web analytics

Tag Archives: slossing

Bok og Film

Porno og nevekamp

dawgfight

Seems like the land of opportunity for me is just a curse, sang John Hiatt tilbake i 1988. Sida har det berre blitt verre. Skilnaden mellom dei fattige og dei rike har vorte større og større. Middelklassa skrumpar inn, og for dei fattige som vil opp og fram i verda blir mogleheitane færre og færre. Dei siste vekene har det kommet eit par dokumentarfilmar på Netflix som skildrar dette på eit ganske interessant vis. Dawg Fight var først ut. Der får vi møte ein karismatisk kar ved namn Dafhir “Dada 5000” Harris. Han har slått seg opp som ein slags bakgårdboksingens Don King. I hagen til bestemora si arrangerar han boksekampar mellom unge menn som ikkje har all verdas mykje å se frem til i livet. Dada 5000 er arrangør, promotør, og dømmer kampane. Kampane blir filma og lagt ut på YouTube, og håpet for dei unge mennene er at nokon skal sjå dei, oppdage dei, og gje dei ei karriere i kampsporten Mixed Martial Arts. Dada 5000 sjøl har ei liknande karriere, der han fekk jobb som livvakt hos ein av stjernene frå MMA-sirkuset, etter at nokon fekk sjå ei YouTube-video der han banka livsskiten ut av ein eller annen stakkar.

fightDawg Fight er ei særs underholdande film, ikkje minst takket vere at regissøren har latt tre middelaldrende lokale damer frå nabolaget til Dada 5000 vere ekspertkommentatorer. Dei spår kven som kjem til å vinne kampane, og treffer bra. Er det for tamt, eller nokon ser ut som dei har mest lyst til å gje seg, er dei på beina og hissar til kamp. Disse damene vil sjå blod!

Samtidig er det ein film som er vond å sjå på. Kampane i bakgården til bestemor Harris går utan verneutstyr, utan plagsomme reglar, valden er ekte, og det er ikkje godt å sjå på. Dette gjer dei altså for ein liten neve dollar, og eit ofte fåfengt håp om einvegsbillett ut av ghettoen. Ein av dei klarar det. Alle er ikkje like heldige.

hotgirlswanted

Medan gutta freistar å slå seg til eit betre tilvære, har jentene andre metoder. I filmen Hot Girls Wanted får vi vere med eit lite knippe unge jenter på deira reise gjennom den sydende pølen av nedverdigelse, spy, sperm og selvbedrag som er amatørporno. Fire unge jenter kastar seg avgårde til Miami for å spille inn billege pornofilmar mot penger, ikkje av di dei treng penger til dop, eller på noko anna vis verkar å ha store mentale problemer. Dei lar seg lokke av spenning, lettjente penger, og ein diffus draum om å bli pornostjerne. Røynda visar seg å vere noko annleis. Dei som produserar den so kalla amatørpornoen brukar nye jenter i to-tre filmar. Etter det er dei ikkje ferskt kjøtt lenger, og må ta stadig meir nedverdigande oppdrag om dei vil fortsette i bransjen.

Både Dawg Fight og Hot Girls Wanted er spekulative filmar, der dei veltar seg i vald og sex. Eg likte begge to, men skal eg velge ein må det bli Dawg Fight. Vi veit at pornobransjen er nasty. Hot Girls Wanted gjer oss ikkje ny innsikt utover det. Eg skulle gjerne vært tettare på jentene, for å skjøne meir av kor dei kjem i frå. Dawg Fight er mindre forutsigbar, i det at den visar ei verd eg ikkje visste så mykje om frå før. Den tek oss også nærmare menneskene enn det Hot Girls Wanted gjer. Eg har meir forståelse for korleis Tree og dei andre brusehovudene kan gå inn i ein ring og denge kvarandre vitlause, enn eg har for jentenes eventyr i pornoindustrien. Men om du vil dyrke misantropien og menneskeforakten som ligg latent inne i deg ein plass skal du sjølvsagt sjå begge.

%d bloggers like this: