web analytics

Tag Archives: sosialkontor

Hummer og kanari

Sirkus sosial

Denne laurdagen hadde eg tenkt å skrive om korleis eg var på nippet til å selge både sambuar og barn til sirkuset som var i byen på andre påskedag. Men det var før eg las Firdaposten denne veka. Om ein skal tru på avisa er det altså slik fatt at Flora kommune no betalar rektor Torleik Stegane ved Eikefjord skule to årsløner for å late vere å jobbe frem til pensjonsalderen. Samtidig meiner ordførar-Bengt at ein skal kutte ytingane til sosialhjelpsmottakarar for å tvinge fleire ut i jobb. Eg treng visst ikkje selge familien til sirkus likevel. Vi bur allereie i et.

Bengt seier at å redusere sosialstønadane til naudhjelpssats på 70 kroner per dag er noko som kan motivere det han kallar «frisk ungdom» inn i arbeidslivet. Dette er folk som har komme skeivt ut og som treng ein kickstart for å komme i gjenge igjen. Lat meg kome med ei tilståing her. Ein gong for lenge sidan var eg sjølv nettopp ein slik ein, ein som kom skeivt ut av startblokkene. Eg droppa ut av vidaregåande, gjekk arbeidsledig ei stund, og har vore på min del av meiningslause aktivitetar i regi av det som den gong heitte Aetat.

Ein gong vart eg kasta ut av eit jobbsøkingskurs fordi eg ikkje ville skrive fiktive jobbsøknadar på jobbar som ikke eksisterte. På sosialen måtte eg klare meg med rekvisisjon på matbutikken, der det var klart spesifisert at eg ikkje hadde lov til å bruke den til å kjøpe øl, etter at sakshandsamaren på sosialkontoret hadde sett meg køyre bil. Han meinte at eg umogleg kunne trenge hjelp til livsopphald når eg hadde ein bil å køyre rundt i. Eg kunne jo selge bilen, ikkje sant? Og det kunne eg sjølvsagt, men han eg hadde lånt den av hadde nok ikkje blitt så glad for det. Sakshandsamaren gadd ikkje sjekke om det faktisk var min bil. Kan hende skuldast det at eg var ein ung mann med langt hår, kva veit eg. Men dette veit eg: Å bli behandla som ein slask utan verdi, sett til oppgåver utan mål og meining, og avspist med rekvisisjon på matbutikken og mindre enn eit minimum med pengar til livsopphald gjer noko med ein som menneske. Og ikkje på ein god måte. Eg blei ikkje meir motivert av det, tvert i mot, eg starta å kjenne meg ubrukeleg sjølv. Det gjekk på sjølvrespekten og sjølvtilliten laus.

Greit. Ein skal vere varsam med å trekke generelle konklusjonar ut av personlege erfaringar. La oss heller løfte blikket og sjå litt vidare. Sosialhjelp er meint som ei midlertidig yting. Det er ei støtte meint til å hjelpe deg over kneika, og den er derfor lågare enn andre trygdeytingar. Det er ikkje meininga at ein skal gå på den i lengre periodar. Og for dei fleste som er innom sosialkontoret fungerar den som tilsikta. I snitt mottek folk sosialhjelp i litt over fem månader. Dessverre fungerar ikkje systemet like bra for alle. Ein ganske stor del av dei som mottek sosialhjelp er langtidsmottakarar. Men er dei latsabbar og unnasluntrarar? Neppe. Høgskolen i Oslo har gjort studier som viser at folk på sosialhjelp er sjukare enn mange på uføretrygd. Kan hende skulle fleire i denne gruppa ha vore på uføretrygd, og dei blir i alle fall ikkje friskare av å få utbetalingane kutta til 70 kroner dagen, samt bli tvinga til å jobbe.

Problemet med utspela til Høgre er at dei ikkje har noko substans. Dei konstruerar ein sosialhjelpsmottakar som alle elskar å hate; ungdommen som ikkje gidd å gjere noko med livet sitt fordi han får så mykje penger av NAV at han har det bra som han har det. Det er berre det at han ikkje fins. Frisk ungdom “navar” ikkje. Frisk ungdom jobbar eller går på skule. Og skulle dei vere uheldige og måtte innom sosialkontoret, er dei fleste av dei ute av den døra igjen i løpet av eit halvår. Frisk ungdom vil ta dei sjansane dei får, og kome ut att på andre sida. Bengt vil ha arbeidsplikt, men lova gir allereie kommunane høve til å kreve at mottakaren av ytinga gjer ein arbeidsinnsats til gjengjeld. Det er faktisk deira plikt, om det er det som skal til for å få dei ut av problema. Han har sjølvsagt heilt rett når han seier at  lang lediggang kan føre til at vi får varige klientar i sosialsystemet, men fins det noko som helst forskning som tilseier at svaret på den utfordringa er å gjere dei fattige endå fattigare? Tvert i mot vil ein nok finne at å leve i fattigdom heller fører til passivitet, marginalisering og isolasjon. Systemet med sosialhjelp fungerer bra for eit flertal av dei som brukar det. Det vi treng er ein debatt om korleis vi best hjelper dei andre. Da må vi snakke om røynda slik den er; ikkje om giddalause ungdomar, men om menneske med rusproblem og psykiske lidingar, og korleis vi best hjelper dei.

Svaret er ikkje arbeidsplikt og mindre pengar i lomma.

Hummer og kanari

Sosialklienter og sosialkontor skal bort

Bjarne Håkon Hanssen var målløs etter å ha besøkt Nopro på Notodden melder Telemarksavisa. Dette hindret ham ikke i å forsikre tilhørerne om at han og regjeringen jobber for å få fjernet både sosialklienter og sosialkontor.

%d bloggers like this: