web analytics

Tag Archives: frp

Hummer og kanari

Tilfellet Sylvi Listhaug

listhaug photo
Photo by Sámediggi – Sametinget

Alt handlar om Sylvi Listhaug no for tida. Medan finansdepartementet i stor grad har dratt kampen og livsgleda ut av Siv Jensen, blomstrar Listhaug som aldri før i rolla som integreringsminister. I namnet, om ikkje i gamnet. Ho klarar stadig å hisse på seg sånne som meg. Politisk korrekte idiotar som ikkje skjønar at vi allereie ligg bak på lasteplanet på bilen, i full fart mot tipperampa på historiens skraphaug. Vi er hjelpelause. Samma kva vi gjer blir det feil. Vi har ikkje våpen som bit. Det er som om ho absorberar alt vi måtte kaste på ho. Ho blir sterkare for kvar einaste storm ho klarar å pådra seg. Av alle ting eg ikkje har svar på, er det dette spørsmålet som plagar meg mest. Kva skal vi gjere med tilfellet Sylvi Listhaug?

No har ho tatt Fabian Stang som gissel. På Facebook har dei eit juleønske. Lat oss stå saman, seier dei, om å gjere jula litt betre for kristne forfulgte verda over som blir mishandla, undertrykt og drept. Korleis skal vi gjere det? Jo, ved å sende ei slant til organisasjonen Åpne dører.

Det er fint om vi får vite meir om korleis det står til med kristne i andre delar av verda. Det er rett at dei blir både mishandla, undertrykt og drept nokre plassar. Det er berre nokre få dagar sida 25 mennesker vart drept i ei eksplosjon rett ved den koptisk kristne Sankt Markus-katedralen i Egypt. Dette treng vi å vite meir om. Kvifor skal vi no bli sinte på Listhaug igjen? Er vi blitt gale alle saman?

Ja, ein kan jo lure. Problemet er at Listhaug ikkje kan gjere noko utan å framstå polariserande. Ho kan ikkje seie noko om forfulgte kristne utan å legge inn eit stikk til motstandarane sine. Dere veit, den der innsamlingsaksjonen Kristoffer Joner ba oss om å gje litt penger til NOAS i Sylvi Listhaugs namn. I følge Sylvi og Fabians julehilsen var dette penger som gjekk til å løne byråkratar i Noreg. I motsetnad til deira innsamlingsaksjon der pengane går til å hjelpe folk som treng det. Der dei er. Som om ikkje regjeringa Solberg har satt ny rekord i avlønning av byråkratar dei siste åra?

Ho kunne ha sagt at pengene gjekk til å sikre rettstryggleiken for asylsøkere etter at hennar regjering kutta støtta til NOAS. Det hadde vært mer rett. Ho kunne også ha latt være å nemne den aksjonen med eit einaste ord, og framstått raus og inkluderande Men Listhaug er ikkje opptatt av å være raus. Ho er ikkje mi minister. Ho er minister for fansen. Ikkje resten av oss.

Det andre problemet er organisajonen ho velger å gje pengane til. Åpne dører er ein religiøs organisajon. I årsmeldinga deira for 2015 kan vi lese at arbeidet deira internasjonalt har vore å “distribuere bibler og anna kristen litteratur, gi traumebehandling, yte mikrokreditt, og gi humanitær hjelp til menigheter og kristne som ber om det”. I 2015 var det 80 norske kristne som dro i felten for å oppmuntre og styrke forfulgte kristne, be, og i noen tilfeller levere bibler og kristen litteratur. Mange blir velsignet og forandret av dette, skriver dei. Heimearbeidet dreier seg ellers om å engasjere til bøn og personleg innsats.

Vi er altså i ei situasjon der Aleppo i Syria er den verste krisa hittil i vårt århundre. Vi er alle rysta av bilete og forteljingar som kjem ut derfra no. Men vår integreringsminister ber oss om å støtte ei organisasjon som rettar seg kun mot kristne. Som er i opposisjon til islam. Som verkar å være minst like opptatt av misjonering som av bistand. Om ein verkeleg vil hjelpe folk i naud er det fleire organisasjonar det hadde vore meir naturleg å velge.

Vi har ein integreringsminister som gjer alt ho kan for å skaffe seg fiender, av di det er politisk smart og styrkar eiga posisjon. Ho driv opposisjonspolitikk i posisjon. Ho skitnar til alt ho kjem borti. Gjer integrering vanskelegare. Ho syner ei total mangel på rolleforståelse, men ho veit akkurat kva ho gjer. Om nokon PK-idiotar, som meg, skulle finne på å ta til motmæle er det berre eit pluss. Det hjelper på. Gir meir misnøye til dei flammande hjarta som livnærar seg på slikt. Jo meir vi protesterar, jo sterkare blir ho. Jo meir vi hever røsta, jo sintare blir dei som heier på ho. Jo meir vi tek bladet frå munnen, jo større blir avstanden. Og for kvar gong blir kløfta litt større. Men kva anna kan vi gjere? Skal vi berre halde kjeft?

Eg kan ikkje gjere anna enn å appellere til den heiderlege delen av Høgre som eg ein gong satte stor pris på. Om dykk vil ha min stemme ved stortingsvalet neste år må noko gjerast med tilfellet Listhaug. Fire år til med dette er uaktuelt. Med venleg hilsen Hylekoret

Hummer og kanari

Syriatesten

Syrian boys, whose family fled their home in Idlib, walk to their tent, at a camp for displaced Syrians, in the village of Atmeh, Syria, Monday, Dec. 10, 2012
Syrian boys, whose family fled their home in Idlib, walk to their tent, at a camp for displaced Syrians, in the village of Atmeh, Syria, Monday, Dec. 10, 2012

Det har vore ei hektisk veke. Partia våre har samla seg for å bli einige om kva vi skal gjere med appellen frå FNs høgkommissær for flyktningar om å ta i mot fleire hjelpetrengande frå Syria. Det vart sjølvsagt eit sirkus. Framstegspartiet forlét forhandlingane før dei var komne skikkeleg i gang. Dei vil nemleg ikkje ta i mot ein einaste ein. SV heldt ut ei stund til, før dei også kasta korta. Dei vil ha inn mange, og det fort, men skjønte vel at dei ikkje kom til å få særleg gjennomslag.

Dei andre partia heldt ut. Jonas Gahr Støre kom rett frå Arbeidarpartiet sitt landsmøte med eit vedtak i ryggen om 10.000 syrarar over to år. Det skulle ein tru var grei skuring, all den tid det såg ut til å vere fleirtal på Stortinget for å ta imot nettopp det talet. Likevel klarte tåkefyrsten frå verste vestkant å forhandle talet ned til 8000 over tre år. Lat oss håpe det ordnar seg med politikken for Støre framover, nokon karriere som bilseljar har han nok ikkje å falle tilbake på.

Sjølvsagt er det Per Sandberg og Framstegspartiet som lagar mest moro for pengane. Før helga gjekk dei frå dissens i regjeringa, til kabinettspørsmål, og over til eit krav om folkeavstemming for å avgjere syriaflyktninganes skjebne. Dette gjorde dei i ein slik fart, at om dei held dette tempoet framover, har vi vore gjennom både riksrett og nyval innan helga er omme, og litt ute i neste veke er truleg statskuppet gjennomført, monarkiet avskaffa og Carl I. Hagen innsett som president. Her blir det liv (rai rai). Men eigentleg var det jo berre Sandberg som snakka før andre hadde tenkt for han. Som vanleg.

Sandberg raste også mot eit «vaffelmøte» mellom Høgres Trond Helleland og den mislykka bilseljaren Jonas Gahr Støre. Her skal dei ha snikra saman Syria-avtalen medan dei åt vaflar og såg Noreg og Sverige spele fotball. – Å invitere folk på vaflar, og så lage vaflar på pulver, det er dårleg handverk. Når ein skal lage vaffelrøre, så må ein gjere det frå botnen av. Og når du nyttar pulver for å lage vaflar, så er det fordi du har hastverk. Hastverk kombinert med dårleg handverk gir dårleg resultat, seier Per Sandberg til VG. Han gløymde å nemne at det er vanskeleg å lage vaflar utan å knuse nokre egg. Harmen over dei dårlege vaflane var stor, og vaflar er då også det einaste fagområdet der eg finn det verdt å høyre på Sandbergs refleksjonar. Er det noko han kan, er det vaflar. Vaflar og akevitt. Der er han god.

Frp har vore sure og sinte, slamra med dører og styra på, men særleg konstruktive har dei ikkje vore. Vi har fått det diffuse «hjelpe dei der dei er»-mantraet, men dei har ikkje følgt det opp med konkrete tal. Hadde dei banke friske milliardar i bordet hadde det vore lettare å ta dei på alvor. Slik dei har heldt på blir det berre til at dei forsterkar inntrykket av at dei som vil hjelpe dei der dei er, helst ikkje vil hjelpe nokon, nokon plass. Dei har ikkje passert syriatesten. Men sutringa går kanskje heim hos grunnfjellet.

Det er ikkje berre politikarane som har hatt ei travel veke. På internett har Norges tapre tekstkrigarar verkeleg fått opp dampen. Landets siste skanse mot den muslimske invasjonen meiner det no er på tide å ta til våpen. At landssvikarane i Arbeidarpartiet må stillast for retten. Dei ville ikkje ha kjøpt ein bruktbil av Støre, men meiner at han burde ha vore skoten. Massemordaren frå Utøya og regjeringskvartalet var ein varslar, synd han ikkje fekk tatt Brundtland i staden for alle ungdommane. Men heldigvis var visst halvparten av ungdommane muslimar. Både på Facebook og Twitter finst det folk som samlar desse kommentarane, til glede for PST og alle oss andre som likar å bli skremde skikkeleg før vi skal legge oss om kvelden. Eg les til auget blir stort og vått, og det er to ting som slår meg.

Det eine er at fleirtalet av dei tapre tekstkrigarane har ein temmeleg slapp omgang med det norske språket. Det andre er at det er påfallande få av dei som skriv på nynorsk. Kan nynorsken vere ei vaksine mot ekstremisme? Eller er det berre slik at nynorskbrukarar flest er for opptatt med å skrive kronikkar mot kommunesamanslåing til å bry seg med innvandring?

Det forklarer uansett kvifor bystyret vårt denne veka fekk lov til å seie «ja» til syriske flyktningar, tilsynelatande utan at nokon vart truga på livet. Det kan vi kanskje vere litt stolte av? Vi har passert syriatesten. Velkomne skal dei vere.

Hummer og kanari

Redd barnetillegget

poverty photo
Photo by ImNotQuiteJack

No er dei ute etter dei uføretrygda igjen. Dei blåblå. I statsbudsjettet vil dei endre barnetillegget deira. I dag er det slik at dei uføretrygda som har lite pengar får eit relativt sjenerøst barnetillegg. Om regjeringa får det slik dei vil blir dette endra. I staden for at dei som treng det mest får ein sum med pengar som faktisk monar litt, rundt 35.000 i året, skal alle som har uføretrygd og barn få eit flatt tillegg på 7000 kroner i året. Dette sparar dei 590 millionar på, og dette gjer dei for at det skal løne seg å jobbe. Om ein er uføretrygda er det jo berre å produsere nok barn, så kjem du til slutt opp i ei løn i nærleiken til dei som vaskar kontora til statsministeren. Da blir dei heller heime og skifter bleier. Om ein ikkje gjer noko med barnetillegget er det ei viss fare for at Erna snart må vaske kontoret sitt sjølv, og slik kan vi sjølvsagt ikkje ha det i verdas rikaste land.

Dei freistar å pynte brura. Det blir visst meir rettvist på denne måten. Barnetillegget er meint å kompensere for kostnadane ved å ha barn. Då er det ikkje rettvist at nokon får 35.000 kroner, og andre ikkje får noko. Det høyrest jo tilforlateleg ut, men om eg hugsar rett var barnetillegget meint som eit tiltak for å motverke fattigdom blant borna av dei uføretrygda. Det imponerer uansett ikkje vår smurferegjering. Ein får ikkje færre fattige barn ved å gje pengar til foreldra deira. Det beste ein kan gjere for å få folk ut av fattigdom er å få dei over i jobb, seier dei, og har på ein måte rett i det. Spørsmålet er kor mange av dei 21.660 foreldra dette gjeld som no kjem til å karre seg opp av sofaen og ut i arbeidslivet? Eg vil tru at 10 prosent er ei svært optimistisk gjetting. I så fall er det framleis snautt 19.500 foreldre, over 32.000 born, som vil få ei merkbart tøffare kvardag. Er det verdt det?

Eg har ikkje oppdaterte tal, men i 2006 kom det ein rapport frå Frischsenteret for samfunnsøkonomisk forsking. Elisabeth Fevang og Knut Røed stod bak den. Dei slo fast at av alle dei som gjekk på uføretrygd var det 7 prosent som hadde ein høgare utbetaling på trygd, enn dei hadde som yrkesaktiv. Sju av hundre menneske på uføretrygd hadde i 2006 så mange barn at dei fekk meir pengar inn, enn dei hadde når dei var i jobb. Sjølv klarar eg ikkje å hisse meg så veldig opp over dette, barnetillegget vil jo falle bort når barna veks opp, det er ein mellombels stønad. Men om ein absolutt ikkje vil finne seg i at det er slik, finst det andre måtar å gjere det. Ei øvre grense for kor mykje det er mogleg å få i barnetillegg ville løyse problemet på ein straks. Slappe journalistar, og slumsete omgang med forskingsresultat har etablert eit inntrykk av at uføretrygd går i arv. Det er riktig at born av uføretrygda har større sjanse for å ende opp som trygda sjølv. Sjølvsagt er det eit element av læring i korleis du veks opp. Men når 94 til 96 prosent av born av uføretrygda ikkje sjølv ender opp som uføretrygda, då burde vi heller spørje kvifor læringseffekten er så lav. Kvifor hamnar ikkje fleire av dei på Nav? Kan det ha noko med at vi har gode system, som utjamner skilnader og gjer trygda ein sjanse til eit verdig liv? Kan det hende at fjerning av barnetillegget vil endre dette, og sende fleire barn under fattigdomsgrensa? Vil det då stimulere dei til å jobbe hardare for å komme seg opp og fram i verda, eller vil det føre til at fleire av dei endar som uføretrygda? Eg veit ikkje svaret, men vi veit at fattigdom verkar nedbrytande og isolerande. Eg vil i alle fall ikkje sjå bort frå at resultatet blir fleire på trygd, ikkje færre.

Regjeringa har varsla at ein handlingsplan mot barnefattigdom vil vere klar til våren. Det naturlege ville vel ha vore å vente med å endre barnetillegget til den var klar, slik at eventuelle nye tiltak kan kome inn og skjerme dei barna som treng det mest. Eg håpar, og trur, at Kristeleg Folkeparti og Venstre vil setje foten ned i budsjettforhandlingane. Barnetillegget bør i alle fall fredast i si noverande form til regjeringa har ein klar plan for korleis ein kan møte utfordringane med barnefattigdommen i framtida.

Hummer og kanari

Nye kostar

Trash

Denne veka vart spenninga utlaust. Vi får ein ny regjering utgått frå Høgre og Framstegspartiet. På Sundvolden hotell la dei frem erklæringa som skal ligge i botnen for korleis blond og blondare skal styre landet dei neste fire åra. Syttifem sider med fine ord og vage formuleringar som få kjem til lese, og endå færre kjem til å bry seg om når vi kjem litt ut i neste veke. Det er leit for dei politikarane, desse våre fremste bland likemenn, som har ført ho i pennen, men slik er det diverre. Kven hugsar vel i dag kva som eigentleg sto i Soria Moria-erklæringa som den no avtroppande regjeringa ein gong var so stolte av? Ikkje eg i kvart fall, og ikkje du heller kjenner eg deg rett.

Ein regjeringserklæring har si funksjon. Den peikar ut ein retning. Men først og fremst er den ein reklameplakat. Like lite som det er grunn til å tru på One Calls utruleg irriterande forsikringar om at dei er like bra, berre billigare, er det nokon grunn til å tru på dei blå-blonde når dei seier dei vil tette hola i sikkerhetsnettet for grupper som fall igjennom i dag. Dei legg lista høgt, og dei kjem til å rive, men slik er regjeringserklæringar. Dei skal sikte mot stjernene, sjølv om alle veit at dei skal være bra nøgd berre dei klarar å karre seg opp i et lite tre. Det er ikkje nokon grunn til å gjere narr av Sundvolden-erklæringa, dei har i det minste gjort seg flid med den. Det minste vi kan gjere er å ta ein titt.

Ja, eg har altså lest dokumentet. Og det første eg så etter var om dei hadde noko om rehabilitering. Det er ein skade eg har pådratt meg etter fjorten år saman med ein fysioterapeut, og akkurat den rehabiliteringa går ikkje så bra. Mogleg at det kjem til å gå betre med regjeringa Solberg. Dei har i kvart fall nemnt ordet rehabilitering heile 12 gonger i dokumentet sitt. Det er bra, og det kjem dei til å trenge. Regjeringa har nemleg tenkt å løfte tungt og mykje. Heile 19 gonger har dei nytta ordet løft i erklæringa. Det er lærarløft, yrkesfagløft, velferdsløft og kompetanseløft. Nå veit vi ikkje enno kven som blir statsrådar og skal ha ansvaret for løftinga, men om ein til dømes ser på heite kandidatar som Torbjørn Røe Isaksen og Ine Marie Eriksen Søreide, så ser ein jo at dette er folk som ikkje har løfta mykje i sitt liv. Da er det viktig at dei får opplæring i riktig løfteteknikk, slik at ikkje alle dei ekstra pengane som er tenkt å brukast på rehabilitering må brukast for å få dei ferske statsrådane tilbake på jobb igjen. Feil løft er ein av hovedårsakane til ryggplager. Ein gong skulle eg løfte ein lecablokk i kvar hånd, og det gjekk bra det, heilt til eg vrei på overkroppen og plutseleg måtte ta taxi heim. Tenk kor ille det kunne gått om eg hadde freista å lærarløfte Bjørn Angell-Jacobsen i staden! Eg fryktar at med all den løftinga dei legg opp til i denne erklæringa, kjem brorparten av maktapparatet til å være sjukemeldt før jol. Sjukemelding er forøvrig berre nemnt fire gonger i erklæringa, og det er jo fint at dei heller vil rehabilitere enn å sjukemelde. Eit tredje alternativ kunne ha vore aktiv dødshjelp, som landsmøtet til Frp har vedtatt at partiet er for, men dette er heldigvis ikkje nemnt ein einaste gong. Dei freistar berre å snike det inn bakvegen, snikeutanasiering om du vil, gjennom å åpne for segway og meir snøskuter i utmarka, men det monnar lite i den store samanhengen. Men eg treng kanskje ikkje uroa meg. Erklæringa brukar ordet styrk i ulike variantar heile 167 gonger. Styrketrening kan kanskje gjere underverker for dei pinglete blå.

Allereie i den femte setninga i dokumentet seier den nye regjeringa at dei vil bygge sin politikk på fridom og tillit til enkeltmennesket. Difor har dei tenkt å væpne politiet. Av tillit til at vi ikkje vil gjere noko dumt som får politiet til å skyte oss. Tillit er ellers berre nemnt ein gong til, i samanheng med at dei kuttar i pappapermen. Regjeringen Blondie er ellers uttalte anti-byråkratar, og vil no vurdere etablering av ein uavhengig effektivitetseinhet for offentlig sektor med ståande fullmakt til å revidere blant anna nytte-kostnadsanalyser for å sikre god kvalitet og konsistent praksis. For den beste måten å auke effektiviteten i byråkratiet er sjølvsagt å ansette byråkratar til å overvåke dei andre byråkratane. Det er logisk. Dette er vakkert. Dette blir bra!

Alt i alt er det likevel ikkje så ille. Alle var lei av dei rød-grønne nå. Eg trur dei var lei av oss også. Det blir kjekt med nye kostar. Og nye hekser til å fly på dei. Friske pust som kjem til å dumme seg ut på jevnleg basis. Mykje moro ein stund. Men det blir nok kjedeleg i lengda denne gongen også. Eg gler meg til det.

Hummer og kanari

Gamle menns rasisme

Guns and Sheets South Eastern Ohio, KKK
Vi har ikke så mange rasister av denne typen her i landet. Gamlingen var ikke en slik rasist, han hadde ikke noe til overs for den vulgære rasismen på ytterste høyre.

Far min var rasist av den gode gamle sorten. Han trudde på the white man’s burden, tanken om at kvite menneskje var meir siviliserte, høgverdige, og difor hadde ein moralsk plikt til å kolonisere, herske over, og oppdra andre folkeslag. Ein gong høyrde han den amerikansk-norske songerinna Ruth Reese lese eventyr og synge negro-spirituals på Barne-TV. Han satte seg sporenstreks til skrivemaskinen og skreiv eit lesarbrev til Aftenposten i protest. Kva er dette for anstaltmakeri av fjernsynet. spurde han. Finnes der ikkje folk her i landet som på eit forståeleg norsk kunne lese opp dei eventyra denne utlendingen ga til beste? Vennligst få slutt på dette eventyrlege tullet snarast. Lesarbrevet gjorde at han blei innvilga medlemsskap i legendariske Darwin P. Erlandsens Dusteforbund, noko gamlingen tok med godt humør. Kunngjeringa av medlemsskapet fekk glass og ramme på seg, og heidersplass på veggen i barndomsheimen. Om han vart noko klokare av det veit eg ikkje, men eg held moglegheiten åpen.

Eg hugsar eit glimt frå barndommen. Far min og bror min sitter foran i bilen, eg sit i baksetet. Det er snart val, bror min skal stemme for fyrste gong, og far min spør kvem han har tenkt å stemme på. – Eg tenkte eg skulle stemme på Anders Lange, svarte bror min, og far min anerkjente det som eit klokt val. Eg var 7-8 år gamal, og hadde aldri høyrd om Anders Lange. Eg trudde bror min skulle stemme på han der Slange, og det gjorde meg nyfiken. Slange? Det var nok ein sleip fyr, tenkte eg. Det gjekk monge år før eg skjønte at det var Anders Langes Parti til sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlige inngrep han snakka om, og at dette var forløparen til Framstegspartiet

Det er lett å le av gamle rasistar. Slike som far min, og Anders Lange. For Lange var også ein rasist av den gamle skulen. Han dreiv si eiga avis, Hundeavisen, i fleire år. Det var ein avis om hundar og politikk, og må seiast å ha vore svært høgrevridd. Ein av dei som skreiv flittig i Hundeavisa var lektor Olav Hoaas. Antisemitt og rasebiolog. Lange hadde ikkje problem med det. Når ein så belest og kunnskapsrik mann som Olaf Hoaas i sin tanke har kommet fram til slike konklusjonar om raseproblemet, så er det like berettiget som oppfordringar til å støtte negere som dreper og spiser opp misjonærer og andre uskyldige hvite i Afrika, meinte han. I 1976 blei Hoaas den første her i landet som vart dømt for rasediskriminerande utsagn. Holocaust var ein bløff, og jødene burde emigrere til Israel. Dei som ikkje gjorde det burde isolerast i eit eige jødesamfunn der dei ikkje tok plass eller jobbar frå nordmenn var berre noko av det han meinte. Vi kan humre av dette, akkurat som vi kan smile av far til ein tidligare kollega av meg som ein kveld han var ute og køyrde bil fekk auge på ein mørkhuda mann i vegkanten. Han kasta bilen over på andre sida av vegen. – Eg vart redd, svarte han, når dottera spurte kva i all verda han dreiv på med. Det er ein god historie. Frå ein annan tid. Ein annan generasjon.

Det kjem mykje rart flygande om ein henger ein fjøslykt ut i sumarnatta sa Anders Lange(*), og dei fleste fekk vere med. Ein kan ikkje bruke Anders Lange mot dagens Framstegsparti, partiet har endra seg mykje siden den gong, men dei har haldt seg til den filosofien. Sjølv om dei har kasta ut folk frå tid til annen, har dei aldri gjort nokon ordentleg grenseoppgang mellom kva som er ein legitim innvandringskritikk, og kva som er reinspikka rasisme og konspirasjonsteoriar. Det går ein ganske strak linje frå Langes Hundeavis, via Carl I. Hagens falske Mustafa-brev på åttitalet, Øystein Hedstrøms  møte med nynazister på Godlia, til Tybring-Gjedde og Andersens famøse kronikk Draum frå Disneyland, der dei skulda Arbeiderpartiet for å dolke norsk kultur i ryggen. Ein finn ikkje stort av det i partiprogrammet, men det er heilt klart at gamle menns rasisme har vore ein viktig del av Framstegspartiets historie. Dei kan sjølvsagt freiste å feie det under teppet. Seie at Lange berre var ein eksentrikar med smak for eggelikør. Høgrepopulisme? Nei det har vi ikkje sett! Som om det er noko gale med populisme. Alle dei politiske partia er populistar i varierande grad. Dei burde ha vore stolte av det, omfamna det, og samtidig forklart kvifor dei er høgrepopulistar, men på ingen måte verken høgreradikale, eller høgreekstreme. For det er dei ikkje.

I staden for å pynte på historien burde dei gjort som far min, hengt han opp på veggen i glas og ramme. Eg veit ikkje om dei hadde vorte noko klokare av det, men eg held moglegheiten åpen.

*Observante lesere har gjort meg oppmerksom på at det ikke var Anders Lange som leverte det sitatet. Det er Eivind Eckbo som skal ha den æren.

Page 1 of 1112345...10...Last »
%d bloggers like this: