web analytics

Skal innflyttarane regjere byen?

Denne lørdagen var det min tur til å levere lørdagens såkalte Fritt levert-spalte til Firdaposten. Fritt levert fordi vi som bytter på altså gir honoraret vårt til en eller annen organisasjon hver gang. Forrige gang gikk pengene mine til Leger uten grenser, denne gangen har jeg gitt dem til Høljebyens nystartede støttegruppe for Gaza.

Og dermed er det atter en gang duket for nynorsk på hjorthebloggen:

1229862454000_ksf1990_00221_nett_2328460510x510r
Skal innflyttarane regjere byen?

Her ein kveld eg sat ved datamaskina mi og såg på gamle bilete hos firdaposten.no, slo det meg at eg skuldar dei snikislamifiserande muslimane ei stor takk. For i samlinga til lokalavisa var der eit bilete av ein kiosk i Florø på 50-talet, og der hadde einkvan hengd opp ein plakat i samband med nokre tre som skulle, eller kanskje ikkje skulle, hoggast ned. På plakaten stod følgande tekst:

“Skal innflyttarane regjere byen?”

Sjølv vil eg nok meine at mangt og mykje hadde vore betre om i alle høve denne innflyttaren hadde fått regjert litt meir, men det er grunn til å tru at spørsmålet helst var meint retorisk. Biletet minna meg uansett om noko eg las tidlegare, frå den tida det var gnisningar mellom innflyttarar og etniske naustedølar, for å låne eit omgrep frå dagens ordskifte. Den gongen gjekk ein av dei innbarka naustedølene hardt ut, og skulda innflyttarane for å drive med både gruppesex og konebyte der borte i det nye byggefeltet.

Innflyttarplage var ordet Andreas Hompland i si tid valde å kalle desse omveltningane som gjekk føre seg når lærarar, sosionomar og byråkratar snikinnflyttariserte distrikts-Noreg, tok makta frå bøndene, innførde barnehagar og all slags styggedom, og ikkje reint sjeldan vart sett på som ei pest og ei plage av dei innfødde.

Men verda snurrar vidare, og The Times They Are A-Changing. No for tida er det muslimane som får all merksemda, medan det ikkje lenger er noko problem å vere austlending i Sunnfjord. Eg har vore her i eksil i snart ti år no, og er i ferd med å utvikle typiske vestlandsrefleksar. Som til dømes akuttt kvalme når eg høyrer Oslo-fruer på tur som med skingrande stemmer høglytt uttrykker overrasking over å finne Aftenposten på den lokale bensinstasjonen.

Med unntak av at eg vekentleg må gjere greie for kvifor eg med mitt austlandske målføre held til i Florø, kan eg gå rundt i gatene her tilnærma lik ein vanleg mann, utan å bli møtt korkje av skeive blikk eller ukvemsord frå dei innfødde. “Du er ikkje her frå byen du”, seier dei, og gjer det klart for meg at eg nok aldri vil kunne seie at eg er frå Florø. Men det er greit det, for så lenge eg passar på å seie negative ting om Førde, så er eg nesten ein av dykk likevel.

Og når eg så svarer at eg har havna her ute i havgapet på grunn av eit kvinnfolk, så kan eg trygt gjere det utan å risikere juling for at eg kjem hit og stikk av med damene deira. Eg får til og med vere med på å snakke skit om dei arrogante Oslo-folka som trur dei bur i verdas navle, og som ikke veit kor på kartet Florø ligg. Samstundes held eg klokeleg kjeft om at ein urovekkande stor del av dei som spør meg om kor eg kjem frå ser ut som store spørjeteikn når eg svarer Skien. Om eg fyller på med Odd Grenland, går det opp eit lys for somme. Henrik Ibsen derimot, det har sjeldan effekt.

Så det at eg som innflyttar til Florø kan leve det gode liv, utan å bli kalla ei plage verre enn rovdyrplaga, trur eg rett og slett kan tilskrivast innvandrarane. Det er dei som har auga på seg no. Driv dei med snikislamisering? Kva skjular dei under burkaen? Kvifor drikk dei ikkje alkohol? Er dei kanskje for ølpol også? Mistenkeleg gjeng!

Så idag vil eg nytte høvet til å rette ein stor takk til alle byens innvandrarar. Kva skulle eg ha gjort utan dykk?

Ekstramateriale: I den første versjonen av denne teksten hadde jeg en annen punchline der jeg takket de snikislamifiserende innvandrerene for innsatsen, takket være dem så kan jeg ha så mye gruppesex jeg bare vil uten at noen bryr seg. Konsulent Flopsy syntes ikke det var noen god avslutning i det hele tatt, så da endret jeg den til den ovenstående. Det var kanskje like greit?

Når jeg skriver mine memoarer kan den kanskje få tittelen: Men gruppesexen min får du aldri?

11 Comments

  • 25 April, 2009 - 10:35 pm | Permalink

    Fin tekst! Og Flopsy som konsulent virker som et smart trekk. 😉

    • Hjorthen
      26 April, 2009 - 9:52 pm | Permalink

      Ja, uten henne hadde det meste gått i ball.

  • mathias2
    26 April, 2009 - 2:08 am | Permalink

    Eg fann eit IKKE i teksta di. Fyyyy!!. 😆

  • Hjorthen
    26 April, 2009 - 9:52 pm | Permalink

    Ja, det der var ikkje bra!

  • Hjorthen
    26 April, 2009 - 9:55 pm | Permalink

    …men til mitt forsvar så står det faktisk IKKJE i papirutgaven. Sannsynligvis takket være Firdapostens retteprogram?

  • 26 April, 2009 - 10:18 pm | Permalink

    Men stakkars innvandrerne da! De må vel vente til romvesener kommer til Florø før de blir godtatt.
    Eller kanskje de lærer seg å rakke ned på Førde med tid og stunder og?

    • Hjorthen
      26 April, 2009 - 11:09 pm | Permalink

      Jeg tror nøkkelen kan ligge der ja, på et industristed borte i Sogn vil de mye heller ha tamiler til stedet enn Sunnfjordinger, så her er det en lekse å lære ja!

  • 28 April, 2009 - 12:15 am | Permalink

    Syns ikke verden skal forandre seg jeg. Blir liksom bare forvirring og tilpasningskrøll av det. Og det blir ikke noe bedre heller.

    Så om vi bare stoppet verden nå, og satt stille på kanten av den med føttene i verdensrommet, og lot ingenting skje, da ville jo tida gå av seg selv og vi ville nærme oss graven bare fordi jordkloden snurret oss dit …

    Det ville sikkert hjelpe! 😳

    • Hjorthen
      28 April, 2009 - 3:20 am | Permalink

      Åjo, jeg synes godt verden kan forandre seg litt jeg. Både min lille, og vår alles store, har helt klart et forbedringspotensiale!

  • Innflyttaren
    6 May, 2009 - 1:13 pm | Permalink

    Den største innvandringa/innlflyttinga både nasjonalt og globalt er den som går frå bygd til by. Asssimilasjonen er total — knapt eit pip frå hordane med assimilerte. Noko å skriva om ein gong?

    Forrsten: Er ikkje plakatteksten på bokmål?

    • Hjorthen
      8 May, 2009 - 3:22 am | Permalink

      Hehe, jo den er kanskje det, i Florø tror jeg det er sånn at bokmålet har gått mye tilbake de siste årene. Inntil nylig har man alltid hatt bokmålsklasser på byskolen, men det tror jeg det er slutt på nå, det er ikke mange nok?

  • Leave a Reply

    %d bloggers like this: