%d bloggers like this: