web analytics

Tag Archives: sogn og fjordane

Hummer og kanari

Fjord1 Baby!

fjord1 photo
Photo by Sogn og Fjordane fylkeskommune

Jenny Følling er ikkje ei populær kvinne i Florø. Eg trur det må være lov å seie. Og denne veka har det verkeleg toppa seg. Ja, eg snakkar sjølvsagt om salet av Fjord1. Det feiande flotte bandet Fjorden Baby! hadde ein gong ein mikroskopisk liten hit som heitte «Karoline». Eit stykke uhøvla rockepoesi frå frå Bergen og Loddefjord. Sjølv om songen altså har ein tittel som tyder på noko anna, likar eg å tenke at den handlar om fylkesordførar Jenny Følling. Det første verset går slik:

Hon e super skadelig, som nikotin og all slags medisin
Vi har ingen flere grunner til å se oss mer om
I morges når vi sovnet var vi tom, tom

Etter at det vart klart at fylkestinget ville selje gamle, ærverdige Fylkesbaatane sende Metrologisk Institutt ut varsel om nedbør på opp mot 70 millimeter i Florø, men det er uvisst om det var inkludert alle ukvemsorda som har hagla rundt øyra i kystbyen denne veka. Mange har tatt vedtaket i fylkestinget som ei personleg fornærming. Eit bevis på den pågåande konspirasjonen mot Florø og kysten. Senterpartiet og jævlane i indre som la ned sjukehuset vårt. Kystvegen gjer dei blaffen i, og om arbeidsplassane til Fjord1 forsvinn herifrå, kjem dei til å gni seg i hendene og glise som katta gjer når ho kjem dragande med ei feit mus om natta. Dei lurar på om nokon har sett Jenny Følling utan tørkle rundt halsen, og om årsaka til at det alltid er på plass, er for å skjule merka etter bitet som forvandla henne til ein vampyr. Ein vampyr som får næring av å suge livskrafta ut av kystsamfunna i Sogn og Fjordane. Å, kor deilig det er å ha nokon å skulde på for alt som er gale! Følling er ei klassisk femme fatale frå filmhistoriens film noir. Ei farleg og umoralsk kvinne som er ute etter å øydelegge helten i historia:

Og hon e super voldelig
Det e bare en time siden at eg måte sy ti sting
For eg føler meg så fucking fri
Når hon får utløp for sin sorg og raseri på meg

Men er det verkeleg slik at Jenny Følling, Senterpartiet og innavla kortskaller frå dalstroka innafor har selt Fjord1 berre for å lage krøll for Florø? Sjølvsagt ikkje. Eg har ofte nytte av å bruke Hanlon’s Razor når eg lurer på kva som eigentleg skjer. Hanlon’s Razor, eller Hanlons Barberkniv, er ein aforisme. Eit filosofisk verkty. Det let slik: «Tilskriv aldri noe som ondskap når det er tilstrekkelig å forklare det med dumhet». I dette tilfellet trur eg vi kjem langt nok med dumskap. Det kan ikkje vere noko anna forklaring. Disse folka er ikkje smarte nok til å konspirere vonde planar.

For det heng ikkje på greip, det her. Kvifor skal fylket på død og liv selje til Torghatten, sjølv om verken styre, leiar, eller minoritetseigar vil det? Kvifor ikkje selje til Havilafjord som allereie eig ein god slump med aksjar, og har forkjøpsrett? Kvifor risikere at konkurransetilsynet blandar seg inn? Kvifor risikere år med rettssaker og løpande advokatutgifter for å selje til akkurat Torghatten? Den einaste forklaringa som rimar nokonlunde, er at dei faktisk trur på Torghatten sine forsikringar om at dei vil behalde hovudkontor og arbeidsplassar i Florø. Alle andre skjønar at det er ein lovnad som berre gjeld til konjunkturane svingar feil veg, men ikkje majoriteten i fylkestinget. Dei trur faktisk at dei handlar til Florø og fylkets beste. Dei hatar ikkje Florø, dei er berre naive, godtruande og inkompetente idiotar.

Det kan hende det er rett at sagaen om Fjord1 hadde vore ein annan om hovudkontoret var plassert på Breim. Kanskje er det rett at Florø er fylkets stebarn. Men kanskje skal vi snu blikket mot oss sjølve av og til? Hvis det er så opplagt som vi meinar at det er eit feilsteg å selje Fjord1- kvifor klarar vi ikkje å overbevise dei andre om vårt syn? Kanskje er det oss det er noko gale med? Det er ikkje deg, Jenny, det er oss?

Men det er nok best vi gjer det slutt likevel.

Tro meg når eg sier hon e den beste for meg
Bare tro meg når eg sier hon e det verste som har skjedd meg

Hummer og kanari

Guten som ikkje ville rope ulv

werewolf photo
Photo by mooglet

Det var ein gong ein gut som fekk eit viktig oppdrag. Dra til Oslo, sa dei, der skal du vere vår mann på Stortinget. Kvar dag skal du gje deg ned på Løvebakken, saman med dei andre sauene. Gjere det dei seier du skal gjere. Mesteparten av tida kan du gjere som du vil der nede, men hugs! Du er vår mann. Sogn og Fjordanes gjetergut. Om du ser ulv, eller andre rovdyrkapitalistar på veg vestover for å rasere, sentralisere, byggje ned, eller snikfilialisere oss, då må du rope ut. Høgt. Det er alt vi ber om. Det og kanskje nokre kroner til ein Kystveg. Skjønar du? Og guten forsto. Han dro til Oslo. Kvar morgen dro han saman med dei andre sauane ut i hovudstadens gater, og inn på Stortinget. Kvar kveld gjekk han saman med dei same sauane ut i byen, og heim til sitt lille krypinn. Det var ikkje fritt for at han lengta heim av og til, men han holdt hovudet høgt. Kvar dag jobba han for Sogn og Fjordane.

Somme dager kunne det være fint der nede i hovudstaden, og tida gjekk fort. Andre dager kjeda han seg, og tida falt lang, av di han ikkje hadde anna å gjere enn å sjå på sauene som gjekk der og susa frå morgon til kveld. Det var nok av tid til å tenke, og ofte mens han satt der og stirra ut av vindauget kom han til å tenke på ei historie mora pleide å fortelle ham når han var mindre. Det var ein av Æsops fabler, om ein gjetargut som kjeda seg så mykje når han passa på sauene til landsbyen, at han ga seg til å rope “Ulv Ulv”, sjølv om det ikkje var noko ulv å sjå. Berre for å sjå landsbyfolka komme stormande med greip og børse, heilt ville i blikket. Dette gjorde han så mange gonger at til slutt var det ingen som gadd å høyre på ham lenger. Til slutt kom ulven, og før guten hadde fått henta hjelp hadde ulven spist opp alle sauene. Guten syntes det var mykje visdom i den fortellinga, og ein dag fortalde han den høgt i kantina på Stortinget. Dermed gjorde dei ham til rovdyrpolitisk talsmann.

Heime i Sogn og Fjordane var dei nøgd med at guten hadde skapa seg bra. Dei tok ham til side, og sa at han skulle få lov til å sitte i ein periode til, om han berre hugsa på hva dei sa til ham sist. Gjer kva du vil der nede i syndas pøl, men om du ser noko som trugar Sogn og Fjordane, då må du skrike ut. Jau, ikkje noko problem. Guten skulle no seie i frå om han såg noko skummelt sa han, og dermed bar det i veg til hovudstaden igjen. Men noko hadde festa seg i tankene til guten. Han tenkte på historia om ulven og gjeterguten igjen. Var det eigentleg nokon grunn til å vere så redd for den ulven? Som rovdyrpolitisk talsmann hadde han lært at Norge var forplikta av internasjonale avtaler, og at det dermed skulle kunne finnes ulv i Noreg. Det var ikkje det at han ønska seg ulv til Sogn og Fjordane, men var det eigentleg so farleg? Var det noko å skrike for? Gjaldt det ikkje heller å sjå moglegheitane? Ingen likte vel ein gut som ropte “Ulv Ulv” heile tida?

Guten dro tilbake til hovudstaden, men det var ikkje like god stemning denne gongen. Landet hadde fått nye sjefar. Folk var urolege. Nokon meinte dei hadde sett ein ulv i Naustdal, og på Stortinget var det ein del snakk i krokane. Dette her fylket, Sogn og Fjordane. Fantes det verkeleg? Budde det folk der? Kvifor blei det overført penger dit? Her måtte det være noko som kunne kuttast? Noko som kunne sentraliserast? Noko som kunne fileteres og filialiseres? Guten høyrde alt snakket, men han sa ikkje noko. Han ville ikkje vere den som skremte folk unødig. Det var berre preik. Ikkje noko å bry seg om. Det gjaldt å sjå moglegheitane. Gripe dei sjansane man fekk. Selge huset mens det fortsatt var nokon som var villege til å kjøpe. Kome seg til byen. Ikkje svartmale situasjonen. Ikkje rope på ulven. Det var sikkert berre ein jerv. Eller ein litt stor hund. Kanskje var det berre Bengt Solheim-Olsen som skulle sove i friluft?.

Men så, seint ein vinterkveld, nettopp som guten skulle til å reise heim på vinterferie kom ulven verkeleg. Han merka det fyrst på sauene i kommunal og forvaltningskomiteen, som med eit blei urolege og ga seg til å breke. Like etter kunne han skimte ein lang grå skygge som satte kursen mot trivselsfylket gjennom halvmørket. Nå var guten ordentleg redd, for ulven så stor og farleg ut, og han hadde berre ein attachekoffert å slåss med. Han ropte så høgt han kunne. “Ulven kjem! Ulven kjem”. Det er ein ulv her som vil øydelegge fylket vårt! Men det var ingen som kom for å hjelpe. Det var for seint. Han skulle ropt før. Alle i arbeidsfør alder hadde reist frå Sogn og Fjordane for lenge sida. Alt som var att var gamleheim og asylmottak.

Og når ulven var ferdig var det også borte.

Hummer og kanari

Saman for fylket

sogn og fjordane photo
Nei, jeg er her for å ÅPNE veien, ikke stenge den! Photo by Sogn og Fjordane fylkeskommune

Siste nytt frå robuste forskingsmiljø betalt av regjeringa er at dei vil gravleggje Sogn og Fjordane. Det var iallfall slik overskrifta i Bergens Tidende lydde denne veka. Møreforsking og Jørgen Amdam har brukt dei siste to månedane på å gjennomgå eksisterande utgreiingar omkring kommune- og fylkesstrukturen i landet vårt. Den tabloide konklusjonen er at trivselsfylket vårt er for lite. Vi bør ikkje ha fylker med mindre enn 200.000 innbyggarar her i landet. Sogn og Fjordane har berre 110.000. Det må bort.

Men kvifor akkurat 200.000? Til Bergens Tidende seier Amdam at det er det som skal til for å vere rimeleg effektiv. Det er visstnok også ein føresetnad for å få overført nye oppgåver frå staten. Han veit sikkert kva han snakkar om, men eg ville gjerne ha noko meir konkret, eg tok difor til å skumme meg gjennom rapporten frå Møreforskning. Der viser det seg at talet kjem frå det såkalla Christensen-utvalet, som i 1992 leverte ei evaluering som slo fast at fleire fylke hadde eit folketal som var for lite til å gje grunnlag for ei kostnadseffektiv offentleg forvaltning. Utvalet konkluderte med ei nedre grense for innbyggartal i fylkene på 200.000, i den grad det var mogleg. For Christensen-utvalet tok hensyn til geografien. Dei slo fast at fylka ikkje bør vere større i utstrekning enn at dei som bur der har ein akseptabel reiseavstand til fylkessenteret og dei viktigaste offentlege tenestetilboda på fylkesnivå. Eit atterhald som ikkje nådde frem til avisene i denne runden.

Rapporten til Møreforsking er eigentleg gamalt nytt. Underlaget er gammalt. Dei har ikkje forska stort sjølve, men har samla det som finst av tidligare utgreiingar og evalueringar. Korleis Christensen-utvalet kjem fram til dei magiske 200.000 står det ikkje noko om. Ligg det avanserte reiknestykker bak, eller har dei berre tenkt på eit tal? Du gjettar like godt som meg. Eg veit ikkje. Det som er klart er at talet er basert på at ein reform i den offentlege forvaltinga er meint å overføre fleire oppgåver, og meir makt til regionane. Fylket vårt er kanskje stort nok i dag, men ikkje stort nok til at vi kan ta over ein haug med oppgåver som er tillagt staten i dag. Det er her eg kjem litt i stuss. Skal Store Stat, representert ved rikspolitikarane, overføre makt til fylka, og kanskje til og med til kommunane, heilt frivilleg? I eit av Europas mest sentralstyrte land? Eg ser det berre ikkje for meg. Eg har ikkje trua. Det kjem ikkje til å skje. Trur eg. Sogn og Fjordane er noko for seg sjølv. Berre unntaksvis er det noko saman med andre. Sogn og Fjordane er eit paradoks. Eigentleg burde det ikkje bu folk her i det heile teke, slik som det regnar og blæs heile tida. Men her er vi. Sære og sure som få, men Sogn og Fjordane kjem godt ut på dei fleste statistikkar det er viktig å komme godt ut på. Vi er best på skulen, har betre helse, færre hipsterar, og fleire pene damer. Skilnadene er mindre mellom fattig og rik, vi skil oss sjeldnare, og vi har til og med det beste bryggeriet. Hadde vi vore austlendingar hadde vi vore uspiselege, men smålåtne og problemorienterte som vi er, gjer vi ikkje noko stort nummer av at vi er best på det meste – det er alltid noko som kunne vore betre. Og det er det jo. Vi kunne til dømes ha vore fleire folk, slik at vi slapp dette helsikes maset om robuste einingar heile forbanna tida.

Det er 25 år sida Christensen-utvalet fekk sitt mandat. Både Høgre og Arbeidarpartiet har ønskt seg færre kommuner og større regionar minst like lenge. Ein eller annan gong kjem dei nok til å få trumfa det gjennom Stortinget. Men enno er det ikkje for seint å påverke utfallet. Eg har løysinga. Fylket treng folk, Flora treng penger. Mitt råd til rådmannen: Legg ein kommunal ekstraskatt på prevensjon. Det må vere eit beløp som svir verre enn gonoré og barnebidrag. Det kan vere med på å få både fødelsraten og kommuneøkonomien opp på eit høgare nivå. La det bli del av ein dugnad for folkevekst i Sogn og Fjordane. Gje alt for heimfylket ditt, no treng det di hjelp. Gløym dei kondomane. Gå heim og sett barn på kona. Og på ein kollega på julebordet. Det er på tide å vise kva du duger til. Så er vi med, sammen for fylket. Sånn kan det skje, vi ser at det gror!

Hummer og kanari

Til kamp

PRC---1971 James Vaughan via Compfight

Sogn og Fjordane slik vi kjenner det kjem snart til å vere ein saga blott. I den blåblå regjeringas framlegg til nytt inntektssystem for fylka i landet kjem fylket vårt ekstremt dårleg ut. 234 millionar må kuttast på berre fem år. Det kjem til å endre alt. Skulestruktur. Samferdsle. Næringsutvikling. Kultur. Vegutbygging. Her må det kuttast. Knutepunkt som Florø, Førde og Sogndal vil kanskje komme nokolunde greitt ut av det, men utkantane vil blø. Sjølv om Stortinget nok kjem til å gjere nokre justeringar, og regjeringa kanskje let seg overtale til å gje oss nokre kroner i ein utvida overgangsordning, er det ikkje nokon grunn til vere naiv i dette spørsmålet. Sogn og Fjordane kjem til å endrast, og det drastisk.

Det bur ikkje så mange folk her i fylket, og dei som bur her er stort sett ueinige i det meste, men eg vil tru du skal leite lenge etter nokon som meiner det er ein god ide å kutte inntektene våre med ein snau kvart milliard. Legg ein til at pengane skal sendast til hovudstaden kan ein nok risikere at nokon og ein kvar auser seg opp. Det einaste vi hatar meir enn Oslo her omkring er jo som kjent Førde. Og ause oss opp må vi nok. Våre lokale Høgre- og Frp-politikarar freistar å sitje heilt stille i båten, for ikkje å lage bølgjer, medan Frank Willy Djuvik ror for harde livet, men eigentleg er ikkje dei heller særleg nøgde med framlegget til nytt inntektssystem. Dei skjønar sjølvsagt kor dramatisk dette er, men dei veit at saka allereie er tapt. Dei kan ikkje gjere noko anna enn å halde maska og skulde på Navarsete.

Om ein skal vere realistisk må ein vel innrømme at landet var overmodent for eit nytt inntektssystem. Særleg har nok Oslo vore underfinansiert lenge. Eg ser heller ikkje bort ifrå at fylkeskommunen har hatt ein litt for romsleg økonomi, samanlikna med kor stramt det er i dei fleste kommunar. Ei omfordeling er nok naudsynt. Noko må gjerast. Men det er ein viss skilnad på å ta ei skei tran kvar dag, og å ta heile flaska på styrten. Dette framlegget er altfor mykje, altfor fort. Det kjem til å svi skikkeleg.

Sogn og Fjordane er annleisfylket. På godt og vondt. Mest godt kanskje, fylket kjem jo alltid godt ut på dei fleste parameter i SSB sine levekårsundersøkingar. Når dei kallar det for «trivselsfylket» er det eit slag-ord med eit visst hald i seg. Vi lever gode liv her ute i provinsen, men kanskje vil kutta i overføringane tvinge oss til å bli meir like resten av landet? Auka sentralisering vil tvinge seg fram. Både linjer og heile vidaregåande skuler vil forsvinne. Fleire ungdommar må på hybel. Bussar vil slutte å gå. Kystvegen kjem aldri til å bli realisert. Men Oslohatet vil auke, og det kan ta nokre år før Høgre og Frp får representantar frå dette fylket inn på Stortinget igjen.

Spørsmålet er om vi berre stillteiande skal godta at regjeringa legg ned Sogn og Fjordane, eller om vi skal gjere noko. Søke andre alternativ. Når alle andre gjer blaffen i oss, kan ikkje vi gje blaffen i dei? I Skottland kjempar dei for å lausrive seg frå Storbritannia og politikarane i London. Dei har vind i segla. Vi kan gjere det same. Vi kan lage ein eiga union av annleisstatar saman med Orknøyane, Shetland, Færøyane og altså Skottland. Espen Lothe må utvide bryggeriet sitt endå ein gong om han får ølet sitt inn på pubane i Glasgow. Florø kan få spela mot Celtic. Per Øyvind Helle kan få arrangere Melodi Grand Prix kvart einaste år. Vinmonopolet vil plutseleg få meir enn ei flaske whisky frå Islay å velje mellom, og tar vi ein tur til Bergen kan vi handle taxfree på vegen heim att. Eg ser berre fordelar ved eit slikt grep.

Det er kanskje ikkje eit heilt realistisk alternativ. Eg innser det, men vi må tenkje litt på kva vi skal gjere for noko. Bør vi ikkje i det minste dra i gang eit protesttog eller noko slikt? Dra til Oslo og protestere? Sette fyr på skjegget til Fritjov Urdal framfor Stortinget slik at dei skjønar at vi meiner alvor? Det er i så fall no det må reagerast. Når Stortinget har fatta sitt vedtak er det for seint å sutre.

Leiaren i Stortingets kommunalkomite tok turen til Florø tidlegare i veka for å få innspel frå fylket. Han hadde ikkje mykje trøyst å by på, i staden åtvara han oss mot stakkarsleggjering. Som ein draum frå Disneyland slo han fast at det fylket nå først og fremst treng er driv og positivitet. Om dei får viljen sin, var det ein ting han gløymde. Det vi treng er driv, positivitet, og ein skikkeleg svær flyttebil.

Hummer og kanari

Anonym førstekandidat

Jeg klarer aldri å huske hva førstekandidaten til SV her Sogn og Fjordane heter for noe. Det kan være fordi hun er ganske anonym, og lite i media i hvertfall her ute i Høljebyen.

image

Men det kan også være fordi SV i Sogn og Fjordane visstnok fortsatt heter Sosialistisk Folkeparti?

Page 1 of 212
%d bloggers like this: