web analytics
Warning: count(): Parameter must be an array or an object that implements Countable in /customers/8/a/2/hjorthen.org/httpd.www/wp-includes/post-template.php on line 284

Slikt eit makelaust land

Førre laurdag braka det laus. Nei, eg tenkjer ikkje på at eg debuterte som fast laurdagsspaltist her i Firdaposten. Eg tenkjer ikkje ein gong  på at Olav Hatlemark kalla Tuppen og Lillemor for Tuppen og Lillemor båe inni og utanpå avisa. Nei, eg tenkjer på Spellemannsprisen, Plumbo, Madcon, den etter kvart famøse mokkamann-kommentaren i beste sendetid på NRK, og alt rabalderet som fulgte. Ein tankelaus kvardagsrasistisk kommentar frå vokalisten i eit band som gjennom tekstane sine ikkje akkurat synes å være dei djupaste ausene i skuffa. Ein smaklaus replikk i affekt frå sprellemannen med kroppspråk som minner mest om Fantorangen i Barne TV. Eit ufint ølglas i hovudet på nemnte vokalist i det han er i ferd med å be om orsak til VG. Sjølvsagt var det ein storm i eit champagneglas med øl. Det hadde vore heilt fint om det hadde blitt med dei spontane reaksjonane på den dumme kommentaren til Plumbovokalisten. Det lisle suset gjennom salen. Sa han verkeleg det, den forsiktige buinga, mangelen på applaus til takketalen. Dei kunne ordna opp på nachspielet, Plumbo og Madcon, og så hadde vi vore ferdige med det. Konklusjonen hadde vore at det ikkje er alle kommentarar som passar seg i alle settingar, men hey, kven har ikkje sagt noko dumt i eit tankelaust augeblikk ein eller annan gong? No har bondeguten lært leksa si, så vi gjer ikkje noko større nummer ut av det der. Men slik gjekk det jo ikkje.

Det som skjedde var i staden at når det første sjokket over den tankelause kommentaren hadde lagt seg, så kom dei myldrande ut i kommentarfelt og sosiale media landet over, alle dei som meiner det er ein menneskerett å få kalle folk for neger. Dei som brukar ord som ”politisk korrekt” i alle sine innlegg. Dei som hater kultureliten, sosialistar, Arbeidarpartiet, sushi, kamskjel og maldonsalt. Dei som skulle ønske at Noreg var blitt hermetisert på tidleg femtital, berre med nokre fleire TV-kanalar og fleire vinmonopol, og plutseleg var det som om alt var snudd på hovudet. Plutseleg var det Plumbovokalisten som var offeret her, sjølv om det var han som dumma seg ut i utgangspunktet, og dei av oss som ikkje syntes at negervitsar passar seg ved alle høve var plutseleg blitt skurkane. Ein mobb. Ute etter å knekke ein enkel gut frå landet. Vi skulle skamme oss skulle vi, for å gjere eit slikt nummer av ein slik liten sak. Madcon skulle også skamme seg, i ein slik grad at orsaka dei la ut på Facebook samla så mykje grums i kommentarfeltet at dei så seg nøydt til å slette den igjen etter nokon dagar. Plateselskapet til Plumbo fekk ein stri tørn med å luke bort rasistiske kommentarar på YouTube. Brått kjendes det som om det var ein lang og kald vinter sidan rosetoga og kjensla av fellesskap i fjor sommar.

Seinare på laurdagen las eg litt før eg sovna. Eg les for tida ein bok som heiter The Translator, av John Crowley, og eg festa meg ved ein lita passasje i boka den kvelden. Det er ein russisk poet som har hoppa av frå Sovjetunionen som snakkar, og det handlar om draumar. Han har høyrt sjefen på universitetet han arbeidar på tale for studentane, han ba dei om alltid å holde fast ved draumane sine, og denne russiske poeten funderer over dette. Eg vågar meg på å oversetje: ”Eg tenkjer kor makelaust det er, slikt eit makelaust land, at du kan snakke til unge menneskjer, og fortelje dei at dei alltid skal tru på draumane sine, og ikkje trenge vere redd for kva dei draumane kan vere.” For som denne russiske poeten også påpeiker, det er ikkje alle draumar vi ønskjer at våre unge skal holde fast ved. Alle draumar er ikkje gode, nokon av dei må nedkjempast. Draumen om ein verden fri for jødar. Draumen om at min Gud er betre enn din. Draumen om eit samfunn der kvinner ikkje får gå aleine på butikken, der jenter ikkje får gå på skule, og homofile skal utryddast. Draumen om å internere, deportere, og fjerne alle muslimar. I boka blir dette sagt rundt 1960, i den lisle lomma i historia der båe nåtid og framtid såg skinnande lys ut, i kvart fall om du var kvit amerikanar, og ikkje alt for langt unna middelklassa.  Etter annen verdskrig, men før den kalde krigen blei verkeleg kald med krisa om rakettane på Cuba. Før dei mange politiske attentata i USA på sekstitalet. Kanskje skulle dei ha vore litt meir forsiktige med å be folk halde på draumane sine?
Har det eigentleg nokon gong vore ei periode i historia der vi har kunne vere trygge for at dei draumane dei unge bærer på er av den gode sorten? Kan vi vere det i Noreg i 2012? Eg er meir usikker på det en nokon gang før.

Eg må slutte å henge rundt i kommentarfelta på internett.

3 Comments

  • 21 January, 2012 - 6:29 pm | Permalink

    Godt sagt, fint skrevet!

  • tb
    23 January, 2012 - 10:28 am | Permalink

    Etter at du la ut det Crowley-sitatet ditt i bloggen, har det kverna rundt i hodet på meg. Tror jeg er ,eredd for mange drømmer som mange drømmer…

  • Leave a Reply

    %d bloggers like this: