web analytics

Tag Archives: vekt

Hummer og kanari

Nei så tjukk du har blitt

image

Om hoderekninga mi fortsatt held barneskulenivå er det førti år i år. Førti år sida eg troppa opp på skulen, saman med mor mi, for å starte på den lange ferda gjennom skulevesenet. Allereie som barn var eg ei lita pusling. På den tida måtte vi stille opp på lang line kvar bidige dag. Og det var ikkje plass for noko anarki. Vi måtte stille opp på to rader, jentene i ein rad, gutane i ein annan, og vi måtte stille oss opp etter høgde. Dei minste først. Dei største bakerst. Sjølvsagt var det mest prestisje knytta til å vere blant dei høgreiste gutta bakerst på rekka. Ikkje like stas å vere lenger frem i køen. Eg sto som tredjemann på rekka. Pingletynn, dødsens sjenert og pjuskete. Dårleg i gym var eg sjølvsagt også. Eg var ein klisje. Ein karakter i ein oppvekstroman av Lars Saabye Christensen.

Eg vaks jo til etterkvart eg også. Blei litt mindre dårleg i fotball. Fekk meg bullworker og benkpress i kjellaren og starta å løfte litt vekter. Nådde den svimlende høgda av 175 centimeter. Eg var ikkje nokon pusling i like stor grad lenger, men det er rart med det. Inni meg var eg fortsatt i stor grad den same lille fjæra som ikkje ville at mammaen hans skulle gå sin veg denne første skuledagen i 1974. Inni meg var eg fortsatt skinny and small. Det var det som var identiteten min. Det var slik eg var. Det endra seg ikkje, sjølv om eg sjølvsagt kunne sjå at kroppen endra seg. Først til det bedre, i ungdommen og tidleg voksen alder. Så til det verre etterkvart som middelalderen starta å presse på. Magen este ut, men eg brydde meg ikkje. Eg var jo berre ein tynn pusling. Eit beinrangel. Joda, eg hadde jo vært i bedre form ein gong, men eg var no ikkje nokon tjukkas. Ikkje eg nei!

Men tjukkas var eg, og tjukkas er eg. Eg fekk det i fleisen i fjor sumar. Her i huset hadde vi vore utan badevekt i ein årrekke. Vi er ikkje veldig opptatt av BMI og den slags. Men i fjor sumar leigde vi eit feriehus i Halden for ei veke. Der hadde dei badevekt, og ein dag var eg av ein eller annan grunn dum nok til å gå opp på den. Den klokka inn på 107.8 kilo, og eg gjekk rakt i kjellaren. Eg trudde ikkje det var så galt fatt.

Eg er ikkje så veldig opptatt av vekt eigentleg. Eg er snart femti år gamal. Eg har kjærast. Eg kan tillate meg å gje blaffen i klamme kroppskrav frå jyplingar i reklamebransjen som knapt er ferdig med ungdomsskulen. Eg er heilt på det reine med at det er viktigare at den fysiske forma er sånn nokon lunde, enn at vekta ligger rett i forhold til høgda over havet. BMI duger ikkje som mål på noko som helst. Men det går ein psykologisk grense ved 100 kilo. 99 kilo er lik velbygd og fin. 100 kilo er lik feit og fæl. 107,8 på displayet på badevekta i Halden fekk meg til å vinke farvel til min indre identitet som spinkel og spebygd. Eg var jo ein tjukkas. Eg måtte omfavne denne tjukkasmentaliteten. Vakne opp og lukte på bearnaisen. Første steg til å gjere noko med at ein er ein tjukkas er jo at man ser seg i spegelet og faktisk innser at ein er ein tjukkas. Eg tok nokon grep. Ikkje noko revolusjonerande tross alt. Eg er for feit og lat til det. Alt eg gjorde var å bytte ut sukkerbrusen med lettutgåva, og gå meg ein tur om kvelden når eg hadde tid. Det funka på et vis, eg la ikkje på meg meir. Vekta gjekk i staden nedover, men det gjekk jo treigare enn eit gjennomsnittleg bystyremøte. Det var ikkje før eg dro til Portugal og fekk med meg ein gjenstridig matforgiftning heim at det virkeleg blei fart i sakene. Bokstaveleg talt. Eg skal spare dykk for detaljane, men gå rakt til poenget. Denne veka bikka badevekta det magiske punkt. Eg er nede på tosifra igjen. 99,9 kilo. Eg synest eg har lov til å være litt stolt av meg sjølv nå. I kvart fall bittelitt. Det er utrolig kva ein kan få til med aspartam, Brandsøyåsen, og bederva pølse.

Det interessante her er imidlertid ikkje vekta. Det som er spennande er vår ekstremt velutvikla evne til selvbedrag. Korleis vi lurer oss sjølv heile tida. Er sjølvbiletet vårt i samsvar med røynda? Kven er vi eigentleg? Veit vi det? Vil vi vite det?

Ikkje eg. Eg vil berre ha ein softis. No som eg er tynn som ei høvla flis att synest eg at eg kan unne meg det.

%d bloggers like this: