web analytics

Tag Archives: sex

Hummer og kanari

Femti nyansar av kommunegrått

sensual lips photo
Photo by linspiration01

Eg kokar av frustrasjon over speilbiletet mitt. Faen ta håret mitt – det vil berre ikkje oppføre seg, og faen ta B for at ho har PMS eller kva det no er, og ikkje vil snakke med nokon for tida. Trur ho verkeleg ho kan sleppe unna med trassen sin? Faen ta Jan Tore Sanner òg, forresten. Eg har anna å gjere. Skular å bygge. Budsjett å vedta. Likevel står eg her og freistar å få håret mitt til å underkaste seg børsten. Eg har ein avtale med F i lyskrysset om ein time. Eg må ikkje sove med vått hår. Eg må ikkje sove med vått hår. Eg freistar å få kontroll på håret nok ein gang medan eg gjentar dette mantraet. Eg himlar med augo og ser på denne bleike brunetta med blå auge, for store for fjeset, som stirar tilbake på meg. Så gjer eg opp. Eg har ikkje noko anna val enn å temme det ville håret mitt med ein hestehale og håpe at eg ser nokolunde presentabel ut.
«F tar imot deg no. Berre gå inn», seier resepsjonisten. Eg reiser meg litt skjelvande og freistar å undertrykke nervøsiteten. «Du treng ikkje å banke på – berre gå rett inn.» Ho smiler vennleg. Eg skyv opp døra, snublar i mine eigne bein på veg inn og går på trynet inn på kontoret. Faen òg – eg og mine to venstrebein! Eg står på alle fire i døropninga til Fs kontor. Eg er så flau over at eg kan vere så klønete. Eg må stålsette meg for å sjå opp. Himmel og hav – så ung han er. Han rekker fram ei hand med lange fingrar idet eg får reist meg opp. «Eg er F. ørde Kommune. Går det bra? Vil du sette deg?» Så ung – og så kjekk, veldig kjekk. Han er høg, kledd i ein flott grå dress, kvit skjorte og svart slips. Uregjerleg, koparfarga hår og eit oppmerksamt blikk som ser lurt på meg. Det tar litt tid før eg får stemma tilbake. «Eh … No er det slik at …» mumlar eg. Om denne karen er over tretti, kan du kalle meg ein krakk. Omtåka legg eg handa mi i hans, og vi helsar. Idet fingrane våre rører kvarandre, går det ei underleg skjelving gjennom kroppen min. Eg trekker raskt til meg handa, flau. Det må vere statisk elektrisitet. Eg blunkar fort, augeloka går i takt med pulsen min. «B vil ikkje snakke med oss, difor har eg bede om å få snakke med deg i staden. Eg håper det er i orden, Herr F.» «Eg skjønar», seier han. Eg synest eg ser skuggen av eit smil i andletet hans. «Du er kommen for å snakke om kommunesamanslåing.» Han spør ikkje, han konstaterer. Eg nikkar. «Kom, lat meg vise deg noko», seier han.

F viser meg vegen til eit rom, øvst oppe i rådhuset. Det første eg legg merke til er lukta. Skinn, tre og polish med ein aning sitruslukt. Vegger og tak i djup og mørk burgunder. Smakfull lyssetting gjer rommet ein intim atmosfære. På veggen tvers overfor døra heng eit kors, forma som ein X. Det er av mahogni, og har reimer i alle hjørna. Eit jerngitter heng ned frå taket, og frå gitteret heng alle moglege slags tau, kjetting, og blanke lekkjer. På eit stativ ved døra heng eit overveldande utval av paddles, piskar og rare fjørliknande instrument. I monterar på veggane heng noko som ser ut som ordførarkjeder. Men det dominerande elementet i rommet, er ei seng. Større enn ei king-size-seng, utskore i rokokko med fire stolpar og flat himmel. Under himmelen ser eg fleire skinande lekkjer og handjern. Merkeleg nok får alt treverket, dei mørke veggane og det stemningsfulle lyset rommet til å virke nærast mjukt og romantisk … Eg veit at det er alt anna enn det, men dette er F sin versjon av mjukt og romantisk. Eg snur meg, og han ser granskande på meg. Andletet røper ikkje noko. Eg går litt lenger inn i rommet, og han følgjer etter. Den fjørliknande saka gjer meg nyfiken. Eg tek nølande på den. Den er av semska skinn og har reimar med små plastperler i endane. – Det er ein nihala katt, seier F dempa og mjukt. Brukast blant anna til pryl.

«Gjer du dette med folk, eller er det dei som gjer det med deg?» spør eg hest. Det rykkjer i munnen hans. «Folk? Eg gjer dette med kommunar som vil at eg skal gjere det.» «Kvifor viser du meg dette», spør eg. Han svarar mildt. «Fordi eg har veldig lyst til å gjere dette med deg.» «Er du sadist?» «Eg er dominant.» Blikket hans brenn. Inntrengande og grått. «Det tyder at eg vil at du skal gje deg villeg hen, i alle høve, for å tilfredsstille meg.» Tilfredsstille han! Han vil at eg skal tilfredsstille han. Eg får hakeslepp. Tilfredsstille Førde Kommune! Eg! Og i det augeblikket ser eg at det er akkurat det eg vil. Eg vil at han skal vere faen så tilfreds med meg. Det er ei openberring. Eg vil at han skal omslutte meg. Fylle meg heilt opp. Eg gjer frå meg eit lite gisp.

«Du er veldig mottakeleg,» sukkar F. «Det må du lære å kontrollere, og det skal bli så morosamt å lære deg korleis.»

Hummer og kanari

Da Harry møtte Knausgård

unnamed

I 1989 hadde filmen Da han møtte henne, When Harry Met Sally på engelsk, premiere. Ein smart romantisk komedie av den typen Hollywood av ei eller anna grunn ikkje får til å lage lenger. Dei fleste hugsar den kanskje på grunn av den berømte scena på Katz Delicatessen på Manhattan. Meg Ryan demonstrerar kor lett det er for kvinner, eller i kvart fall for høgt gasjerte skodespelarar, å late som om dei får orgasme utan at mannen skjønar at det ikkje er på ekte. Premisset for filmen er ei påstand som den mannlige hovudrolla kjem med tidleg i filmen. At det er umogleg for mann og kvinne å berre vere venner. Føyr eller sia vil sex kome i vegen. Skal ein taka filmen som fasit hadde han rett i det, Harry og Sally endar opp i same seng, men vegen dit er i det minste både morosam og romantisk. Det same kan man kanskje ikkje seie om Karl Ove Knausgårds utspill for nokre vekar sida. Alle menn som treff ei kvinne lurar på korleis det er å ligge med ho, sa Knausgård ifølge Dagbladet, og la til at det er nesten det fyrste ein tenker på. Alle menn. Ei kvinne.

Knausgård får snakke for seg. Eg kan berre snakke for meg sjølv, men denne relativt grove generaliseringa gjer at eg føler det er naudsynt å levere ei erklæring her i Firdaposten slik at dykk veit kor dei har meg. Dette går ut til alle byens kvinner. Åshild Kjelsnes. Solveig Willis, Bente Frøyen Steindal, Hanne Husabø Kristensen, Frank Willy Djupvik og Karianne Torvanger. Og alle dykk andre også så klart. Ta det med ro. Når dykk går forbi meg på Amfi tenker eg slettes ikkje på korleis det ville være å ligge med dykk. Det er langt i frå det fyrste eg tenker på. Sant og seie kjem det eit godt stykke nede på lista. Berre pust ut. Ingen grunn til å halde inne magen. Sånn. Da var det ute av verda. Det var nok ein lettelse for mange vil eg tru. Eg skal ikkje gjøre meg verken betre, eller dummare enn eg er. Klart det kan dukke opp uventa erotiske impulsar av og til. Ofte når ein minst ventar det, men for meg er det altså ikkje heilt slik som Knausgård vil ha det til.

Det kan tenkes at Knausgård overdriv litt når han skildrar korleis han har det når han støter på kvinner i si kamp, men det er sikkert ikkje så langt frå sanninga. Og det er heilt greit. Når folk likevel har blitt litt sure på ham, er det av di at han, ved å gjere si eiga tankeverd allmenn. Si at den gjeld for absolutt alle menn. Då gjer han sitt til å bygge opp myten om menn som lite anna enn vandrande ereksjonar. Biologiske dyr. Heldigvis er menn, og menns seksualitet litt meir nyansert enn det Knausgårds karikatur gjer inntrykk av. I motsetning til mange andre vart eg ikkje særleg provosert over det han sa. Eg sakna i staden at han drog tankerekka si litt lenger. Kva tenker menn i møte med andre menn? Finnest det ein fellesnemnar der også? Igjen, eg kan ikkje snakke for andre enn meg sjølv, men eg vil meine at det er det. Alle menn som treff ei mann stiller seg det same spørsmåle. Kan eg ta ham? Om det kjem til slåstkamp, vil eg ha ein sjanse? Bengt Solheim-Olsen, Per Øyvind Helle, Heidi Grande Røys, Odd Bovim og Knut Magnussen? Kunne eg slått dei ut? Kva for ein strategi burde ein velge? Skal ein danse som ein sommarfugl og stikke som ein bie, eller skal ein gå for rå makt? Muhammed Ali eller Mike Tyson? Om det er ein liten pusling av ein mann ein står ovenfor kan ein tillate seg å slåss fair. Er det ein svær satan med tatoveringar må ein satse på dirty tricks. Eit kne i skrittet. Ein finger i auget. Eit Glasgowkyss. To tette og ein badehette. Jo større dei er, jo hardare faller dei. På ungdomsskulen hadde eg ein lærar som hevda å kunne karate. Han lærte oss at eit velretta spark på eit spesielt punkt øverst på låret sender ein kvar mann ned på kne, og har du han først der er det berre å gå på. Kom an, let’s do this!

Er det slik at mann og kvinne ikkje kan vere venner, av di mannen vil ligge med alle kvinner han møter på sin veg? Og er det slik at han vil tvinge alle menn han møter til underkastelse? Skyldes det i så fall biologi og tusener av år med evolusjon, eller ein oppvekst med litt mykje kung fu og dansk mykporno på videospelaren? Har du ei meining om dette ber eg deg innstendig om å halde den for deg sjølv. Det er meir enn nok i denne runda. Knausgårds indre erotiske liv skapte lite kåtskap og glede, men mykje rabalder, med lange ordvekslingar både på sosiale og usosiale medier. Alle og Harald Eia hadde ei meining om saka. Det vart etterkvart så ille at nå har det blitt slik at når eg no møter ei kvinne er det fyrste eg tenker på Karl Ove Knausgård

Eg trur eg kan ta ham.

Hummer og kanari

Køyr for faen!

E18 ropte på oss. Lokka oss ut. Kom, ropte den, kom her. Følg meg. Eventyret er her, bak neste sving, neste by. Kom! Og vi kom. Kursen vart sett mot E18. Fire hjul som rullar. Sørover. Plastposar med øl. Bunkring av forsyningar på Natt og Dag ved Skjelsvik. Kronerulling til bensin. Springsteen på stereoen. Skien er ein by full av taparar, vi køyrer ut for å vinne i kveld. Blir du med?

Vi køyrde to bilar denne gongen. Eg var sjåfør i den gamle Corollaen til Jonnemann, og nokre andre køyrde i Caprien til Helge. Laurdag ettermiddag, vi køyrer til Kristiansand, sytten-atten mil kvar veg. Kva i all verda tenkte vi på? Jenter så klart. Kva elles?

Vi er framme tidleg på kvelden, køyrer nokre runder. Sonderer terrenget. Etter kvart hamnar vi på diskotek. Drinkar blir kjøpt, og øl blir drukke. Somme dansar. Tida går. Av ein eller anna grunn er hellet vårt med det motsette kjønn heilt fråverande, noko som i ettertid førekjem meg å vere ein fellesnemnar for desse sørlandsturane våre. Vi kunne like gjerne køyrd til Vestfold og spart nokre tusenlappar i bensinpengar. Eller blitt heime og sett på LørDan.

Men vi er i Kristiansand, og det er seint. Troppane samlast og heimturen vert avtalt. Vi går frå diskoteket, gatene er fulle av folk. Vi går mot bilane våre. I ei døropning står ei jente. Langt og uflidd hår, tynn som ein strek og i raud skinnjakke. Jonnemann går bort og snakkar til henne, Rune og eg står eit stykke unna og ventar på han. Roper at han må forte seg. Det går ikkje lenge. Eg veit ikkje kva han kan ha sagt til henne, men i løpet av eit minutt eller to har han klart å overtale jenta til å bli med oss tilbake til Skien. Rune og eg skjønar ingenting. Vi går til bilen alle fire.

Vi køyrer heimover. Eg bak rattet, Rune i passasjersetet. Jonnemann og jenta i baksetet. Ho har ein kassett på innerlomma som ho vil eg skal sette på. Ei jente syng noko pønka greier. Ho og Jonnemann røyker og rocker på. Etter kvart tek dei til å kline. Rune seier ikkje stort, ikkje eg heller. Vi køyrer så fort vi tør oppover E18. Caprien til Helge heng bak oss. Frontlysa kuttar gule bitar ut av natta. Plutseleg blir bilen fyllt av ein forferdelig stank. Eg ser bort på Rune, men han ser ut som eit levande spørsmålsteikn. Vi snur oss mot baksetet. “Å i Helsike!” utbryt vi nærast i kor. Jonnemann har fått dratt buksa av jenta, og alt vi ser er den kvite enden hans som pumpar opp og ned i baksetet. Og det stinkar noko så forjævlig. Vi skundar oss å sveive ned kvart vårt vindu. Eg set luftblåsaren på fullt. Det stinkar framleis, men det hjelp litt. Fytterakkaren, nokon baki der må ha eit akutt behov for intimsåpe.

Etter ei stund dukkar hovuda til Jenta og Jonnemann opp att. Dei røyker. Jonnemann er kry som ein hane. Etter røyken er det tilbake til arbeidet. Køyrer på ei stund, så er det opp igjen og røyke litt. Enda kryare no. “Sjå gutar, to gonger!” Og slik held dei på gjennom heile Agder. Køyre på. Røyke. Sjå gutar, tre gonger!. Fire gonger. Fem- seks- sjå gutar, sju gonger! Jo takk, vi såg vel meir enn vi sette pris på. Og for ikkje å snakke om lukta.

Vi er tilbake i Telemark att. Jonnemann vil ikkje ta med seg jenta heim, så han ber meg køyre han opp til onkelen sin på Gulset. Vi slepp av jenta og Jonnemann, med avtale om å hente dei att neste formiddag. Eg køyrer Rune heim, før eg køyrer Toyotaen til Jonnemann heim og legg meg til å sove. Dagen etter køyrer eg opp for å hente Jonnemann og jenta igjen. Eg køyrer opp til huset og tutar for å seie i frå at eg er på plass.

Det går nokre minutt, så kjem Jonnemann springande ut av huset med open skjorte, barbeint og med skoa i handa. Han hiv seg inn i passasjersetet og roper til meg. “Køyr for faen!”

“Køyr for faen!”

Eg hiv Corollaen i revers og ryggar ut av oppkøyrsla, kastar bilen rundt og køyrer vekk frå Gulset, onkelen til Jonnemanns hus, og jenta. Jonnemann gøymer ansiktet i hendene. “Fy faen,” seier han. “Fy faen Hjorthen!” Så kjem han fram frå hendene sine og ser på meg i nokre sekund før han sett i å le. Eg ristar på hovudet. “Fy faen Hjorthen,” seier han igjen, og ler. Eg ler med, utan heilt å vite kva eg ler av.

Nokre timar seinare har vi plukka opp eit par andre kompisar og er ute og rånar. Mellom Skien og Porsgrunn ser vi ei tynn jente med langt uflidd hår og raud skinnjakke stå og haike i retning av E18. På stereoen sang ei eller anna jente noko pønka greier.

Bok og Film

The Last American Virgin

Det kan selvfølgelig være fordi jeg var i målgruppa på den tiden, men jeg innbiller meg at åttitallet var en gullalder for ungdomsfilm. Greit, skulle jeg argumentert beinhardt for dette måtte jeg først definert hva en ungdomsfilm egentlig er. Er det en film som ungdommen ser, eller er det en film som handler om ungdom? Jeg gidder ikke gå så nøye til verks. Det er ikke så viktig. La oss bare nøye oss med å slå fast at det kom MYE ungdomsfilm på åttitallet. Fra John Hughes ganske seriøse filmer, til mer lettbente komedier. Fra The Breakfast Club til Can’t Buy me Love, via The Sure Thing og Sixteen Candles. En av dem jeg husker med glede fra den tiden var filmen The Last American Virgin, og den så jeg nylig igjen. Og la oss bare si det med en gang. Dette er ikke noen stor film på noen måte. Men den har noe ved seg.

Formelen er velkjent. Gary, Rick og David er tenåringer og kåte som dyr. Bortsett fra at tenåringer vel er kåtere enn dyrene da, om man skal henge seg opp i bagateller. Uansett er gutta ganske nysgjerrige på det annet kjønn, og ønsker seg litt heit action. Hvorvidt jentene er like interesserte er noe varierende. Gary er vår  helt, han er litt emo, litt surpomp, men prøver å henge med. David er feit men i godt humør, mens Rick er den irriterende kjekkasen som er frempå, har draget på damene, og ikke har særlig problemer med å få seg noe. Her er det duket for konflikt når godgutten Gary forelsker seg hodestups i Karen, men hun har bare øye for sleske Rick.

The Last American Virgin er ganske klønete håndtert, for mesteparten av tiden prøver den å være en ellevill sexkomedie av typen Porky’s, for dem som husker den. Morsomheter på løpende bånd, David som ved et uhell prøver å legge an på moren til Gary. Våre tre musketerer som oppsøker en prostituert med sine hardt ervervede dollar, og ender opp med en ytterst plagsom kjønnssykdom alle tre. Uff som det klør. En bil havner i havet. Peniser skal måles for å se hvem som har mest å fare med. Dette er jo vel og bra, men når den nærmer seg slutten endrer den plutselig karakter og blir til et lite stykke drama. Rick får endelig snøret i bånn med Karen, hun blir gravid, og han slår hånden av henne. Inn hopper good guy Gary med trøst. Han selger unna alt han eier av verdi, og låner penger av sjefen sin attpå, for å skaffe penger til abort. Mens resten av gjengen drar på skitur sniker Gary og Karen seg unna for å få tatt aborten uten at noen oppdager det. Karen er selvfølgelig takknemlig for alt dette, Gary tilstår at han elsker henne av hele sitt hjerte, de kysser og vi tror alle på at dette skal bli enda en happy ending.

Men nei. Gary bruker resten av pengene sine på et dyrt smykke som han vil gi til Karen, nå som han endelig har vunnet sin store kjærlighet. Men når han skal levere det finner han Karen og Rick på kjøkkenet hjemme hos henne, forent i et langvarig kyss. Gary stormer ut og kjører sin vei til tonene av Quincy Jones, og vips så er det over. Akk ja.

Og kanskje er det derfor man husker denne filmen. Den tør å ende på en melankolsk tone. Gutten og jenta får hverandre ikke. Gary må gjerne fortsette å spille REO Speedwagons Keep on loving you, men det er ikke noe hjelp i. Karen Takes it on the run. Dette er ikke dagligdags i den amerikanske ungdomsfilmen anno 1982 eller deromkring. Det er dette som får den til å stå ut. På plussiden kan vi også ta med at ungdommene som spiller rollene som ungdommer faktisk ikke ser ut som 25 år gamle modeller av begge kjønn. De ser ut som de jyplingene de er ment å være. Soundtracket er slettes ikke verst heller. Blondie, Devo og allerede nevnte REO Speedwagon er bare noen av dem som dukker opp der.

Gutta er bare opptatt av jenter, samtidig som de er livredde for dem, og det er altså de slemme gutta som får jentenes sympati. Det er jo forferdelig trist alt sammen. Jammen godt man er ferdig med ungdomstida og alt det der.

Hvis Jan Garbarek var en revolvermann...

Kunsten å selge #24

Page 1 of 512345
%d bloggers like this: