web analytics

Føkk systemet

26 september blei Rune Olsø tilsett som som adminstrerande direktør i det statlege selskapet Entra. Tilsettinga skjedde utan innstilling, utanfor dagsorden, og mot både styreleiar og nestleiars røyster. Dette har det vorte mykje rabalder ut av. No har Rune Olsø trekt seg som direktør, “for å skape ro rundt selskapet, dei tilsette og kundane deira”, seier han. Med seg ut døra får han løn i oppseingstida, som er på seks månader, og etterløn i ytterlegare tre månader. Svisj, høyrde de lyden av eit par-tre millionar av skattepengane våre som flaug forbi? Vilkåra i avtalen ligg klart innanfor statens retningslinjer for leiarløn, skriv Entra i pressemeldinga, og har sikkert heilt rett i det. Det ville sjølvsagt vore for mykje forlangt at Olsø sjølv såg for eit hån dette er mot vanlege lønsarbeidarar, og dermed sa takk, men nei takk til pengestraumen.

Og kva med Øystein Mæland? Mannen som noko urettvist vart ofra etter den knusande rapporten til Gjørv-kommisjonen, om alt som gjekk gale 22 juli. Før han hamna i vrangstrupa til Grete Faremo hadde han brukt størsteparten av tida si som politidirektør til å ha pappapermisjon. Han hadde kanskje ikkje noko val, men han gjekk frivilleg. Takken var ein stilling som “spesialrådgjevar” i justisdepartementet, med same høge direktørløn. Når han ein gong forlet departementet får han med seg ein fallskjerm på 713 000 kroner, pluss 350 000 kroner for å studere i tre månader. Svosj, der fauk det endå fleire skattepengar austover. Og folk klagar på at vi sender penger til utlandet?!?

Det verste er dog ikkje at leiarar i staten tener mykje pengar på å jobbe, og nesten endå meir på å trekke seg tilbake etter at dei ikkje har gjort jobben sin godt nok. Neidå. Det verste er korleis nettverkskorrupsjonen strekk seg langt inn i det offentlege. Øystein Mæland til dømes er sikkert ein flink fyr, men politifagleg bakgrunn har han ikkje på CV’en. Kva er det då som gjer han skikka til å vere sjef for Politidirektoratet? Kan det vere at han er psykiater av yrke, eller kan det vere at han er arbeidarpartimann, og forlovaren til Jens? Når det gjeld Rune Olsø, var han ein gong leiar i Trondheim Ap. Då jobba han hardt for å få realisert hotellet Rica Nidelven på den beste tomta i byen. Han hadde då tett kontakt med eigedomsinvestor Kjetil Fjerdingen, og sidan har dei pleia venskapet. Heilt til Fjerdingen, denne gongen som styremedlem, kuppa Olsø inn som direktør i Entra, så lenge det varte. Den einaste grunnen til at folk ikkje leitar opp høygaflar, tenner faklar, og gjer opprør mot snikgjeninnføringa av embetsmannsstaten, den reføydaliseringa som blir meir og meir tydeleg, må vere at det nettopp har starta ein ny sesong av Farmen. Skal ein lage revolusjon får ein gjere det medan Skavlan har sendepause. Nei, ein kan ikkje stole på at folket ordnar opp.

Men med tida endrar alt seg. Sjå berre på den ein gong så strålande byen Venezia. Ein av dei elementa som gjorde Venezia til slik ein strålande vellukka handelsby, var at dei hadde ein veldig open økonomi. Folk som hadde ein liten slant til overs, og ikkje var redde for å satse pengane på dristige prosjekt, fekk lov til å investere i handelsreiser saman med dei etablerte kjøpmennene i byen. Det gjorde at fleire enn berre byens elite tjente penger. Det var konkurranse. Den sosiale mobiliteten var høg. Kanskje var den for høg, for sosial mobilitet gjer ikkje berre at dei fattige har moglegheita til å jobbe seg oppover. Dei rike kan også bli fattige. I Venezia blei alle oppkomlingane til slutt ein trussel for eliten, noko måtte gjerast. Svaret var Libro d’Oro, eller Gullboka om du vil. Eit register over byens nobiliteter. Sto du ikkje i registeret var døra no lukket. I starten var det ein politisk endring, men den blei fort også ein økonomisk endring. Eliten ville tjene pengane sjølve, og stengde dei som ikkje var av rett herkomst ute frå all moroa. La serrata kalde dei det i Venezia, Utestengelsen rett og slett. Og det blei starten på slutten for Venezia som økonomisk stormakt i verda. Når skilnaden på rik og fattig blir for stor, og dei rike gjer alt for å hindre andre i å få del i deira privilegier går det ofte til helvete før eller sida.

Men Noreg er ikkje Venezia. Partiboka er ikkje Libro d’Oro. Kanskje går det bedre med oss. For vi spreiar i det minste pengane godt utover. I Entra har dei rundt 160 ansatte. Om lag ein tredjedel av dei er sjefar eller direktørar med tilsvarande høg løn. Byråkratiet veks, sjølv om ingen eigentleg vil det. Sjølv dei fattige av oss er ganske rike i den store samanhengen. For slik gjer vi det i Norge. Alle skal med.

Men nokon skal litt meire med enn andre.

2 Comments

  • 24 October, 2012 - 4:34 pm | Permalink

    Ay, den satt.

  • 28 October, 2012 - 4:15 pm | Permalink

    Vel brølt!

  • Leave a Reply

    %d bloggers like this: