web analytics

Tag Archives: zombie

Hummer og kanari

Zombiar! Spring!

zombies photo
Sjølv om det
fortsatt er bikkjekaldt ute vågar eg meg på å slå fast at våren er her. Det er stort sett fint. Fint at det er mogleg å sjå sola. At kvitveisen stikk hovudet fram. Greitt at jentungen klarar seg med eit lag mindre når ho skal i barnehagen. Men alle medaljar har ei bakside. Brandsøyåsen kan til dømes no erklærast fri for både snø og is. Det finst ikkje lenger nokon unnskyldning. Spegelet på veggen der avslører at status etter ein haust og vinter prega av studier, jobb og latskap, er at kroppen er feitare enn den burde. Dette heng ikkje på greip, eg må ta grep. Ut å gå, og Storåsen dug ikkje. Ja folkens, eg har vore på årets første tur på Brandsøyåsen! Eg trudde ei stund at det også skulle bli den siste.

Å karre seg opp på Brandsøyåsen, eller K3 som eg kallar den, krev ganske mykje viljestyrke for ein mann på over 100 kilo som er på full fart nedoverbakke, men kjempar i mot så godt han kan ved å gå oppoverbakke når han har tid. Ja, det er meg sjølv eg snakkar om. Om eg skal ha nokon sjanse til å nå toppen må eg overdøyve kroppens skrik om hjelp. Hjernens forsøk på å seie til meg at eg skal døy snart uansett, eg kan like gjerne kose meg den tida eg har igjen. Vonde ankler og tung pust. Skal eg lukkast må eg ha noko som distraherer meg. Får tankane vekk frå alt som er vondt og vanskeleg. Vanlegvis brukar eg musikk, høg musikk i høyretelefonar, pluss ein app som fortel meg kor langt og sakte eg har gått. Men no ville eg gjere noko nytt. Eg hadde lese om ein app ein kunne laste ned: Ei slags blanding av lydbok og treningsdagbok. Ei bok der du sjølv var helten i historia. Zombies Run! heitte den. Eg lasta den ned, og håpa den kunne hjelpe meg til topps.

Etter å ha parkert bilen tok eg på meg høyretelefonane, trykte «start» og vart kasta rett inn i handlinga: Eg sat i eit helikopter på veg til ei forskansing der nokre få menneske heldt stand mot zombiane. Vi hadde med forsyningar, men plutseleg vart vi skotne ned. Eg overlevde og på øyret hadde eg radiokontakt med forskansinga. Dei kunne sjå kor i terrenget eg var, og dei kunne sjå kvar zombiane samla seg. Dei sa kvar eg skulle gå, og når eg måtte være på alerten. I starten var det roleg og lett. Zombiane gjekk mot det styrta helikopteret, medan eg var på full fart mot forskansingas trygge portar.

Full fart er ei overdriving. Eg har berre to alternativ når eg går på Brandsøyåsen, eller Mount Føkk Off som eg kallar den: Anten går eg, eller så går eg ikkje. Når eg ikkje går står eg ofte bretta dobbelt og leitar etter pusten. Og vilje til å leve vidare. Eg frykta at mangelen på eit ekstra gir skulle bli eit problem om eg på eit eller anna tidspunkt fikk nærkontakt med zombiane, og diskuterte heftig med meg sjølv om det var ok å avbryte turen om eg faktisk vart eten opp på vegen. Eg rakk ikkje å konkludere før stemma på øyret åtvara meg om at det var ein skokk med levande døde ikkje langt unna. Eg gjorde nok lurt i å sette opp farta.

Eg gjorde eit forsøk. Eg gjorde det. Ikkje at eg trur det var synleg med det blotte auget, men eg freista å auke skrittfrekvensen. Eg krumma nakken og gjekk på, medan stemma på øyret oppmuntra meg. Men zombiane kom nærare. No kunne eg høyre dei. Dei pusta og kveste. Eg kunne høyre skritta deira bak meg. Stygge, marketne zombieføter som klaska mot asfalten. Det var då voldsomt så realistisk dette skulle vere, tenkte eg, og prøvde å la vere å snu meg. Eg gjekk på det eg klarte, men skritta kom nærare og nærare. Klask Klask. Haha, dette var nesten litt skummelt. Klask Klask. No tar dei meg, tenkte eg, og kika meg til sida. Rett i andletet på ein middelaldrande friskus med Burt Reynolds-bart og blå treningsjakke. Eg skvatt så eg heldt på å hamne i grøfta. Burt nikka med hovudet og halsa forbi. Det var ikkje nokon tvil om kven av oss som var zombien, for å seie det slik.

Like etter kunne stemma på øyret trøyste meg med at eg hadde klart å komme meg unna zombiane i denne omgang. Bra jobba. Eg var allereie halvvegs oppe, om eg la godviljen til. Kanskje kom eg til å overleve dette her likevel?

Og det gjorde eg.

Hummer og kanari

Samtaler med Hagbarth 18: Buddhisme i Minecraft-edition

LEGO Minecraft Zombie Villager David Pickett via Compfight

– Pappa. Buddhistene tar helt feil!

– Jaha? Hvordan da mener du?

– For de sier at om man tenker fine tanker, så skjer det bra ting, og sånn er det ikke.

–  Er det ikke?

– Nei, for på Minecraft tenkte jeg at jeg skulle bygge et fengsel av TNT rundt zombien, og det er jo en fin tanke, men så sprengte TNTen, og ødela Enderman-statuen som jeg hadde brukt flere timer på å lage, og det var ikke en bra ting!

– Nei, det var jo litt dumt.

– Der ser du. De tar feil!

%d bloggers like this: