web analytics

Tag Archives: jul

Hummer og kanari

Jul i Blakkegata

shacktown

Er det nokon som hugsar Jul i Blakkegata? Ein av dei klassiske Donald Duck-forteljingane som Carl Barks teikna på femtitalet. Finare julehistorie finn du ikkje på denne sida av juleevangeliet. Den startar med at Ole, Dole og Doffen tek ein uvant veg heim frå skulen ein dag. Den går gjennom Blakkegata, der Andebys fattige bur. Det blir eit sjokk for dei unge gakk-gaukane å sjå born på deira eiga alder, kledd i filler, med triste andlet. Dei har ikkje nokon jul å glede seg til. Do they know it’s christmas time at all? Ole, Dole og Doffen føler seg som feite grisar i samanlikning, og blir meir og meir deprimerte. Når dei er tilbake i dei trygge middelklassegatene støttar dei på Dolly Duck. Hun lurar på kvifor gutane ser så lei seg ut, no som det snart er jul, og alle må vere glade. Dei fortel at dei akkurat har gått gjennom Blakkegata, og Dolly får ein idé. Dei kan jo samle saman pengar til ein heidundrande feiring for dei stakkars fattige. Dolly får med seg kvinneklubben sin på prosjektet, og dei får dratt inn nokon kroner, men ikkje nok. Dei treng 50 dollar til. Dolly ber difor Donald om hjelp.

Donald sjølv er ikkje akkurat stinn av pengar, men han har jo ein rik onkel. Han spør Onkel Skrue om hjelp. Dei treng 25 dollar til kalkun, og dei treng 25 dollar til eit leiketog som dei allereie har lova ungane i Blakkegata at dei skal få. Skrue syntest det er ein skikkeleg dårleg ide å bruke pengane sine på slikt tull. Han har sine eigne ting å vere uroa over. Pengane hans utvidar seg i det fuktige vêret, og pengebingen er på brestepunktet. Han seier til Donald at han kan gje dei 25 dollar til kalkun, men berre om Donald sjølv klarar å skaffe dei resterande slantane. Donald gjer seg i kast med oppgåva, men det er lettare sagt enn gjort. Folk flest har meir enn nok med å få si eiga jul i orden. Til slutt er det berre Fetter Anton som kan hjelpe. Han finn ein lommebok full av setlar, og deler sjenerøst av finnarlønna med Donald. Det blir fest! Men når dei kjem til Skrue for å hente resten av pengane har pengebingen blitt så full at botnen har falt ut. Pengane ligg no langt under jorda, og er umogleg å få tak i. Skrue er blakk, og må flytte inn til Donald og leve på havregraut. På mirakuløst vis ordnar det seg likevel, takket vere Ole, Dole Doffen, Hakkespettane og eit leiketog. Det blir tidenes jul i Blakkegata, og Skrue får tilbake pengane sine. Forteljinga tek slutt, og alt vender tilbake til normalen. Akkurat slik vi likar det.

Om Carl Barks hadde teikna og fortalt denne historia i dag hadde den kanskje vore litt annleis? Kanskje Ole, Dole og Doffen ikkje hadde gått gjennom Blakkegata på veg heim i den nye versjonen, men støtte på Dolly medan dei så ut som om dei gleda seg veldig til jul. Då hadde Dolly garantert gjett dei ein oppstrammar. Veit dei ikkje at det er folk som har det tungt i jula? Folk som slit? Dei eldre og einsame. Dei små borna som må sjå på at foreldra drikk raudvin. Innvandrarane, som blir ekskludert av den massive norske feiringa. Rusmisbrukarane. Dei deprimerte og psykisk sjuke. Og sjølvsagt borna i Blakkegata. Det er så mange som slit i jula at det er rart det finst folk igjen som faktisk har det kjekt. Det er viktig at dei få dette gjeld i det minste kan tenke litt på dei som har det vondt der dei sit med ribba, akevitten, og julegåvefjellet som snart har vakse seg så stort at det ikkje er plass til noko juletre. Dette har blitt ein del av joleritualet vårt, i ein slik grad at det berre er eit tidsspørsmål før vi får vår første støttegruppe for dei som har fått øydelagt jola av alt for mykje dårleg samvit.

Jul i Blakkegata sluttar medan dei fattige er i full gong med festen, og alle har det fint. Men kva skjer når festen er over? Har nokon fått det noko betre? Har nokon lært ein lekse? Nei. Alt er som før. Onkel Skrue er akkurat like pengegrisk. Dei fattige har fått understreka at det som skal til for å få ein verdig jol er å kaste seg på forbruksfesten, men når januar kjem er dei nøyaktig like fattige. Kanskje er dei til og med dårlegare stilt, no som dei har fått smake på det som resten av Andeby tek som ein sjølvfølge. Dei einaste som kjem styrka ut av det heile er middelklasseendene som i det minste har vist for all verda kva for slags gode menneskje dei er. Sjølv om dei altså ikkje har fått endra noko som helst. Jul i Blakkegata er ein konservativ hyllest av det beståande. Om ein verkeleg vil hjelpe dei fattige må det skarpare lut til. Blakkegata treng ikkje almisser i jola. Blakkegata treng ein revolusjon.

Eller i det minste ein skattereform.

Hummer og kanari

Opp alle jordens bundne treller

Forrige samtale med Hagbarth utviklet seg til å bli denne helgas spalte i Firdaposten. Sånn kan det gå.

... praying for deliverenceCreative Commons License James Vaughan via Compfight

Eit stykke ut på jolekvelden, etter at alle gåvene var åpna og det var på tide å komme seg heim att gjekk det opp for meg. Det var ein gåve som mangla. Boka Dyr du skulle ønske ikke fantes, som kom i posten i siste lita på julaften. Eg pakka den inn rett før vi skulle køyre inn til svigers, og var sikker på at eg hadde lagt den i posen med dei andre gåvene. Eg tok feil som vanleg. Når vi kom heim lå den på spisebordet, under noko tiloversblevent jolepapir. På merkelappen sto det Til Hagbarth, frå Julenissen.

– Kvifor står det at den er frå Jolenissen, spurde sonen min, som ikkje heiter Hagbarth til vanleg. Berre når eg skriv om ham.

– Jau, det er vel fordi den kjem frå Jolenissen det. Den låg i kvart fall i peisen når eg kom heim frå jobb i dag, så han har nok sluppet den ned pipa til deg.

– Ja, men kvifor står det at den er frå Jolenissen. Han har jo mange som hjelper til. Det er ikkje han som har laga den.

– Nei det er vel sant. Han har jo en haug med små alver som hjelper til med å få alle gåvene klare til jolafta.

– Nemlig. Det er urettvist at det berre er Jolenissen som står på lappen og at han får all æren for gåvene. Alt han gjer er jo å levere dei.

Eg veit ikkje kor disse sosialistiske tendensene, denne kimen til klassekamp kjem i frå. Eg gjettar på at det er skulen som har skulda. Alt verkar tilforlateleg nok når vi er innom klasserommet, men når vi er ute av døra kjem dei frem. Marx, Lenin og Che. Kari tek på seg bereten og fyrar opp ein diger sigar frå Cuba. Læreboka i norsk blir lagt i sekken, og fram kjem Maos lille røde. Om nokon protesterer tek Sølvi av seg eine skoa og smeller den i kateteret som ei annan manipulert Khrustsjov. Den skal tidleg krøkast som god rød-grønn sosialistdemokrat skal bli, og høgreavvikarar må lukast ut så fort som råd er. Sjølv Ikkje jolenissen er altså heilag.

Fullt så gale er det nok ikkje, men eg tek på meg oppgåva med å balansere det kollektivistiske bodskapet som sonen min altså no er så opptatt av. Eg forklarar at alvene sjølvsagt er viktige i jolegaveprosessen, men at det er jolenissen som har investert sine midlar i denne bedrifta. Det er han som har tatt risikoen, og det kunne jo ha gått galt. Kven skulle vel tru at ein forretningsidé basert på hemmeleghald, flygande reinsdyr og massiv overvakning av barn i heile verda skulle bli ein suksess? Eg hadde ikkje satsa pengane mine på det, men Jolenissen gjorde det, og han vant. Skulle berre mangle at ikkje han tek æra for det?

Men sonen min høyrer ikkje etter. Han er opptatt med å skyte armane av ein angripande zombierobot som han har fått i gåve frå besteforeldrene. Eg tenker eit sekund eller to på om eg skal gjere samanlikninga. Er det rettvist at det står frå Bestemor og Bestefar på etiketten når zombieroboten kanskje er skrudd saman av små barnehender på ein slaveliknande fabrikk ein plass i Asia?

Eg lar det ligge. Verda blir komplisert tidleg nok slik som det er. Ein gong kjem han til å oppdage at nærast alt det kule han ønsker seg er produsert for luseløn under arbeidsforhald som han sjølv aldri kjem til å kjenne på kroppen. Vil han fortsatt vere opptatt av kor urettvist det er? Nok til at det endrar noko på kva han vil ønske seg? Kva han vil bruke pengane på? Vil han freiste å endre verda, eller vil han gjere som dei fleste av oss gjer? Trekke på skuldrene og trekke kortet ein gong til? Kanskje er det like greit, for det er ikkje sikkert det blir noko enklare å være arbeidar i Kina om vi ikkje kjøper varene deira.

Verda hadde i grunnen vore mykje enklare om det verkeleg var alvane til Jolenissen som produserte varene under joletreet, og alt som skulle til for å gjere det rettvist var å la dei få namnet sitt på gåvene.

Hummer og kanari

Samtaler med Hagbarth #17 Den sosialistiske indoktrineringen ser ut til å virke

image

Vi har åpnet julegavene, og jeg oppdager at det er en gave som mangler. Dyr du skulle ønske ikke fantes, som kom i posten på julaften, og jeg pakket inn rett før vi dro inn til svigers for mat og gaveåpninger. Viser seg selvfølgelig at den ligger igjen på spisebordet under noe tiloversblevent julepapir. På merkelappen står det Til Hagbarth, fra Julenissen.

– Hvorfor står det egentlig at den er fra Julenissen?

– Det er vel fordi det er ham som har gitt deg den da? Den lå i hvert fall i ovnen tidligere i dag, så han har sikkert kastet den ned gjennom pipa.

– Men det er jo ikke Julenissen som lager julegavene. Han har jo mange som hjelper seg.

– Du tenker på alle de små alvene som jobber på nordpolen med å få alle gavene klare til jul?

– Ja, det burde jo stå at det er fra dem også. Det er urettferdig at det står at det er fra Julenissen, alt han gjør er jo å levere dem.

Hummer og kanari

Hei hå nå er det jol igjen

 He's a mean one... omgponies2 via Compfight

Du hildrande du, no er vi i gang igjen. På austlandet har ei blomsterpotte falt ned frå ein balkong og knust. Ein hagestol har velta. Det er visst ekstremver igjen. Eller flau bris som det heiter her omkring. Her vest laver snøen ned ferdig måka. Katta har slutta å gå ut frivillig. Det er meir reklame enn nokon sinne på Disney XD. Ein kan observere florøveringar i hopetal på handelshusa inne i Førde om kveldane. Dette kan berre tyde på ein ting. Jola er i kjømda. Er du som meg trur du at du har god tid med alt det der jolegreiene heilt til du ikkje har det lenger. Da er det lett at panikken brer seg, men slapp av. Eg har vore ute ein vinternattt for å kjøpe jolepresangar på Shell før, eg er ikkje redd lenger. Dette skal ordne seg. Jola er først og fremst barnas høgtid. For alle oss andre handler det mest om å overleve utan å ta livet av nokon i drittsinne, eller gå personleg konkurs. Dette skal eg hjelpe dykk med.

Dei som les økonominyhende har kanskje fått det med seg allereie, men det er altså slik at vi ser ut til å vere på veg inn i trongare tider. Detaljhandelen i tredje kvartal var laber. Dei spår ein ørliten nedgang i jolehandelen. Boligprisane er på veg ned. Festen er kanskje ikkje heilt over, det er kake igjen, men nokon har spist opp all pynten. Både seigmenn og nonstop. Dette må eg ta med i vurderinga når eg skal gje råd om jola. Folk har kanskje ikkje all verda med penger å blåse på fråtsing lenger. Om du er ei av dei som kjenner at økonomien er litt pressa, fortvil ikkje. Det er håp. Jolegåvene trenger ikkje koste all verda. Om ungane har eit balltre kan du låne det, pynte det med litt glitter og stas, og ta det med til Førde. Finn nokon som ser ut som dei kjøper gåver som kan passe til din familie, følg etter dei heim, og bruk det nye joleballtreet til å truge til deg plastposene med gåver. Billeg, bra og lite risikofylt. Dei du ranar må melde ranet i politiets åpningstid, om du berre ventar til etter fem med å ta frå dei gåvene kjem dei ikkje til å leite etter deg før dagen etter. Da er sporene kalde, og du er trygg frå lovens kortermede skjorte.

Men om du fortsatt tror på jolenissen kan det vere at du ikkje vil ty til slike metoder for å få gåvene i hus. Nissen ser som kjent alt, og har du vore slem får du ikkje gåver. Fortvil ikkje. Det er mogleg å gjere det billeg likevel. Sjøl er eg fattig som ei lus for tida, og har tenkt å gje heimelaga gåvekort til mi kjære i år. Eg kan ikkje skrive i avisa kva slags tjenester eg har tenkt å gje ho gåvekort på, ho les jo det eg skriver, og kanskje nokon som er under atten også, så dykk får berre bruke fantasien. Men dere skjønar kva eg meinar. Gåvekort på massasje, ein betre heimelaga middag (som helst blir verre om det er eg som lagar den, men det er tanken som teller) sove lenge ein laurdag, frukost på senga. Seksuelle øvelser. Slike ting som ikkje kostar noko, men som sprer glede og kan vere kjekt likevel. Det som er viktig å hugse på er at dette med gåvekort nok kan virke som ein god ide midt i desember, men det kan fort bli litt slitsomt når ho kjem for å kreve inn gåva si ein kveld du heller vil bruke på å se sesong to av House of Cards på Netflix. Eg skal difor passe på å legge inn nokre setningar med liten skrift på dei gåvekorta. Gjeld ikkje cover charge. Kun gyldig ved 12 måneders binding. Kan ikkje overdras.  Ikkje gyldig på salgsvarer. Kan ikkje kombinerast med andre tilbod. Må brukast før 1.1.14.

Det er dessverre ikkje like lett å vri seg unna julegåvene til barna. Dei ventar seg at det bugnar med gåver under treet, og her held det ikkje med gåvekort. Denne kan vere lei, men eg har ein plan også for dem. Barn er jo fine på den måten at dei har ein stor sans for rettferd, og ofte eit stort hjarte for dem som ikkje har det så godt som dei sjølv har. Det kan utnyttast. På jolaften har eg tenkt å sette meg ned saman med dei små djevelungane, og gje dei ein lang fortelling om korleis barna har det i andre og mindre fredfylte hjørner av verden nå som 2013 er på hell. Eg kan vise dei nokre bilder frå Syria kanskje, og så seier eg at i år har eg gjort det slik at alle dei pengane eg hadde tenkt å bruke på leiker og ting som dei strengt tatt ikkje trenger, dei har eg i staden sendt av gårde til dei stakkars barna som kanskje ikkje ein gong veit at det er jol. Løgn frå ende til annan, men vi tenner eit lys, sender ein tanke til stakkarne, og føler oss som gode menneske ein liten stund likevel. Det blir ein jolekveld dykk aldri kjem til å glemme. Særleg om du lar dei smake ein slurk av akevitten før sølvgutane stemmer i.

Sånn kan det altså gjerast. Vær kreativ. Hugs at det er tanken som tel, og er du blakk på første nyttårsdag nå er det i kvart fall ikkje mi skuld. God jol!

Hummer og kanari

Og så kom helgenen frem

Saint Lucy

Vi forbind dei mest med den katolske kyrkja, men dei fleste religionane har ein eller annan form for helgenar. Menneske som har levd et særlig heilag og gudfryktig liv, helst på en litt spesiell måte. I kristendommen er det strengt tatt slik at alle som har fått plass i himmelen er helgenar, men for dei fleste av oss er det nok litt uvisst kor vi hamnar etter døden. Dei vi kallar for helgener er på ein måte folk med garantert plass. Kristendommens VIP, alle vi andre reiser på standby. I den norske kyrkja ble helgenfokuset tona kraftig ned etter reformasjonen men vi har faktisk eit lite knippe norske helgenar også. Katolikkane nemner Olav, Sunniva, Hallvard, Eystein av Nidaros, Magnus Orknøyjarl, Torfinn av Hamar og Ragnvald Orknøyjarl som heilage. Dei har også tatt med Håkon V i det gode selskap sjølv om han eigentleg aldri vart kanonisert. I tillegg skriv Snorre at Harald Gille og Øystein Haraldsson blei æra som helgenar etter si død, men det var nok mest av di ein var redd for at dei ville gå igjen på jorda om dei ikkje slapp inn i himmelen. Spesielt heilage var dei i alle fall ikkje i si levetid.

Den einaste helgenen vi sett skikkelig pris på i Noreg står ikkje på lista. Det er fordi ho heiter Lucia, og ikkje er det minste norsk. Faktisk har ho so kort opphaldstid i Noreg at ho ikkje på noko vis kan kvalifisere som etnisk norsk. Lucia-feiringa gjorde sitt inntog på 1970-talet her i landet. Feiringa er importert frå Sverige, der den mest har form av ei landsomfattande missekåring, men Lucia sjølv, ho kjem opprinneleg frå Sicilia. Eller Syracuse då, om ein skal vere heilt nøyaktig. Sicilia er ein flott plass, Syracuse er ein fin by, og Lucia var sikkert eit grepa kvinnfolk, men det er litt uklart for meg kvifor det akkurat er ho vi markerer. Av alle dei over tusen helgenane i den katolske kyrkja har vi plukka ut eit kjei frå Middelhavet. Kvifor? Hvis vi først skal gjere stas på nokon frå Sicilia og Syracuse hadde det vel vore betre å feire Elide og maxi-taxien hans? Ikkje til forkleining for Lucia frå Syracuse, men uansett kva for slags prøvingar ho måtte gjennomgå kan det neppe måle seg med det Elide må tåle i julebordsesongen. Eg er dessuten sikker på at han, gjennom sine mange taxiturar på mørke og smale vestlandsvegar, har fått fleire folk til å be til Gud enn det ein gjennomsnittsprest klarar i si karriere. Nei, eg byttar gladeleg ut Lucia med Elide berre vi får behalde lussekattane.

Før Lucia gjorde sitt inntog med kvit kjortel og stearin i håret hadde vi ein litt anna variant her i landet. Natt til 13 desember var Lussi Langnatt. Den lengste dagen i året. Og den farlegaste. Ein magisk natt full av overtro og uhygge. Denne kvelden kunne dyra snakke, og mørkemaktene samla seg i stor flokk og dro rundt for å sjekke at folk var i rute til jul. Om ikkje alt var på stell kunne Lussi Langnatt bli skikkeleg sinna, og lage eit helsikes rabalder. Om lag som ein litt mildare utgåve av svigermor altså.

Denne natta var også den natta der det var størst sjanse for å treffe på Åsgårdsreia. Ein bande av horer, hyklarar og høgrefolk, dømt til å ri over jorda i all æve fordi dei ikkje har vore snille nok til å få innpass i himmelen, men heller ikkje fæle nok til å få plass i helvete. I spissen rir Guro Rysserova og selveste Sigurd Fåvnesbane, og sistnevnte har nå blitt så gammal at om det er noko han vil sjå må nokon hjelpe ham med å hekte opp augnelokka. Fleire gonger har dei feia med seg folk dei har funne langs vegen. Det seiest at om du då vil slippe fri att må du korse deg, og kanskje banne litt også, men då slipper de deg laus att. Helst nokre kilometer unna der dei fann deg. Då er det best å korse seg ein gong til, og håpe at ho der heime kjøper historia di.

Det er forresten ikkje heilt sant at Lucia er den einaste helgenen vi bryr oss om her i Noreg. Jolenissen starta jo også som helgen i sin tid. Han kom frå Myra, i Antalaya-provinsen i Tyrkia, og heitte Nikolas. Han var godt likt av alle, likte å gi gaver til dei som trengte ei handsrekning, og jobba seg opp frå prest til biskop og seinare helgen. Før han solgte sjela si til Coca Cola og dro til Nordpolen for å bli jolenisse. Om Sankt Nikolas var tyrker, eller om han eigentleg var greker, er ein disputt eg skal late ligge, men irske lokalhistorikarar meiner å vite at liket hans ligg under ein kyrkje i Kilkenny. Eg tek akkurat det med eit stort glas Guinness.

Uansett er det altså slik at den tradisjonsrike norske jola eigentleg er eit multikulturelt samansurium frå Sverige, Sicilia, Betlehem og Middelhavet. Og ho er fortsatt i endring. I barnehagen til mi yngste har dei ikkje pleid å gjere noko nummer av Lucia-dagen, men i år har dei fått ei svenske på avdelingen, så nå er det ikkje nokon veg utanom. Snart senker natta seg. God helg(ein).

Page 1 of 612345...Last »
%d bloggers like this: