web analytics

Tag Archives: Ap

Hummer og kanari

Eldreomsorga berre sorga?

ELDRE_5662250a

Korleis målar ein eldreomsorga? Korleis veit ein om den er god nok, eller om den har blitt betre i ein gitt periode? For media er svaret på det enkelt. Kor mange sjukeheimsplassar har vi? Er det fleire enn før? Eldreomsorg er lik sjukeheimsplassar. Som når Aftenposten for ei veke sida kom med fasiten på åtte år med raudgrønt styre. Den store satsinga frå Stoltenberg og hans kumpanar, som skulle gje 12000 nye sjukeheimsplassar fisla ut med ein auke på berre 567 institusjonsplassar. Ser ein litt større på det, tek med omsorgsbustader, og set talet opp mot mengda eldre, er situasjonen den at vi har 29 plassar pr. 100 menneske over 80 år. Når dei raudgrøne inntok regjeringskontora i 2005 var tilsvarande tal 28 plassar. Konklusjonen synest å vere klar. Arbeiderpartiet, SV og Sp kunne ikkje halde det dei lova. Hadde dei ikkje gått av allereie, hadde dei vore i hardt vær nå.

Det er media som styrer showet, så når dei presenterer det dårlege utbyttet av storsatsinga på ei skinnande eldreomsorg må politikarane ta på seg det alvorlege andletet. Nå er det sjølvransaking på gong i Arbeiderpartiet. Aftenposten siterar partiets helsepolitiske talsmann, Torgeir Micaelsen, på at dette må føre til ein refleksjon om dei verkeleg har dei rette svara. Men dei er på villspor, både media og Micaelsen. Dei har ikkje dei rette svara, dei har ikkje ein gong stilt dei rette spørsmåla. Spørsmålet er ikkje om dei har dei rette svara. Å telje sjukeheimsplassar for å finne ut om eldreomsorga har blitt noko betre er kunnskapslaust. Eller i beste fall gammaldags. Eldreomsorg er så mykje meir enn sjukeheim. Målsettinga er at dei eldre skal kunne bu heime så lenge som mogleg, og det får ein ganske bra til med hjelp av heimesjukepleie, korttidsplassar, og rehabilitering. Det er ikkje sikkert at ein storstilt utbygging av sjukeheimsplassar er det rette staden å pøse på med pengar.

No må det seiast at Arbeidarpartiet kan skylde seg sjølv for at dei blir sett til veggs for at dei ikkje har gjort det dei lova. Når Stoltenberg gjekk Siv Jensen i næringa og lova full sjukeheimsdekning innan 2015 hausten 2009, burde han visst betre. For kva er eigentleg full sjukeheimsdekning for noko? Det er eit tal det er umogleg å definere. Umogleg å oppnå. Sama kor mange sjukeheimsplassar vi får på plass kjem TV2-Nyheitene alltid til å finne ein halvdøv, blind og sjuk gamling som ikkje har fått plass ennå, og nokon må stillast til ansvar. Alle er einige om at alle som treng det skal få ein sjukeheimsplass, og kvar einaste dag jobbast det med å få det til. Som oftast klarar dei det vel også. Når ein politikar er ute og snakkar om full sjukeheimsdekning er det eit ganske sikkert teikn på at fyren ikkje veit kva han snakkar om, eller at han er ute for å fiske etter stemmer. Ja, det eine ser bort frå for så vidt ikkje det andre. Uansett er det ikkje synd på Arbeiderpartiet, dei får berre som fortent. Det dumme er at ingen blir noko klokare av prosessen.

Så korleis måler vi eldreomsorga? Heller enn å telje sjukeheimsplassar kan man telje det dei litt sånn nedlatande kallar for «dei varme hendene». Hugs å dele på to. Enda betre er det om man kan dele hendene opp i faglærde og ufaglærde. Har dei klart å få fleire legar til å jobbe fast med sjukeheimane nå? Man kan også sjå på kor mange av dei hendene som faktisk kjem i kontakt med dei eldre, målt opp mot kor mange som berre kjem i kontakt med tastatur og kaffikopp i løpet av arbeidsdagen. Korleis brukar vi pengane?

Eldreomsorga er i endring. Velferdsteknologien er for full fart inn. Vi er friske lenger. Vi lever lenger. Og vi lever lenger med kompliserte sjukdomsbilete. Dei fleste ønsker å bu heime lengst mogleg, og det får dei som regel lov til. Sjølv når du passerer 90 år er det berre om lag femti prosent sjanse for at du hamnar på sjukeheim, og om du må inn er det sannsynleg av di du er i ferd med å bli skikkeleg dement. Jau då, sjukeheim er framleis ein viktig del av eldreomsorga, men det er langt frå den einaste, og neppe heller den viktigaste. Det hadde vore fint om journalistane og politikarane kunne bli einige om å slutte å late som om det er det.

Hummer og kanari

With a Little Help from My Friends

Dagens Firdapostspalte er crowdsourcet via Facebook og Twitter, og det ble jo en slags spalte på den måten også. Selv om den neppe får like mange Facebook-delinger som forrige ukes brev fra gamle dager.

Palmer's Mystery Hike No. 2

Eg jobbar ikkje på basen. Eg stablar ikkje rør korkje i høgda eller bredda. Eg blir sjeldan møkkete på hendane mine. Det betyr ikkje at eg ikkje jobbar hardt. Eg jobbar steinhardt kan eg fortelle dykk. Her skal ein levere ein spalte kvar einaste helg, og det uansett om Flora Høgre eller nokon andre har gjort noko hårreisande dumt i lokalavisa siste veka eller ei. Det er ikkje lett! Kor i all verda skal ein stakkars spaltist finne inspirasjon? Jau, ein spør sjølvsagt om hjelp i sosiale medier, nærare bestemt Facebook og Twitter. Det er heilt tomt i pæra, skreiv eg. Hjelp! Kva i all verda skal eg skrive om denne veka?

Som ein roper i skogen får ein svar. Ein luring meinte eg burde skrive om kor vanskeleg det kan vere å finne på noko å skrive om. Ein annen meinte eg kunne skrive om korsfesting, og det er jo litt i tida no som påsken står får døra. Eg hadde allereie vore inne på tanken. Korsfestelse er interessant. Ein ganske råtten måte å henrette nokon på spør du meg. Det var visst perserane som starta med svineriet, men som vi alle veit adopterte romerriket praksisen. Det kunne ta fleire dagar å døy på korset, og det var rekna som ein så fornedrande måte å bli straffa på at den stort sett berre blei brukt på slaver og opprørere. Frie romerske borgere blei halshugd, eller kasta til villdyra. Kanskje ikkje akkurat gøyalt det heller, men det gjekk i kvart fall litt fortare. Jau, eg kunne ha skrevet ein spalte om korsfesting. Kva seier det egentlig om kristendomen at dens fremste symbol er ein mann som heng spikra opp på eit kors? Men sist eg freista å seie noko om Gud og religion og den slags her i avisa blei eg dømt til evig fortapelse i eit lesarbrev frå Mindor Tonheim. Eg veit ikkje om eg tør å gje meg ut på den galeien igjen.

Frå Baugstø-Hartvigsens oppe i Botnaholten kom det eit tips om at eg burde skrive om Bygdekvinnelaget og pappaperm, og/eller skipstunnel. Det eine er hull i hovudet og held ikkje vann, det andre er hull i fjellet og inneheld vann i massevis skreiv dei, og fekk dermed sagt alt som var å seie om den saken. Takk for det folkens, berre sei i frå om dykk vil ta over spalta mi til neste veke. Når eg ber om tips er det for at EG skal vere morsom, ikkje for at andre skal levere poenga for meg. Forstått?

Men eit par ord om skipstunnelen då. Eg er sjølvsagt eitrande forbanna. Ein kan ikkje byggje ein einaste kilometer med ny veg her i landet utan at det kjem opp bompengestasjonar på alle kantar. Men ein milliard for at hurtigruta skal sleppe å segla rundt verharde Stadt, det er ikkje noko problem. Galskap! Også trur dei at dette skal verte ein turistattraksjon? Jau, kan hende har dei rett i det forresten. Utlendingar kjem neppe til å komme strøymande for å køyre tunnel, sjølv om den er den lengste i sitt slag. Nordmenn derimot, kan nok tenkes å ta ein tur, om ikkje anna berre for å oppleva korleis det er å køyre tunnel utan fotoboksar. Nei, eg mistenkar at eit ja til skipstunnel no er reint valgflesk. Det får Jens til å fremstå som ekstra høg, mørk og handlekraftig. Stem på oss! Stem på AP! Partiet som står opp for skipsfarta. Vår ære og vår makt. Partiet som byggjer landet. Partiet som peneterar fjell med si erigerte kjempepenis.

Kva? Vart det litt for mykje? Okay, eg legg meg flat. Ikkje meir penis i dag!

Ein langhåra slamp ved namn Jon meinte eg burde skrive om at vin smakar dårleg dagen derpå, men at det kjem seg igjen utover kvelden. At det er gøy å se på folk som kan lage mat på tv, og at man må skunde seg å få ferdig tacoen eller ta take-away for å rekke disse tv-programmene om man da ikkje har pvr-boks, som gjer at man kan se slike programmer heile kvelden. Taco smakar heilt ok dagen derpå. Han meinte også at kvinner drikk for mykje pappvin, og at dette er noko man kan forebygge gjennom å senke det generelle lønnsnivået til kvinner. Eg ser poenget, men er ikkje heilt sikker på om det er vegen å gå. Det viktigaste på den ruspolitiske fronten dei neste månadene er ikkje å begrense inntaket av vin, men heller sørge for at mykje av inntaket forflyttar seg frå hjørnesofaen heime i stova, og til Hjørnevikhagen som åpnar igjen denne helga. Då er ikkje inndragning av kjøpekraft vegen å gå. Snarare vil eg oppfordre kvinnene til å kjøpe ein topp og ei bukse mindre i veka det kommande året, og helder bruke pengane på vin og mat på Hjørnevikhagen. Er vi einige om det? Godt!

Heilt til slutt fikk eg eit tips til kva eg kunne skrive om frå Tora Fuglesang. Ho ville eg skulle bruke denne spalta på å skrive noko om henne. No er spalta på det nærmaste ferdig, det er ikkje all verda eg får plass til, men sida Tora liksom er den lillesystera eg aldri har ønska meg skal eg gje ho dei aller siste linjene i spalta denne veka.

Hei Tora! Korleis går det med ryddinga av rommet ditt?

Hummer og kanari

Føkk systemet

26 september blei Rune Olsø tilsett som som adminstrerande direktør i det statlege selskapet Entra. Tilsettinga skjedde utan innstilling, utanfor dagsorden, og mot både styreleiar og nestleiars røyster. Dette har det vorte mykje rabalder ut av. No har Rune Olsø trekt seg som direktør, “for å skape ro rundt selskapet, dei tilsette og kundane deira”, seier han. Med seg ut døra får han løn i oppseingstida, som er på seks månader, og etterløn i ytterlegare tre månader. Svisj, høyrde de lyden av eit par-tre millionar av skattepengane våre som flaug forbi? Vilkåra i avtalen ligg klart innanfor statens retningslinjer for leiarløn, skriv Entra i pressemeldinga, og har sikkert heilt rett i det. Det ville sjølvsagt vore for mykje forlangt at Olsø sjølv såg for eit hån dette er mot vanlege lønsarbeidarar, og dermed sa takk, men nei takk til pengestraumen.

Og kva med Øystein Mæland? Mannen som noko urettvist vart ofra etter den knusande rapporten til Gjørv-kommisjonen, om alt som gjekk gale 22 juli. Før han hamna i vrangstrupa til Grete Faremo hadde han brukt størsteparten av tida si som politidirektør til å ha pappapermisjon. Han hadde kanskje ikkje noko val, men han gjekk frivilleg. Takken var ein stilling som “spesialrådgjevar” i justisdepartementet, med same høge direktørløn. Når han ein gong forlet departementet får han med seg ein fallskjerm på 713 000 kroner, pluss 350 000 kroner for å studere i tre månader. Svosj, der fauk det endå fleire skattepengar austover. Og folk klagar på at vi sender penger til utlandet?!?

Det verste er dog ikkje at leiarar i staten tener mykje pengar på å jobbe, og nesten endå meir på å trekke seg tilbake etter at dei ikkje har gjort jobben sin godt nok. Neidå. Det verste er korleis nettverkskorrupsjonen strekk seg langt inn i det offentlege. Øystein Mæland til dømes er sikkert ein flink fyr, men politifagleg bakgrunn har han ikkje på CV’en. Kva er det då som gjer han skikka til å vere sjef for Politidirektoratet? Kan det vere at han er psykiater av yrke, eller kan det vere at han er arbeidarpartimann, og forlovaren til Jens? Når det gjeld Rune Olsø, var han ein gong leiar i Trondheim Ap. Då jobba han hardt for å få realisert hotellet Rica Nidelven på den beste tomta i byen. Han hadde då tett kontakt med eigedomsinvestor Kjetil Fjerdingen, og sidan har dei pleia venskapet. Heilt til Fjerdingen, denne gongen som styremedlem, kuppa Olsø inn som direktør i Entra, så lenge det varte. Den einaste grunnen til at folk ikkje leitar opp høygaflar, tenner faklar, og gjer opprør mot snikgjeninnføringa av embetsmannsstaten, den reføydaliseringa som blir meir og meir tydeleg, må vere at det nettopp har starta ein ny sesong av Farmen. Skal ein lage revolusjon får ein gjere det medan Skavlan har sendepause. Nei, ein kan ikkje stole på at folket ordnar opp.

Men med tida endrar alt seg. Sjå berre på den ein gong så strålande byen Venezia. Ein av dei elementa som gjorde Venezia til slik ein strålande vellukka handelsby, var at dei hadde ein veldig open økonomi. Folk som hadde ein liten slant til overs, og ikkje var redde for å satse pengane på dristige prosjekt, fekk lov til å investere i handelsreiser saman med dei etablerte kjøpmennene i byen. Det gjorde at fleire enn berre byens elite tjente penger. Det var konkurranse. Den sosiale mobiliteten var høg. Kanskje var den for høg, for sosial mobilitet gjer ikkje berre at dei fattige har moglegheita til å jobbe seg oppover. Dei rike kan også bli fattige. I Venezia blei alle oppkomlingane til slutt ein trussel for eliten, noko måtte gjerast. Svaret var Libro d’Oro, eller Gullboka om du vil. Eit register over byens nobiliteter. Sto du ikkje i registeret var døra no lukket. I starten var det ein politisk endring, men den blei fort også ein økonomisk endring. Eliten ville tjene pengane sjølve, og stengde dei som ikkje var av rett herkomst ute frå all moroa. La serrata kalde dei det i Venezia, Utestengelsen rett og slett. Og det blei starten på slutten for Venezia som økonomisk stormakt i verda. Når skilnaden på rik og fattig blir for stor, og dei rike gjer alt for å hindre andre i å få del i deira privilegier går det ofte til helvete før eller sida.

Men Noreg er ikkje Venezia. Partiboka er ikkje Libro d’Oro. Kanskje går det bedre med oss. For vi spreiar i det minste pengane godt utover. I Entra har dei rundt 160 ansatte. Om lag ein tredjedel av dei er sjefar eller direktørar med tilsvarande høg løn. Byråkratiet veks, sjølv om ingen eigentleg vil det. Sjølv dei fattige av oss er ganske rike i den store samanhengen. For slik gjer vi det i Norge. Alle skal med.

Men nokon skal litt meire med enn andre.

Hummer og kanari

Gerhardsen hadde ikke likt dette

For noen uker siden var jeg tilhører på et foredrag med Ola Braanaas, viktig mann i norsk fiskeoppdrett, og mannen som fikk Kong Olav til Skjerjehamn. Bare for å nevne noe. Det var ganske interessant så lenge han snakket om fiskeoppdrett og Kina. Ikke fullt så spennende når han begynte å snakke om samfunn, historie og den slags. Han trakk frem den gamle usanne myten om det lutfattige Norge, krydret foredraget med gamle Arbeiderplakater, så var det opp med Jan Thomas og en raljering over dagens Norske samfunn og alle de uvesentlighetene som dominerer nyhetsbildet. Mens politikerene småkjekler og mangler både ryggrad og  handlekraft. Nei, det var nok ikke dette samfunnet Einar Gerhardsen jobbet for!

Hvilket kan være sant nok det, for all del. Jeg har de siste dagene prøvd å harve ned det siste ordentlige arbeidskravet i det fordømte årsstudiet i Historie som jeg holder på meg. Oppgaven var å drøfte hvorfor Norge ble med i NATO, og i den forbindelse har jeg måttet skumme litt i biografiene til både Jens Chr. Hauge og Haakon Lie. Og man kan mene ganske mye om disse gutta i AP-oligarkiet som styrte skuta i etterkrigstiden, men pusekatter var de i hvert fall ikke. På godt og vondt antagelig.

Jeg tenkte på dette i dag, når jeg fulgte oppstyret etter Per Sandbergs idiotiske uttalelse i Stortinget i dag. Her må jeg skynde meg og understreke at jeg er helt og holdent på Arbeiderpartiets side altså, og jeg forstår godt at mange ble sinte og opprørt. Allikevel så tok jeg meg i å ønske at de hadde reagert på en annen og litt tøffere måte enn å forlate stortingssalen i tårer. Jeg skulle ønske noen hadde reist seg og ropt til Sandberg at de skulle knuse ham som en lus i stedet. Nå blir det i stedet en runde med offerrollebadminton som ikke gjør noe godt for noen.

Jeg mener, Haakon Lie hadde vel lokket Sandberg inn i bøttekottet med ei halvflaske akevitt, og gitt ham et par lusinger. Da blir det litt stusselig med Eskil Pedersen som klager på at han ikke har fått noen telefon fra Siv Jensen med beklagelse. Men det er vel sånn det har blitt. Som den anerkjente og uavhengige bloggeren og forfatteren Kristine Tofte spissformulerte på Twitter:

I vår kultur er det berre den svake som fortener å vinne. Dermed slåss politikarane om å framstå svakast. Korleis endte me her?

Det er vel for komplisert til å svare enkelt på det spørsmålet, men vi får vel de politikerene samfunnet etterspør. Etterkrigstidens AP-oligarker hadde vært fisk på land i dagens politiske virkelighet? Den tiden er forbi da Norge kunne bankes inn i NATO på noen måneder, selv om flertallet i stortingsgruppa i utgangspunktet var skeptiske eller uttalte motstandere. Det hjelper liksom ikke så mye å lengte tilbake til den tidens handlekraftige politikere. Ei heller er det vel bare negativt at det har blitt rom for følelser også i politikken, tvert i mot er det vel mest bare positivt det.

Sårede følelser derimot, det kan det fort bli litt mye av. Ikke bli såret, bli sinna, hadde det vært noe å tenke på? Kan jeg bli politisk rådgiver nå?

Ikke det? Jeg er såret! Og vonbråten!

Klipp

– Heldigvis har vi alle sangene

– Mye av barnekulturen som jeg vokste opp med, var så oppdragende. Med Pippi og Knutsen & Ludvigsen er alt bare gøy. Budskapet er så befriende, så gledesfylt – du kan være akkurat den du er, og alt er i orden. Tenk bare på sangen «Hvis dine ører henger ned». Å være annerledes er ikke farlig, ikke i det hele tatt. Og heldigvis: Vi har jo alle sangene. De blir aldri borte, fastslår Huitfeldt.

– Anniken Huitfeldt avslører seg selv som dum og deilig (Juba juba)?.

Page 1 of 3123
%d bloggers like this: