web analytics

Tag Archives: zico

Hummer og kanari

Vakre taparar

brazil world cup 1982 - 01Creative Commons License oyosan via Compfight

Eg trudde ikkje eg brydde meg om årets Fotball VM. Sant og seie har det ikkje vore morosamt med VM sida Rekdal senka Brasil i 1998. Eg trudde eg var blitt for gamal og sur til å finne glede i å sjå på overbetalte jålebukkar jage etter ein ball på ein grasplen langt borte. At det var booka inn blåtur samtidig med åpningskampen mellom Brasil, og Kroatia, det gjorde meg ingen ting. Men når eg kom heim tidsnok til andre omgang slo eg no på TVen likevel. Og oppdaga at eg tok feil. Inne i brystkassa starta det gamle slitne fotballhjertet å banke igjen. For Brasil.

Det var ikkje det at dei spelte nokon strålande kamp. Slettes ikkje. Dei kom tidleg bakpå, og etter at Neymar hadde utlikna måtte dei ha hjelp av eit særs billeg straffespark for å komme i leinga. Men eg såg konturane av noko. Neymars rykk. David Luiz sitt spel i midtforsvaret. Oscars dragningar, og blaffet av magi når han ikkje har krefter igjen til å løpe seg fri frå Kroatias jagande forsvarsspiller, og heller tupper ballen i mål med tåa. Mest handlar det om alt som ligg i potten.

Dette Brasil-laget har alt å vinne, men også alt å tape. Brasil er alltid favorittar før VM, men på heimebane kan det gangast med hundre. Det er eit ungt lag, med eit par unntak nær utan dei store verdsstjernane. Dei spelar for, og foran, dei mest fotballgalne supportarane i verda. Og dei skal revansjere det forsmedelege nederlaget frå sist gong Brasil spelte VM på heimebane. Desse unge gutane har eit enormt press på skuldrane. Dei kan ende opp som heltar, eller dei kan måtte snike seg ut av mesterskapet i skam, om dei ryk ut i ein tidleg fase. Og TV-produksjonen er tettare på enn nokonsinne. Vi får kvar einaste svettedråpe. Kvar einaste tåre. Alle kjenslane, faktene og grimasene, rakt inn i stova. I nærbilete og sakte film. Det er storslagent!

Men det fins ein tredje veg for Brasil. Ikkje suksess, ikkje skam, men noko anna. Dei kan bli det engelskmennene kallar Beautiful Losers. Vakre taparar. Fotballen er full av dei. Ofte hugsar vi dei betre enn vinnarane. Eg hugsar ikkje stort av lagoppstillinga til det eigentleg ganske kjedelege danske laget som vant europameisterskapen i 1992, men eg kan ramse opp ein god slump av den danske dynamitten som ikkje vann noko som helst i VM i 1986. Cruyffs Nederland. England og Gascoignes tårer i 1990. Og dei vakraste vidunderlegste taparane av alle. Brasils lag i 1982. Laget som verkeleg viste verda korleis ein kan, men ikkje bør, spele fotball. Magiske Zico. Socrates som visstnok røyka førti om dagen. Eder med sine fantastiske skudd frå alle hold og vinklar. – Det er vel for langt hold til å skyte, sa Knut Th. Gleditsch. – Pang, sa det i tverliggaren. Eit lag som angrep med alt dei hadde av teknikk, fotballforståelse og entusiasme. Dessverre gløymde dei at det var noko som heitte forsvarsspill og blei lurte tre gonger av sleipe Paolo Rossi frå Italia i mellomspelet. Brasil kvitterte to gongar, men det var ikkje nok. Eventyret var over.

Fire år seinare var dei tilbake. Eldre så klart. Ikkje fullt så naive. Framleis eit sabla godt fotballag. Dei kom seg lett til kvartfinalen, der dei møtte Michel Platinis Frankrike, også dei eit vakkert, men tapande fotballag frå 1982, på jakt etter revansj. Det blei den beste fotballkampen spelt i eit verdsmesterskap nokonsinne. Ein slik kamp ein skulle ønske aldri tok slutt. To lag som ville angripe. Heller vinne, enn ikkje tape. Careca ga Brasil ledelsen. Platini utlignet for Frankrike. Og så sette Brasil inn Zico.

Zico var på hell. Skadeforfølgd, han kunne ikkje lenger spele nitti minuttar, men han hadde framleis magi i føtene. Med sin første touch på ballen sender han Branco gjennom åleine med keeper med ein genial pasning. Han blir felt, og Zico går sjølv fram for å ta straffen. Sjølvsagt gjer han det. Han legger ballen på krittmerket, tek eit par skritts fart, og så bommer han. Her er det at fotballen veks og blir noko anna enn berre leik med ball. I disse sekunda blir heile livet oppsummert. Kjærleiken og det magiske i Zicos pasning. Gleda når dommaren peikar på straffemerket. Håpet i det Zico legg ballen på merket og tek fart, og smerten når keeper redder skuddet. Fotball er lidelse. Sjølv motstandarane følte med Zico, og Platini gjer ham eit forsiktig trøystande klapp på ryggen. Kampen rullar vidare i same stil, men det blir ikkje fleire mål. Ekstraomgangar, og straffekonk. Denne gongen scorer Zico, men det hjelp ikkje. Bellone skyter ballen i stolpen, via ryggen på Brasils keeper, og i mål. Julio Cesars skudd går i stolpen og ut. Og verdas vakraste fotballag vant aldri noko verdsmeisterskap.

Eg spår at noko liknande blir Brasils skjebne i år. Det blir ein lang og spennande reise. Det kjem til å bli store følelser og stort drama. Eg er klar til å juble og gråte med dei på vegen. Eh Lé lé oh Brasil!

Hvis Jan Garbarek var en revolvermann...

Jævelen Paolo Rossi (The Beautiful Game #3)

Paolo Rossi
Paolo Rossi

Jeg tror vel aldri jeg har mislikt en fotballspiller mer enn denne Paolo Rossi. For en ufyselig fyr.

Hovedsaklig mislikte jeg ham fordi han putta ballen i nota tre ganger mot Brasil under VM i 82, og ikke bare mot Brasil, men mot det mest vidunderlige Brasil-laget verden noensinne har sett. Eder med kanonskuddene. Elegante Socrates, og Zico. Sympatiske fantastiske Zico, den beste spilleren som aldri har vunnet VM. Det sørget Paolo Rossi for, den jævelen.

Men det var ikke bare det.

Rossi var en sånn dukk-opp spiss. Aldri spektakulær, han bare sto der ballen tilfeldigvis falt ned, og så pirket han den over mållinjen. Kjedelig. Litt sånn som Ian Rush egentlig, og jeg hatet Rush også. Maradona, en annen fotballspiller jeg elsket å hate, måtte man i det minste respektere, han kunne dra av en mann eller åtte, slå geniale pasninger, sette noen vidunderlige frispark. Men Rossi? Nei, han bare sto inne i sekstenmeteren, alltid der ballen kom, og så var det mål. Det var ikke sånn det skulle være. Det var ikke fair.

Det hjalp heller ikke at han så ut som en italiensk lommetyv.

Aller verst var det imidlertid at Rossi var en grisk satan som ikke skulle ha spilt VM i 1982 i det hele tatt. Mens han var utlånt fra Juventus til Perugia i 1980 ble han innblandet i en skandale om fiksede kamper, og utestengt i tre år. Men beleilig nok ble straffen redusert til to år, slik at han rakk å få med seg VM allikevel. Ikke akkurat overraskende, Italia er jo et eneste stort mafiarike.

Så ja, jeg mislikte Paolo Rossi så det holdt.

Senere skal det i følge Wikipedia ha kommet frem at anklagene mot Rossi var fabrikerte, og at han faktisk var uskyldig, men kilden er Rossis egen bok, så det tror jeg hva jeg vil om. Uansett er han for all tid skyldig i å ha senket verdens beste fotballag.

Det klarer han ikke å juge seg bort i fra. Jævelen.

%d bloggers like this: